Me høyrde han lenge før me såg han, naboen som kom rundt hjørna, gjekk kjøkenvegen, tok tak i dørkarmen før han tok trappetrinnet inn til stova. Han banka to gonger tungt på stovedøra, samstundes som han steig inn, såg seg rundt i stova og sa: - Å, er det ingen her?
I stova sat mor mi og eg. Men karane, farfar og far var ute. Derfor var det ingen der, meinte naboen.
Han tok skammeleg feil. Mor var den som gjorde stova til ein heim. Når ho var borte, og no er borte for alltid, kjenner me at det manglar noko.
Hendinga er frå 60-talet. Kan henda menn uttrykkjer seg annleis no? Men det som alvorlegare er: Kan det vera at me alle oppfører oss slik at nokon opplever at dei ikkje er der?
Det er så vondt bli oversett, sa mannen som selde =Oslo
Fleire innlegg om kor viktig det er å bli sett, finn du her.l
Kjenner til den der.
SvarSlettEg jobbar i kundemottaket på ein bilverkstad. Så kjem det ein mann inn døra og ser til høgre og venstre...til høgre sit eg, han ser meg.
Eg har nok allerede sagt "hei" og gitt han eit smil. "E da ingen her???"
Då meiner han og..."karane".
Sånt e direkte uforskamma i grunnen. Kva er eg då??
Og når eg så spør (for dette har skjedd meir enn ein gong) "Ka e eg då?" og smiler stort...og dei må bare (litt småflau?) henta seg inn igjen:) Og ofte viser det seg at eg kan hjelpa vedkommande likavel...Eg er "ingen" men eg kan :)
Tankevekkende!
SvarSlettJeg har forresten skrevet et innlegg om noe lignende:
http://melivetpaaslep.wordpress.com/2011/03/14/jeg-er-ikke-dø-jeg-er-bare-usynlig/
Det er mange usynlige, tenk på alle som bor i hus som ser tomme ut..
Du får meg til å tenkja på den gongen eg sjølv tok så heilt feil av nokon. Eg heldt på med eit stort hekla teppe og gjekk tom for tråd. Ingen stad var det lik tråd å få tak i. Eg skulle til Oslo ein tur på den tida, og fekk vita at der var det ein spesialbutikk for tråd. Dei skulle ha "alt".
SvarSlettEg fann butikken og gjekk optimistisk inn. Bak den gamaldagse disken stod det ein mann med mørke dress og kvit skjorte, ein kar i 50-åra. Eg tenkte at det måtte vera eigaren eller grosisten som var innom, så eg må innrømma at eg håpte det skulle dukka opp ei dame, heslt ei eldre ei.
Mannen spurte fint om han kunne hjelpa meg. -Tja, sa eg. Eg er på leit etter tråd som er same sorten som dette.
Eg rekte han ein liten bit av tråden.
La meg sjå, svarte han. Trilla tråden i mellom hendene sine, slik at han delte seg i fleire små trådar. - Ja, ein augneblink, sa han, drog fram ei skuff, fann fram tråden og la den på disken.
Vel heime, viste det seg at tråden var nett lik den eg hadde frå før. Det viste ikkje noko merke der eg gjekk over til den nye tråden.
Litt skamfull, men takksam, var eg, då eg tutla meg ut på gata att.
Melivetpaaslep: Eg var inne på bloggen din og las. Det du skriv gjer inntrykk.
SvarSlettEg kjenner att noko av tankane og vurderingane dine. Sjølv er eg prestekone som ikkje går i kyrkja, apropos det du skriv om kva ein trur andre tenkjer. Folk tenkjer sikkert forskjellig om den pretekona som ikkje går i kyrkja, men etter kvart er dei nok vane med det, og har skjønt samanhengen.
Tenkjer at det må vera litt ekstra vondt å ha det slik med små born som ein ikkje kan forklara alt til. Sjølv har eg fire vaksne born som er støttande og oppmuntrande. Det er godt å oppleva!
Hei Marit!
SvarSlettTakk for gode ord om me-bloggen min!
Jeg tror at så lenge man ikke er trygg i seg selv, bryr vi oss mye om hva andre mener. Jo større indre trygghet, jo mindre påvirkes vi av hva andre mener, iallfall de som er negativt innstilt.
Vi forklarer så godt vi kan hva ME innebærer og skiller klart mellom å ikke ville og å ikke kunne. Hva de har forstått, skjønner vi når de blir store.
Åpenhet er viktig, å ikke sensurere noen temaer tror jeg man kommer langt med. Jeg har valgt å ikke være anonym på me-bloggen for å bidra til større åpenhet. Og det håper og tror jeg er bra for barna også.