Viser innlegg med etiketten tid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tid. Vis alle innlegg

fredag 23. mars 2012

Når ein ikkje lenger kan snakka som ein Foss, slik me begge gjorde før.

Ja, me er mange som har lurt på kva som gjorde at Foss ikkje snakka som før. Var det alkohol, sjukdom, medisiner? No har han gitt oss svaret. Eg trur det var bra, både for han sjølv og for den politikken han målber.

Når ein endrar oppførsel, blir dei ein møter forvirra. Men tru meg, når det er du sjølv som opplever endringa, er det mange gonger tøffare.

Etter store dosar narkose, mista eg grepet på språket ei stund. Snakka eg om ver og vind, kunne eg skjula problemet, men skulle eg henta fram framandord eller sjeldan brukte ord, gjekk det gale. Då blei i beste fall gorilla til alligator og incentiv til intensiv. I verste fall var orda heilt og fullt vekke. Ved starten av ei setning kunne eg ana at dette ikkje kom til å gå bra. Eg kom til å mista tråden undervegs til konklusjonen, eller eg ville mangla viktige ord.

Då eg skulle tilbake i jobb, som leiar i sjukehus, visste eg at på leiarmøta sat det legar, pyskiatarar og psykologar rundt bordet. Dei ville avsløra meg momentant. Eg valde derfor å seia frå først som sist: Eg kjem til å mangla ord, rett som det er, så når eg stoppar opp, er det fint om de gir meg ordet, no heilt bokstavleg tala.

Det gjekk glimrande. Verre var det å tala offentleg. Då eg gjekk tilbake til lokalpolitikken for fem år sidan,var det framleis eit etterslep i ordkaoset. Då kjende eg kor tøft det var å gå på ein talarstol att. Eit par gonger måtte eg seia at eg ikkje fann rette ordet, men etter kvart har eg lært å manøvrera unna: Er eg begynt på ei setning, og anar at ordet ikkje er der, tar eg ein sving og seier noko anna, sjølsagt noko som gir same meining.

Det er aldri kjekt å seia for mykje om slikt, i alle fall ikkje mens det står på. Det er mykje lettare når ein kan sjå tilbake på ei tid med slike problem.

Burde Foss sagt frå tidlegare? Eg vil ikkje svara på det spørsmålet, for å stilla opp som "svak" er så krevjande at ein faktisk må få tilbake noko av den mentale styrken før ein kan gjera det.
God betring til Per Kristian Foss!

mandag 9. januar 2012

Stor verdi: Full 7.sans - filofax - file of facts?

"Ingen bryr seg om det eg har gjort, ingen treng meg, ingen er glad i meg", fortalde komikaren Joan Rivers og synte fram ei blank side i ein sjuande sans i fjor på denne tida. "Dette er min angst!" la ho til.

Sjølsagt er det ille om ein underhaldar ikkje er etterspurt. Men når ho legg til: "Ingen er glad i meg", og ser ut som om hu trur på det, skulle ho fått tilsendt livsloven min: Menneskeverdet blir ikkje målt i kroner, meter, alder, prestasjon eller desibel. Mennesket har verdi fordi det er eit menneske.

Og så kunne ho fått vita at det faktisk heller ikkje er desse ytre faktorane som avgjer om nokon er glad i deg. Eg håper det er sant for henne også. Mange andre har heldigvis opplevd at det er slik når ting endrar seg i livet. Det hjelper lite om ein vinn prisar i filmverda dersom ein er redd alt det positive i livet heng saman med popularitet og suksess.

I hylla med "sjuande sansar" har eg tomrom. Det manglar to årgangar. To år hadde eg ikkje bruk for å føra opp avtalar. Hadde eg fått vita det for 10 år sidan, hadde eg grudd meg til eit så stille liv. Men å leva langsamt har sine verdiar, fann eg ut. Kven skal til dømes kunne ta statsminister og konge på ordet og ha tid til å sjå naboar om døgnet har timebestilling?

Primstaven - den same frå år til år.
Mange sukkar letta når dei kan ta i bruk ein ny sjuande sans. Det er som å få starta på nytt. For dei fleste er det heilt feil, fordi det ofte er gjort avtalar langt inn i det nye året som berre skal førast inn. For det andre er året som kjem, ikkje tomt. Det har sine hendingar som ligg og ventar, om du vil eller ikkje. Du kan sjøvsagt velja å ta del  i dei eller ikkje, men dagane kjem, den eine etter den andre. Slik var den gamle primstaven mykje meir å lita på enn den nyare sjuande sansen. Den var den same frå år til år, og den fortalde om dei rammene som var for kvardag og fest og dei gjeremål som ville bli krevd. Det var aldri snakk om ein "tom primstav". (Meir om merkedager og tidsforståelse)

File of facts
Dei som er svært travle har bytta ut ordet sjuande sans med ordet filofax. Desse har vore så travle at dei til og med har slukt halve ordet. Filofax kjem av det engelske uttrykket file of facts (wikipedia).

Ei fil med fakta? Ok, ein sjuande sans er nok det. Men den har berre eit utdrag av fakta. Desse kan synast svært viktige i øyeblikket. Og dei er det også, om samfunn og familie skal fungera. Men dei er ikkje  avgjerande for din verdi som menneske.  

Sjuande sans uten sjuande sans?
Kva den sjuande sanse eigentleg er, finnest det ikkje mange klare svar på. Illustrert Vitenskap meldte  i 2004 at menneske kunne ha en reell sjuende sans. Når sansane blandar seg, slik at dei til dømes oppfattar tal eller bokstavar i fargar, tar dei i bruk denne sansen. Dette blir kalla synestesi og ein trur det er ein tilleggseffekt av evnen til å tenkja kreativt som oppstår ved ein kortslutning i hjernen som gir oss ein 7. sans. 

Kjekt då, at det var i dei åra eg ikkje hadde sjuande sans, eg prøvde meg med pensel og palett.