mandag 2. mai 2011

Vi er alle blant dei minste, anten ein eller fleire gonger i livet.

Når ein er avhengig av hjelp, blir ein sårbar. Sjølv om ein er stor og sterk, fysisk og psykisk, kan ein fort kjenna seg svært liten når ein treng hjelp i kvardagen. Derfor er det sant det Knut Arild Hareide sa til landsmøtet i KrF i helga: Vi er alle blant dei minste, anten ein eller fleire gonger i livet.

Slik vil det alltid vera for nokon. For andre finnest det alternativ; eit liv med meir aktivitet og eit større sosialt fellesskap. Og for mange av desse er nøkkelen BPA, brukerstyrt personleg assistent, det verktøyet som i dag finnest som kunne gjort kvardagen betre. Problemet er berre at det ikkje er sikkert at dei får det i framtida, utan at det er alternative løysingar i sikte heller. Derfor bør BPA lovefestast no. I sin tale sa Knut Arild Hareide:

I Dagsavisen 28. september leste vi om Stine og Anders. Dei er begge funksjonshemma. Den eine lever eit liv avhengig av familien si hjelp utover dei faste tilboda i kommunen, den andre lever eit liv som folk flest, med 30 timar personleg assistanse som han styrer sjølv, såkalla BPA.
Vi kan nå velje å bli historiske. Vi kan rettigheitsfesta, brukarstyrt personleg assistanse -  eller ikkje.
Vi kan gje menneske med nedsett funksjonsevne høve til å leva uavhengige og sjølvstendige liv - eller ikkje.
Vi kan hjelpa funksjonshemma ut i arbeidslivet - eller ikkje.
Så enkelt, og så vanskeleg.
Vi har høve til å gje funksjonshemma eit likestillingsløft - eg vonar stortingsfleirtalet gjer nettopp det når ny helse- og omsorgslov skal behandlast før sommaren.
For å skapa eit samfunn med plass til alle, må vi aktivt inkludera alle menneske.

Les heile talen til Knut Arild Hareide 
og tidlegare innlegg på bloggen min:
Brukerstyrt personleg assistent - kva er det?

2 kommentarer:

  1. Hei! Kr.f har skjønt det! Flott at du legger det inn. AP har gitt etter for noe av våre krav om rettighetsfesting av BPA. De med store assistansebhov skal få denne retten. Det er altså en delvis seier. VI må bare forstette. Anne Løfsgaard

    SvarSlett
  2. Du har rett i at det er ein delvis seier i og med at dei som treng det mest skal få retten innafor den økonomiske ramma som finnst i dag. Men det arv noko meir AP eigentleg hadde lova, etter det eg har forstått.

    Du skriv "vi", og då reknar eg me at du kanskje er med i ei av gruppene som har arbeidd for denne ordninga. Utan interessegruppene hadde denne saka neppe vore såpass kjend i dei politiske miljøa som den er no. Så hald fram med informasjonsarbeidet:)

    SvarSlett