mandag 25. juni 2012

Dagen derpå

Dette er dagen
derpå

Møtte mange gamle kjende
gjekk i nesten same tempo
nokre timar

har funne mitt liv
mi meistring
sa eg
og fekk tonnevis av støtte

Takk!

Arbeidsufør

dei fleste dagane er
dagen derpå
dersom ein vil leva saman med

Eg vil leva saman med
av og til
og ha dagane derpå

men eg vil ikkje leva dagane derpå
saman med

derfor må eg tåla
at nokon trur
at eg er for før til å vera ufør
fordi eg er nesten som før
den dagen

og dagen derpå
vil eg ha for meg sjølv

fordi det svarer seg..



Om same tema: Men smertene mine får du ikke


mandag 18. juni 2012

Å synleggjera mennesket, ikkje handicapet

Ja, han har rett, Terje Carlsen, sosiolog og skribent, som skriv om Prisen for et usynlig handicap. Han synleggjer den smerten mange kjente då me såg Ingen grenser i vinter. Det var ein sjeldan smerte. Me visste at kvar einaste deltakar som var med hadde gitt alt, alt av krefter og motivasjon, og vel så det. Me visste at dei fortente all heder og ære dei kunne få.
Likevel; Det var ein bismak. Kor mange uføre blei ikkje sett i ein enda vanskelegare situasjon? Når folk utan armar og bein, syn og hørsel klarer dette, kvifor klarer ikkje dei meir som ser ganske så friske ut?


Det er like mange svar som det er uføre. Nokon ville nok makta å gjennomføra noko liknande. Nokon ville blitt pleietrengande etter dei første motbakkane, for resten av livet. Andre har såkalla usynlege plager som det er vanskeleg å setja ord på eller visa fram.


Utilstrekkeleg, ikkje frisk sjuk.
Kvifor kan me ikkje berre dele verda og tankane i to: La alle som maktar mykje, få den ros dei fortener. Og så la dei andre som ikkje kan yta noko slikt, få vera utanfor synsvinkelen, utanfor samanlikninga?
Kanskje mange eigentleg gjer nettopp det, og då er ikkje program som Ingen grenser til noko skade. Men mange kjenner nok på at dei taper, også kampen om å vera frisk sjuk. Med usynleg handicap trekker ein seg så tilbake, og blir som person endå meir usynleg, i fare for å bli vurdert som utilstrekkeleg i sin svakhet.


Det er ikkje eit poeng å gjera usynlege plager og sjukdomar synlege. Det gjer ikkje dagen betre for nokon. Men det er eit stort poeng å gjera menneske med usynlege plager synlege som einskildmenneske.


"Å finna si matte"
Sjølv har eg ikkje usynlege plager. Det synest når eg ligg på golvet i formannsskapet og kommunestyremøta. Men skadene i ryggen synest ikkje når eg reiser meg opp, for då kan eg både gå og stå, og ser svært så frisk ut. (Når eg ikkje kan det, ser dei meg ikkje, og utgreiing om mi helse , har ingen krav på).


Eg har nådd eit stort mål: På møta, etter fem år dragande på matta mi, opplever eg at journalistar, kommuneadministrasjon og lokalpolitikarar ikkje ser matta. Dei ser meg. Då kan eg delta på mine premiss.


Eg skulle ynskje mange med skjult handicap, som har mykje meir å bera enn eg har, kunne finna "si matte å liggja på", - kunne få vera synlege med sine eigne avgrensingar og sine løysingar, utan å måtte forklara eller forsvara seg. Det er mennesket som skal bli sett, bli synleg, ikkje det usynlege handicapet.

PS Av og til går det faktisk an å vera takksam i uføret.

lørdag 9. juni 2012

Som har skoen på..

Det var så vidt dei kunne kallast sko,
heilt par var dei heller ikkje lenger
då holet fremst på den eine blei stadig større
og helkappa på den andre var nedtrødd.
På sida seig somarregn og vinterslaps inn til tå og hud
og snøringa stramma det den kunne for å halda foten på plass
inne i resten av det som hadde vore ein sko.
- Det går på eit vis, sa ho
då ho såg at me kika ned på føtene hennar.

- Eg forstår deg så god,
sa han.
- Eg hadde også eit par sko som var litt for store ein gong.
Dei var ikkje gode å gå med,
men det gjekk over,
sa han
trøystande.