onsdag 20. februar 2013

Alternativ helsehjelp - godt meint og dårleg gjort?

Når ein er sjuk, er det eitt som er stort og viktig: Om det ikkje er å bli frisk, så er det å bli betre. For mange er det å vera i live.

Det er klart at dette gjer ein sårbar og svært mottakeleg for gode tilbod.
Då eg valde å fortsetja å vera aktiv i det offentlege rommet etter at ryggen svikta, var det ei matte på golvet som gjorde det muleg. Dette blei slått opp i pressa. Og kva hende då? Jo, eg fekk telefon frå folk eg ikkje kjende, folk som kunne fortelja meg korleis eg kunne bli betre.

I den første samtalen lytta eg høfleg, - og litt interessert. Og blei litt forfjamsa då samtalen enda med at personen som ringte, kom til å tena pengar på at eg valde tilbodet som blei presentert.

Neste gong telefonen ringte, var eg klar i utgangspunktet, og spurte om oppringaren hadde ei vare å selja. Det hadde han.

Tilbod om alternativ helsehjelp har eg trudd var godt meint, sjølv om eg veit at det av og til er "dårleg gjort". Men eg ser at når den som har fått stor tru på ei løysing, og dermed kjem i ein situasjon der ein skal tena pengar på å gjera dette kjend, kan motiva lett bli blanda saman.
Likefullt skal eg ikkje ta ifrå nokon at det var godt meint. Men det er ikkje lenger "berre godt meint".

Det veit eg no 40 år etter.
Mor blei tidleg sjuk. Og for 40 år sidan prøvde ho alternativ medisin. Ho var "godt i hald", som me seier, men raste fort ned i vekt. Ei stund kjende ho seg betre, men så var det tilbake til status quo. No, 40 år etter, snakka eg med veninna som køyrte lange vegar for at ho skulle få den alternative medisinen. Ho fortel noko eg ikkje visste: Legen til mor var slett ikkje glad for forsøket hennar, og meinte det kunne ha gått helt gale. Det kunne det.. Det ser eg no.

Proff. Risberg skiljer no mellom godarta og vondarta alternativ medisin. Det kastar lys over saka. Noko kan prøvast utan at det er kritisk om tiltaket hjelper eller ikkje. Andre bør sikra seg at alternativ ikkje øydelegg meir enn det hjelper.

Healer?
Og så var det healing. Det har eg problem med fordi eg ser at det fører til mykje skuffelse, - uansett kva som skjer eller ikkje skjer.

Og helbreding?
Kristen tru opnar for guddomeleg helbreding. Ikkje som automatikk, men som unntak. Problemet her er som med andre alternative vegar ut av sjukdom; Det kan skapa kjensle av å ikkje strekkja til om ein ikkje blir frisk. Det har eg skrive om: Ta din seng og kom!

fredag 15. februar 2013

Ngikhona - Eg er her.

Etter alle dei treffa det har vore på innlegget Sawubona - å bli sett her på bloggen, er det grunn til å tru at den fine helsinga er begynt å breia om seg i landet vårt. Det er då på tide å læra kva ein svarer når ein blir møtt med:

Sawubona - Eg ser deg!

Då er svaret:
Ngikhona - Eg er her.

Dette lærte eg då eg kom over websida: africaknows

Å vera til stades.
Ordet Sawubona har rikdom og fylde i seg. Det har også Ngikhona.
Kor mange gonger snakkar me ikkje til folk, og opplever at dei ikkje høyrer etter. Og i den digitale tidsalderen, med augo festa på ein skjerm mens andre trur øyro er ledige, svarer me: ehe.., hm.., ja, nei.., så det høyrest ut som om me er med i samtalen. Og av og til er me jo det. Men ikkje alltid. Ein gong eg var barnevakt for ein stor barneflokk, maste den minste til alle tider. Eg gjekk lei, og til slutt sa minstejenta:
- Høyr på meg! Høyr på meg med augo dine!

- Ngikhona, burde eg svart då.
- Eg er her, - for deg. No høyrer eg på deg.

