søndag 17. september 2017

Hekla fruktposar: Ut av plast-uføret!


Har du tenkt på kor mykje plast som hamnar i søppelkorga berre når du pakkar ut frukta du har kjøpt? Det har svigerdotter mi. Så ho spurte om eg kunne hekla fruktposar. 
Så det har eg gjort.
Dei er hekla i 100 prosent bomull som kan vaskast, ja, kokast om dei blir skitne.
Eg har laga ei hekleoppskrift etter mine prøvehekleposar. Men ver ikkje redd for at du ikkje går heilt etter mønsteret. Det blir truleg posar av det uansett, i fleire fasongar.
Har du ulik farge på bandet øverst, er det lett å hugsa kva som var ein liten pose som passa til tomater og kva for ein som var stor nok til ein kilo eple.

Start med 10 luftmaskar (lm) og fest dei i ein ring med ein kjedemaske (km). Bruk heklenål nr 2 og Solberg garn 12-4 eller tilsvarande.

1.omgang: 4 lm, 1 stav (st) og 1 lm 9 gonger i ringen. Avslutt omgangen med 1 km i  den 3. lm av de 4 første lm.
2.omgang: 5 lm, 1 st og 1 lm mellom de to første stavane i forrige omgangane. Gjenta rundt heile vegen og avslutt med km i 4.lm av de 5 første på omgangen
3. omgang: 6 lm, i dobbelstav (dst) og 3 lm mellom dei to første stavane i forrige omgang. Gjenta rundt heile vegen og avslutt med km i 5.lm av de 6 første på omgangen.
4. omgang: 2 km i luftmaskebuen, 6 lm, 1 km i neste bue. Gjenta rundt heile vegen og avslutt med 3 lm og 1 stav i den 3. av de 6 første luftmaskane.

Fortsett på same måte som 4. omgang, slik
5. omgang, 7 lm, 1 km i kvar bue
6 og 7. omgang; 8 lm, 1 km i kvar bue
9. omgang: 9 lm, 1 km i kvar bue
Fortsett med omgangar lik omgang 9 til ca 5 cm før ønska lengde.

Etterpå:
Ein omgang: 8 lm, 1 km i kvar bue,
neste: 7 lm, 1 km i kvar bue

Vidare:
- 4 lm 1 km i kvar bue
- 2 dst i første bue 4 km. Gjenta rundt heile vegen
- km langs heile kanten

Hekle ei snor med luftmaskar og tre den gjennom løpegangen du laga med den nest siste omgangen . Bruk gjerne dobbel tråd.

Vil du ha ein vid pose, går du vidare med fleire lm i kvar bue etter omgang 9, og lagar lengda på posane med same talet på buen som den siste omgangen du auka opp. (altså heile vegen 9 lm i kvar bue dersom største buetalet var 9. 12 lm i kvar bue dersom største talet var 12 osv.

Mari på Lunner har no kvalitetssikra mønsteret, og her er resultatet:


fredag 15. september 2017

Tatt av Smørbukkgenser-bølgja

Det blir snakka om å vera i flytsona, den overlegne sinnstilstanden då arbeid blir gjort, konsentrasjonen er på topp og tankane flyt. Noko av dette har eg sakna etter at eg måtte gi opp arbeidslivskvardagane.
Stadig søkjer eg etter nye tankar og tiltak å sysselsetja meg sjølv med. Det blir mykje maling og skriving når helsa tillet det.
Og så ein dag datt ein ny tanke ned i meg. Tanken kom frå barnebarnet, så han datt vel ikkje ned, blei vel heller kasta opp til meg. Han ville ha ein Smørbukkgenser.
Eg leita og leita, men noko mønster var ikkje å finna. Dermed var det berre å setja i gong med metoden "prøving og feiling". Det enda med ein genser i størrelse 4 år.


Dette var gøy. Kanskje gøy for fleire? Derfor la eg ut mønsteret på bokbloggen min "Bøker er bra". Du finn det her.  Og sende eit tips til Norsk Barneblad. Så no er bølgja i gong. Sjøl held eg på med to på ein gong og er ferdig med ein. Etter kvart som eg prøver ut ulike størrelsar vil dei komma på bokbloggen her.
Bli med du også vel?
Strikker du genser, så legg gjerne ut bilete av arbeidet mens det skrid fram instagram med emnknaggen #smørbukkegenser og send bilete av den ferdige genser til Norsk Barneblad.


tirsdag 29. august 2017

Bittelitt delvis arbeidsfør

Det er blitt langt mellom innlegga mine her på bloggen. Det er eit godt teikn. Det fortel nemleg at eg lever større deler av døgnet andre stader enn ved datamaskina. Då eg starta bloggen, var innlegg og kommentarar så å seia eit vindauge ut mot verda og alle dykk andre som er der ute.

Eg hadde eit håp om å komma meg ut av uføre(t), altså å ikkje vera ufør lenger. Det har gått 10 år sidan eg slutta i jobb. Ut i vanleg arbeidsliv kjem eg nok ikkje igjen. Men eg maler og skriv så pass mykje at eg får redusert uføretrygd. Hurra! Det betyr at eg berre er delvis ufør (sjølv om den arbeidsaktive delen er ganske liten). Men eg opplever å nesten ha nådd målet mitt. I alle fall er dagane meiningsfulle; eg har noko å planleggja og å følgja med på. Og eg får tilbakemelding frå dei som les bøkene og ser og kjøper maleri  her i Galleri Nauthydlaren

Det er blitt to bøker siste åra: Alt vel - ein historisk roman frå Island, om ein orkan i 1884 som hundrevis av rogalendingar kom skutelause tilbake frå
og Garborg og Skou - forskjell på folk?

Etter kvar bok tenkjer eg at no skal eg halda fingrane frå tastaturet. Det finst vel nok bøker i verda. Men så er det noko som vil ut og fram. Mellom anna den vesle fortellinga om larvane som frykta det dei hadde i vente.

Boka Håp, er ei gåvebok om sommarfuglen som symbol.
Boka blir ca 14x14 cm. 
Desse sommarfuglane er gjennomgåande illustrasjonar i boka.


"Håp" kan bestillast i kommentarfeltet her, eller ved epost til meg: marit.totland@knett.no.
Prisen er 150 kr + evt porto.

torsdag 23. mars 2017

Har eg stemmerett?

Eg er ikkje den eg ein gong var. 
Eg er faktisk betre.
Ikkje betre enn eg var på det beste
men betre enn eg var på det verste.
Og sidan eg no har lært
at det er viktigare å sjå etter det gode enn det beste,
er eg svært tilfreds med å vera betre enn eg ein gong var.

Så: Då kan du vel gi deg i kast med yrkeslivet igjen?
Eg ser spørsmålet i augo til dei eg ikkje kjenner.
Og veit at om eg gjorde det, ville det ikkje vera lenge 
før eg ikkje er betre enn eg var på det verste.

Derfor prøver eg meg ikkje i arbeidslivet igjen
(og kven kan bruka ein 60-åring?)
Men eg skaper verdier.
Eg maler og skriv:
 og PC på stovebordet som har resultert

Eg har ein dårleg rygg
men eit godt liv.
Og med inntekter frå bilde og bøker 
tener eg såpass at eg kan seia 
at eg tener mine eigne pengar,
dvs eg tener så mykje at eg kan redusera uføretygda.
Og med den nye uføretrygdordninga er det svært så enkelt.
Eg har lyst til å ropa eit høgt:
Hurra for den nye uførelova!
Ei saumlaus ordning som gjer at eg kan mala og skriva og halda foredrag 
alt det eg vil og orkar til ei kvar tid 
utan å bli sett på som trygdemisbrukar
og utan å mista trygda den dagen helsa sviktar 
- for det gjer den stadig vekk.
For eg er ikkje ufør for å få trygd,
men får trygd fordi eg er ufør
etter at livet snudde.

Men har eg stemmerett?
Kan eg ropa hurra?
Eg veit jo at andre ikkje er kommen så godt ut av den nye ordninga.
Men eg trur dei fleste er det.
Skal eg la vera å seia at for mange er lova no betre enn før?
Nei; ordninga er ikkje fullkommen,
ikkje best,
men god.
Hurra!

Så håper eg politikarane justerer lova slik at ho blir betre for endå flerie.
I mens tar eg meg retten til å meina noko om det som er bra,
mens eg maler håpet:


Fleire tankar om å meistra når ein ikkje meistrar, deler eg her
For spesielt interesserte: I dette innlegget skreiv eg om lova før den blei endra. Den er vedteken tilnærma lik dette utgangspunktet: Fribeløpet i uføretrygden og ny uførelov 

torsdag 22. desember 2016

Ei uventa helsing - ei vitamininnsprøyting




Eg hugsar breva i postkassa som fekk meg til å undra: Kven kunne det vera frå.
No? Det var ikkje fødselsedag ein gong.
Så var det kanskje eit handtrykk - frå ein eg ikkje ein gong visste var ein ven. No veit eg det.

Eg har prøvd å bli flinkare til å senda slike helsingar sjølv. Derfor har eg vore på leit etter høvelege kort. Og det finnest massevis av flotte kort. Problemet er berre at det ofte står noko i dei, - ord som ikkje er slik eg ville hatt dei. Og då kom eg på det. Eg kunne jo laga mine eigne kort, med maleria mine på.

Og no er det gjort. Åtte motiv er på plass, og fleire kjem med det aller første.
Du finn dei her, og dei kan kjøpast hos meg: Kort - utval og prisar.

lørdag 10. desember 2016

Mot lyset - mens mørkret framleis rår

- Det var ei tøff tid!
- Eg såg ingen utveg!
- Alt var mørkt!
Ofte høyrer eg desse orda.
Og det slår meg at dei alltid kjem etterpå -
når det er blitt lysare.
Eg kan lytta og nikka. Seia med blikket at eg høyrer.

Men når orda blir:
- Det er ei tøff tid!
- Eg ser ingen utveg!
- Alt er mørkt !
Då får eg sånn lyst til å seia noko lurt, gjera noko smart,
i staden for
å lytta, nikka, seia med blikket at eg høyrer.

Så dett orda ut av munnen før eg får sukk for meg:
Eg skulle gjerne gjort noko for deg, 
men eg kan ikkje gjera noko frå eller til: 
Eg ser deg! 
Er glad i deg.

Og svaret kjem:
Det er nok, det!


Bildet har eg mala: Framtida er ukjent, men det kan så godt henda det går mot lysare tider.
Fleire bilder finn du her: Galleri Nauthydlaren
Det er laga kort med motivet på som er for sal, 14x 14 cm, doble med konvolutt, kr 30,-
Du finn utvalet her.
 Henv: marit.totland@knett.no

tirsdag 1. november 2016

Alt vel?

Ja, for så vidt er alt vel. Eg sit og ser utover landskapet her ein nydeleg haustdag, med fargespel i trea og ein blikk stille fjord på Valen. Samstundes kjenner eg på ei uro.
Eg skal heim til Skudeneshavn denne veka for å vera med på SILK, Skudenes Internasjonale Litteratur- og Kulturfestival. Der skal eg presentera den nye bok mi, "Alt vel", ein historisk roman bygd opp om ein orkanaktig storm som herja i Øyafjord på Island 11.september 1884. Eg gler meg til det.
Samstundes kjenner eg på denne uroa.
No har eg halde ein låg profil i lengre tid. Er gått ut av politikken og er blitt eit "sivilt" menneske. Held ikkje innlegg eller skriv i avisene. Kosar meg berre med kulturuttrykka: maler og skriv. Alt i den grad helsa tillet meg det. Men det har eg lært å finna ut, og så lenge begge deler kan gjerast her heime, kan eg fint regulera både skrivinga og malinga.
Men no skal eg ut av bobla mi. Ein ting er det at eg må tåla kritikk av boka, positiv og negativ. Det er greitt. Men det er det å i det heile koma ut av bobla som uroar meg: Å vera samtaleemne rundt omkring. Og på den andre sida: Er det ikkje det alle som skriv ønskjer seg?
Eg brukte lang tid etter at eg blei arbeidsufør, på å finna meg sjølv på ny. Og no er eg glad for at den nye uføreordninga gjer at eg kan kalla meg meir eller mindre delvis ufør. Men lenge spurte eg meg sjølv kven eg er no som eg ikkje kan bidra i samfunnet lenger? Eller er det slik at eg verkeleg ikkje kan det? Det var derfor denne bloggen "Ut av uføret" blei til. I periodar skreiv eg mykje, både for å rydda i mine eigne tankar og i håp om at det skulle vera til hjelp for nokon. I det siste har eg skrive lite, og svært lite om eigne tankar og kjensler.
Det er som om eg har fått ein motvilje mot å dela for mykje. (Paradoksalt nok skriv eg om det no.)

Eg førebur innlegg til fem ulike arrangement denne veka. Konsentrerer meg om innhaldet, og kjenner inni mellom eit stikk bak skuldra når eg tenkjer på at eg skal ut av bobla.
Eg veit eg kjem til å møta trygge blikk, gode handtrykk, varme ord. Ikkje fordi eg har skrive "Alt vel", men fordi så mange kjente besteforeldrene mine på Øygarden og han Jakob i bakken. Mange snakkar også om mor og far med eit smil, og eg kjenner kor godt det er å ha gode røter.

Alt er altså vel. Og eg burde berre gle meg. Ja, eg gler meg til å møta folk. Og eg gler meg til søndag når alt er over.
--
PS: No er presentasjonen over eg eg er tilbake i Kvinnherad, overvelda over den varmen eg møter når eg kjem heim til Skudeneshavn.
Og bok kan du lesa meir om her.



lørdag 11. juni 2016

Vegguret - eller rettare sagt: Kroniske smerter

Vegguret står der
heile tida.
Går
heile tida.
Tikk takk, tikk takk.
Jo, tusen takk
for at det berrre er vegguret.
Er råd å få gjort noko, tenkt litt
når det berre er vegguret...
Slag som varslar halv og heil time
er ok,
dei kjem til sine faste tider
og alt har si tid.

Telefonen ringer.
Gir seg ikkje.
Eg tar han ikkje,
men han ringer.
Ikkje råd å få gjort noko,
tenkt noko
før han teier.

Så er det berre vegguret.
Tikk takk, tikk takk.
Takk og lov!

Brannalarm!!!
Må la alt liggja.
Får ikkje gjort noko.
Får ikkje tenkt,
ikkje på anna enn brannalarmen.

Falsk alarm
eller ikkje.
Eg liker ikkje brannalarm.

Nokon krev at det skal vera heilt stille
for at dei skal få gjort noko
tenkt noko.
Eg er godt nøgd med vegguret.

....
 Fleire tankar om meistring av livet slik det er, finn du her: Meistring i kvardagen



onsdag 23. mars 2016

Rop frå Tyrkia: Not gonna get used to it, not gonna stay silent!

Verda er blitt så lita. Dette skriv venninna til dotter mi på si Facebookside: "Safe, this time. Tell me, how many times can you die with every single attack towards your people? Not gonna get used to it, not gonna stay silent towards this government. But getting incredibly difficult to cope with the death risk we've all been facing, just for you to know. "

Og etter angrepet i Brussel og Istanbul var hjartesukket: "My heart is with all my friends in Brussels, the city which also has been a home for me last year. I know that for most of you here, Turkey, seems like a war zone and the attacks seem natural - at least what I perceived from the reactions, which is very sad for me - but I guess we all are facing with the same terror that has started to capture the whole world lately. I am hoping to have this empathy and stand together - no matter in which part of the world we're living - and stay strong."

Dotter mi seier at venene opplever at Europa ikkje ser på deira liv som like mykje verd, og det gjer henne trist!
-
Flott at dei unge ser verda som ein arena! Og me får vald og terror inn i stovene via skjermane våre, same kor langt borte hendingane er. Likevel: Er det slik at til nærare hendingane er, til større medkjensle har me? Må det vera slik om me skal leva med alt det vonde som skjer? Må me ha noko distanse til deler av vondskapen? Eller er det andre haldningar som ligg bak våre reaksjonar?

torsdag 11. februar 2016

Når livet snur


Når livet ikkje blir som planlagt. Når det snur – korleis taklar me det?
Det einaste som er sikkert her i livet, er at ingenting er sikkert. Og det gjeld alle. Opplevinga og det som møter oss, kan vera forskjellig, men endringar i planane blir det for alle.
Og av og til går det så mykje betre enn me frykta. «Det kan så lett gå godt», seier ein kjenning av meg. Og det er faktisk slik. Me tar ofte uro og sorger på førehand. Men så kjem dagen, og sorga vår blir gjort til skamme. Planen vår blei endra, heldigvis.
Draumen om det gode livet har ein hatt til alle tider. Då eg var lita ante eg at dei vaksne meir eller mindre på alvor håpte på at dei gode tidene skulle koma om dei fekk den store arven frå Amerika eller om dei vann i Pengelotteriet. I dag ser me på TV at Lotto skaper millionærar. Men så er det visst slik at ser ein på korleis det har gått med desse vinnarane, er det ikkje alle som har fått eit rikare liv om dei blei rikare. Livet snudde, men ikkje til det betre, for nokon av dei.
Det gode livet kan altså ikkje kjøpast. Og livet er ikkje svart/kvitt. Det som før syntest godt, er ikkje berre godt. Kan det då vera slik at det som før syntest vondt, ikkje er berre vondt?

Å søkja det gode
Som nyfødde kan me gi uttrykk for to kjensler eller to tilstandar: behag – ubehag, å vera tilfreds- ikkje tilfreds

tilfreds………………………………………………. ikkje tilfreds

Barnet vil gi signal til oss vaksne når det er på høgresida av denne aksen, om det er grunna svolt eller våte bleier. Så grip me inn og endrar tilstanden. Barnet blir tilfreds og roleg. Etter kvart får barnet språk og kan seia kva det treng.
Sjølv om sansar og språk endrar seg med alderen, trur eg likevel dette er heilt grunnleggjande. Me vil alltid søkja mot venstre: mot det som opplevest godt.
Det kan vera vanskeleg å vita kor vaksne ervpå denne aksen. For vaksne skrik ikkje når noko må endrast, slik barnet gjer når det treng mat. Nokon av oss gir lyd ganske fort, andre vil ikkje gi uttrykk for at dei er på høgresida i det heile. Å ikkje vera tilfreds høyrest lite alvorleg ut. Men om me bruker aksen som bilde på heile livet vårt, veit me at om sorg, alvorleg sjukdom ligg heilt til høgre, så er det dei store utfordringane i livet det gjeld. Men heller ikkje desse store utfordrinagene ber alle på utsida slik at andre kan trøysta, hjelpa til. Nokon ber det åleine, og det kan tenkjast at det gir seg utslag i kvardagen som me andre ikkje forstår, nettopp fordi me ikkje veit kva dei strir med. Den som har slite med psykiske problem, kan ha meir lyst til å skjula plagene enn den som kunne gå med armen i fatle slik at alle kan sjå kva som er problemet.

Endring bringer oss mot ubehag.
Kan eg våga å seia noko om korleis me kan flytta oss frå høgre til venstre på aksen behag/ubehag? Det finnest jo ingen fasit på korleis ein gjer det. Men når ein ser korleis einskilde kjem seg vidare etter at livet har gjort heilomvending og me har snakka lågmælt saman om desse endringane, er det råd å peika på nokre mekanismar som pleier å slå inn. Og psykologien seier også noko om kva som kjenneteiknar lukkelege menneske.
Det er ikkje snakk om å leva i den sjuande himmel og ha gode  kjensler heile  tida. Eg trur det handlar meir om å vera tilfreds, å ha kvardagslukke. Berre med ei slik definisjon av lukke gir dei fylgjande kjenneteikna på lukkelege menneske meining:
1.      Lukkelege menneske har gode relasjonar
Det er menneska ein lever saman med, dei gode stundene, den gode samtalen, å møta blikk, å få vera seg sjølv saman med andre, å vera trygg, å bli møtt med tillit, som kan skapa kvardagslukke. Ikkje pengar, posisjonar e l.
2.      Lukkelege menneske har meir fokus på godt enn best
Kanskje ein før i tida var flinkare til å setja meir pris på det ein hadde enn det ein helst ville ha. Ein var glad for mat på bordet, eige hus, trygg inntekt osv, mens me i vår tid har ein tendens til å setja oss så høge mål, både for helse og eigedom, at det alltid er noko som manglar?
For ei stund sidan, opplevde  eg at det vekte interessante reaksjonar då eg nytta orda «godt liv» sjølv om helsa set tydelege grenser for livet. Eg skulle presentera meg for eit styret som eg var blitt med i. Eg kjende ikkje dei andre i styrerommet. Sidan eg ikkje er i arbeid, hadde eg eigentleg ikkje stort anna enn namnet mitt å presentera meg med. Men eg måtte fortelja at eg kom til å leggja med på golvet med jamne mellomrom for at ryggen skulle la meg vera til stades på timelange møte. For å sleppa å gå inn på detaljar, gjorde eg prestasjonen kort og brutal: Eg har eit godt liv, men ein dårleg rygg, og ville ikkje byta med dei som har det motsett.
Ut på kvelden kom ein frå styret bort til meg og sa at han hadde tenkt over det eg sa heile dagen. Tanken på å ha det godt utan å ha det best, var ny for han. Og eg må innrømma at om nokon hadde fortalt meg for 20 år sidan at eg skulle kunne dra til møte i Oslo og presentera meg slik, og faktisk meina at eg har det godt, ville eg ikkje ha trudd det. For på den tida var perspektivet eit heilt anna. No er perspektivet frå golvet og opp, biletleg og konkret.
Perspektivet endra seg stegvis, men to hendingar, to uttalar frå legar, er som ekko i tankane mine og hjelper meg å halda fast på at livet er godt, også no.
-          Då eg første gong blei utskriven frå sjukehuset etter akutt inngrep i ryggen, blei det ikkje sagt så mykje om kor vidt det som hadde skjedd var alvorleg eller ikkje. Men då eg venta på drosjen for å dra heim, sa legen: Ja, no kan du gå ut til bilen som ventar deg, Du er heldig. Andre som har kome inn med ein rygg som din, er blitt trilla ut i rollestol.»
-        Ved ein større operasjon nokre år seinare, måtte eg skriva under på at eg var klar over at det var risiko forbunde med operasjonen. Dersom dei skada blodårene i ryggen, kunne det vera at eig ikkje vakna att. Eg tenkte at dette nok var utanlandsk forsikringsordning. Sjukehuset ville syta for at eg tok ansvaret sjølv. Så eg skeiv under, utan den store ettertanken.
Då eg vakna frå narkosen, sat legen ved senga mi. Han fortalte med korte setningar at det hadde gått bra. «Me kutta i ei blodåre, men fekk sydd igjen i tide. Eg er på vakt i natt. Meld frå om det er noko.» Så gjekk han, og i ettertid har eg skjønt kva som ligg i orda «I'll say this only once». Ingen nemnde dette med blodåra etterpå. Først i etterkant har det gått opp for meg at dei stinga dei sydde, gav meg livet. Det er ikkje råd å forstå det fullt ut, men det gjer noko med perspektivet. Ein kan nærma seg tanken på at livet er godt om det ikkje er best.

