torsdag 17. mai 2012

Ikkje galskap, men forakt for solidaritet, sa 17.maitalaren

På Valen går 17.maitoget frå kyrkja til Valen sjukehus og tilbake til skulen.

I parken ved sjukehuset foregår den høgtidelege feiringa, med tale og song, på plenen mellom det vel 10 år gamle velferdsbygget og dei 100 år gamle murbygningane, det gamle asylet.

Her feirar bygdefolk og pasientar nasjonaldagen i lag.

Og eg tar ein pause frå den store fellesskapen for å blogga (og kvila føtene), fordi talaren, Gaute Lund, var som alltid direkte og tydeleg:

          Spesielt når me er samla her, er det viktig å understreka at det som skjedde i sommar, og det som går føre seg på tinghuset i Oslo, ikkje handlar om galskap, men om forakt for verdiar som solidaritet og fred, sa Gaute.

På Valen har folk i generasjonar hatt sitt daglege arbeid på sjukehuset. Foreldre arbeider på sikkerhetsposten med strenge tiltak på føremiddagen, for så å henta dei små i barnehagen og gå tur på stiane nedanfor sjukehuset om ettermiddagen.

Her er det ok å snakka om galskap i ein 17.maitale. Ingen hever brynene, misforstår eller tillegger talaren dårlege motiv. Han nytta ordet,midt inne på det psykiatriske sjukehusområdet for å ta merksemda vekk frå det som kan vera av psykiatriske forklaringar eller diagnosar i terrorsaka, og sette søkelyset på det som kan gjera stor skade: forakt for verdiane me byggjer på som vil gi rom for sterke og svake.

17.maitalar er ofte betre enn sitt rykte.


Andre innlegg om å ha Valen sjukehus som nabo:
Å gøyma menneske
Eg bur trygt ti minutt frå eit psykiatrisk sjukehus

Bilete: Ekely, avdeling ved sjukehuset nede ved fjorden (ikkje i bruk for tda)

8 kommentarer:

  1. JA herfra også.
    Ha en flott dag videre og hvil føttene godt.

    SvarSlett
  2. For å definere noen som "helt gal", må man kunne definere noen som "helt normal". Dette er ikke mulig. Ikke bare fordi ingen er feilfrie, men fordi man er ikke en diagnose eller en "pseudodiagnose". Alle er personer med verdier, gode og dårlige, og noen har mer alvorlige diagnoser enn andre. Noen kan bli bedre, noen kan bli der de er, mens andre kan bli verre. Hovedårsaken til at personer blir bedre, (tror jeg), er at de blir behandlet som medmennesker, og respektert som det, samtidig som man får oppfølging på det/de områdene man trenger korrigering/virkelighetsorientering. Et felt som kan hjelpe mange er en forankring i tro, som automatisk kan løse mange problemer. Synd mange faller utenfor et slik system.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for besøket og kommentaren med kloke ord. Den neste kommentaren ble på ingen måte slettet som en slags sensur, men fordi det var en dublett av denne (til orientering til andre besøkende) ;)

      Slett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  4. Eg trur dette er ein viktig analyse av det som skjedde på Utøya i fjor. Det er så mange som ropar om både galskap og djevelskap, og kallar gjerningsmannen alt frå psykisk sjuk til direkte ummenneskeleg, eit udyr som vi bør skrape av skoen.

    Eg tenkjer på alle dei som var soldatar i konsentrasjonsleirane under 2. verdskrigen. Vanlege menneske, som åt middag saman med kona og leika med borna om kvelden. Og så gjekk dei "på jobb" om morgonen og drepte menneske. Det er ikkje snakk om galskap. Det er snakk om forføring, feilaktige syn på verkelegheita og forakt for dei gode verdiane.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, historia har dessverre vist oss at i visse situsjonar er den snille "naboen" i stand til å bli eit uhyre. I mnge tilfelle var det slik at ein deltok berre i deler v prosessen, legg jernbanesvillar, hentar bilar (til kons,leir). Likevel er det utruleg korleis forvarsmekansimnen slår inn.

      Slett