torsdag 25. august 2011

Makt og avmakt - røynsle med begge er nyttig kompetanse for ein ordførar

- Du ligg på govlet på store deler av kommunestyremøtene, har me sett. Kan du då vera ordførar?

Spørsmålet kom frå debattleiaren på den lokale ordførarkandidatdebatten i den runden der alle skulle få eit særleg vanskeleg spørsmål.

For meg var det eit vanskeleg, men lett spørsmål. Og det var frigjerande at problemstillinga blei reist utan at eg sjølv måtte ta det opp.

Svaret mitt var:
Eg har hatt mykje makt i periodar av livet, mellom anna som direktør, ordførar og politisk nestkommanderande i eit stort departement.
Eg har også opplevd avmakt; å måtte be om eit glas vatn, å liggja strekk ut i periodar og sjå verda nedanfrå utan å kunne prestera, men heller vera avhengig av hjep får familie og samfunn.
Ein slik kombinasjon av røynsle trur eg kan vera eit godt utgangspunkt for å arbeida for å styrkja kommunen og samstundes skjøna at ein skal tena folket.

Eg har ein del avgrensingar når det gjeld forflytting og bæring. Under føredrag og innleiingar, vil eg ha nytte av å liggja, under intense frekvensar, samtale og forhandlingar vil eg sitja ved bordet som eg har gjort her i keld. Når det gjeld å koma seg frå stad til stad, må eg ta nokre omsyn. Eg kan ikkje flytta ein koffert, men eg kan flytta ein tanke!

Bakgrunn for saka: Ordførarkandidat og ufør i valkamptider

PS: Eg blei ikkje ordførar, men fekk fast plass - liggeplass -  i formannskap og kommuenestyre.

lørdag 20. august 2011

"Dere lærere ødela alt for meg!"


- Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred.- Det var Nordahl Grieg sine ord til ungdommen av hans tid. Så gjekk dei same orda frå by til by, frå bygd til bygd over landet i fjor, - fordi menneskeverdet på ny var truga. Og heldigvis: Me tar i bruk store ord, slike som Nordahl Grieg skreiv, fordi me ikkje godtar at menneskeverdet blir sett til side slik me såg det på Utøya og i regjeringskvartalet.

Det er ikkje første gong det har hatt sin pris her i landet å stå opp for menneskeverdet. Denne gongen blei liv tatt, utan at dei som døydde visste at det dei stod for og arbeidde for her i vårt trygge Noreg, skulle vera livsfarleg. I tidlegare tider, har mange kjent på kroppen at det hadde sin pris.

Historie om nokre av dei som blei hardt pressa, er nesten gløymt i vår tid. Då eg nyleg gjekk gjennom ei hylle med gamle bøker, kom eg over ei samling talar som Franciss Bull heldt på Grini. I føreordet skriv han om møtet med lærarane som var sende dit.

Lærarane hadde fått melding om å gå tyskarane sitt ærend. Dei skulle undervisa etter råd frå dei, mellom anna i raselære. Eit eige hefte blei utarbeidd, kalla "Umenneske" (Eit skremmande utdrag frå føreordet kan du lesa her ).

Men lærarane ville ikkje gjera som dei fekk påbod om. Då pressa det nye regimet Lærarforbundet til å pålegga sine medlem dette, og lærarane vart kollektiv innmelde i Lærarforbundet. Då viste lærarane kva dei stod for. Dei nekta. Biletet over viser eit døme på svarbrev. Konsekvensen var at mange av dei blei sende til Grini. 


Om opplevinga på Grini, overlet eg til Francisco Bull, som sjølv var der, å fortelja:


I mars 1942 arresterte tyskerne en svær mengde lærere fra folkeskolen og den høyere skole; en dag ble flere hundre lærere fra Oslo og nærmeste omegn sendt ut til Grini, og i ukene etter kom stadig nye kontingenter fra andre deler av landet. Det ble brukt strenge trusler for å skremme lærerne til å gå inn i lærersambandet, og "stormfyrsten" holdt en tale til dem om at slike "dreckige Lehrer" måtte ikke innbille seg at det kunne nytte for dem å sette seg opp imot et verdensrikes politiske vilje: de skulle nok få følgene å kjenne, dersom de ikke bøyde seg.

Sitt svar skulle de avgi, enkeltvis, i løpet av tre dager. Situasjonen var meget spennende. Ingen av destørre norske samfunnsgrupper hadde inntil da vært utsatt for slikt voldsomt press, og det var klart at lærernes holdning ville spille en overordentlig stor rolle for hele hjemmefronten og stillingen i Norge.
Blant de lærerne som var kommet til Grini, fantes det en del som var svake av helbred og engstelige av sinn, og vi skjønte at hele gruppen trengte til å stives opp. Rektor Seip og jeg kjente en mengde av disse lærerne…

Enda det var strengt forbudt, greide Seip og jeg alt den første kvelden å komme opp i fjerde etasje, hvor lærerne var anbrakt. Vi ble godt mottatt, og gjorde hva vi kunne for å styrke motet hos de vaklende. Jeg minnes et par replikker som vitner om hvordan stemningen iblant læreren var:
- "Tror du vi blir skutt, hvis vi nekter å gå inn i sambandet?" spurte en som var i angst og nød,
en annen sa noen ord som fylte meg med glede og beundring:
- "Jeg kan ikke kalle meg en noe synderlig modig mann," sa han; "men det er en ting jeg absolutt ikke har mot til; jeg tør ikke oppføre meg slik at min femtenårige datter skulle kunne komme og se på meg med et skuffet og bedrøvet blikk, og si;: "Men, far! Hva er det du har gjort!" - Det våger jeg ikke å utsette meg for"…

Resultatet ble til slutt så fint som man vel kunne ønske seg det, enda truslene om hard behandling ble fullt virkeliggjort overfor alle de lærerne som ble sendt til Jørstadmoen og siden nordover til Kirkenes. Så vidt jeg kan skjønne, fikk lærerstandens faste opptreden avgjørende betydning som føredømme for presteskapet, for juristene osv., ja, for hele den norske front.

Franciss Bull fekk rett i si vurdering. Etter krigen sa Quisling:  Dere lærere ødela alt for oss!

Menneskeverdet vil bli utfordra også i framtida. Det kan bli vår tur til "å øydelegja alt" for dei som vil krenka det! 
 
Kjelde: Francis Bull, Tretten taler på Grini, Olso 1945, Gyldendal norsk forlag

Same tema:
Skaper vi menneskeverd - skaper vi fred
 

fredag 19. august 2011

Frå hjernetåke til tåkeprat?

Oppvaksen i Skudeneshavn, er eg godt kjend med tåke. Skein sola frå klar himmel ein dag, kunne ein vera sikker på at tåka, eller skodda, kom sigande. Oppdaga me det ikkje med sjølvsyn, sørgde tåkeluren frå Geitungen fyr for at me forstod alvoret. Var me då ute i båt, var det best "å pitla seg him".

Politikken kan, som sommardagen, bli skjemd av tåke, då i form av tåkeprat.

I tidlegare tider kjende eg meg rimeleg trygg når eg sa at eg skulle unngå tåkeprat. Eg ville svara ja, nei og eg vet ikkje. Av og til er det også rett å seia: Det skal eg sjekka opp. Men å snakka i veg for at det skal høyrast ut som ein svarer på det ein er spurt om, har eg lite sansen for. Eg trur heller ikkje dei eg snakkar me, har sansen for det. Det blir fort avslørt som tomme ord.

I dag er eg likevel ikkje så trygg på at eg ikkje kan koma med tåkeprat. Etter mykje narkose, la det seg ei tåke over minnet, også kalla hjernetåke, har eg lese. Det kunne føra til at eg ikkje fann ordet for alligator, så eg sa gorilla i staden. No trur ikkje det blir så mykje snakk om korkje gorilla eller alligator i den lokale valkampen, men ein veit jo aldri..

Denne hjernetåka har no letta, og det er noko av grunnen til at eg er på veg ut av uføret slik at eg stiller som ordførarkandidat. Motivasjon, engasjement og vilje er tilbake, og eg trur tanken er klar. Derfor er eg faktisk ved godt mot no i starten av valkampen. Partiet mitt, KrF i Kvinnherad, har hatt ein framgang frå forrige val frå 7,1 % til 9.1 % på siste lokale meiningsmåling. Det lover godt.

I vekene som kjem skal me presentera politikken vår. Eg stoler på at hjernetåka er vekke for alltid, og eg skal gjera det eg kan for å halda meg vekke frå den tåka eg sjølv rår over slik at det ikkje blir tåkeprat, men klare svar, ja, nei, eg veit ikkje, eg skal undersøkja..

Velkomen til å lesa:
Fiskepuddingen held det han lovar - kva valflesket?
Postoperativ demens - den lange vegen tilbake
Ja, eg søkjer makt

lørdag 13. august 2011

Fiskepuddingen held det han lovar, kva med valflesket?


