mandag 24. oktober 2011

Kan nokon bruka mi arbeidskraft?

Eg ynskjer å vera i arbeid, men etter nokre år med fleire ryggoperasjonar, måtte eg gje opp det i ein periode. No har eg vore ufør i 6 år, og kroppen er så stabil, at eg våger meg ut i aktivitet att. Nedanfor skisserer eg kva som er min kompetanse og erfaring, men også kva som kan vera avgrensingar.

Har du ein jobb som høver for meg? Alle interesserte er velkomne til å senda ein epost til marit.totland@online.no for nærare informasjon, også nødvendige detaljar om helsa for å forstå korleis eg no kan prøva å koma i arbeid. Dei fleste stillingar må lysast ut og søkjast på, så tips om stillingar er velkomne.

Aktivitet/verv i dag:
* Kommunestyre/-formannskapsmedlem i Kvinnherad kommune. Eg var ordførarkandidat for KrF no i haust.
* Nestleiar i Normisjon
* Vara til Kringkastingsrådet
* Styremedlem i Skudeneshavn historielag

Utdanning: Adjunkt: nordisk, kristendom, psykologi, pedagogikk + ped.sem.

Erfaring:
* Leiar i friv.organisjasjonar
* Lærar, ungd.skule/vidaregåande skule
* Pedagogisk konsulent i "Kyrkja i Noreg 1000 år"
* Ordførar på Bømlo
* Statssekretær (KUF - Bondevik I)
* Direktør, Valen sjukehus
* Adminisitrasjonssjef i Helse Fonna

Styre/råd/utvalserfaring:
Styremedlem Høgskulen Stord/Haugesund, 7 år
Styremedlem Norsk Lærarakedemi, 5 år
Styremedlem Samarbeidsrådet for Sunnhordland, styreleiar 1 år
Medlem av regjeringa sitt utval: Kvalitet i skolen (fram til 1. delinnstilling)
Medlem av regjeringa si ref.gruppe for finansieringssystemet for uh-sektoren

Skriving
* Artiklar av ulik art
* Lærebøker i kristendomskunnskap, småskulen
* Pedagogisk materiell for "Kyrkja i Noreg 1000 år", til alle nivå i skulen
* Lokalhistorie på eige forlag: 5 hefte/bøker med lokalhistorie frå Karmøy/Nordfjord og ein historisk roman; Blåstrømpe (frå 1880, overgangsperioden frå segl til damp)
- Under arbeid: Ein biografi

Foredrag:
For å halda motet oppe i dei åra eg måtte vera svært passiv og knapt kunne ha ei bok på fanget, begynte eg å mala (olje). Dessutan samla eg ein del lokalhistorie på gode dagar og hadde eit par foredrag i semesteret i dei beste periodane. Slik blei noko av tida fylt med innhald, og eg heldt livsmotet oppe. Foredraga har vore på førespurnad frå ulikt hald: Kulturarrangement, festivalar, kyrkjelydar, hum.-frivillige organisasjonar,  skuleeigarar, lokalt forskarforbund, politiske fora.

Tema for foredraga, (mange om menneskeverd), har vore:
* Glede - ei alvorleg sak
* Kong Salomo og Jørgen hattemakar
* Dei frivillige og arven dei bringer vidare
* Frivillighet - kvinnene si rolle før og no
* Som dagane går
* Finansiseringssystemet i Universitets- og høgskulesektoren
* Kva har oppveksten å seia for identiteten? Hav, himmel, håp.
* Motiv, frå kyrkje - til stovevegg
* Babettes gjestebud
* Å vera foreldre og beseforeldre
* Husker du? Kvifor er den nære kulturhistoria viktig?
* Kvinne med glede
* Skuleeigar og skuleleiing - korleis gjera kvarandre betre?
* Vegen vidare for KrF - utifrå ideologien i partiet
* Blåstrømpe - levekår rundt 1880
* Julefeiring før og no
* Josef G Larssen, Vestlandets Prøysen
* Ettertanke etter møtet med eit omstreifarliv
* Elias Blix

Stikkord/avgrensingar:
* Større eller mindre stilling er av interesse
* Helst arbeid frå heimekontor/Kvinnherad
* Reise til møte med medarbeidarar eller for å ha foredrag/presentasjonar er ok
* Nav tar ansvar for arbeidsgjevar sin del av sjukepengar, også dei to første vekene ved sjukdom
* Ved lengre arbeidsøkter må eg ha kvilepausar

Elles vil eg tru denne bloggen, "Ut av uføre(t)", og historiebloggen min: Det var ein gong  vil gi eit inntrykk av kven eg er og kva eg står for.

fredag 21. oktober 2011

NAV - KRAV

Mange krev for mykje av Nav,
tenkjer nokon.
Nav krev for mykje av mange,
tenkjer andre.

Ikkje hjelp han, han er lat,
tenkjer nokon.
Smertene mine får du ikkje,
tenkjer andre.

Min båt er så liten
og havet så stort.
Min konto er så liten,
og kravet så stort
Ordningane er mange
og navet så stort,
- for stort?


Om same tema: Kven er dei uføre?

tirsdag 18. oktober 2011

Meirverdi og meir verdi

"Det e' så så løye med det!" Når pengane høyrer heime på statsbudsjettet, er det som om dei er komne under ein annan slags logikk enn dei me nyttar til kvardags. Det gjeld både på godt og vondt.

På pluss-sida kan nemnast at det faktisk er sant at staten blit litt fattigare, men landet blir rikare. Når ein gir momsrefusjon for frivillig arbeid, kan fleire få gleda av innsatsen dei frivillige gjer. Det gjeld dei som har organisert arbeidet gjennom institusjonar, men det gjeld også dei som er fotfolk i organisasjonar som held barne- og ungdomsarbeid gåande, år ut og år inn. Derfor var det eit steg i rett retning då regjeringa innførte momsrefusjon for frivillige.

Men så var det dette med budsjettlogikken. Det kunne ikkje bli ein reell refusjon, eit direkte fritak krone for krone, fordi ein ikkje visste om "det var pengar nok". Dermed blei det innført ei ordning som hadde ei kroneramme. For å få den til å fungera, måtte det lagast søknadsrutinar og fordelingssystem. Det var ikkje lurt. Dermed blei ein del av felleskapen sine pengar nytta til adminsitrasjon.

Så skulle refusjonen aukast over nokre år. Dette var mange skeptiske til, då slike løfte er avhengige av  rom innan dei komande budsjetta. Og ikkje minst: Dei er avhengige av at presset, merksemda har same styrke, år etter år, slik at første steget ikkje blir ei sovepute, den varsla opptrappinga uteblir og me er eit "løfteuføre". I budsjettet i år er det akkurat det som har skjedd. Statskassa held tilbake pengar som er betalt inn som meirverdi på frivillig arbeid fordi budsjettet skal stramast inn i staden for å trappa opp refusjonen. Spørsmålet er om dette er pengar som gjer staten rikare, men landet fattigare?

Meirverdiavgift er ein del av avgiftssystemet vårt. Avgifta skal leggjast på verdiauken på kvart ledd i "forretningane". Frivllig arbeid i lag og organsiasjonar er ein innsats som frivillige einskildpersonar gjer til beste for små og store. Det gir verkeleg meirverdi, - meir verdi i samfunnet. Dette er ein auka verdi som det bør vera staten si oppgåve å hegna om, oppmuntra og verdsetja.

