Draumen var å nå fram til pilgrimsstaden ein gong. Eller rettare: Målet var å få vandra, rusla avgarde på vegen til Santiago de Compostela; la tankane fløyma, kjenslene strøyma, orda bli vekke og tida nesten oppheva.
Når borna blei store, arbeidet kunne ta ein pause, - då skulle vandringa ta til.
Borna blei store og arbeidet stoppa brått opp. Men noko vandring blei det ikkje. I staden blei kvardagen avgrensa til det eg kunne nå gjennom vingauget, plassert i min nymotens gyngestol på meiar.
Det blei nok aldri noko pilgrimsvandring, nei.
Etter kvart lot ryggen meg halda noko i hendene mens eg sat i gyngestolen. Kyrkja trentge sårt til ein ny altarduk, då prestane hadde vore for nær altaret og skurt hol i den fine gamle linduken. I altarskåpet låg det ein annan gamal duk. Ein slik ville eg laga.
Fire meter saum, 40 cm høgt, - det blei måla på pilgrimsferda mi. For vegen til Santiago de Compostela handla jo om å la tankane fløyma, kjenslene strøyma, orda bli vekke og tida nesten oppheva. Og nett slik blei opplevinga dei to åra eg sat med linduken i hendene. I bakgrunnen surra og gjekk musikk som ikkje tok merksemda eller lydbøker som forsterka kjenslene og førte tankane langt av stad. "Den evige jøde" stemte sinnet til ettertanke.
Med kvit saum på kvit duk, klyppe hol og sy til. Noko så meiningslaust. Likeså meiningslaust som å ta føtene fatt til Santiago de Campostela når det finst bilar nok. Og like meiningsfull som vandringa blei for mange, blei altarduken for meg.
Spania, og hovedstad i den autonome regionen Galicia nordvest i landet. Byen er et kjent pilegrimsted for europeiske katolikker. Dette fordi man i år 813 oppdaget en grav man antok tilhørte Apostelen Jakob. Han ble henrettet i Jerusalem i år 44, men levningene skal ha blitt ført til Compostela der han i en periode hadde virket. Både byen og pilegrimsveien dit (Jakobsveien, sp. Camino de Santiago) gjennom Frankrike og Spania står oppført på UNESCOs liste over verdens kulturarv.
Velkomen også til å lesa: Perspektiv frå akkuart passe