SAWUBONA! - Å bli sett

Sawubona! Det er noko anna enn eit "Hei på deg!" sjølv om dei høver kvar til si tid og i ulike samanhengar.
Eg kjende ein mann som var fødd 45 år før meg, presten Petter Hermansen. Han lærte meg denne helsinga.og kvar gong me møttest, tok han meg fast i handa, festa eit varmt blikk på meg og sa: Sawubona!


Dette var ei like stor oppleving for meg kvar gong, og det blei på eit vis ei eiga helsing og eit band oss i mellom fordi me hadde snakka om kva ei slik helsing innebar, og kor viktig det er å bli sett.

Med ein smarttelefon i handa kan me sjå folk kor dei er, når som helst, men det kan hindra oss i å sjå dei me er saman med.

Det er for framand for vårt språk å ta i bruk ordet Sawubona, men det skader ikkje å ha innhaldet i tankane når me møter kvarandre.

Seinare har eg lært at når nokon helsar meg med Sawubona, skal eg svara: Ngikhona

Desse tekstane på bloggen min handlar om å bli sett:
Det er så vondt å bli oversett
Usynleg for mi skuld
Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun  - og far min
Borten Moe har sett "de som ikke synes"
Å sjå skulda i kvitauga

Bonus ved frivillig arbeid
Ngikhona - eg er her