fredag 30. desember 2011

Kva er det å vera raus?

Raus!
Lytt til det ordet!
Er det ikkje som om det opnar seg mot deg
gir rom for meir enn seg sjølv?
Til og med på bokmål har ordet det opne rommet i seg,
det snerpar seg ikkje inn til å bli "røs",
men spanderer på oss eit raust "raus".

2014, eit nytt år.
Gode forsett kjem og går saman med andre store ord.
Denne gongen vil eg fanga eitt,
setja det framfor meg i året som kjem:
Å vera rausare!
2012 var valår,
eit vanskeleg år å vera raus i, - kanskje,
eller kanskje det var eit særleg høve til å vera verkeleg raus?
Eg for min del nytta det ikkje godt nok.

Eg hadde ein gong ein læremeister: Jon Lilletun.
Han er offisielt kåra som den rause.
Kva gav han den æra?
Når me arbeidde som travlast og presset frå media var stort, sa han:
Ikkje forsvar meg i utide, det er ikkje viktig å alltid ha rett!
Det sa han også om han hadde rett, men då situasjonen var slik at det ikkje var viktig
å "retta på nokon" for å få rett.

Eit rausare samfunn
er ikkje eit samfunn som strør ut goder,
ikkje er så nøye med rett og galt
eller mitt og ditt.

Eit rausare samfunn
har fleire augo som ser
fleire minutt til å sjå kvarandre
større vilje til å forstå
meir tolmod til å gå ei ekstra mil
betre evne til å tilgi.

Å vera raus er vanskeleg i ord
vanskelegare i handling.
- Det er verd å strekkja seg i mot!


Også på Mariasmetode er det eit innlegg om det å vera raus. Der er det mange fine kommentarer. Du finn dei her

onsdag 28. desember 2011

Friskt mot, Antonius!

Når noko verkeleg gjekk på tverke, når det såg svært så mørkt ut, sa besteforeldrene mine til meg:
Friskt mot, Antonius!

Eg høyrer dei framleis, - orda kling i bakhovudet når dei trengst som mest.

Men spørsmålet er: Kor kjem dette uttrykket frå? Kven var Antonius?

torsdag 22. desember 2011

Kan eg makta å halda ein pensel?

Eit merkeleg spørsmål kanskje? Men ei tid var helsa slik at det ikkje var så mykje eg kunne ta meg til. Til og med ei bok var for tung å ha på fanget, og ryggen nekta å bøya nakken til lesing. Då kom tanken: Kanskje eg kan mala? Det var berre det at eg aldri hadde gjort det før, langt mindre lært det.

Men det var verd eit forsøk. Alternativet var lydbøker "utan noko attåt". Dermed blei det kjøpt inn maling, stafelli og lerret. Eg kjøpte oljemaling då det var det første eg fann i butikken. Så bar det heim for å mala, vekselvis sitjande og ståande og med liggepausar.

Og det blei bilete av det. Til og med bilete som folk ville ha. Betala ville dei også.

No har det gått seks år. Helsa er mykje betre. Eg lever eit nokolunde normalt liv, sosialt, om ikkje når det gjeld arbeid, - sjølv om eg også på det området er kome så langt at eg spør: Kan nokon bruka mi arbeidskraft?  Det er ikkje lite.

Over 500 bilete er det blitt. Mange er selde og mange er blitt til gåver.

Noko meistergransking og kritikaraugo vil eg ikkje utsetja bileta mine for, men dei har vore til glede for nokon, etter det dei seier. Og dei har vore til betring og meiningsfulle dagar for meg.

Så no, når me er komne inn i eige hus, opnar eg sokkeletasjen for dei som vil koma innom i Galleri Nauthydlaren. For tida er det 60 bilete som heng på veggane.

Når helsa sviktar, opplevest det som om det er uføre på alle kantar. Malinga har ført meg ut av uføret i eit rom i meg.

På biletet nedanfor er det Hildegunn Eiane Aartun (til venstre) som står føre den uhøgtidelege opninga av Galleri Nauthydlaren. Ho er medlem i Kvinnherad kulturstyre. Ein har jo ikkje meir moro enn ein lagar til sjølv.
(Eg held meg på høgresida, men frå min kant er det venstesida. Akkurat så forvirrande er det av og til å vera politikar også, men det er ei anna historie.)

