onsdag 30. november 2011

Svaret var nei på fritak for buplikta. Ordninga med buplikt for prestar er utdatert.

Oppdatering blogginnlegg 16.desember
Etter at det er blitt kjend i lokalmiljøet at me som familie ikkje får fritak for buplikta i prestebustaden, har det strøymd på med støtte og trøyst.
 
Denne flotte karikaturteikninga i lokalavisa, Kvinnheringen, av Lars Slettebø, er mellom dei eg har sett aller mest pris på:  http://yfrog.com/nznxoibj
Tekst: - Jan Ove, staar det naake i evangeliet om buplikt?


Støtta frå Frp lokalt kom også overraskande då Ole Torbjørn Holmedal tok saka opp i spørsmål til ordføraren i kommunestyret i går. Han spurte om det ikkje var lurt av kommunen å selja bustader som ikkje var meint til primæroppgåvene våre, til dømes prestebustaden på Husnes. Så kunne kommunen heller leiga eit hus til presten, og då ville det kunne vera aktuelt å leiga på Valen i staden, (altså vårt hus).  :)

Kva saka eigentleg handlar om, står i det opprinnelege innlegget:
Så fall dommen: Me har fått avslag på søknad om fritak for buplikt i prestebustaden, trass positive tilrådingar frå alle kantar.

Eg er priviligert. Eg bur i ein av dei best isolerte prestebustadane i landet, med praktisk romløysing og godt nabolag. Og eg er i eit uføre. Me har kjøpt hus, 7 km herifrå, som me så gjerne vil bu i. Men me kan ikkje flytta, for prestemannen har buplikt i dette huset kommunen har stilt til disposisjon som prestebustad.

Då me flytta inn i prestebustaden, visste me om buplikta. Ordninga kom ikkje som noko overrasking. Men me bygde hus før mannen min blei prest, og har leigd det ut i seinare år for å sjå om nokon av borna ville overta det. No har dei gjort sine val, og det var naturleg å selja huset sidan det ligg i ein annan kommune, og det blei tungvint med vedlikehaldet. Derfor selde me huset og kjøpte eit nytt hus her i Kvinnherad kor me ynskjer å bu i pensjoniståra.

Vår personlege frustrasjon og private utfordringar skal ikkje bloggførast. Men avslaget aktualiserer ei rekke prinsippielle spørsmål.

Prestar har i ei årrekke stått overfor same utfordring som oss. Men det har skjedd ei vesentleg endring: Prestar har i dag ei beredskapsordning som gjer at dei ikkje lenger skal vera tilgjengelege heile døgnet. Dei skal faktisk berre vera tilgjengelege mellom kl 8 og 17 på kvardagar når dei  ikkje har fri. Utover den tida er det ein prest i kvart tenesteområde som har ansvaret, og beredskapstelefonar går til denne presten. Desutan ligg pestekontoret ikkje lenger i prestebustaden. Ei så lita, men avgjerande sak, som mobiltelefonen revolusjonerte sjølvsagt også situasjonen for dei som skal ha tak i prest. Med desse praktiske endringane fell logikken vekk når det gjeld å ha eit bestemt hus som presten skal bu i og møtast i.

Ei utdatert ordning.
Mange meiner at ordninga berre kan fjernast. Så enkelt er det ikkje. Nokre stader i landet der det ikkje er lett å omsetja hus, kan det vera eit tilleggsproblem å skaffa prest dersom ein ikkje stiller med prestebustad. Kven vil investera i eige hus dersom det ikkje er marknad for sal seinare? Likevel: Det må kunne lagast ei fleksible ordning der hus blir nytta til rekruttering der det er trong for det.

Prestebustadane er enten eigd av Opplysningsvesenet fond (OVF) eller kommunen. OVF har ansvar for dei bustadane på dei "ærverdige" prestegardane.

Kommunen har plikt til å stilla med hus, og presten har plikt til å bu i det. Slik er det i dag. Begge partar har ei plikt. Her ligg problemet. Det mange ynskjer er nemleg at presten skal ha rett til å få tilbod om eit hus, mens kommunen skal ha plikt til å stilla med hus dersom presten ynskjer det. Ei slik ordning er det ikkje enkelt for kommuenn å forhalda seg til. Så ser me også at Frp no har levert eit Dok 8- forslag i Stortinget, eit framlegg om lovendring, der dei ynskjer å ta vekk kommunen si plikt.

