fredag 6. mai 2011

Skilpadde eller solsikke?

"Det verste er at eg ikkje ein gong maktar gå å handla. Eg trur folk ser skjeivt på meg fordi eg er ufør. Eg kan jo gå sjølv, dei ser ikkje kva som hindrar meg i å arbeida."

Det var ein sterk, ung mann som sa dette til meg. Og eg tenkjer:
 
Skilpadde vil eg vera
Trekkja meg inn under det lune skalet

Solsikke vil eg eigentleg vera

Må eg velja?
Eller har alt si tid?

1 kommentar:

  1. Veit du...den der siste setninga, det siste spørsmålet rommar ein stor frihet!
    jau, eg trur...alt har si tid. Ting endrar seg, dagar er ulike.
    Eg har sjølv måtta ha nokre veker "time-out" nyleg, fordi det blei "for mykje". Frisk, men uttappa etter lang tids stress (og sjukdomar av mindre alvorleg grad, men saftige forkjølesar tappar og for krefter)
    Eg blei som skilpadda og trekte meg inn i skalet, det var ein nødvendighet.
    No er skilpaddeskalet parkert, eg er ute og snusar på sola, kjenner meg igjen gladare og sterkare:) E solsikke...kanskje??

    SvarSlett