Ynskjer alle ei god jul med Det hev ei rosa sprunge:

Det hev ei rosa sprunge ut av ei rot so grann
Som federne hev sunge, av Jesse rot ho rann
Og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved myrke midnattstid 



Ved grua


Reglar for kor bilda skal hengast opp  

fredag 16. desember 2011

Humor hjelper mot det meste

Mannen har skrive i anken til bispedømmerådet: "Etter å ha summa seg litt, har kona mi bestemt seg for at ho vil bu på Valen. Ho orkar ikkje bu litt her og litt der. Ho målar, og vil ha sitt eige galleri i sokkeletasjen der publikum kan koma innom... Eg legg ikkje skjul på at eg foretrekk å sove i same hus som kona mi, noko eg reknar med biskopen og resten av bispedømmerådet ikkje vil ha innvendingar mot."
 

Kven kan vel stura over eit avslag på søknaden om å sleppa å bu i prestebustaden for å flytta inn i eige hus, når bygdefolket gir massiv støtte til at dette må då kunne ordnast. Teiknaren Lars Slettebø har kvessa blyanten og seier det på sin måte: - Jan Ove, staar det naake om buplikt i evangeliet? under overskrifta "Det hende i dei dagar" (Lokalavisa Kvinnheringen, 16.des). Slettebø har velvillig gitt løyve til å visa fram teikninga her. 

Det kom også overraskande støtte frå Frp lokalt, då Ole Torbjørn Holmedal med eit glimt i auget tok saka opp i spørsmål til ordføraren i kommunestyret i går. Han spurte om det ikkje var lurt av kommunen å selja bustader som ikkje var meint til primæroppgåvene våre, til dømes prestebustaden på Husnes. Så kunne kommunen heller leiga eit hus til presten, og då ville det kunne vera aktuelt å leiga på Valen i staden, (altså vårt hus).  :)

Humor hjelper mot det meste. Det hjelper i kvardagen. Om det hjelper for å få saka løyst, vil visa seg. 

I Kvinnheringen, 23.desember, skreiv Tor Bringedal om ein tidlegare prest i Kvinnherad, Strømme, som for 100 år sidan strevde med buplikta. Her kan du lesa den utrulege og underhaldande historia.

På blogginnlegget Svaret var nei på fritak for buplikta  har eg gjort greie for det som har skjedd og kva eg tenkjer om saka. Han som har denne omtala buplikta, mannen min Jan Ove, har også tatt til ordet offentleg, og også han gir meg vellvillig løyve til å ta med innlegget hans her:

Buplikt for prestar, irrelevant og uakseptabel ordning 
For snart 11 år sidan var eg så heldig å bli prest i Husnes og Holmedal sokn. Her trivest vi så godt at vi ynskjer å bu her som pensjonistar. Tidleg i haust var det av ulike grunnar naturleg å kjøpe vår framtidige bustad. Bustaden er plassert sentralt i soknet, og sokneråd, prost og presteforeininga sitt bustadombod stilte seg positive til søknaden om fritak frå buplikta. Men Bjørgvin bispedøme sa nei, sjølv om eg denne månaden fyller 55 år og som prest i  Bjørgvin er omfatta av bispedømet sin seniorpolitikk. Med ei så streng handheving av buplikta, finn eg tida inne til å stille spørsmål ved om dette er ei ordning som kan forsvarast i 2011.

Det er ingenting i prestetenesta eller presterolla i dag som tilseier at presten skal bu i ein spesiell bustad. Den siste tenestemessige tilknytninga til prestebustaden fall bort då prestane for nokre år sidan fekk beredskapsordning og bustadtelefonen vart bytta bort med mobiltelefon. Når presten ikkje har beredskap, treng han/ho ikkje vere tilgjengeleg mellom kl.17 og kl.08 eller i helgene. Og har presten beredskap, så er ikkje kravet at han/ho skal opphalde seg i prestebustaden, men i beredskapsområdet. Å ha eit punkt i tenesteordning for prestar der arbeidsgjevar kan pålegge presten plikt til å bu i ein spesiell bustad er difor irrelevant og heilt uakseptabelt.