Kommunane opplever at stadig fleire prestar søkjer fritak for buplikta, og vel derfor å selja bustadane sine.

Både kommunesektoren og OVF har interesse i bupliktordninga, og fleksible ordningar vil krevja ein del av dei. Eg trur likevel ikkje dette er grunnen til at me ikkje kjem oss ut av buplikt-uføret. Ein gong i tida hadde eg denne saka på bordet som politisk leiing i kyrkjedepartemenet (1997-2000)*. Då såg eg ei anna side av saka. Prestane sin organsasjon ville gjerne ta vekk bupliktordninga, men dei ville ha kompensert for å mista eit gode dersom ordninga fell vekk. Samstundes kjempar mange prestar rundt om i landet for å bli kvitt ei ulempe. Ulempa og godet er same sak. Det seier seg sjølv at dette ikkje kommuniserer.


Buplikt for prestar kan ikkje vera eit gode og ei ulempe samstundes  - presteforeninga sitt ansvar.
Ein kan ta fatt på buplikta frå mange vinklar: Ulik bruk av prestebustadar med kontor o l  før og no, den einskilde sin rett til å velja bustad, det praktisk-økonomiske ved ikkje å ha eige hus eller kommunen og staten sine oppgåver og utgifter. Men så lenge prestane sin organsasjon hevdar at ordninga både er eit gode og ei ulempe samstundes, er det ingen grunn til å tru at saka finn si løysing med det første. Mens tida går, seier nokre bispedømme oftare ja til fritak frå kommunal bustader, mens prestane i kommunar andre stader sit att med probemet i fanget. Det er ikkje ein god veg ut av uføre.

Tid for debatt.
Sidan saka har så mange sider, og sidan vilkåra for folk flest til å skaffa sin egen bustad er annleis enn då buplikta kom til, er det på tide med ein offentleg debatt om saka. Er ikkje buplikta i tråd med krava og vilkåra for prestetenenste i 2011, bør den avviklast, slik det har skjedd med buplikt for andre grupper, mellom anna for fylkesmenn.

Det er altså innlevert et lovendringsframlegg på Stortinget som gjeld nettopp denne saka. Det er å håpa at saka blir så godt opplyst og engasjerer så breitt, at me kan få ei ordning som både kommune, kyrkje og prest er tent med anno 2011. Dok 8:16 L (2011-2012)

- Avisa Kvinnheringen skriv om saka 2.12.2011: Får ikkje fritak for buplikta
 - Det er no ordskifte om saka på Verdidebatt.no
- Kari Sørheim har ein kommentar til same spørsmålet: Karitankar
- Jan Ove, mannen med buplikt, har også skrive eit avisinnlegg, det finn du nedst i dettee blogginnlegget her

* Apropos sal av prestegardar
I departementstida snakka eg ofte om at Opplysningsvesenets fond og sal av prestegardar. Det kunne bli mange foredrag på ein stakkars statssekretær, og det hende eg stokka litt om på orda og påstod at me dreiv og selde kyrkjegardar. Det blei latter i salen kvar gong, og det tok tid før eg forstod kvifor. Eg blei litt klokare då folk kom og spurte korleis prisen var på kyrkjegardar for tida.

mandag 28. november 2011

Søppelmenneske?

I desse julekakebaketider veit alle at julemenn er kvite og peparkaker er brune. Peparkakene går ikkje i søpla av den grunn, apropos kronikk i Dagbladet om søppelmenneske. Dei er ikkje brende julemenn. Dei er ikkje mislukka, ubrukelege.

Det fine er at om ein peparmann får en vri på eine foten, er han likevel like god.

Så kunne eg lagt ut i det vide og breie om korleis menneska er som kaker, men biletet vil fort halta, slik peparmannen med ein "vrien" fot.

Konklusjonen blir; Ja takk, begge deler - julemenn og peparkaker!

lørdag 26. november 2011

Frå Olav Kjørven til kaffiskåler

Ni måneder som brukar av sosiale medier til kvardags: Er eg blitt klokare, meir sosial eller meir oppdatert?