Utan dei frivillige stoppar Norge, blir det sagt. Utan dei frivllige, ville me hatt et annleis Norge, vil eg seia. Eit Norge med mindre aktivitet. Det kan me leva med. Det som er verre, er at det ville vore eit Norge utan verdien som ligg i at nokon bryr seg, utan betaling. Nokon bryr seg så mykje at dei kjem seg ut, i all salgs ver, uansett dagsform, for å vera der for andre. I tillegg til å gjera ein innsats for andre, må dei ofte streva med å få pengar nok til drifta. Refusjon av meirverdiavgift vil hjelpa på slik at denne delen av arbeidet blir noko lettare. Då kan me får meir verdi i staden for meirverdiavgift!

fredag 14. oktober 2011

Barnepiken, av Kathryn Stockett - ikkje ei "Damebok"

Flyplassar er ein grei stad for impulsive bokkjøp, med lesetid tilgjengeleg i umiddelbar nærleik. Derfor stimte eg bort til bokdisken på Flesland i går for å finna noko kjekt for tur-retur Bergen - Oslo.

Men det som møtte meg før eg kom innanfor bokområdet, var ei hylle frå golv til tak, skilta med "Damer". Nei, eg hadde eg ikkje gått feil. Toalettene låg like ved, men med fine skilt av trengande damer og menn. Eg kika lenger inn over for å sjå om det også var hyller merka med "Herrer". Det var det ikkje, - ikkje ein gong nokon som var merka med "Menn".

Eg visste straks at bøkene i damehylla slet ikkje var noko for meg, enda eg er ei dame (kvinne, 50 + er vel ei dame?) Vel er eg ikkje ei ekte rødstrømpe, berre ei blåstrømpe, men likevel; Dette var det ikkje verd å bruka så mykje tid på. Likevel var det nett det eg gjorde; eg brukte tid på det; ikkje på å bla i bøkene, men på å tenkja over saka. Damebøker i 2011? Var det ikkje andre overskrifter som kunne gjort betre greie for kategorien?

Og eg som var på jakt etter ei bok som eg har gjort eit veddemål om med ei anna dame. Viss eg ikkje har lese boka innan me møtest, er det eg som skal spandera kaffe på henne. Ikkje noko veddemål med stor økonomisk risiko, men likevel eit veddemål eg gjerne vil vinna. Derfor kika eg forbi damebøkene på leit etter "Barnepiken" av Kathryn Stockett. Tittelen skulle vel tyda på at det her var snakk om ei damebok. Men nei, dette er ei bok om damer - for alle. For som Ibsen sa: Det er ikkje kvinnesak, det er menneskesak, då han blei spurt om dei realistiske skodespela hans handla om kvinnesak. Og Ibsen sitt svar kan så godt nyttast om "Barnepiken": Det er ikkje kvinnesak, det er menneskesak fordi det handlar om likeverd mellom meir enn kjønn, det handlar om det vilkårslause likeverdet, og då spesielt på tvers av hudfarge.

Meir bør ikkje seiast om "Barnepiken". Du bør lesa boka eller sjå filmen sjølv. Eg har berre lese 2/3 av boka og har filmen til gode, men våger likevel å råda deg til å bruka tid på forteljinga til Kathryn Stockett. Du får høve til å le, tenkja og vurdera mens du les.

"Forandringer begynner i det små" står det utanpå boka. Like rettar på tvers av hudfarge har det tatt tid å få. Eller forresten: Har me fått det meir enn i bokstaven? Er me framleis i uføret der me måler kvarandre etter ytre kriterier?


..

Og så, - ein time etter at dette blogginnlegget er lagt ut, blir eg via Twitter gjort merksam på at dette faktisk er eit aktuelt debatt-tema. Arve Juritsen har uttalt seg om temaet dameromanar og debatten går: Les Arve Juritsen sitt syn på saka

Eg ser av ulike innelgg i debatten at Saras nøkkel også skal tilhøyra kategorien dameromanar i fylgje nokon. Ja, er det ein dameroman, så trur eg at eg forlet debatten. Då blir heile diskusjonen utan "utgangspunkt". Ei bok som til dei grader har fokus på overtramp mot menneskeverdet, kan ikkje få ein damboketikett. Eg seier igjen med Ibsen: Det er menneskesak, altså menneskebøker, og det er så absurd at det i seg sjølv skulle vera argument nok for å sløyfa heile omgrepet.

tirsdag 11. oktober 2011

Kven er dei uføre?

