lørdag 21. mai 2011

Gi sagogryn og økseskaft ein siste sjanse!

Det må vera lov å ta ein liten avstikkar frå hovudsporet i bloggen min, som elles handlar mest om menneskeverd og sjølvbilete.

Eg hoppar rett over til sidesporet: sagogryn og økseskaft. Dei står begge i fåre for å forsvinna frå butikkhyllene, rett og slett fordi nesten ingen kjøper slikt (iflg ein journalist i Finnmark: http://www.finnmarken.no/kulturliv/article3778147.ece ).

Kva skal me med sagogryn? Laga sagopudding sjølvsagt. Er det sunt? Nei, dessert er ikkje direkte sunt, men sagopudding er mykje sunnare enn alle dessertane me kjøper ferdige eller havlferdige som inneheld ei røys med e-stoff. Kok sagopudding etter oppskrifta på posen. Server med luna bjørnebær!

Så var det økseskaftet, som snart berre er kjend gjennom uttrykket: God dag, mann, økseskaft! (Viss det er kjend framleis,då?)

Kvifor forsvinn økseskafta frå butikken? Jo, fordi ingen gidd reparera ei øks. Dei kjøper heller ei ny, sjølv om det berre er skaftet som er øydelagt.

Så, folkens, spring og kjøp sagogryn og økseskaft! Sjå på det som ein del av formidlinga av tradisjon. Og nyt sagopuddingen!
..

PS
Og no, i 2016, får sagogryna ein  ny sjanse. Det kan du lesa om her: Sagogryn får ein sjanse

5 kommentarer:

  1. Sagopudding...e da ikkje den som smakar litt sånn mandelpudding?

    SvarSlett
  2. Jo, viss du har mandeldråpar i. Det er jo ein smakssak. Godt utan og!

    SvarSlett
  3. Kjempefin blogg tante =) enkelt å greit å lese ! mvh. Yngste Jakob

    SvarSlett
  4. Så kjekt å høyra frå deg, Yngste Jakob. No blei eg varm om hjarterota! :)

    SvarSlett
  5. Er bare Lundteigen som lar ungene få bruke øks, vi andre har fjernvarme

    SvarSlett