søndag 29. mai 2011

Kva er du eller kven er du? Tankar etter ein gild fest.

Eg var så heldig å få vera i ein 50-årsdag der 12 kvinner feira ei venninne.
Høyrest det ikkje særleg festleg ut, seier du?
Då tar du feil.


Det var ei samling med mykje varme, mykje humor og mykje godt for ganen. I tillegg var det ein kveld der me fekk oppleva at det viktigaste er kven du er, ikkje kva du er.

Til velkomst blei me bedne til bords. Me skulle gå etter bordkorta for å finna plassane våre. Men bordkorta hadde ingen namn. Kvart kort hadde i staden to positive karakteristikkar av den som skulle sitja på plassen.
Det blei litt lått og løye får alle endeleg hadde funne eit kort dei meinte kunne passa på seg sjølv, Eg leitte jo etter kortet med orda "stille og forsiktig", men fann det ikkje…

Det var berre to damer som hadde byta om plassane sine, men så var også deira "gode karakteristikkar" ganske like. Vertinna ynskte så velkomen og tok ein runde rundt bordet og fortalde kvifor me ho hadde valt ut dei ulike orda til den einskilde.

Så kom mannen i huset fram og helste kona si, før han forsvann ut att til grytene.

Ein flott start på ein festkveld. Og kva hende vidare? Jo, samtalane blei prega av den runden me hadde hatt. Personar som ikkje kjende kvarandre, fekk møta ei varm helsing frå vertinna som sa kven gjestene var, før me sjølv fortalde kva me var; kva me var av utdanning, yrke, stilling med meir. Og kvelden vidare blei prega av det. Eg høyrde ingen som snakka med kvarandre om jobb eller sjukdom så lenge måltidet varte. Berre sporadisk kom me inn på slike tema utover kvelden også.

Kva skulle me då snakka om? Heldigvis finnest det hyggelegare samtaleemne enn omorganisering på jobben, Nav, politikk og sjukdom. Praten gjekk uanstrengt, og me hadde mykje meiningslaus humor og meiningsfulle tankeutvekslingar.

Gjestene var mellom 45 og 60 år, og svært så mange har såpass tunge bører i sekkane sine for tida, at det fort kunne blitt eit trøyste-og-bære-treff. Men alle gjekk heim og syntest dei hadde hatt ein gild kveld, nett slik som i skulestilane, mykje takka vera vertinna sine velkomstord!
 
 

Liknande opplegg finn du på bloggposten: 100 % menneskeverd og 100 % ufør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar