mandag 20. oktober 2014

Omstreifar, fant, splint, tater - ulike ord, men 100 % menneskeverd

Frå eit intervju i avisa Sunnhordland, Fredagspraten 12.10.14
Det har vore utruleg lærerikt å skriva boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?". Men nokre lange pausar har eg tatt undervegs i arbeidet. Kva skulle eg kalla hovudpersonen min? Omstreifar, fant. tater?
Reisande ville dei gjerne bli kalla i si tid. Men i mi historiske framstilling ville ikkje det fungera. Omstreifar var det omgrepet som var og blir brukt i offentlege dokument, så eg valde det.

I samtalar som fylgjer med utgjevinga no, merkar eg at nesten alle omsett omgrepet så snart dei høyrer det.
- Omstreifar? Fant, altså?

Eg har ingen problem med å forstå at etterkommarar av Skou ikkje liker at familien blir kalla fant. Eg forstår også at foreninga som samlar reisande og etterkommarar av tidlegare omstreifarar sjølv vil definera seg og presentera seg. Men eg finn altså ikkje noko eintydig svar på korleis eg skal gjera alle til lags.
Men det er viktig for meg å seia at same kva omgrep eg nyttar, vil eg med boka visa at alle har likt menneskeverd. Det går ikkje an å gradera det. Alle menneske har likt menneskeverd i dag og dei hadde det då omstreifarsaka var eit aktuelt politisk arbeidsfelt. Me har ulike oppgåver i samfunnet, me oppfører oss ulikt, men menneskeverdet er 100 %. Historia har vist at me ikkje alltid har forstått dette. Nokre omstreifarar i landet vårt har merka det på kroppen.

Boka har sin eigen blogg der du kan følgja utgevinga: Garborg og Skou - forskjell på folk?

torsdag 9. oktober 2014

Mindre uføretrygd grunna ny skattlegging. Var det intensjonen?

Ny lov om uføretrygd er vedtatt for lenge sidan. Den trer i kraft neste år.
Og i samband med statsbudsjettet får me sjå ein del konsekvensar av den nye uføretrygda som skaper stor uro, mellom anna at uføre som har gjeld, no får lågare inntekt fordi trygda blir skattlagt på same måte som lønsinntekt.

Alle lovendringar har ei hensikt: Måla for den nye uførelova har eg lenge sagt mykje godt om. Og i si tid sette eg meg godt inn lovproposisjonen.
Det me no ser: At ein som til dømes har tatt opp lån for å få tilpassa bustaden sin, av same grunnar som vedkomande er blitt tilkjend uføretrygd, skal få meir skatt/mindre utbetalt, kan ikkje vera i tråd med intensjonen i den nye lova. Trur eg.
Men det hjelper lite kva eg trur, så eg spør dei som var med å vedta lova: Var dette ein ynskt konsekvens?

Om det ikkje var det, synest eg eit samla storting skal reversera den delen av lova, evt. laga ordningar for frådrag som ikkje lar uføre sitja med eit gjeldsproblem som dei ikkje kunne vita om ville koma då dei tok lån.


Då eg las lovframlegget, beit eg meg merke i dette sitatet: (som ikkje seier noko om lågare inntekt):

Ulike skatteregler for uføretrygd og arbeidsinntekt kan bidra til å tilsløre de økonomiske konsekvensene for den enkelte av overgang mellom arbeid og trygd. Departementet foreslår derfor at den nye uføretrygden skattlegges etter tilsvarende regler som for lønnsinntekt. Departementet understreker at når uføretrygden samtidig settes til 66 prosent av bortfalt inntekt, blir den gjennomsnittlige uføreytelsen etter skatt noe høyere enn i dag for nye uføre. Se nærmere omtale i avsnitt 7.2.