"Kva skal me ha til middag?" - eit av dei vanskelege vala i vår utskjemde del av verda. Smaken er så ulik, nokre er meir avanserte i matvegen enn andre, men ein ting er sikkert; vel du fiskepudding, veit du kva du får. Fiskepuddingen lovar ikkje meir enn han kan halda.

Valflesket derimot har dårleg rykte seg. Det heiter seg at det er feitt og godt før valet, men mister kvaliteten og får usmak etter valet. Korleis kan det ha seg, i desse tider med kjøleskap og fryseboksar?
Eg trur forklaringa ikkje ligg i kor haldbart flesket er, men korleis me presenterer det før og etter valet. Det dreier seg om kommunikasjon.

"Me ynskjer ein ny sjukeheim i bygda", seier ein ordførarkandidat i valkampen. Partiet hans får 9 % oppslutnad. Ved neste val får han høyra: " Du lova oss ny sjukeheim, det fekk me ikkje. Du lovar og lyg, som alle dei andre politikarane."

Då ordførarkandidaten sa at han ynskte ny sjukeheim, visste han kva som må til for å realisera det ynskjet. Enten må partiet hans få reint fleirtal i kommunestyret, eller så må han finna saman med andre parti som også ynskjer ny sjukeheim.
I tillegg til å få i hamn eit politisk fleirtal, må han også unngå snubletrådar på vegen. Investerer kommunen så mykje at gjelda blir for stor, kan ein hamna på ROBEK-lista. Då blir kommunen fråtatt sjølvråderetten over nye investeringar til økonomien er under kontroll att. I ein slik situasjon vil det ikkje vera råd å byggja ny sjukeheim. Å koma på ROBEK-lista har ein delvis skulda for sjølv, så det kan veljarane klandra politikaren for, men det vil då bli ei klaga på at han satsa for mykje, ikkje for lite.

Politikarar i valkamp kjenner til desse vilkåra for lovnadene dei gir. Derfor står det også i partiprogram: Partiet vil arbeida for, ynskjer at, vil utgreia..

Spørsmålet blir: Skal ein berre lova fiskepudding i valkampen for å unngå å koma i uføret og få skuldingar i ettertid, snakka med små bokstavar og seia: Me vil no så langt det er råd, dersom det viser seg at det er råd å få til og dersom mange nok vil det og alt legg seg til rette byggja ny sjukeheim. Eller skal me fleska til med: "Me ynskjer ny sjukeheim!", og stola på at folk flest kjenner til spelereglane i eit demokrati og veit kva kvalitet det er på flesket dei kjøper eller ikkje kjøper.


Andre innlegg om valet og om at eg stiller som ordførarkandidat:
Hjernetåke og tåkeprat
Ja eg søkjer makt
Ordførarkandidat og ufør i valkamptider

tirsdag 9. august 2011

Kort sagt om alt dette grumset

Alt dette snakket om grums,
gjer det vatnet noko reinare?

Skulle me heller
leita etter det som gjer vatnet grumsete
og krevja svar frå dei som vil ha det der?



Innlegg om å konfrontera synspunkt som kan skapa grums:
I ettertankesmia

Andre innlegg om 22/7:

Dokumentar frå Utøya -ansikt til ansikt
I skuletova og ved stovebordet
Kjærleik og samhald- lettare å seia og realisera i ei interaktiv tid?
Sit stille, stille ...
Eg veit kor eg ikkje vil hen

Dokumentar frå Utøya - ansikt til ansikt

Dokumentar:
- Aldri har ordet vore så nært
så fullt av innhald
så fullt av ansikt
- levande ungdom
- død ungdom

Fortellingar
- Aldri har ord vore så tunge
så fulle av ettertanke
så fulle av omtanke
for
levande vener
døde vener.

Historie
- Aldri har det tatt så lang tid
før ei hending blir historie
tom for kjensler
tom for bilete
fordi
me ber det med oss dag og natt,
kjenner trykket frå eksplosjon og geværskot
som drepte dei som skulle vera med å skriva historie.

Framtida
Aldri blir dagane dei same
men kvardagen kjem
utan TV, radio, intervju
med minne, tankar, kjensler.
Då treng me å minnast dei døde
å hjelpa dei levande å leva.
 
Tankar etter dokumentaren på TV2 frå Utøya, 8.8.2011.

Andre tekstar om Utøya:

Det er Marianne, sa Gro- ein tale med tre ord.
Sit stille, stille
I ettertankesmia
Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred
I skulestova og ved stovebordet

Kampen om menneskeverdet kan ha sin pris

torsdag 4. august 2011

"Det er Marianne!" sa Gro Harlem Brundtland, - ein tale om menneskeverd på tre ord.