Meir frå africaknows:
The Zulu greeting, “Sawubona” means “I see you” and the response “Ngikhona” means “I am here”.
I love the depth of meaning that African languages carry.  Inherent in the Zulu greeting and in the grateful response, is the sense that until you saw me, I didn’t exist. By recognizing me, you brought me into existence. A Zulu folk saying clarifies this, “Umuntu ngumuntu nagabantu“, meaning “A person is a person because of other people”
We are liberated by our connections to our community and when they truly see us, they offer a mirror to our inner selves that allows us to freely connect.
In my language “Boki” from Cross Rivers State Nigeria, our greetings are always active, so if I see you sitting I will say “Aa Que?” meaning “You are sitting?” and you’re response would be “Me’en Que!“…”I’m sitting!”
Our language makes us a very definite people, we like to live in present time and define our state of being at each encounter.

Les meir om temaet Sawubona - å bli sett

torsdag 14. februar 2013

Elefanten og musa i eit tredelt helsevesen.

Kor mange lag kan helsetilbodet vårt delast inn i?

1. Offentleg finansiert. Du får vurdering av ein lege som avgjer kor fort du kjem fram i køen. Mange opplever dette på same vis som då dei skulle ha time hos legen sin: "Det er for tida stor pågang. Ver vennleg og vent. Du rykker stadig framover i køen."

Og dei fleste ventar.

2. Forsikring. Nokre arbeidsgjevarer vel å betala litt på det jamne i ei forsikringsordning for at arbeidstakarane skal vera kortast tid vekke frå arbeidet om dei blir sjuke og treng helsetenester. Dei kan svara ja når legen spør: Har du forsikring som kan få deg fram i køen?

3. Betaling. Blir du sjuk, betaler du frå eiga lommebok. Lommeboka er tjukk nok, og du får hjelp på dagen. Du bruker ikkje pengar på forsikring (solidaritet med andre som blir sjuke), for det er jo ikkje sikkert du blir sjuk. Men dukkar det opp problem, blir pengane til god nytte.

Helseministeren peika på at når ein får eit tilbod frå ein privat aktør, skal det ikkje oppfordrast til 100 % eigenbetaling: "Du får time om ein månad, men om du bestaler sjøl, kan du få time i morgon." (NRK 14.02.2013)

Elefantar og mus
Dei er elefantar som er skremde av mus, seier Bent Høie om Arbeidarpartiet sin motvilje mot å sleppa til private i større grad.

Spørsmålet er berre om elefanten vil halda fram med å vera elefant, og musa i framtida vil vera ei mus? Eller vil dei bli meir likeverdige i kraft og storleik etter kvart med Høgre sin politikk?

Det er freistande å ty til: Det er det same kva farge katten har, berre den fangar mus, når først musa er nytta i biletbruken. Det er ikkje viktig for folk kven som gir helsetilboda. Det er rett. Men det er viktig at me har ei helseteneste som gir breidda av tilbod og som syt for forskning og opplæring utan kortsiktig vinst. Dessutan må det vera ei viss fordeling av tenester rundt om i landet. Dette er eg ikkje viss på at Høgre sin modell sikrar. Eg blir heller ikkje rolegare av å lesa kva Bent Høie seier på Ytring om korleis han vil kutta helsekøane. Han gir mange gode (for)svar her. Men han hoppar, etter mitt syn, for lett over nokre spørsmål:

Vil ikke dei private ta dei enklaste operasjonane?
Høie stadfestar at det kan skje, men gir uttrykk for at det ikkje er så farleg, fordi det offentlege alltid vil ta dei andre og vil vera best på det kompliserte og samansette.

Kva med kompetansebygging?
På kort sikt: Vil legar og fagkompetanse som det offentlege har investeret i, gå over til privat sektor, slik at dei offentlege sjukehusa må "begynna på nytt" med kompetansebygginga? (Ja, for Høie legg til grunn ein støre samla sjukehussektor, og dermed trengst fleire fagfolk). På lang sikt: Vil private sjukehus ta medansvar for utdanning og kompetansebygging?