Eg kan ikkje forstå at det kan vere i tråd med vanleg arbeidsrett at ein arbeidsgjevar kan bestemme over ein arbeidstakar sitt privatliv når det ikkje har noko som helst relevans i høve til arbeidet ein er sett til å utføre. Om lag fjerdeparten av prestane i Den norske kyrkja  har ikkje lenger buplikt. Det er eit tydeleg signal om at plikt til å bu i ein spesiell bustad ikkje lenger har noko med prestetenesta å gjere.

Eg ber dei som har ansvar for å gje rettferdige lover om å fjerne denne plikta som kan opplevast som ei stor og unødig ulempe,  både for presten og familien. Dette må ikkje forseinkast av ein debatt om rekruttering av prestar til område der det å stille bustad til disposisjon kan vere eit godt tiltak. Å bu i prestebustad frivillig med høve til å flytte ut når ein sjølv vil, er noko heilt anna enn å vere klistra til prestebustaden av plikt.
Dersom det i nokre område er ynskjeleg at presten skal bu i ein ærværdig prestebustad av kulturhistorisk verdi, ja, då får ein gjere det så attraktivt å bu der at presten gjer det frivillig.

Bustadordninga for prestar som plikt er utgått på dato for lenge sidan. Den er både irrelevant og uakseptabel.  Her inviterer eg alle gode krefter til å gå saman om å gje prestane fridom i høve til bustad.

Jan Ove Totland
Sokneprest i Husnes og Holmedal sokn



tirsdag 13. desember 2011

Gjesteblogg: Mange blomster i Vår Herres hage


Hovudtemaet på bloggen min er menneskeverdet. Kvar månad framover vil eg utfordra ein av dei eg har møtt i min kvardag, auge til auge, på Twitter eller nokon som eg fylgjer bloggen til, - eg vil utfordra til å dela tankar om menneskeverdet.


Første kvinne ut er Marit Gaustad. Eg har ikkje møtt Marit, men eg kjenner varmen i orda og bileta hennar. 
På Twitter finn du henne på @maritga og bloggen hennar finn du her: maritsmeiningaromdittogdatt


Ordet er ditt, Marit Gaustad:

Mange blomster i Vår Herres hage



Det finst mange blomster i Vår Herres hage, brukte mora mi å seia.

Ja, det gjer det sanneleg. Rundt oss på alle kantar snublar vi over folk
som ikkje går midt etter vegen, som ikkje kler seg og ter seg som den store
flokken gjer det.
Og ser du riktig godt etter, vil du nok oppleve at det faktisk gjeld alle.
Each and everyone. Originalar. Berre originalar, alt i hop.
Men det er mulig du må ta på deg nye briller for å sjå dette.
Velvillege briller. Sterke briller.
Ønsket om standardisering omgir oss. Ver som oss! Gjer som oss!
Det er i dette kravet vi begynner å tvile på eigen verdi. For vi får det
berre ikkje til.
Ein av desse dagane då eg kjende meg så inni alle granskogar mislukka og
mislikt, litt for tjukk, altfor gammal, litt for ditt og altfor datt- då
møtte eg ei ung mor i gangen på rådhuset.
På armen bar ho ein vakker, vidunderleg baby, ei lita jente, ny i livet. Ho
opna heile det skjønne ansiktet sitt mot meg, den vesle, smilte henrykt og
pludra i veg. Heile ho sa: Du er heilt ok! Eg likar deg!
Eg måtte ta til tårene over denne totale, pure fordomsfriheita.
Er det slik, tenkte eg, at vi skal møte kvarandre?
Som barnet?
Var det dette Han meinte, han som sa at vi skal vere som barn?

Måtte barnet lære oss.
Gud sende ikkje ein ferdig konge til jorda, for å lære oss å leve.
Han sende eit barn.

For unto us a son is given (Frå Händels Messias)
http://www.youtube.com/watch?v=7VynBiI9M30&feature=youtu.be


Du er god nok.
I Jesu namn. Amen

Med gode helsingar frå Marit Gaustad

Arbeidsavklaring - Varde viser veg!

Eit råd om eit blogginnlegg du bør lesa:
Ein les så mykje negativt om lovverket, om ordningane for dei som skulle hatt støtte i livet, om negative haldningar frå dei som skulle hjelpa. Ein møter lagnader som handlar om å bli tråkka på og om å bli gitt opp.

Men så, inni mellom, kan ein lesa om gode relasjonar, tilbod som er tilpassa, ordningar som fungerer, og ein får eit lysglimt: Kan det vera at ordningar av og til fungerer slik dei var meint å gjera? At system og tilsette maktar å lyfta opp dei som treng det?

Eit slikt lysglimt fekk eg då eg kom over eit blogginnlegg som du bør lesa
om du er i ein prosess der du skal arbeida deg ut av eit uføre
om du arbeider i "hjelpevesenet"
om du lager lovane og ordningane.
Det gjeld innlegget  Arbeidsavklaring skrive av Randi Målen på bloggen Litt om alt og ingenting der ho fortel om tibodet ved Varde.

Ein varde skulle i gamal tid gi viktig bodskap vidare til neste bygd, og på fjellet viser dei veg vidare også om skodde og uvêr vil gjera det grått og vanskeleg for farande folk.

Les, lær og bli litt oppmuntra. Det blei eg.

Og Randi Målen: Lukke til vidare!

torsdag 8. desember 2011

Hva innebærer forliket om uføremeldinga for uføres utbetaling ved arbeid?

Regjeringen har gjort endring i et av forslaga i uføremeldinga i et forlik med Høyre og KrF. Det innebærer at det blir en bedre ordning for lavtlønnede uføre som prøver seg i arbeid. Det er bra!  

Vårt Land skriver om saka.

Det er ønskelig at uføre prøver seg i arbeidslivet, både for å få en god hverdag og for å finne veien tilbake til arbeidslivet, i den grad det er mulig.

Det er logisk at når en tjener penger, faller noe av uføretrydgen bort, rett og slett fordi trygden kommer som en kompensasjon for at en ikke kan arbeide og derfor mister inntekten.

Uføre har et fribeløp som de kan tjene. Det er videreført i uføremeldingen, både fordi det skal oppmuntre til arbeid og fordi det forhindrer byråkratiske ordninger ved fratrekk fra første krone.

Ved arbeid utover fribeløpet, foreslo regjeringa en avkorting som i verste fall gav de lavtlønnede svært lite igjen for arbeidsinnsatsen. Det var for så vidt logisk, men det ville fungere slik at mange fikk lite oppmuntring til å være aktive om helsa tillot det.

Urettferdig?

Er det urettferdig at ikke alle uføre sitter igjen med samme kronebeløp for hver 100-lapp som tjenes? Begge tjener 100 kroner, men den høytlønnede sitter igjen med mer. Prinsippet er likt: Staten holder tilbake den delen av 100-lappen det var kompensert for da en ikke var i arbeid, men som en har som inntekt igjen nå. Resten beholdes.

Den prosenten en tapte ved å gå over til trygd, får en tilbake når en går tilbake i arbeid. De som tapte mest, "tjener" dermed mest på å arbeide.

FORLIKET
Forliket som regjeringen nå har inngått med KrF og Høyre, innebærer at det settes en nedre grense for hva en kan sitte igjen med etter å ha tjent 100 kr. Det fører til mindre forskjell i det en sitter igjen, med uavhengig av tidligere inntekt. Det vil oppmuntre til arbeid i større grad enn det opprinnelige forslaget. Derfor er det en god løsning flertallet nå er kommet fram til.

Et eksempel:
Hva beholder du ved å tjene kr 100 utover friinntekta før skatt?    3G         5G         8G

Regjeringens foreslåtte modell                                                   17 kr       34 kr       55 kr

Forliket:                                                                            min 30 kr       34 kr       55 kr

Forliket gir mer igjen for de med lavest lønn/trygd. Forskjellen blir også større etter skatt.
For dem som har inntekt på f.eks 5 G og 8 G, vil inntekt før skatt være den samme.