Eg har i alle fall lært meg at det å vera oppdatert ikkje er det same som at eg er blitt klokare. Fylgjer ein alle straumane på skjermen, kan ein få ei oppleving av at det er heilt avgjerande å få med seg absolutt alt. Loggar ein av, vil ein sjå at livet likevel går sin gang. Og når ein er tilbake i straumen, oppdagar ein at det ikkje er mykje å ta igjen.

Likevel, ni månader med SoMe har hatt sin sjarm og nytteverdi. Særleg i valkampen  fekk me som politikarar ein heilt ny arena til å kommunisera med veljarane og andre politikarer. Ein kombinasjon av blogg, Twitter, Facebook og lokalaviser opna nye dører, dører det gjekk an å gå inn og ut av utan å venta på at avisene skulle koma ut og utan redaktørar som dørvakter.

Twitter  - svake og sterke sider.

Twitter har absolutt vore den mest spennande vegen ut i verda. Først var eg forsiktig med å twitra for mykje. Eg trudde det var om å gjera å berre by på gullkorn, gode innspel, verdifulle lenker, og at korte svar ville bli vurdert som støy i twitterstraumen. Men så gjorde eg som @agry07:
”Vurderte ei stund å bare snakke om det jeg hadde greie på. Måtte gi opp prosjektet.”

Etter kvart såg eg at twittermeldingar også var kommunikasjon, slik at små kommentarar kunne vera nødvendige, heiv meg på, og enda opp med kontakt med gilde folk som eg på eit vis opplever at eg kjenner litt etter kvart. Likevel: Eg har framleis problem med å sjå kva som er poenget med kaffiskåler og den slags. Det er truleg ei helsing som seier: ”Me kjenner kvarandre”, ”Eg har ikkje gløymt dykk”, ”Me er ein kjekk gjeng, er me ikkje?”

Det same gjeld twittermeldinga som seier: ”No må eg ha mat” eller ”Hei, der ute!”. Det er vel også ei påminning til oss andre om at ”Eg er her. Ikkje gløym meg”.

Det hender eg finn lukka grupper på Twitter, twitrarar som utleverer så mykje av eigne synspunkt til kvarandre, men som er så inni eigen sjargong, fagterminologi, (innforståtthet), at dei utelukkar andre i samtalen. Det er ok, men eg lurer av og til på kvifor dei nyttar Twitter til slike samtalar. Det same gjeld ein del personlege dialoger, som vel høver betre for DM?

I andre enden av skalaen er kontakten med den store verda. Det er flott å fylgja @olavkjorven, tidlegare statssekretærkollega, frå New York. Profilen hans fortel kvifor eg synest han er verd å fylgja:
”Assistant Secretary General for development policy, UNDP. Into all & anything that can secure a better future  for people & life's diversity on Earth”.

Twitter har dessutan sin styrke ved:
Det er ein høvelag stad for språkelskarar og ordleik.
Dei som vil halda fram hjartesaker, har ein arena, men vil mista fiskelukka om ein gjer for mykje ut av det.
For alle som er på jakt etter gode artiklar, er Twitter eit funn. Tenk at andre les aviser og bringer vidare det mest interessante!
Lokale saker kan få ei nasjonal vinkling og omvendt.
Aktuell debatt, program, debatt blir kommentert av leg og lærd.
Autoritetsangst er det ingen grunn til å få fordi ein ikkje veit kven som skjuler seg bak nicka. Korleis kunne eg vita at eg fylgte ”den rikaste mannen i landet”. Det stod jo ikkje i profilen hans.Og kven veit kva redaktørar eller topp-politikarar som gøymer seg bak ord og uttrykk.
Nye personar kan få ein talarstol, som elles ikkje ville fått det, med tydeleg bodskap eller underfundige kommentarar som @nicecap.

Oppsummert: Twitter kan gi positive impulsar og ein god prat. Men ser ein seg blind på Twitterstraumen, kan ein koma til tru at den gir heile bilete av den verkelege verda. Det gjer den slett ikkje!