Vil ikkje uavgrensa høve til å ta unna køane gjera eit evt overforbruk av helsetenester større og føra til auke i samla utgifter?
Høie har rett i at kø ikkje er ein god prioriteringsmetode. Likevel veit me at større tilgang faktisk aukar bruk. Det viser undersøkingar som fortel at dei som bur i nærleiken av eit sjukehus, får fleire helsetenester frå sjukehus/spesialisthelsetenesta.

Når det gjeld ei samla utgiftene, kan det ikkje vera rett å ha ein open sekk, då det må vera rett at også tilvisande legar skal vita at det er avgrensa midlar å henta. Legar er også vanlege menneske, og sit dei med vurdering av kor mange undersøkingar dei skal tinga, vil det påvirka dei om det ikkje er avgrensingar i pengebruk. Ansvaret for likevel å ta dei undersøkingane som trengst for å gi eit forsvarleg tilbod, vil uansett liggja på legen, slik det er også i dag.

Fleire av Høie sine svar skal gjera oss trygge fordi elefanten er større enn musa. Eg er uroleg for at det ikkje alltid vil vera slik, og då må det betre svar til for å gjera meg trygg.

Fordi: Alle skal med!

onsdag 13. februar 2013

Alle skal med!


Svanene har forstått det:
Alle skal med!

Blir det for strevsamt for ein liten kropp,
får ein den trygge og lune plassen på ryggen.

Slik skal det norske helsevesenet vera for den som treng det!

*

Då eg spurte om me må kjøpa oss fram i køen på bloggen og på Twitter i går, var det tydeleg at mange ikkje er trygge på at sikringsnettet i det offentlege helsevesenet held i farmtida,

Fleire svanebilete finn du på: Galleri Nauthydlaren

tirsdag 12. februar 2013

Kan du kjøpa deg fram i køen?

Har du forsikring, så du kan kjøpa deg fram i køen?
Det var spørsmålet eg fekk av legen i dag.
Eg har ikkje noko forsikring, for eg lit på det offentlege sikringsssystemet.

Denne bloggen har fått namnet "Ut av uføre(t)" fordi eg hadde eit håp om å koma ut i arbeidslivet att. No er målet å leva eit friskt liv som sjuk (les meistring). Men etter legebesøket tenkjer eg meir på helsevesenet vårt enn på helsa mi. Må me syta for at ikkje helsevesenet kjem i eit uføre også?

Ein kombinasjon av offentlege og private tenester er til vanleg ei god løysing. Men når eg, som ikkje skal koma til fortare grunna sparte sjukemeldingar og tapt verdiskaping, skal trenga forsikring for å koma tidlegare til, set det i gong nokre tankar:

- Er den private kjøpekrafta så stor at legestanden reknar det som sjølvsagt at me "har sikra oss"?
- Om ein ikkje har forsikring, kjem ein då på den plassen i køen ein ville ha kome om det ikkje fantest private tilbod? Eller er den køen blitt lengre fordi kompetansen er spreidd?

Dessutan svirrer det eit tilleggspørsmål rundt i hovudet: Viss eg hadde bruk for å kjøpa meg fram i køen, betyr det at det hastar? Men dette er i tilfelle mitt private spørsmål. Eller fortel spørsmålet at alle forventar at tilbodet er der straks, uansett kor alvorleg helseproblemet er?

Berre spørsmål her i dag, altså.
Nokon som vil prøva seg med svar?

Vi står ved eit veiskille, seier Stoltenberg

I denne samanhengen, seier eg som statsministeren: Alle skal med!

tirsdag 5. februar 2013

Ikkje fordi eg - og Mullah Krekar - fortener det!

Reklamen ropar til meg:

Fordi du fortener det!

Og det er ikkje måte på kva eg fortener,
i verdas rikaste land.

Eg kviskrar tilbake: Du veit nok svært lite om kva eg fortener og ikkje fortener,
heldigvis.

Pål Lønseth, statssekretær i justisdepartementet, seier at me kan senda ut Mullah Krekar sjølv om han får dødsdom i heimlandet, men ikkje om domen blir fullbyrda, altså ikkje om han blir drepen. (NRKog vg)

Ikkje fordi han fortener det
men fordi me ikkje lar folk bli drepne.
Eit menneske er eit menneske.