Marianne, 16 år, blei gravlagt frå Domkyrkja i Stavanger.

Den tidlegare statsministeren vår, Gro Harlem Brundtland, var til stades og blei intervjua etterpå. Ho sa kloke ord om ungdomen på Utøya som ho hadde møtt like før dei blei drepne. Ho kom inn på at ho visste litt om kva det var å mista eit barn, men ho let seg ikkje freista til å fokusera på seg sjølv.
- Det er Marianne," sa ho. "Det er Marianne me tar farvel med."

Ho kunne lagt ut i det lange og det breide om menneskeverdet, om kor viktig den einskilde er og at livet  er ukrenkeleg. I staden seier ho det med tre ord: "Det er Marianne." Det gjeld ei jente på 16 år og ho har eit namn. Menneskeverdet kan nemleg ikkje målast i mendger. Det dreier seg om den einskilde. Ho var ikkje nummer 40 eller 60 på lista over drepne. Det var Marianne, den Marianne familie og vener kjende, og som no er borte, med sin latter, sin omsorg for kattar, si hjelpsame haldning, sin vilje, ja, heile livet hennar er vekke. - Og det fantest berre ei av henne.

Gro møtte ikkje opp i gravferda til eit av offera frå Utøya. Ho møtte opp i gravferda til Marianne, og lærte oss med det ei lekse om menneskeverd ved hjelp av tre ord.

Takk, Gro Harlem Brundtland!

Andre innlegg om 22/7:
Sit stille, stille
I ettertankesmia
Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred
I skulestova og ved stovebordet

tirsdag 2. august 2011

Eg veit kor eg ikkje vil hen

Eg legg ned protest
mot det som er
som ikkje burde vera.
Eg legg ned protest
mot det som ikkje burde vera
som er.
Eg legg ned protest!

Det hjelper så lite.
Protesten endrar ingenting.

Jo, eg legg ned protest.
Då veit eg at den verda me må skapa
ikkje skal vera slik ho er i dag.

Eg legg bak meg protesten
går vidare
og veit
kor eg ikkje vil hen.

Desse protestantiske tankane skreiv eg for 20 år sidan. Det var då eg for første gong blei folkevald.
Dei dukka opp då eg rydda i skuffer og skap i dag. Interessant tilbakeblikk.

mandag 1. august 2011

Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred

Menneskeverdet er absolutt, et menneske har verdi fordi det er et menenske.

Så runger den sterke påstanden fra Nordahl Grieg ut over landet fra ung og gammel: Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred.

Noen spørsmål dukker opp:
Kan vi skape menneskeverd?
Jeg tror mennesket har menneskeverd. Vi må oppdage det, erkjenne det, respektere det, hegne om det!

Dersom menneskeverdet er så stort, burde vi da alle bli pasifister. Hvem skulle da forsvare oss?
I den ideelle verden er spørsmålet uvnødvendig: skaper vi menneskeverd, skaper vi fred. Da har vi ikke bruk for krig.

Men vi lever i den virkelige verden, og må forholde oss til det. Men det går an å bevege virkeligheten så nær idealene som mulig.

Menneskeverdet sprenger grenser. Er det lov å si det i disse dager? Da gjelder det også de som ikke smiler og oppfører seg fint. Det gjelder også terrorister. Men menneskeverdet kan ikke kreve respekt for gjerningene. Bare for livet. Derfor har vi ikke dødsstraff.

Veien til fred: Å se hverandres menneskeverd, - jeg tror Nordahl Grieg hadde grepet det helt essensielle.


Andre bloggposter om 22/7:
Det er Marianne, sa Gro Harlem Brundtand, ein tale om menneskeverd på tre ord
I ettertankesmia
I skuletova og ved stovebordet

Kampen om menneskeverdet kan ha sin pris

Skjer i sjøen - også når haldningar skal skapast!



Leia er merka
- hovudleia.
Havet er stort,
du har stor boltreplass
utan å nærma deg skjera.

Dei store sjømerkene ser me
-dumt å gå på dei,
dei små skjera omking veit me er der
dumt å gå på dei også.

Det finnest ureint farvatn
utanom leia.
Vil nokon ha deg med på grunna der;
spør etter kart,
spør etter retning,
spør etter tryggleik,
spør; kvifor søkja grumsete farvatn
når halve verda er fullt av reint?

Andre innlegg om 22/7
I ettertankesmia
I skuletova og ved stovebordet
Kjæjrleik og samhald - lettare å seia og realisera i ei interaktiv tid?