Blogg: Personleg, men ikkje privat.
Bloggen min Ut av uføre(t)  blei oppretta fordi eg etter mange år om ufør, såg ei litt lysare framtid nærma seg, og håpte å koma ut i arbeid att. Det måtte blei ein snirklete veg, og då eg stilte som ordførarkandidat var det ikkje berre å la seg sleppa utfor ein slakk nedover bakke og håpa og koma ned på beina, då blei det å sleppa seg utfor ein hoppkant, med sjanse for magaplask, skibrekk, fiasko, eller suksess. Eg valde å fortelja om prosessen på bloggen, samstundes som eg la menneskeverdet som grunnlag for alt som blir skrive der om å koma ut av uføret, ikkje berre for meg, men for menneske i dei ulike situasjonar livet kan føra oss inni i.

Ved å stikka innom hjå andre bloggarar, får eg eit glimt av kvardagar slik dei kan vera, gode eller dårlege, til dømes Mormors klagemur, og eg møter menneske med stort samfunnsengasjement, til dømes: Karavanseraiet.

Facebook, Fjesboka - for dei eg kjende fjeset på frå før – trudde eg.
På Facebook hadde eg tenkt å halda kontakt med familie og gamle vener. Men det fungerte ikkje. Dagen etter at eg hadde opna facebookprofil, kom eg i prat med ein gjeng lokalpolitikarar. Rundt kaffekoppen blei Facebook raskt eit emne. Eg sa då at eg ville nytta Facebook til familie og vener. Vel heime opna eg PC’en og såg til mi overrasking at ein av dei eg hadde hatt kaffedrøs med, hadde sendt veneførespurnad. Og eg kunne ikkje avvisa den. Me var jo meir vener enn uvener sjølv om me var i ulike parti. Dermed balla det på seg slik at Facebook er blitt ei brokete samling ”hei og hopp”, ”redd verda” og ”takk for sist”.

SoMe - typisk meg.
I starten, då eg såg hashtagen #SoMe, trudde eg det var ein slags kommentar: Det eg skriv no, er typisk meg. Så oppdaga eg at det stod for sosiale medier. Men etter kvart går det for det same for min del: SoMe er nok blitt litt typisk meg. For sjøl om eg av og til tenkjer at verda blir for snever og vid samstundes og at det blir nytta for store bokstaver om kvardagsleg tema, så er det nok ikkje aktuelt å logga av for godt.

--
Dette er mi oppleving av å vera aktiv på sosiale medier etter ni månader. Kommentarar, innspel til debatt er svært velkomne, gjerne frå kaffiskålerane.

Tips til dei som er nye på Twitter, og også til dei sm har vore med ei stund, finnest her: Twitter for nybegynnere

mandag 21. november 2011

Argument mot valdtekt: "Det er ein person inni der"!

"Ein må tenkja at det er ein person inni der"!

"Puls" snakkar med gutar som har valdtatt og spør korleis ein kan unngå at slikt skjer.
Ein kar svarer at det nyttar å tenkja at det "er ein person inni der".

Det er heilt rett. Det er ein person inni der.
Men det er litt urovekkande at det må påpeikast. Er det ikkje sjølvsagt?
Er kropp så dominerande at ein må setja ord på det viktigaste? - At den synlege kroppen er eit levande menneske med tankar, kjensler, vurderingar og grenser, som har 100 % verdi uavhengig av kva andre vurderer det til.

Kanskje det ikkje berre er grenser born og unge bør læra meir om, men det vilkårslause menneskeverdet, rett og slett fordi det er basis. Med gode haldningar når det gjeld menneskeverd, kan kvar og ein omsetja det synet til handling om det gjeld rase, kjønn, sex, tru, helse, alder.. Ja, rekka er utømeleg.

Les også:
Mormors råd til menn for å forhindre voldtekter

søndag 20. november 2011

Firmajulekort - ei pølse i slaktetida elle rosina i pølsa?

Når det går mot jul, dukkar det opp ein ny type post, også i firmaposten: julekorta. Å senda julekort er ein fin tradisjon. Slekt og vener gir eit livsteikn og sender kvarandre gode ynskje for høgtida og det nye året som kjem.

Men firmajulekorta; kva er det? Ei helsing med takk for samarbeidet i året som gjekk. Og det er ein fin gest. Det vil seia, tanken er god. Men kva er det i praksiss? Ei samling papir som forflyttar seg rund i landet i symbolsk kommunikasjon. For ekte helsingar er det vel ikkje? Sjølv har eg sett namnet mitt på minst 1000 slike brev som leiar i kommune/departement/organisasjon. Korta fann eg på pulten min, flatpakka, klar til underteikning. Kven som skulle ha korta, tenkte eg svært lite på då eg skeiv namnet mitt på ny og på ny og ny.

Arbeidstimar og papir går med i store mengder. Lunsjrom, kantiner, resepsjonar fyllest med fargerike kort. Det har sin sjarm, absolutt. Men har det sjarm nok til å forsvara gjenomføringa?

Er tid og krefter til firmajuleposten berre ei pølse i slaktetida? Litt slark i systemet, som trass alt skaper god stemning og styrker det gode samarbeidet? Eller er det eit høgdepunkt, eit pluss som me set pris på og ikkje vil vera utan? Rosina i pølsa så og seia?

Viss dei fleste meiner at det er slik, får eg innsjå at eg er i mindretal.  Men dersom firmaer og organisasjonar sender juekort, fordi alle andre gjer det, er me komne i eit uføre, og det er på tide å tenkja seg om.

Julehelsingar kan vera så mangt. Eg fekk ein gong ei helsing som varte i ni år. Ein mann i embetsverket kom inn på kontoret mitt i departementet og sa han ville gje ei julehelsing, trass i at det ikkje var vanleg mellom embetsfolk og politikarer. Han la ein liten, avlang pakke på pulten min, før han helsa god jul med eit fast handtrykk.

Eg tok gåva med meg heime. Det var eit heilt vanleg rødt lys. Kanskje den enklaste gåva eg fekk den jula. Men lyset hadde sterk symbolverdi. Det blei ståande i ein lysestake i julehøgtida i heimen min i årevis. Det minna meg om heilhjarta samarbeid og varmt venskap. Fyrst i fjor tende eg det og let det brenna ned.

Ein skal ikkje sjå smått på symbolhandlingar. Men firmaposten, er det ei symbolhandling, eller er det berre ei handling?

torsdag 10. november 2011

Vi skorer høyt på helse, men enda høyere på forventninger

Undersøkelser utført av Commonwealth Funds viser at Norge har det største offentlige helsebudsjettet og flest leger per innbygger. Samtidig viser den at pasientene ikke er fornøyde.

Skal vi gjøre som vi pleier, vise til at Norge er det landet med svært desentral struktur og må ha et desentralisert tilbud som igjen blir et dyrt tilbud, eller skal vi våge å spørre oss selv om ikke bare tilbudet, men også forventingene er høyest i verden?

Rapporten ”Multinational Comparisons of Health Systems Data, 2011” er basert på Commenwealth Funds egne undersøkelser og tall fra OECD. Den viser at Norge nå har det største offentlige helsebudsjettet korrigert for innbyggere og levekostnader. Deretter følger USA og Sveits. Norge har flest leger per innbygger foran Sveits og Sverige.

Rapporten viser at norske pasienter skårer lavt på pasienttilfredshet, sammenlignet med andre land. De mener det er for mange feil, dårlig informasjon og lite pasientinvolvering. Samtidig skårer Norge blant annet bra på at det kommer helsehjelp utenom kontortid, at primærlegen er tilgjengelig samme dag som man blir syk og fastlegeordningen. (Fra Norge bevilger mest til helse )

Statssekretær Robin Koss sier at disse rapportene viser at Norge er privilegert land som har fått på plass så store ressurser til helsesektoren. "Vi må se kritisk på hvordan vi bruker disse for å gi pasientene et bedre tilbud. Norge må lære av andre land knyttet til kvalitet, pasientopplevelser og sikkerhet. Vi bør fortsette omstillingene av sykehus og helsetjenestene slik at vi får bedre pasientbehandling for pengene og personellressursene vi putter inn", sier statssekretær Robin Kåss.