Eg har møtt ei handfull menneske som har alvorlege kriminelle handlingar på rullebladet.
Nokon av dei er det lett å møta med eit smil
fordi dei starta på nytt, er sympatiske,
- fordi dei fortener det.

Andre
gjer ikkje det.
Men dei skal få leva.
For far spurte meg
og sprengde mine grenser for menneskeverd:
Korleis skal han kunne leva om ingen ser han i augo?

Ikkje fordi han fortener det.
Fordi et menneske er eit menneske.
 ......

18.2 blei det eit ordskifte om dette på Twitter. Då dukka denne gode formuleringa opp:

 
Denne quoten oppsummerer godt hva jeg mener om dødsstraff. "Why do we kill people who kill people to show people that killing is wrong?"

søndag 3. februar 2013

Dei skriv om oss!

Over lengre tid har me på Twitter og Facebook fulgt barndom og oppvekst til #bokavår  "Sosial kommunikasjon". Forfattarane, Cecilie Staude og Svein Tore Marthinsen, har invitert oss inn i prosessen der dei ulike kapitla har fått sitt innhald. Det var derfor med forventning eg henta boka då ho dumpa ned i postkassa mi.

Når eg no legg boka til side og noterer hovudinntrykka utan å røpa innhaldet, er det fylgjande moment eg vil hada fram:

"Innsida ut"
Det slår meg fort at boka handlar om meg, om oss, som er på Twitter, Facebook og har blogg og heimeside. Dei skriv om oss så me kjenner igjen det me har vore stolte av å ha gjort, og det me veit ikkje var så heilt bra.

Boka er skriven med synsvinkel frå innsida. Den blir likevel ikkje ei bok for "dei der inne". Det er heller ei innsida-ut-bok. Omgrep og prosessar er ikkje rekna som kjente for lesaren. Du får det meste forklart, så enkelt og instrumentelt, med praktiske døme, at det må kunne vera råd for ein på utsida å få eit glimt inn. For oss som har vore der ei stund, kan det bli ein del sjølsagte moment, men saman med teori og gode døme, får me likevel eit heilare bilete enn me til vanleg har.

SoMe tar ikkje kontrollen
Det er blitt åtvara mot sosiale medier. Dei er tidstjuvar, dei forskyv verdsoppfatninga di og kan føra inn i isolasjon. I boka kan me lesa at det ikkje treng å vera slik, sjøv om det er bra at ein er på vakt overfor overdriven bruk.

I staden for at sosiale medier tar kontrollen, peikar forfattarane på at den nye forma for kommunikasjon og informasjonsdeling faktisk kan føra til maktdeling der det før kunne vera maktkonsentrasjon. Slik er det både når det gjeld å setja dagsorden, gi premiss for diskusjonar og å ha bredde i synspunkt.

Menneske som grunnlinje, verdiavsløring
Staude og Marthinsen slår fast at mennesket er grunnlinja. Sosiale medier er altså berre middel, aldri målet. Her avslører forfattarane eit verdisyn, eit verdisyn som eg trur gir ein trygg ståstad i møte med dei digitale plattformane me har i dag og dei som måtte koma i framtida. Det gir også perspektiv på kontroll og maktdeling, som tidlegare nemd.

Partier og bedrifter har noko å læra
I den grad forfattarane har analysert heimesider og bruken av sosiale medier generelt i dei politiske partia, er konklusjonen at politikarane har mykje å læra. Det hjelper lite å vera  registrert her og der, ha ei heimeside eller blogg, dersom det berre ligg der. Er det noko me veit om sosiale medier, så er det at dei på ingen måte er staden for statisk informasjon. Oppdatering, aktualitet, og ikkje minst kommunikasjon er suksesskriteria.

Det me som er ute i felten, kan ha lyst å seia, er at desse analysane stort sett berre omfattar politikarane på nasjonalt nivå, slik at me ikkje kjenner oss heilt att i vurderinga som blir gitt.

Betre kan me bli, alle saman. Forfattarane skriv også om oss, me som er vanlege fotfolk på alle vis. Tema som privat kontra personleg, utlevering- levering av meldingar kontra samtale. Her er mykje å læra. Å peika utover oss sjølv, vil vera meir interessant for andre i lengda. Ja, eg legg til for eiga rekning: Det vil til og med vera mest interessant for oss sjølv på sikt.

Meir vil eg ikkje seia om innhaldet. Du skal jo lesa boka sjølv.  Cecili Staude og han eg først oppfatta som ST. Marthinsen, har skrive ei bok vel verd å lesa.(No fekk eg fort melding frå han eg kalla St., at han ikkje var nokon helgen, men kva skal ein tru når ein på twitter kallar seg @stmarthinsen?)

Cecilie Staude er høgskulelektor på BI og Svein Tore Marthinsen er statsvitar og analytikar. I boka har dei direkte, på-lik-linje-kommunikasjon. Her møter du ikkje besserwissarar som kikar ned på deg. Det er frigjerande. Like frigjerande som siste orda på baksida: Ikkje noko frieri til å lesa dersom  me allereie er informerte, kunnskapsrike og interessante. Berre rett og slett: Vil du lesa boka vår?

Mi tilråding er: Gjer det!

Sosial kommunikasjon, personlig - samtale - verdi, 
Cecilie Staude, Svein Tore Marthinsen, 
Kommuneforlaget 2012

Mens eg venta på bok, skreiv eg ein bloggpost om sorg og sosiale medier. Det viste seg at eg var heilt på linje med Staude og Marthinsen: Sosiale medier kan sørgja for sorg 
Og for tida går det ein debatt om bruken av blogg om sjukdom. Meistring - bloggar med sjukdom som bakteppe

fredag 1. februar 2013

Meistring, bloggar med sjukdom som bakteppe

Twitter fortel meg at mange meiner mangt om bloggar som handlar om sjukdom, særleg psykisk smerte. Ein tur innom nokre bloggar fortel meg at opplevinga av desse bloggane nok er avhengig av korleis livet er til den som les.

Sjølv har eg oppfatta at mange av desse bloggane handlar meir om meistring enn om sjukdom. Eller kanskje det er dei bloggane eg vel å gå tilbake til som gjer det?

Viss det er tilfelle, så har mine hjerneceller - ja, eg liker å tru at eg minst har to - til ein viss grad fylgt ordre. Og ordren går ut på å finna fakta, teikn, døme på at det finnest vegar ut av uføret, - dersom ein berre godtar at også uføret er ein relativ storleik.

Elles er arbeidsdagen - og natta - til mine hjerneceller, som har nokre skadde nevecellekameratar i sentralsystemet, slik:

Dei oppfattar at kroppen er i uorden, Nokon bankar på døra mi. Hjernecellene opnar, kikar ut og seier:
- Å, er det deg? Du som er her kvar dag. Du får halda deg i vindfanget i dag som elles.

Slik går no dagane.

Så bankar det litt hardare somme dagar.  Hjernecellene lar gjesten sleppa innafor vindfanget, og samtalen tar litt tid. Somme dagar tar eg meg tid, må eg ta meg tid saman med gjesten. Finna ut om det trengst hjelp utafor huset sine fire vegger, eller om me kan roa han av til neste dag. -

Det kan me som oftast.

Problemet oppstår når det bankar på, sånn heilt vanleg, og eg trur alt er slik det skal vera, men det faktisk er ein ny gjest som har dukka opp. Om eg då svarer:
- Ok, du er observert, du har stempla inn, snakkast i morgon,
 og det er ein som skal levera eit rekommandert brev til eine hjernecella mi, kan det gå meir eller mindre galt. Slike brev skal lesast, helst straks. Det er faktisk fare for skade på hus og hage om eg ikkje hjernecella opnar for slike gjester.

Mine to hjerneceller er stort sett flinke dørvakter. Dei meistrar jobben sin og då meistrar eg min: Å leva eit normalisert liv, på mitt nviå, utan dramatiske episodar for meg og mine.