3.      Lukkelege menneske opplever meining og kontroll i eigne liv og gjer gode val.
Det er her det brenn. For det synest umuleg å finna meining, ha kontroll og ta frie val når livet snur alt på hodet.
Men:
-          Meining
Å oppleva meining kan vera vanskeleg når ein ikkje forstår det som skjer og kvifor det skjer. Men det er skilnad på å oppleva meining og å ha meining. For meg gir det meining å ha ei kristen tru, ei overbygning og eit fundament for livet som ikkje byggjer på mine kjensler eller opplevingar, men som eg ser på som noko reelt, noko som er der. Noko som er større enn meg, og som dermed lar meg leva i tillit til at eg ikkje har heile bildet av tilveret eller livet mitt. Men om eg ikkje mister trua på ei støre meining, kan eg likevel miste livsmotet.
-         Kontroll
Me vil gjerne ha kontroll. Men i all endring vil me til tider oppleva at me mister denne kontrollen, i samband med jobb, alder, sjukdom, død, økonomiske forhold, familie, relasjonar m m. For ikkje å snakka om ved krig og katastrofe der heile livsgrunnlaget skjelv.
-         Gode val
Likevel: Om ein strever med meining og kontroll, kan ein gjera gode val. For me kan alltid gjera val, sjølv om me ikkje har alle valalternativa me hadde før eller kunne ynskt oss.- Det gjeld å nytta dei alternativa ein har. Det er det som på fint blir kalla meistringsstrategi.
Eg møtte ein gong ein som studerte meistring som helsefag. Eg var fasinert av alt som blei sagt om meistringssenter og evna vår til å takla helseplager. Men så spurte eg han kva faget Meistring hadde å seia om det å ikkje meistra meistringa. Det hadde han ikkje noko svar på. Men det er nettopp då mange mister fotfeste. Ein vil så gjerne vera flink sjuk, tøff sørgjande, tolmodig bekymra mor og far. Men så brest evna til å vera flink, tøff og tolmodig og ein opplever å ikkje meistra meistringa. Det er då ein går i kjellaren, ikkje for å henta dei siste kreftene, som dei seier i idretten, men for å innsjå at det ikkje er fleire krefter, der og då. Då seier eg til meg sjølv: Sånn er det berre! Eg innrømmer for meg sjølv at dette er ille. Eg liker ikkje situasjonen. Eg er skuffa over at det blei slik. Er litt lei av å streva. Slik tillet eg meg å tenkja. I små dosar. Til eg finn kjellartrappa og går opp i lyset att. Men alt er ikkje straks heilt i vater. Av og til må ein då leita seg fram til noko å gjera, fylla tanken med, som tar plass i kvardagen. Og her er me så ulike at det å flytta tanken kan gjerast ved å hogga ved, gå tur, snakka om veret med naboen, sjå krim, skriva eller lesa. Ikkje for å flykta frå realitetane, men for å få pusterom. Nokon vil kanskje oppleva at også det krev for mykje. Ein kan ikkje anna enn berre vera til, ta ein dag om gongen. Ei mor som brått mista guten sin, fortalte at då meldinga kom, stansa verda opp. Målet blei å makta å leva ein halv time vidare, så ein time til, så over til neste dag. Til ho til slutt tok del i sitt eige liv på nytt.

