søndag 29. oktober 2017

Utan avtale

- Kjekt å sjå deg, sa han.
- Det ser ikkje sånn ut.
  Du spring jo berre fort forbi, svarte ho.
Som hadde gått ein tur på butikken,
ikkje fordi ho trong smør,
men fordi det
kanskje
var nokon å snakka med
der.

- Me kan godt ta en prat ein dag, sa eg.
- Ja, det kan me, sa ho
og gjekk.
Så møttes med
i ei døropning
i farta
og ho fortalte alt
det ho ikkje
kom innom
for
å fortelja.

Når er rette tida?




søndag 17. september 2017

Hekla fruktposar: Ut av plast-uføret!


Har du tenkt på kor mykje plast som hamnar i søppelkorga berre når du pakkar ut frukta du har kjøpt? Det har svigerdotter mi. Så ho spurte om eg kunne hekla fruktposar. 
Så det har eg gjort.

Fristar dette som eit godt alternativ til plastposar nokon SOM IKKJE KAN HEKLA, kan eg laga nokre: kr 60 per stk for den smale, kr 90, for den store + pluss porto. Det blir ikkje akkurat nokon timepris å snakka om, men heklinga er god å kombinera med krim på TV.
Posane er hekla i 100 prosent bomull som kan vaskast, ja, kokast om dei blir skitne.
Eg har laga ei hekleoppskrift etter mine prøvehekleposar. Men ver ikkje redd for at du ikkje går heilt etter mønsteret. Det blir truleg posar av det uansett, i fleire fasongar.
Har du ulik farge på bandet øverst, er det lett å hugsa kva som var ein liten pose som passa til tomater og kva for ein som var stor nok til ein kilo eple.

Start med 10 luftmaskar (lm) og fest dei i ein ring med ein kjedemaske (km). Bruk heklenål nr 2 og Solberg garn 12-4 eller tilsvarande.

1.omgang: 4 lm, 1 stav (st) og 1 lm 9 gonger i ringen. Avslutt omgangen med 1 km i  den 3. lm av de 4 første lm.
2.omgang: 5 lm, 1 st og 1 lm mellom de to første stavane i forrige omgangane. Gjenta rundt heile vegen og avslutt med km i 4.lm av de 5 første på omgangen
3. omgang: 6 lm, i dobbelstav (dst) og 3 lm mellom dei to første stavane i forrige omgang. Gjenta rundt heile vegen og avslutt med km i 5.lm av de 6 første på omgangen.
4. omgang: 2 km i luftmaskebuen, 6 lm, 1 km i neste bue. Gjenta rundt heile vegen og avslutt med 3 lm og 1 stav i den 3. av de 6 første luftmaskane.

Fortsett på same måte som 4. omgang, slik
5. omgang, 7 lm, 1 km i kvar bue
6 og 7. omgang; 8 lm, 1 km i kvar bue
9. omgang: 9 lm, 1 km i kvar bue
Fortsett med omgangar lik omgang 9 til ca 5 cm før ønska lengde.

Etterpå:
Ein omgang: 8 lm, 1 km i kvar bue,
neste: 7 lm, 1 km i kvar bue

Vidare desse 4 omgangane:
- 4 lm 1 km i kvar bue
- 1 km i kvar maske på forrige omgang
- 2 dst, 2 lm, hopp over to maskar, gjenta rundt heile vegen
- km langs heile kanten

Hekle ei snor med luftmaskar og tre den gjennom løpegangen du laga med den nest siste omgangen . Bruk gjerne dobbel tråd.

Vil du ha ein vid pose, går du vidare med fleire lm i kvar bue etter omgang 9, og lagar lengda på posane med same talet på buen som den siste omgangen du auka opp. (altså heile vegen 9 lm i kvar bue dersom største buetalet var 9. 12 lm i kvar bue dersom største talet var 12 osv.

Mari på Lunner har no kvalitetssikra mønsteret, og her er resultatet:


fredag 15. september 2017

Tatt av Smørbukkgenser-bølgja

Det blir snakka om å vera i flytsona, den overlegne sinnstilstanden då arbeid blir gjort, konsentrasjonen er på topp og tankane flyt. Noko av dette har eg sakna etter at eg måtte gi opp arbeidslivskvardagane.
Stadig søkjer eg etter nye tankar og tiltak å sysselsetja meg sjølv med. Det blir mykje maling og skriving når helsa tillet det.
Og så ein dag datt ein ny tanke ned i meg. Tanken kom frå barnebarnet, så han datt vel ikkje ned, blei vel heller kasta opp til meg. Han ville ha ein Smørbukkgenser.
Eg leita og leita, men noko mønster var ikkje å finna. Dermed var det berre å setja i gong med metoden "prøving og feiling". Det enda med ein genser i størrelse 4 år.