Skal vi omstille sykehus og helsetjenester, må vi være villige til å se på lokaliseringer; Hvor får vi helsehjelp?
Skal vi få kvalitet, må fagfolk se på kvalitetsarbeid som mer enn byråkrati.
Skal vi ta pasientopplevelser på alvor, må vi skille snørr og bart. Vi må vite hva som bygger på feilinformasjon, enkelterfaringer som ryktes (og som er beklagelige) og opplevelser knyttet til hendelser som ikke bør gjenta seg, men som avslører at personer, systemer og fag må forbedres.
Skal vi makte å gi innbyggerne i kommunen den beste helsetjenesten også i framtida, må vi våge å begrense tjenestene til de som trenger dem minst nå.


Andre innlegg om forventingene våre:
Det hadde vore betre steikt
Krev hjelp på sjukehus, men kjem om det passer oss

onsdag 9. november 2011

Fribeløp i uføretrygden og kompensasjonsgraden, Prop. 130 L. Tjen mer - mer av egen inntekt.

Det nærmer seg tiden for behandlingen av Uføremeldingen på Stortinget.
Det er mye som er bra i regjeringens forslag til endringer i lov om uføretrygd. Siden fokuset på bloggen min er ”Ut av uføre(t), og for tiden annonserer og spør om noen har bruk for min arbeidskraft, er jeg mest opptatt av de endringene som dreier seg om å overgang tilbake til arbeid og kombinasjonen arbeid/trygd.

Positive endringer:
- Uføretrygden foreslås satt til 66 % av tidligere inntekt (med beregningsgrunnlag på max 6G)
- Aktvivitetsforbudet første året faller bort, tidligere kommentar her
- Det innføres en sømløs ordning ved egen inntekt som oppmuntrer til arbeid uten risiko for ny vurdering og varig redusert trygd, tidligere kommentar her

Utfordringer som det blir spennende å se hva Stortinget gjør med:
- De som har minst inntekt før trygd, har minst incentiver til å arbeide.
- Endret, redusert beløpsgrense for fribeløp skaper reaksjoner.
Disse utfordringene handler om fribeløpet som vi som uføre kan tjene uten at det får betydning for størrelsen på utbetalt trygd. Til nå har de vært mulig å tjene 75 000 kr i året uten å få trekk i uføretrygda. Ordningen skal oppmuntre til å forsøke seg i arbeid, og har nok i tillegg gitt mange muligheten til å ha kontakt med arbeidslivet, noe som betyr svært mye sosialt, og dermed også mentalt. Ordningen er altså god. Men den er ikke uten videre logisk. Dersom en er 100 % ufør, skal en da kunne tjene 75 000? For mange vil det tilsvare en ganske høy stillingsandel.

Nåværende ordning innebærer at det får store konsekvenser å tjene mer enn 75 000 kr. Derfor bør beløpet være såpass høgt. Men når det nå innføres en sømløs ordning, vil alle bremsemekanismene tas vekk. En kan arbeide så mye en orker, opp til 80 % av tidligere inntekt, uten at det skjer noe prinsipielt nytt med trygda og mitt forhold til NAV. Endringen er at jeg beholder mindre av det jeg tjener selv. Men så var altså ikke poenget å tjene mer, men å komme i arbeid igjen, være aktiv, delta..

Regjeringen foreslår nå å sette fribeløpet til 30 000. Inntekt over det, beholder en deler av. Slik forslaget ligger vil en som tidligere hadde høy lønn, beholde 55 kr av hver hundrelapp, før skatt, mens en tidligere lavtlønnet vil beholde kr 17 før skatt. Dette ser selvfølgelig urimelig ut når en sammenligner kronebeløpet. Logikken blir ikke synlig før en går inn og ser hvilke prinsipp uføretrygden bygger på, også når den ordinære utbetalingen blir beregnet.

Kompensasjongraden er nøkkelen til å forstå.
Kompensasjonsgraden ligger til grunn for utregningen av uføretrygden. Det må være råd å forklare med enkle ord hva dette er, tenkte jeg da jeg fant disse to avsnittene i regjeringens forslag:

1. Etter departementets vurdering er det rimelig at erstatning for inntektstap faller bort når man har arbeidsinntekt. Departementet foreslår følgelig at uføretrygden reduseres med utgangspunkt i den andelen en hel uføretrygd utgjør av mottakerens inntekt rett før uførheten inntraff (kompensasjonsgraden). (fra pkt 8.1.)