Les også: Fribeløp i uføretrygden og kompensasjonsgraden
Fra novemberbloggen til Kjell Ingolf Ropstad KrF/Stortinget:  Derfor taper lavtlønte som blir uføre

mandag 5. desember 2011

Eg bur trygt - ti minutt frå eit psykiatrisk sjukehus

Dette er ein bloggpost frå desember 2011.

------

Bjørn Lydersen, generalsekretæren i Mental Helse seier det er ei utfordring for samfunnet å ikkje tru at det å ha ei alvorleg psykiske liding er det same som å vera farleg. Les intervjuet her.

Eg er på flyttefot. Me flyttar inn i nykjøpt hus i bygda Valen i desse dagar. Eg skriv "bygda Valen", fordi Valen på desse kantar av landet ofte blir forstått som Valen sjukehus, eit av dei eldste psykiatriske sjukehusa i landet, bygd i 1911.

Det tar ti minutt å gå frå stovedøra mi til sjukehuset. Når ein les avisene for tida, skulle ein tru at ei slik plassering av heimen ville skåra høgt på ein "risiko og sårbarhetsanalyse". Slik tenkjer ikkje folk som bur på Valen.

Valebuen har hatt psykiatriske pasientar som ei del av kvardagen sin i fleire generasjonar. Dei fleste hadde sjukehuset som arbeidsplassen sin, dei arbeidde direkte med pasiantene eller i støtteapparatet som snikkar, bakar, kokke, vaskar, bonde osb.  I tidlegare tider var pasientar også plasserte i private heimar med tilsyn frå sjukehuset. Mange pasientar gjekk langs vegane, til og frå "koloniane", der dei budde og arbeidde. Det var mange av dei tyngste pasientane på Vestlandet som budde her eit tid. Det var ikkje dei med dei alvorlegaste lidingane ein møtte på butikken til dagleg, men små og store fekk stor toleranseradius av å sjå folk som oppførte seg annleis og hadde uventa kommentarar. Eg trur dei som vaks opp her, takla å møta det fargerike felleskapet som var her. Eg ser ikkje heller ikkje vekk i frå at det gjorde noko med synet på menneskeverdet.

Det blir fortalt om då skulen herfrå var på leirskule og kom til å dela leirstad med ei gruppe funskjonshemma. Dei som styrte leirstaden blei overraska over kor greitt det gjekk å ha dei to ulike gruppene samstundes. Forklaringa låg nok i at det skulle litt til før Valeelevane lyfte brynene.

Eg var direktør på Valen sjukehus ei kort tid. Kontoret låg i den gamle overlegevillaen. Legar hadde kontor i andre høgda, og pasientar passerte døra mi heile dagen. Nokon kom innom, og  ute i parken møttest med jamleg.

Sjølvsagt var ikkje alt berre idyll. Det kunne vera harde tak på avdelingane i blant. Veggene skjuler mykje liding, no som før. Og som ikkje-fagmann kan eg ikkje seia noko vitskapleg fundert om risikoen, korkje med å gå i sjukehusparken eller å bu i nabolaget. Men som lekmann, etter å ha opplevd dagane der, og etter å ha lært korleis Valebuen ser på pasientar med psykiske lidingar og røynslene denne bygda har, konkluderer eg med at dette er ein trygg stad å bu.

Eg trur Bjørn Lydersen, generalsekretæren i Mental Helse, har rett når han seier at det er ei utfordring for samfunnet å ikkje tru at det å ha ei alvorleg psykiske liding er det same som å vera farleg. Han viser til at statistikk fra vestlege land fortel at
- sannsynligheten for at mennesker med psykose skal drepe fremmede, er én av 14 millioner.

Han viser vidare til diagnosen terroristen frå Utøy har fått og seier:
- Denne diagnosen er en skremmende merkelapp å få, med den stigmatiseringen rundt alvorlig psykisk sykdom som allerede hersker i vårt samfunn. Vi har stor forståelse for hvor redd disse personene må være for hva andre mennesker nå vil tenke om dem, seier Lydersen, og legg til:
- Dette er mennesker som er like forferdet over disse drapshandlingene som alle andre!

 Det hender at psykiatriske pasientar gjer alvorlege brotsverk. Kvar gong det skjer kjem psyktrien under debatt. Er tvang brukt til rett tid?. Kunne brotsverket vore unngått. Kven har gjort feil?