Dette var gøy. Kanskje gøy for fleire? Derfor la eg ut mønsteret på bokbloggen min "Bøker er bra". Du finn det her.  Og sende eit tips til Norsk Barneblad. Så no er bølgja i gong. Sjøl held eg på med to på ein gong og er ferdig med ein. Etter kvart som eg prøver ut ulike størrelsar vil dei komma på bokbloggen her.
Bli med du også vel?
Strikker du genser, så legg gjerne ut bilete av arbeidet mens det skrid fram instagram med emnknaggen #smørbukkegenser og send bilete av den ferdige genser til Norsk Barneblad.


tirsdag 29. august 2017

Bittelitt delvis arbeidsfør

Det er blitt langt mellom innlegga mine her på bloggen. Det er eit godt teikn. Det fortel nemleg at eg lever større deler av døgnet andre stader enn ved datamaskina. Då eg starta bloggen, var innlegg og kommentarar så å seia eit vindauge ut mot verda og alle dykk andre som er der ute.

Eg hadde eit håp om å komma meg ut av uføre(t), altså å ikkje vera ufør lenger. Det har gått 10 år sidan eg slutta i jobb. Ut i vanleg arbeidsliv kjem eg nok ikkje igjen. Men eg maler og skriv så pass mykje at eg får redusert uføretrygd. Hurra! Det betyr at eg berre er delvis ufør (sjølv om den arbeidsaktive delen er ganske liten). Men eg opplever å nesten ha nådd målet mitt. I alle fall er dagane meiningsfulle; eg har noko å planleggja og å følgja med på. Og eg får tilbakemelding frå dei som les bøkene og ser og kjøper maleri  her i Galleri Nauthydlaren

Det er blitt to bøker siste åra: Alt vel - ein historisk roman frå Island, om ein orkan i 1884 som hundrevis av rogalendingar kom skutelause tilbake frå
og Garborg og Skou - forskjell på folk?

Etter kvar bok tenkjer eg at no skal eg halda fingrane frå tastaturet. Det finst vel nok bøker i verda. Men så er det noko som vil ut og fram. Mellom anna den vesle fortellinga om larvane som frykta det dei hadde i vente.

Boka Håp, er ei gåvebok om sommarfuglen som symbol.
Boka blir ca 14x14 cm. 
Desse sommarfuglane er gjennomgåande illustrasjonar i boka.


"Håp" kan bestillast i kommentarfeltet her, eller ved epost til meg: marit.totland@knett.no.
Prisen er 50 kr + evt porto.

torsdag 23. mars 2017

Har eg stemmerett?

Eg er ikkje den eg ein gong var. 
Eg er faktisk betre.
Ikkje betre enn eg var på det beste
men betre enn eg var på det verste.
Og sidan eg no har lært
at det er viktigare å sjå etter det gode enn det beste,
er eg svært tilfreds med å vera betre enn eg ein gong var.

Så: Då kan du vel gi deg i kast med yrkeslivet igjen?
Eg ser spørsmålet i augo til dei eg ikkje kjenner.
Og veit at om eg gjorde det, ville det ikkje vera lenge 
før eg ikkje er betre enn eg var på det verste.

Derfor prøver eg meg ikkje i arbeidslivet igjen
(og kven kan bruka ein 60-åring?)
Men eg skaper verdier.
Eg maler og skriv:
 og PC på stovebordet som har resultert

Eg har ein dårleg rygg
men eit godt liv.
Og med inntekter frå bilde og bøker 
tener eg såpass at eg kan seia 
at eg tener mine eigne pengar,
dvs eg tener så mykje at eg kan redusera uføretygda.
Og med den nye uføretrygdordninga er det svært så enkelt.
Eg har lyst til å ropa eit høgt:
Hurra for den nye uførelova!
Ei saumlaus ordning som gjer at eg kan mala og skriva og halda foredrag 
alt det eg vil og orkar til ei kvar tid 
utan å bli sett på som trygdemisbrukar
og utan å mista trygda den dagen helsa sviktar 
- for det gjer den stadig vekk.
For eg er ikkje ufør for å få trygd,
men får trygd fordi eg er ufør
etter at livet snudde.

Men har eg stemmerett?
Kan eg ropa hurra?
Eg veit jo at andre ikkje er kommen så godt ut av den nye ordninga.
Men eg trur dei fleste er det.
Skal eg la vera å seia at for mange er lova no betre enn før?
Nei; ordninga er ikkje fullkommen,
ikkje best,
men god.
Hurra!

Så håper eg politikarane justerer lova slik at ho blir betre for endå flerie.
I mens tar eg meg retten til å meina noko om det som er bra,
mens eg maler håpet:


Fleire tankar om å meistra når ein ikkje meistrar, deler eg her
For spesielt interesserte: I dette innlegget skreiv eg om lova før den blei endra. Den er vedteken tilnærma lik dette utgangspunktet: Fribeløpet i uføretrygden og ny uførelov