2. Boks 8.2 Reduksjon av uføretrygd ved økende arbeidsinntekt
Reduksjonen (R) i uføretrygden når arbeidsinntekten (y) overstiger beløpsgrensen (F) og eventuell restinntektsevne på uføretidspunktet (RI) kan uttrykkes som:

R = u    (y -ri -f)   hvis Y > RI + F
       t

Forsøk på å sett vanlige ord på hva kompensasjonsgraden er:
- Utgangspunktet: Trygd er erstatning for inntekt som man ikke kan få fordi man ikke kan være i arbeid.
- Trygda er ikke en fast sum, men er avhengig av hvilken inntekt man har når man blir ufør.
Nedre grense: minstebeløp, kronebeløp
Øvre grense: begrensa beregningsgrunnlag. 6G. Alt over det blir glemt.
- Når man ikke har inntekt lenger, men får uføretrygd, kompenserer uføretrygden for inntekten, den kommer i stedet for lønna. Men ingen får krone for krone. Alle går ned i samlet inntekt. Siden det er en nedre og øvre gense for beregningsgrunnlaget vil det i praksis si at noen får litt mindre enn det de hadde i lønn, andre får stor nedgang. En lavtlønnet går noe ned, en med over en halvmillion går mer ned. En med en million i inntekt går svært mye ned. (Ja, høytlønte kan også bli uføre).
- Hvor stor del en sitter igjen med i kroner og øre som ufør sammenlignet med det en hadde i inntekt som frisk, er det som kalles kompensasjonsgraden.

For mange som har over minstesats og øvre grense i uføretrygda, men som har en tjenestepensjon, vil i dag ha 66% av tidligere inntekt fordi tjenestepensjonen fyller opp det som mangler fra uføretrygden og opp til 66 % av tidligere lønn (opp til en grense).

- Ved friinntekt får man lov å tjene penger i tillegg til å bli kompensert for ikke å ha lønn. Det er i utgangspunktet en selvmotsigelse når man er 100 % ufør. Den muligheten ligger der likevel i dag av ulike grunner.(75000 i året). (På et vis kan en si at den dekker inn den delen av lønna som ikke blir kompensert.)

Ny ordning setter fribeløpet til 30 000. En kan likevel arbeide mer enn det dersom kroppen tillater det. Da begynner en å tjene pengene selv i stedet for å motta trygd for den andelen. Derfor skulle det vært logisk at trygda ble redusert krone for krone med det en tjener over de 30 000. Vil dette føre til at noen da ikke ønsker å arbeide mer ut fra tanken at ”Uførestatusen er der for alltid og pengene kommer inn på konto ansett”? For å hindre en slik effekt, forslår en nå at en beholder en del av det en tjener over 30 000. Det er altså en ”bonus”. En er kompensert fordi en har mistet inntekt, og beholder likevel en del av den når den er tilbake.

Men alle beholder ikke like mye. Her kommer kompensasjonsgraden inn. Har en tjent lite og fått kompensert mesteparten av inntekten, betyr det at en har høy kompensasjonsgrad. For hver 100 kr en tjener, beholder en det en ikke allerede har fått i trygd (det som ikke er kompensert).
En blir ikke rik av å tjene penger på denne måten, men mange kan nærme seg den inntekten en hadde før en ble ufør.

Eksempler:
Forholdsvis lav lønn:
Du tjente 100 kr før.
Får 70 av disse i trygd, som kompensasjon for tapt inntekt
Komp graden er 70
Så tjener du 30 000, friinntekt
For hver 100 kr du tjener over 30 000: denne inntekten kommer i stedet for trygd. Men du har ikke fått 100 i trygd, bare 70. Disse 70 trekkes da i fra, (du leverer dem tilbake) og du beholder 30kr. Dette synest lite, men i realiteten har du byttet ut 100 kr i trygd med 100 kr i inntekt. Du tjener pengene selv og sitter igjen med kr 30 mer i totalinntekt per 100 kr.

