mandag 15. oktober 2012

Utstilling - Velkomen innom!

Eg tok eit lite tilbakeblikk på bloggen, og oppdaga at eg har lova flittige lesarar å leggja ut nokre fleire av bileta mine. Så her kjem nokre av dei.
Fleire bilete finn du på den digitale utstillinga: Galleri Nauthydlaren

Til lokale lesarar:

Ta gjerne turen innom i Eplehagen 48 på Valen. Vil du vera sikker på at eg er heime, ta kontakt på marit.totland@knett.no eller tlf 98060938
...

Dører blir stengde og dører blir opna. Ikkje visste eg at det var så mykje å gleda seg over i rommet med form og farge.

Flaks, seier den eine måken til den andre når dei får sitja på med trestammen innover fjorden
( 60cmX90X5, seld)


I løvehola (kr 2000,- 80X60 cm. med ramme)



Vår på Valen (kr 1000, 50X20X5 cm)
Hornelen i Nordfjord (kr 4000,-115X50X5 cm)


Tema med variasjon:
Somarfugl i vinterland

(kr 1000,- 40X30 cm, med sveveramme)



(kr 1500, 60X60X5 cm)


(kr 1000,- 40X30 cm, med sveveramme)

Valen:

(kr 1000,- 40X30 cm, med sveveramme)

Valebua i kveldsstemning, Seld


Vikingskipet Dragen, bygd i Haugesund

(kr 1500,  90X30X5 cm)

Tidlegare postar med eit eller fleire bilete:
Sommarfugl i vinterland
Kan eg makta å halda ein pensel
Reglar for kor bilda skal hengast opp
Skomakarverkstad
Vår i Hardanger

onsdag 10. oktober 2012

Færre uføre enn før

"Har me det for godt når to av fem i arbeidsstyrken får trygd?" Dette var temaet for Debatten 11.10.

Og det er eit godt spørsmål, - eit slikt spørsmål som ofte får meg til å spørja etter kva som ligg bak spørsmålet, og ikkje minst korleis tala er komne i stand.

Eg har gått stortingsmeldinga, Uføremeldinga, etter i saumane, og fekk nokre aha-opplevingar
då eg kom over ein del fakta som gjeld uføre;  tal som kan gjera debatten meir nyansert. 


* Det er fleire eldre i landet. 
Sidan 2000 har auken i talet på personar mellom 55 og 67 år vore spesiell sterk.  Denne auken er større enn auken i uføre i den same gruppa. Det er altså fleire mellom 55 og 67 som er uføre no, men det er ein lågare prosent av den aldersgruppa.

* Mange kvinner blir uføre. 
Forskarane har ikkje konkludert med kva som er årsaka til dette, men her gir også tala ein peikepinn. Kvinner har lågare dødelegheit i alle årsklassar. Der menn døyr av sjukdomane dei får, overlever kvinna eller får i mindre grad dødelege sjukdomar tidleg i livet. Kvinner får oftare muskel- og skjelettplager/sjukdomar. 
Mange menn som har svak helse, har hatt høve til å gå av med AFP når pensjonsalderen nærma seg. Mange kvinner som arbeider deltid, har ikkje hatt det høve, og har gått over på uføretrygd når helsa svikta. 
Kvinnene si deltaking i arbeidslivet har auka med gjennomsnitleg 11,5 år frå 1989 til 2008, medan mannen sin auke har vore på 1 år. Arbeidstyngda på kvinner som gruppe, har altså endra seg monaleg, og det er naturleg at slitasje/ skade i yrkeslivet fylgjer utviklinga. 

* Høg sysselsetting
Ved høg sysselsetting tar ein store deler av arbeidsstyrken i landet i bruk. Det inneber også at fleire som i utgangspunktet har vanskar i arbeidslivet, får ein plass der. Desse har likevel større fare for å "detta ut att" av arbeidslivet. 

Ikkje fleire uføre, relativt sett.
Dette fortel at dei demografiske fakta forklarer auken i talet på uføre. Hadde det vore like mange uføre prosentvis som for nokre tiår sidan, skulle det faktisk vore fleire uføre no enn det er i dag.
Det er altså ingen smitteffekt, ingen lettare tilgang til trygd, ingen lette utvegar som er forklaringa.
Stortingsmeldinga peikar også på store skilnader mellom høgt- og lågtløna, høgt og lågt utdanna, og den gir ein del internasjonale samanlikningar, alt av stor interesse for den som er oppteken av temaet.

Eit stort puslespel.
At talet på uføret ikkje har auka, relativt sett, inneber ikkje at ein ikkje skal setja fokus på korleis fleire kan vera i arbeid, heit eller delvis, eller korleis ein kan unngå at unge ikkje får prøva seg i arbeid med den helsa dei har. Alle er tente med det: Arbeidslivet, samfunnsøkonomien og personleg utvikling, velvere og sjølvbiletet hjå den som ikkje kan gå heilt i takt med fleirtalet. 

Kunne berre ordskiftet framover tatt sikte på å kasta lys over dei tiltaka som kunne fremja dette! For at det skal skje, må me som er uføre la vera å gå i skyttargravene, dei friske må la vera å spreia mistanke og arbeidsgjevar og styresmaktene må gå saman om gode praktiske og økonomiske tiltak. Så får me saman få i hop det store puslespelet der me har kvar vår brikke som trengst for å danna heilskapen.

 **

Mine tidlegare bloggpostar som handlar om praktiske og økonomiske ordningar, finn du ei liste med lenker til  her 

Når somrane ikkje kjem

Når sommaren kjem
skal eg ...
eg skal ...
me skal...
og ....

Fyll ut det som manglar!

Så blir ikkje sommaren som ein håpte på
og ein får setja sin lit
til ein annan sommar.

Når sommaren er over,
somrane er over
og ikkje kjem att
slik dei gjorde før,
når eg ikkje lenger kan...
vil...
eller skal...
fordi kroppen trur at det allereie er langt på haust,
(eg har sagt ifrå om at det er feil,
men kroppen høyrer ikkje),
- då må eg finna noko anna
å vilja
skulla
kunna.

Og då krev eg ikkje heile sommaren,
men nokre solstråler gjer godt!

søndag 7. oktober 2012

BPA må finansierast nasjonalt

Oppdatert 2.okt. 2013

Brukarstyrt personleg assistent er ei flott ordning som kan setja fleire i stand til å ha ein aktiv kvardag, både i arbeid og fritid.

Med den hjelpa ein treng, på den måten ein sjøl ynskjer det, kan ein med ordninga leggja til rette for sitt eige liv, slik dei friske gjer som det mest sjølvsagte kvar einaste dag.

Alle kan søkja om slik assistent, og kommunen vurderer kva som blir gitt. Det er heilt klart at dette gir store skilnader på kva tilbod ein får rundt om i landet. Det er derfor bra om ein lovfestar retten, slik den nye regjeringa varslar at dei vil gjera.

Men ei lovfesting løyser ikkje problemet. Om me liker det eller ikkje, må me innsjå at dette er ei såpass kostbar ordning, at dei fleste kommunar vil halda tilbodet på eit minimum, rett og slett fordi det elles fort vil gå utover andre tilbod som nokon har krav på. For ein liten kommune vil det bli bort i mot uråd å gje eit godt tilbod om brukarstyrt assistent.

BPA er ei ordning som er god for den som får assistent. Det er også ei god ordning for samfunnet. Totalresultatet vil nemleg vera positivt også i kroner og øre i mange tilfelle. Problemet er berre at den som sit med rekninga, ikkje har noko å henta på reknestykket. At ein person kan fungera i ei delstilling i staden for å vera 100 % ufør, gir ikkje innsparing for kommunen.

Det blir ofte ropt etter likskap i ulike ordningar, ofte også på område der det kunne vera greitt med mangfald. BPA er ei ordning som det er tverrpolitisk støtte til. Måtte den støtta ikkje berre visa seg som sympati for ei god sak, men som handlekraft til å gjera ordninga nasjonalt finansiert.


Tidlegare innlegg om BPA: Brukerstyrt personleg assistent, kva er det?

tirsdag 2. oktober 2012

Ja, - er det ikkje fælt?

Ein svært tunghøyrt mann var ivrig etter å koma seg ut på det faste kaffetreffet om føremiddagen. Kona lurte på kvifor det var så viktig for han å møta dei andre. Han høyrte jo så lite, så han kunne ikkje få så mykje med seg i samtalane. Ho lurte derfor på om han ikkje opplevde å sitja der utan å kunne fylgja samtalen. Men han hadde svaret klart:


- Å, nei. Med passe mellomrom, når det blir ei pause i praten, seier eg: "Ja, er det ikkje fælt", og då er eg med i samtalen att.

Det er mange debattprogram for tida. Og eg er ivrig sjåar. Ofte blir eg engasjert også. Så engasjert at det tyt ut både på Twitter, blogg, facebook og i avisspalter. Samstundes undrar det meg at når ein skal drøfta ei offentleg teneste, får me stadig servert traurige greier. Alt er fælt i "verdas rikaste land".

Sjølvsagt blir det lite debatt om ein i utgangspunktet er for nyansert. Og sjølvsagt skal svake sider ved samfunnet vårt rettast opp att. Avvik skal meldast og fylgjast opp. Folk skal stå ansvarleg for val dei gjer på vegne av andre.

Partipolitisk vinst skal det visst vera å henta på å nytta store ord. Kanskje fleire skulle ta ei ekstrasløyfe i tankebanen før dei skyt i veg? Korleis ville eg ha gjort dette om eg sat med ansvaret? Er det realistisk å løysa dette på kort sikt? Er dette unntak eller regelen?

Programleiarar må no berre setta sakene på spissen, om dei vil. Problemet er at dei sprer ei haldning til at alt er så fælt. Det er det ikkje.


Til ettertanke frå Twitterstraumen:
 
Følg med tiden, men ikke med strømmen, for strømmen går alltid nedover. (NN)