Det er på sin plass med kritiske spørsmål slik at me sikrar kvardagen for oss alle på beste vis samstundes som dei som treng hjelp, får den beste hjelpa. Likevel: Er det grunn til å tru at psykiatriske lidingar er forklaringa når vonde handlingar blir gjort? Det finst tal som seier noko om dette.

Generalsekretær Bjørn Lydersen viser til rapporten fra Olsen-utvalget, som kom i fjor. Utvalet såg på drap som er gjort dei siste fem åra av personar med kjende psykiske lidingar.
- Hovedbudskapet i denne rapporten er at det er ingen grunn til å si at mennesker med psykiske lidelser utgjør noen risiko for det trygge samfunnet som Norge tross alt er. Skulle det være noen fellestrekk for mennesker med psykiske helseproblemer, så er det at de er mer redd for andre mennesker enn at de er farlige for andre mennesker, meiner Lydersen.
..
- De største risikofaktorer for å begå alvorlig vold, er tidligere erfaring med vold og med rus. Kjent internasjonal forskning løfter opp en lang rekke risikofaktorer som i sum kan forklare under en fjerdedel av slike hendelser. Psykiske helseproblem er bare en av mange mulige faktorer, og det forklarer lite eller ingenting i seg selv.  ( Frå: Ikke grunnlag for stigmatisering: 05. desember 2011 Silje-Carine Kikut Moen <silmoe@mentalhelse.no> )

Eg høyrer barnerøyster frå bakken utafor.
Snøen er komen.
Ungane leiker trygt.
Lite trafikk,
gode naboar,
eit trygt nabolag!
Her vil eg at barneborna mine skal veksa opp!

søndag 4. desember 2011

Mykje jul og lite grann nisse!

Ja, det ynskjer eg meg til jul: Mykje jul og lite grann nisse. Mykje sol og mykje varme også sjølvsagt, men det ynskjer eg meg heile året.

Det er andre sundag i advent. Og her i huset er det julekortskrivestartdagen. To lys er tende, julekrybba er nesten tom, roser flyt i vatn i ei skål, nær meg så auga når dei, og julekort og ein god penn ligg og ventar. Klar ferdig gå! ..  Det første kortet er skrive.

Julekorta til slekt og nære vener har ofte vore oppdaterte familierapportar. I år blir det også flyttemelding. Men utover det, vel eg julekort utan nissar. Derfor passa det meg ypperleg å finna  Nissefri julepoesi laga av Kristin Straume Audestad  på bloggen til Røsslyng. Ja, for det finnest så altfor mykje julefri nissepoesi. Korta er fine, og konvoluttane gode å ta i. Nesten så det blir endå kjekkare å skriva kort.

Stova har fått adventspreg. Det skal ho ha fram til veslejulaftan. Då slepp jula inn. Men ikkje nissane. Dei er hjarteleg velkomne på kakeboksane, i gongen, i vindfanget og på kjøkenet. Dei får ta seg av maten og kleda. Jula i stova vil me ha for oss sjølv. Er det småungar i huset, (noko som går i periodar), får nissen stikka innom ein tur på julaftan, for all del. Men då kjem han med eit smil og ei god og varm røyst, og ynskjer god jul i stova. Det må han få lov til.

Rundt jueltreet kan me fryda oss over både julebodskapen og juletradisjonar, så me kan vaska golv, stryka klede, klappa i hender og vera så glad kvar julekveld for då vart Jesus fødd. Kan ikkje små ungar læra anna enn "No er det jul igjen", sa du? Nei, det sa dei til oss også. Dermed lærte ein av gutane alle vers av "Det lyser i stille grender" då han var knøttliten. Og han kan den framleis.

Englane høyrer til både advent og jul. Ja, dei er forresten velkomne heile året.

No er eg blitt bestemor, og dei strenge nissereglane har klart seg gjennom oppveksten til våre eigne barn. Er det for tøft å ta vare på denne skikken saman med neste generasjon?

PS: Om eg er streng mot meg sjølv, er eg ikkje mindre streng mot andre: firmajulekorta er nok godt meint, men har dei noko meining?