Høytlønte:
Du tjente 100 kr før.
Får 40 av disse i trygd som kompensasjon for tapt inntekt, under halvparten av det du hadde i inntekt før.
Kompgraden er 40
Så tjener du 30 000, friinntekt
For hver 100 kr du tjener over 30 000: denne inntekten kommer i stedet for trygd. Men du har ikke fått 100 i trygd, bare 40. Disse 40 trekkes da i fra (du leverer dem tilbake) og du beholder 60 kr. I realiteten har du byttet ut 100 kr i trygd med 100 kr i inntekt. Du tjener pengene selv og sitter igjen med kr 60 mer i totalinntekt per 100 kr.

Urettferdig?
Er forskjellen i det en sitter igjen med etter å ha tjent 100 kr urettferdig? Begge tjener 100 kroner, men den høytlønte sitter igjen med mer. Prinsippet er likt: Staten holder tilbake den delen av 100-lappen du er kompensert da du ikke var i arbeid, men som du har som inntekt nå. Resten beholder du selv.

Den prosenten du tapte ved å gå over til trygd får du tilbake når du går tilbake i arbeid. De som tapte mest, tjener mest på det.

Men de med lav lønn vil kunne komme så langt ned at det ikke motiverer for arbeid. Dette kan rettes opp ved å sette en nedre grense for hva man beholder.
 -----


Forskning som viser at vi helst vil arbeide:   Færre presses ut av arbeidslivet

tirsdag 8. november 2011

"Det hadde vore betre steikt!" Apropos Berlusconi, Hellas og kommuneøkonomien

Velfødd i finkleda
høgrøysta i faktene
stod han der på trappa -
gjesten me hadde venta på.

Han blei beden til bords,
kvitduken på plass
sylvtøyet nypussa.

Festmaten fekk føter å gå på,
det gjekk så fort unna at ei potet hoppa over tallerkenkanten og ut på duken.

"Store menn set spor etter seg,"
sa gjesten
og vippa poteta på plass med sylvgaffelen.

Tome fat,
berre sausen på duken fortel kva som stod på menyen.
Så strekker han hendene over hovudet før han klapper seg på magen og seier:
"Det hadde vore betre steikt!" 

lørdag 5. november 2011

Krev hjelp på sjukehus, men kjem om det passer oss!

Store summar renn dagleg ut i sanden fordi me ikkje møter til avtalt time på poliklinikkane på sjukehusa våre. I tillegg kjem all tida som går med til å ordna med ny time fordi den oppsette timen ikkje passer pasienten. Også innlegging på sjukehus er det vanskeleg å finna rom for i dei hektiske liva våre. Me får melding om innlegging, men ber om å få flytta tidspunktet. Nokon av oss har gode grunnar, andre skal på ferie.

Dette er kjende problemstillingar i sjukehuskvardagen. I verste fall står både utstyr, undersøkingsrom og høgt kvalifisert og godt løna folk ledige i store deler av dagen fordi nokon av oss har slurva med planlegginga. Dei tre medisinarstudentane, Christian Kjellmo, Jørgen Schei og Marius Edvardsen har sett nærare på kor omfattande dette problemet er  (2009/2010).

Me stiller store krav til helsevesenet: Me vil ha hjelp med sjudommane og dei små og store plagene våre. Og for alle del, dei som treng det mest, er sikkert ikkje seine med å koma når dei får time.

Meir helse for kvar krone. Det er eit mål det synest vera vanskeleg å nå. Men meir helse for same administrative arbeid, ville me i alle fall fått, om kvar og ein av oss tilpassa oss dei timeavtalane me fekk, og faktisk møtte opp når me skulle. Er det for mykje forlangt?

SMS-påminning har redusert talet på ubrukte timar hjå tannlegar. Det vil nok hjelpa mot gløyming, men ikkje mot ynskjet om å styra tidsplanen sjølv og forventninga om at sjukehusa kan innretta seg etter meg.

Ein skulle kanskje tru at det var dei gamle og øre som gløymte timeavtalane sine, dei som får post som dei kanskje ikkje ein gong opnar. Men nei, det er unge menn i byane som gløymer mest.

Me har høge forventningar til helsetenester i landet vårt. "Me bur jo trass alt i eit av dei rikaste landa i verda". Men kva med forventningane til oss sjølv? Er det for mykje forlangt at me rydder plass til time hjå lege, på poliklinikk eller til ein operasjon som me er prioritert for å få?

''''

  • Min kommentar tar utgangspunkt i Nordlys