Tankar om å vera ufør som dessverre ikkje går ut på dato:
 
Etter at eg blei arbeidsufør, har eg møtt mange andre som ikkje kan ta del i arbeidslivet på grunn av helsa. Ikkje sjeldan sit eg att med eit inntrykk av at "ingen er vanlege uføre", alle definerer seg sjølv som eit unntak; Det er noko heilt spesielt som gjer at dei ikkje er i arbeid lenger. Dei høyrer altså ikkje til gruppa "dei uføre", underforstått dei som ikkje gidd arbeida, som er late, sytete, snyltar på staten og ser på TV dag og natt fordi det er enklast slik.

Sjølvsagt høyrer ikkje dei eg møter til i ei slik gruppe. Det gjer ikkje eg heller. Eg seier til meg sjølv at eg ikkje treng forsvara meg, men dei første åra eg var ufør, understreka eg alltid at eg var arbeidsufør, ikkje uføretrygda. Eg var ikkje ute etter trygda, pengane, men eg hadde ein kropp som ikkje tålte meir. Og sidan stoda var slik, fekk eg då trygd fordi eg var ufør. Truleg var det få av dei eg møtte som oppfatta skilnaden. Men det var ei slags sjølvmedisinering.

For tida definerer eg meg sjølv som ein ufør som er på veg ut av uføret. Eg trur det skal gå. Det neste halvåret vil gje ein del svar. Både her på bloggen og i lokalpressa har eg spurt: Kan nokon bruka mi arbeidskraft? Også i denne situasjonen kjenner eg på det same: Det er så mykje kjekkare å seia at eg håper å koma i arbeid att, enn berre konstantera at eg er arbeidsufør, sjølvsagt fordi det er ein meir optimistisk status, men også fordi eg då på ny definerer meg utanfor kategorien "vanleg ufør".

Restarbeidsevne heiter det, - det eg og mange andre tar tak i når helsa stabiliserer seg. Restarbeidsevne, eit ord som opplevest som piskeslag når du verkeleg ligg nede, men som kan vera redninga når ei ser lys i andre enden av tunnellen. Uføre reagerer derfor svært ulikt på å bli møtt med argumentet om å finne restarbeidsevnen.

Det finnest fordommar om uføre, og desse finnest også mellom oss uføre. Eg trur det er derfor me lagar eige forsvar med ord og tankar, og reagerer kjapt når det blir gjort endringar med økonomiske og praktiske ordningar som gjeld oss, som no når uføremeldinga skal handsamast. All endring som synest å vera som ein reduksjon av eit tilbod, blir tolka som eit åtak "på oss uføre " fordi dei som styrer "forstår ingenting".


"Nei", seier du som er ufør som les dette. "Det du skriv her kjenner eg meg ikkje igjen i." Nei, det er nok mange som ikkje kjenner seg igjen. Uføre er nemleg like ulike som alle andre. Me er i ulike livssituasjonar, har forskjellige sjukdomar eller skader, opplever situasjonen svært ulikt og reagerer ulikt. Me har ein ting felles: Me mottar uføretrygd, og det har ein medisinsk årsak. På medisinsk grunnlag har ein etter nøye vurdering funne ut at kroppen ikkje maktar utfordringa ved arbeid. Konklusjonen er lik, sjølv om ikkje alltid årsaka er synleg for andre enn ein sjølv.

Kven er så dei uføre? Konklusjonen må bli at dei ikkje er noko einsarta gruppe. Det er viktig for alle som snakkar om dei uføre å vita, men det er også viktig for oss som er uføre å hugsa dette.

......

Fleire innlegg om å meistra det å vera ufør og ulike aktuelle politiske spørsmål, finn du på sidene "Meistring"  og "Økonomiske og praktiske spørsmål" øvst i bloggen.

søndag 9. oktober 2011

Proveny-auken etter særfrådrag ved kronisk sjukdom - la ikkje kronene renna ut i sanden, Bjurstrøm!

Me må heilt tilbake til 1930-talet for å finna innføringa av særfrådrag for kronisk sjuke. Etter den tida har mykje endra seg, både når det gjeld sosiale ordningar og helsetilbodet. Når ein no konkluderer med at ordninga som utgjer totalt vel 300 millionar i året er eit tungvint og treffer dårleg, bør det kunne aksepterast av dei som i dag har frådraget av ein grunn: Finansdepartentet lovar at tilskotet skal fordelast til same grupper på ein betre måte, og har skissert korleis det skal skje det første året når ordninga blir gradvis trappa ned. Så langt – alt vel.

Men så kjem setninga som uroar meg: Finansdepartementet skriv: "Den resterende provenyøkningen fra å avvikle ordningen disponeres i forbindelse med budsjettprosessene i den resterende avviklingsperioden, det vil si i budsjettene for 2013 og 2014."

Proveny er eit kjekt ord. Dei som har vore nær prosessen med statsbudsjettet veit at ordet "provenynøytralt er eit flott ord: Det inneber at ei ordning kan vidareførast/innførast utan at det kostar noko; det aukar ikkje utgiftsida i budsjettet. Når det gjeld særfrådraget, vil det gi ei proveny-auke, det blir altså pengar "ledige". Slike synlege kroner i budsjettet er mykje lettare å få nytta enn om ein vil finna dei "på ny". Derfor, statsråd Bjurstrøm, stå vakt om desse kronene. Bruk dei fornuftig til beste for dei som treng dei mest. La dei for all del ikkje renna ut i sanden! Og hugs me reknar med at pengane som i dag blir nytta til den dyre administreringa av ordninga, også blir tatt vel vare på ,- då dette ligg innan det som er proveny-nøytralt.
 
Det er meir å lesa om sak på Finansdepartementet si heimeside. Her er eit utdrag derifrå:
Departementet mener dagens særfradragsordning ikke kan videreføres. Etter å ha vurdert ulike løsninger foreslår departementet å oppheve skatteloven § 6-83, og at særfradraget for store sykdomsutgifter fases ut over en periode på tre år. I 2012 tas utgifter til tannbehandling, transport og bolig helt ut av ordningen. Samtidig stenges ordningen for nye brukere. Midlene som frigjøres ved avvikling av ordningen, brukes til å styrke eksisterende ordninger på utgiftssiden med tilsvarende formål. For 2012 foreslås det å styrke folketrygdens refusjonstakster til tannbehandling, Husbankens tilskuddsordning til etablering og tilpasning av bolig, folketrygdens bilstønadsordning for gruppe 2-biler for barn og unge samt Diabetesforbundets arbeid med motivasjonsgrupper og å oppdage diabetes tidlig. Den resterende provenyøkningen fra å avvikle ordningen disponeres i forbindelse med budsjettprosessene i den resterende avviklingsperioden, det vil si i budsjettene for 2013 og 2014. Bruken av tilgjengelige midler i framtidige budsjetter vurderes i dialog med brukerorganisasjoner.

søndag 2. oktober 2011

Større enn NM, EM og VM.

NM, EM, og VM
er for dei som blir meistrar,
dei som når toppen.
Meistring er for dei
som når eit lite steg lenger
- ikkje kvar dag
men av og til.
Somme tider går det bakover,
men like etter:
framover på ny,
eit lite steg eller to.
 
Ein meister tapar oftast,
vinn av og til.

Ein som meistrar livet sitt
har ofte tapt mykje
og har myje å vinna.