Men kan slikt gi meining, kan slike val gjera oss lukkelege att, eller for å vera meir nøkterne: Kan det gjera oss meir tilfreds, mindre ulukkelege? Ein blir ikkje mindre ulukkeleg av og hogga ved eller sjå krim. Sjølvsagt ikkje. Men om ein flyttar tanken slik at timane og dagane går sin gang, kan kvardagsluka dukka opp som ein bieffekt. Ikkje med full styrke over natta, men i små dosar, og etter kvart slik at livet er til takla. Ein kan ikkje gå nokon stad å henta lukka. Noko må skje inne i oss som gjer at me kan sjå at den framleis finnest.

Det blei som det blei, i mange sine liv. Oftast hadde me ikkje skuld i det. Oftast hadde me ikkje objektiv skuld; Det var ikkje noko me gjorde med vilje som førte til at alt blei mørkt. Det er heller ikkje ein slik  årsak-fylgje-samanheng i den kristne trua: Gud straffar ingen med sjukdom og sorger. Det vonde finnest i verda, og me merker alle konsekvensen  av det. Men eg trur ikkje på ein Gud som deler ut sjukdom og plager etter «som me fortener det». Då er det heller slik at det vonde rundt meg fortel meg at Bibelen snakkar sant om livet og verda: Mørke og lys finnest.
Men om me ikkje har skuld i at livet blei slik det er, har me eit ansvar for det som kjem etterpå, i den forstand at me har ansvar for dei val me gjer, blant dei val-alternativa me faktisk har.
For nokon kjem endringar i livet som ein bråstopp. Ved ein bråstopp mister ein ballansen, blir ståande å virra om ein ikkje dette over ende. Så må ein reisa seg, finna att balansen, sjå om føtene ber vidare på vegen for så å staka ut kursen vidare.
For nokon kjem endringar over tid, men mekanismane blir dei same når ein møter dei: Ein må summa seg, ta ut kursen vidare. Det blir kanskje ikkje ein kurs som ligg fast, men ein som må justerast etter som dagane går.

Don't worry! Be happy!
Det finnest mykje lettvint trøyst. Trøyst som ikkje trøystar, som i songen «Don’t worry, be happy!» Det siste eg har funne frå den engelskspråklege verda er rådet: Get better! Not bitter!» Først synest eg dette var svært så lettvint. Men så tenkte eg litt over det, og kom til at det er noko i det. Det er ikkje alltid snakk om å bli betre i den forstand at ein blir frisk eller flinkare. Men ein blir kanskje klokare, mildare som mennesket; i stand til å forstå andre, gå nokre mil saman med andre som slit. For motgang gjer noko med oss. Då kan valet vera å bli bitter eller better. Å bli bitter kan vera som å lukka seg inne i det vonde, byggja veggar rundt seg og bli innafor desse veggene, gjerne samstundes som ein legg skulda på andre. (Og andre kan ha skuld, noko som er eit anna tema, som denne vesle teksten ikkje gir seg ut for å greia ut om).  Av og til kan det til og med bli slik at det som finnest innafor desse veggene er heile verda, heile livet, i den forstand at ein ser på seg sjølv eller definerer seg som «den som opplevde at…» eller «blei….» Og det utan at det var eit bevisst ynskje. Men kva vil me at andre skal seia om oss? Korleis vil me at dei skal omtala oss, presentera oss? Neppe som eit sjukdomstilfelle, ein vanskeleg lagnad.
Når alt snur, kan ein bli sint og fortvila og gi uttrykk for det. Det er lov, og det kan vera lurt å tillata seg å bli det. Det er noko anna enn å bli bitter.
 
I TV-programmet «Datoen» fortalte Fredrik Hauge om då han blei overfalt i sin eigen bakgård av sykkeltjuvar og fekk store skader. Då han blei spurt om det
var bittert å få slike skader på heimebane når han hadde oppsøkt risikofylte situasjonar i miljøkampen som han hadde kome lettare frå. Då svarte han at sanneleg hadde tjuvane gjort nok skade om dei ikkje skulle få gjera han bitter i tillegg.

Kven er eg når livet har snudd?
Om ei endring i livet fører til at ein ikkje kan gjere det ein før gjorde, prestera det ein før presterte, dukkar spørsmålet opp: Kven er eg no? For oss som ikkje kan delta i arbeidslivet lenger, blir dette eit påtrengjande spørsmål. Mange definerer seg sjølv utifrå stilling, oppgåver, tittel, arbeids – og fagmiljø. Kva når alt det forsvinn frå kvardagen og ein ikkje lenger kan presentera seg med anna en namn og adresse?
Det er då ein må minna seg sjølv på, og gjerne få hjelp av andre til å innsjå: Vår verdi er ikkje avhengig av prestasjonar av noko slag. Me har så lett for å forveksla posisjon og oppgåver med verdi. Rollene og oppgåvene i samfunnet får oss til å tenkja at nokon er viktigare enn andre. Og det er dei i nokre samanhengar. Men ingen har større verdi enn andre. Det er ei sanning ein må tvihalda på når livet snur. Og har ein lært det mens alt går på skinner, blir det lettare å kjenna på styrken i den sanning når alt det ytre raknar.

Endringa som er større enn at livet snur
Bli med på ein spasertur i hagen. På eit grønt blad finn me to larvar, grøne, lodne, mjuke, friske, mette og tilfredse. På bladet får dei alt dei treng for å ha eit godt liv. Men ein dag seier den eine:
-          Eg har høyrt eit rykte. Dei seier at det ventar oss mørke dagar. Me kom frå mørket inni eit skal og me skal venda tilbake til mørket innafor eit nytt skal.
Den andre trur ikkje noko på dette.
-          Nei, sjå deg om. Alt er grønt så langt auget kan sjå. Et! Nyt dagen! La deg ikkje skremma!

Så kjem dagen. Dei tar til å spinna eit nett rundt seg, som etter kvart blir hardt. Dei tenkjer ikkje over det, snakkar ikkje om det. Det er naturen som går sin gong, til dei er inne i mørket med eit tett skal rundt seg.

Der ligg dei, tilsynelatande livlause, og blir brotne ned. Men det er ikkje slutten. Noko nytt oppstår av det nedbrotne. Og når tida er der, sprekk skalet. Lyset fløymer inn.
Dette nye som møter dagen er annleis enn det som blei nedbrote. Det har eit større hjarte. Og det har venger.
Først fester det seg til ei kvist. Blir hengande nokre timar, så livskrafta
strøymer ut i dei tynne vengene. Så slepp det seg ut i lause lufta – og flyg.
Hagen har fått ein ny sommarfugl.
Sommarfuglen finn blomar med nektar, som han før ikkje visste fantest.
Han ser fargar så sterke som han før ikkje visste dei kunne vera.
Med venger han aldri hadde drøymt om å få
flyg han over hekken og ser og opplever alt det han før ikkje visste var til …

………………………
Fakta om sommarfuglen er henta frå leksikon. Eg les det i lys av  det Bibelen seier i Fil 3.10 og 21 om «krafta av hans oppstode»

Dette innlegget er på oppmoding skrive ned på grunnlag av eit foredrag eg hadde på Husnes bedehus, 4.2.2016
C: Marit Elisebet Totland 11.02.2016


Innlegg som eg tidlegare har skrive om temaet meistring finn du her:  Meistring
Eg fann fram penselen då livet snudde. Her finn du ein del av bildene eg har laga: Galleri Nauthydlaren
Bildene har endra seg etter kvart: Når bildene røper deg
Her er eit av dei: