lørdag 21. april 2012

Frp: KrF har alltid visst at det kostar å samarbeida. Derfor..

Eg meiner det same no som i vår då dette blei skrive:

Dette skulle ikkje vera ein partipolitisk blogg, men i samband med Siv Jensen sin tale denne veka, kan eg ikkje la vera å koma med ein kommentar.

Frp vil ha gjenomslag for politikken sin.
Frp ynskjer seg eit nytt fleirtal som kan danna regjering etter valet. KrF er velkomen til å vera med i det fleirtalet. Ja, truleg vil dei også vera avhengige av det vesle partiet for å få det nødvendige fleirtalet.

Slik har det også vore før. Då har KrF avvist eit slikt samarbeid. Og kven høyrer ikkje ekkoet av svaret frå KrF-leiarar: Det er fordi politikken er så viktig, og me har respekt for at Frp vil gjennomføra sin politikk. Den er i innhald så ulik vår, at me ikkje ser korleis me skal kunne sitja i lag i regjering og ta store avgjerder, dag for dag.

Det svaret likte ikkje Frp, - men hevda at KrF såg på dei som spedalske og klaga på vårt menneskesyn, fordi "me såg ned på dei". Presiserande svar blei gitt: Det er respekt for ulik politikk som er forklaringa.

Så går det mot ny valkamp og sentrumspartia må ta stilling til blokkene på ny. Vil me ha ny regjering, og vil me i så fall gå saman med FrP?

Nå står Siv Jensen fram; klar og tydeleg, og seier at Frp vil ha gjennomslag for sin poltikk i ei evt ny regjering. Ho er nesten såra på partiets vegne når andre viser til område hjå Frp som ein ikkje kan støtta. Venstre får mellom anna vita at det ikkje er snakk om å få noko liberal innvandringspolitikk.

Det er no eg undrar meg: Ho forventar at sentrumspartia skal bøya seg for Frp i store viktige saker, men har over år vist at ho ikkje har skjønt at det er derfor samarbeidet er så utfordrande og fjernt.

Eg kunne forstått dette dersom Siv Jensen uttalte dette som ei sakleg konstatering, men det høyrest faktisk ut som om ho er litt såra over at det ikkje er sjølvsagt at dei som stort parti har stor makt.

Jo, partiet Frp er ganske stort, og dei kan krevja å bli høyrt utifrå sin storleik, men dei kan ikkje venta at andre skal leggja si tyngd til for å vippa eit fleirtal dersom vippa då ender ned på feil side, slik samarbeidspartia ser det.

Langt fram
Det er enda eit stykke fram før KrF tar stilling til regjeringssamarbeidet. Til no har KrF og Frp i regjering ikkje vore aktuelt. Om partiet finn at situasjon no er slik at det er naturleg å prøva ut eit slikt samarbeid, fordi landet treng i ny regjering, vil visa seg.

For min del blir eg litt trist med tanke på for lange steg, både til høgre og venstre, rett og slett fordi eg meiner den beste politikken er å finna i sentrum. Men skal det bli eit realistisk alternativ, må fleire meina det same.

Bondevik-1
Og når eg først skal kommentera partipolitikk for ein gong skuld her på bloggen, er det vel greitt å seia det som det er, eller som det var: Eg var statssekretær i Bondevik-1. Der lærte me kva ein kunne få ut av eit regjeringssamarbeid. Me lærte også at det hadde sin pris, sjølv om me faktisk då ikkje var ein veslebror i samarbeidet.



tirsdag 17. april 2012

Aprilgjesten skriver: Strøtanker om menneske

Gamle Ugle er aprilgjest på bloggen "Ut av uføre(t)".   Velkommen!  Ordet er ditt:

Strøtanker om menneske

som menneske er jeg levende liv
  ikke en legokloss

som menneske er jeg natur og kultur på en gang
i uendelig kompliserte vekselvirkninger
noen ganger kjennes det som om kroppen min sier stopp
som om natur-meg peker nese til kultur-meg
men kroppen er også kultur - så kanskje kulturkræsjer jeg med meg selv?
ikke godt å si – for så sammenfiltret er natur og kultur i menneske meg

som menneske bærer jeg i meg historien
den som er felles for alle mennesker
men jeg har også min helt egen historie
er som en russisk dukke jeg
inni meg er det mange mindre utgaver av meg
noen er veldig små - allikevel ikke umerkelige
den ytterste store dukken fronter verden
bærer byrden og blir av og til veldig sliten
innerst gråter kanskje den minste fortidsdukke
eller en litt større roper høyt av fryd
slik merker jeg min helt egne historie i meg selv
rett som det er

som menneske er jeg både kropp og følelser og tanker
balanse mellom disse tre er det beste
men ikke så lett å få til
det gjelder å svinge så godt man kan og tåle et velt nå og da
sier jeg trøstende til meg selv

som menneske er jeg alene
innerst inne er jeg det
siden bare jeg bor i min kropp
for bare jeg er meg
min opplevelse er bare min egen
ingen andres

som menneske er jeg både forskjellig fra og lik andre
det blir min identitet det
derfor kan jeg merke meg selv ved å gjenkjenne glede og smerte i andres glede og smerte
men samtidig kjenne at vi er atskilte

som menneske er jeg ikke bare det ytre du ser
jeg er mye mer og det er du også
det meste synes ikke høres ikke merkes ikke
jeg kan bare ydmykt nærme meg deg
og du meg
vi kan være undrende åpen og lyttende til hverandre

som menneske er jeg skapende
jeg skaper mening i mitt liv
ingen andre kan gi meg min mening
jeg må skape den selv gjennom inntrykk som når meg
og som kanskje matcher noe i meg - eller kanskje ikke?

som menneske er jeg subjekt og derfor alltid subjektiv
det er ikke mulig å være objektiv som menneske
ikke på ordentligordentlig
for jeg kan ikke hoppe ut av meg selv og oppleve noe som helst fra utenfor meg selv

men hva så?
jeg lever godt med erkjent subjektivitet jeg
så lenge jeg vet det er sånn det er
og at det finnes mange andre ”sannheter” også
for andre

som menneske trenger jeg å uttrykke meg
gjennom ord og mange andre kanaler
noen opplevelser finnes det ikke ord for
da er jeg glad for klang og rytme og musikk av alle slag
og farger former bilder
samt kroppens bevegelser i dans og teater
sanselighet kaller jeg det (natur og kultur dette også)

noen ganger trenger jeg nærværet av en annen
som om det å puste var et uttrykk som slapp ut
og kanskje ble tatt i mot, av deg?
da ble uttrykket til kommunikasjon og kanskje til relasjon

som menneske har jeg (tror jeg) noe mystisk som kalles sjel
og som jeg ikke helt vet hva er
det er vanskelig å fange i ord dette
men noen tror på noe utenfor seg selv
andre tror på noe i det aller innerste i dem selv
noen elsker kunsten og føler seg løftet ut av seg selv av den
det finnes sikkert mange andre åndeligheter også


som menneske er jeg en av mange
jeg er levende sammen med andre på godt og vondt
siden vi mennesker er temmelig forskjellige kan det bli klabb og babb
men det kan være ganske fint også at vi er flere (og forskjellige)
for da er vi til sammen ganske mangfoldige

men det gjelder å respektere de andre
og da må man respektere seg selv
merke og markere egne grenser

for vi kan ikke dirigere hverandre rundt
bygge opp og rive ned etter eget forgodtbefinnende
nei vi må anerkjenne hver enkelts rett til autonomi

for vi er levende mennesker ikke legoklosser
 ©gamle ugle
Flere dikt av Gamle Ugle finner du her

mandag 16. april 2012

Twitter – dialog, koseprat, debatt, informasjon?

Kommunikasjon i kortform, - det passer meg utmerka. Ved bruk av e-post, har eg i lengre tid forklart dei eg sender post til ofte, at eg har ei svært utprega kortform. Dei må derfor ikkje bli fornærma om dei stiller eit utførleg spørsmål og til slutt ynskjer meg og mine alt godt, for så å få til svar:   ok, me    (me = kortform for Marit Elisebet). 

Viss mottakaren ikkje forstår å tolka dette som: - Dette er flotte greier. Køyr på! Alt er bra her, og eg håper det same for deg, kan dei bli ganske fornærma. Med slike vanar fann eg meg fort til rette i Twitter-verda. I starten sende eg berre lenker, innhaldstweets, diskusjonsinnlegg, spørsmål og svar. Eg syntest det var litt underleg at folk nytta Twitter til smalltalk, og skreiv då  
                Fra Olav Kjørven til kaffiskåler 

Twitter kjem av kvitring, - fuglekvitter, og etter det eg kjenner til, så skal det meste av det me høyrer av fuglekvitring, vera alt anna enn fin musikk for våre øyro. Det er kommunikasjon mellom fuglane, mellom anna som viktig reiskap i kampen for å overleva. Like fullt er den musikk for oss, til glede og avslapping. Kanskje det er slik med Twitter også? Hensikta er for dei fleste å dela meir eller mindre viktig informasjon, men samstundes blir den til glede og rekreasjon. Alt til si tid kanskje:

Nyttig informasjon og interessante lenker finn eg ofte hjå @willJens @annatw og @jakobarvola 

Og vil eg ha nokon å leika meg med språk saman med, kan eg plukka fram @oleneikopp @sveveper @2rvund @estermoe og  @janeeike

Måkeskrik?
 
Her twitrar me med det nebbet me har. Kvitring høyrest mest ut som pen og pynteleg fuglesong. Men måkeskrik, er det lov på Twitter? Det er det nok, men det vil visa seg om det er mange som trivest med det. I tilfelle dei ikkje gjer det, mister du dei som fylgjarar, stille og roleg. Men dei fleste vil ikkje mista fylgjarar, dei vil ha fleire. 

Thomas Moen  har eit råd om korleis ein skal få meir action i eigen Twitterstraum:
 For kvar melding du sjølv skriver, svar på fem tweets frå andre. 
 Dermed vil ein koma i dialog, og fleire vil finna det interessant å fylgja. Dessutan vil det få i gong gode samtalar.  

 Eg tar poenget. Dialog skaper samhald. Dette merkte me svært godt 22.juli i fjor og dagane som fulgte. Då me alle sat stille, - sjokkerte.  Ingen trengte å vera "åleine", på sett og vis. Og slik er det kanskje også i dei dagane me har no: Dei som vil, har nokon å oppleva dagane saman med. 

Twitter er altså ein sosial stad å vera, ikkje berre ein informasjonsleverandør. Men det har ein hake ved seg: Det fyller opp i Twitterstraumen. Det er så si sak at andre sin småprat, stadfesting av mottatt bodskap og smilefjes fyller opp på min skjerm. Det er ok. Men at dei som fylgjer meg, skal måtte hoppa lett over tweets som er ei samtale dei ikkje er ein del av, plagar meg litt. Det er som å sitja på ein restaurant og snakka for høgt, slik at dei ved nabobordet ikkje får fred. 

Og kva med dei som har meg på listene sine? Når dei går innom og sjekkar om det er noko interessant der, vil dei finna mine «God-natt»-tweets og «Ja, det har du rett i» - tweets der. Det må vera irriterande. 

Så var det dette med å barbera seg og å skjæra hovudet av seg. Eg er komen til at eg vil vera både sosial og sakleg. Det er jo kjekt med ei hyggeleg helsing i godt lag frå @sunnfjording og @oariise  Derfor er eg meir aktiv i samtalar enn før. Og eg held på samtalen lenger. Dermed blir det ofte nokre ekstrarundar med interessante vendingar i samtalen. Twitrarar som er flinke til å ha slike samtalar i min Twitterstraum er: @olemom @gamsjo @SturlaP @aoest @Revetal @RagnhildMe  @maritga @EllenRo og @spindellett

Men så var det dette med å fylla opp hjå andre. For å unngå det, går eg tilbake på mine eigne tweets om kvelden, og slettar det eg sjølv har lagt etter meg av smalltalk. Er det dumt? Unødvendig? Lurt? Det finnest nok ikkje fasitsvar på desse spørsmåla. Me har kvar vår fasit, og vil sikkert trivast samen med dei som held seg til same fasiten. Slik er det greitt med Twitter. Men kva tenkjer du om det?

lørdag 14. april 2012

Tala taler: Færre uføre no enn før

«Skal eg le eller grina?» 

Eg sat og såg på Nytt på Nytt, og høyrde straumen av påstandar, insinuasjonar og vitsar. Er dei morosame på mi rekning? Er dette ein slags lytehumor, der ein ler og kosar seg over andre sin lagnad? 
Kjenslene riv litt i meg ei stund. Kunne ikkje i alle fall fredagskvelden vore ein frikveld, i alle fall utanom nyhetssendingane, slik at eg kunne få «vera ufør i fred» ei lita stund! Men eg vel ein annan strategi: Eg ler med. Mange kommentarar er gode og treffande, og ganske snart høyrer eg at me er på lag. Ironien og sarkasmen er så kraftig at eg faktisk opplever at dei forsvarer meg. 

Kanskje andre opplevde dette annleis? Det fortel berre at kjensler er ein ustabil målestokk når det gjeld desse spørsmåla. Eg vil derfor heller peika på ein del fakta;  tal som kan gjera debatten meir nyansert. 

«Det er altfor mange føre", blir det sagt. Og seier ein det same mange gonger, blir det før eller seinare ei slags sanning. Men er dette sant? Blir det stadig fleire uføre?  Uføremeldinga som blei lagt fram for Stortinget i fjor, Prop 130-l-2010--2011 har ei rekke fakta om dette. Eg tar med ein del av desse, og kommenterer dei: 

* Det er fleire eldre i landet. 
Sidan 2000 har auken i talet på personar mellom 55 og 67 år vore spesiell sterk.  Denne auken er større enn auken i uføre i den same gruppa. Det er altså fleire mellom 55 og 67 som er uføre no, men det er ein lågare prosent av den aldersgruppa.

* Mange kvinner blir uføre. 
Forskarane har ikkje konkludert med kva som er årsaka til dette, men her gir også tala ein peikepinn. Kvinner har lågare dødelegheit i alle årsklassar. Der menn døyr av sjukdomane dei får, overlever kvinna eller får i mindre grad dødelege sjukdomar tidleg i livet. Kvinner får oftare muskel- og skjelettplager/sjukdomar. 

Mange menn som har svak helse, har hatt høve til å gå av med AFP når pensjonsalderen nærma seg. Mange kvinner som arbeider deltid, har ikkje hatt det høve, og har gått over på uføretrygd når helsa svikta. 

Kvinnene si deltaking i arbeidslivet har auka med gjennomsnitleg 11,5 år frå 1989 til 2008, medan mannen sin auke har vore på 1 år. Arbeidstyngda på kvinner som gruppe, har altså endra seg monaleg, og det er naturleg at slitasje/ skade i yrkeslivet fylgjer utviklinga. 

* Høg sysselsetting
Ved høg sysselsetting tar ein store deler av arbeidstyrken i landet i bruk. Det inneber også at fleire som i utgangspunktet har vanskar i arbeidslivet, får ein plass der. Desse har likevel større fare for å "detta ut att" av arbeidslivet.

Ikkje fleire uføre, relativt sett.
Dette fortel at dei demografiske fakta forklarer auken i talet på uføre. Hadde det vore like mange uføre prosentvis som for nokre tiår sidan, hadde det faktisk vore fleire uføre no enn det er i dag.

Det er altså ingen smitteffekt, ingen lettare tilgang til trygd, ingen lette utvegar som er forklaringa.
Stortingsmeldinga peikar også på store skilnader mellom høgt- og lågtløna, høgt og lågt utdanna, og den gir ein del internasjonale samanlikningar, alt av stor interesse for den som er oppteken av temaet.

Eit stort puslespel.
At talet på uføret ikkje har auka, relativt sett, inneber ikkje at ein ikkje skal setja fokus på korleis fleire kan vera i arbeid, heit eller delvis, eller korleis ein kan unngå at unge ikkje får prøva seg i arbeid med den helsa dei har. Alle er tente med det: Arbeidslivet, samfunnsøkonomien og personleg utvikling, velvere og sjølvbilete hjå den som ikkje kan gå heilt i takt med fleirtalet. Kunne berre ordskiftet framover tatt sikte på å kasta lys over dei tiltaka som kunne fremja dette! For at det skal skje må me som er uføre la vera å gå i skyttargravene, dei friske må la vera å spreia mistanke og arbeidsgjevar og styresmaktene må gå saman om gode praktiske og økonomiske tiltak. Så får me saman få i hop det store puslespelet der me har kvar vår brikke som trengst for å danna heilskapen.

 **
Dette blei mitt hjartesukk, "eit objektivt hjartesukk" denne gongen. I dag har eg lese eit subjektivt: eit ordentleg hjartesukk, som dreier seg om det same. Det finn du her på Mormors klagemur: Me retten til å klagaSkammens penger

Mine tidlegare bloggpostar som handlar om praktiske og økonomiske ordningar, finn du ei liste med lenker til  her 

onsdag 11. april 2012

Ja, fleire kan arbeida meir om "trollet" blir mindre.

I Dagens Næringsliv kan me lesa at forskning viser: Uføre arbeider mer dersom de beholder mer av lønnen.

– På den ene siden er det ikke overraskende at flere begynner å jobbe når de får mer igjen for det. På den annen side er det spennende at økonomiske incentiver også virker for en gruppe som er 100 prosent uføre og som i utgangspunktet ikke kan jobbe, seier Kostøl til DN.

Denne utsegna kan brukast av dei som vil seia: Ja, dei er 100 uføre. Likevel vil dei arbeida dersom dei får løn i tillegg til trygd. Dei kan ikkje vera mykje uføre, - eigentleg.

Og dei har for så vidt rett. Ein får 100 % trygd fordi ein ikkje er i stand til å gå i fast jobb.  Men mange er likevel i stand til å arbeida litt, av og til. Og både den uføre, samfunnet og arbeidslivet tener på at dei gjer det. Derfor er det rom for å ha noko inntekt, men det er sett ei grense for kor mykje ein kan tena i tillegg til trygd.

Vidare undrar Kostøl seg over at økonomiske incentiver virker på denne gruppa. Det må ein ha skoa på for å forstå. Når ein vil arbeida med dei kreftene og den helsa ein tidvis har, møter ein i dag eit troll med to hovud.

Det ein trollet seier:
- Fy, fy, du tener meir enn lova tillet. Du er lovbrytar. Skam deg!

Det andre trollet seier:
Jasså, du kan jobba, ja? Då reduserer me trygda di eit par titals prosent for tida som er gått og for dei komande åra. Vil du tilbake til same uførestatusen som før, får du stilla i vurderingskø. Viss du når gjennom der, får du etterbetalt den trygda du hadde rett på - om nokre år. Får du problem med økonomien mens du ventar, seier du? Ja, men du kan jo arbeida og tena pengar slik du har gjort i det siste. Varierer helsa, seier du? Ja, men det bryr ikkje eg meg om.

Ny uføretrygd, med kutt av to trollhovud.
I den nye uføretrygda som er vedteken, er ordninga fra prøveprosjektet satt i system. I tillegg er fribeløpet nærast halvert. Om du tener noko utover fribeløpet, sit du att med 30 % av dette. Slik tener du etter kvart "meir av dine eigne pengar", samstundes som det svarer seg å prøva å arbeida.

Eg trur dette er ei god ordning, nettopp fordi dette inviterer til å ta ut arbeidsevnen som Kostøl trur det er dei økonomiske incentivene som gir. Det skulle vore interessant å sjå nærare på samanhengane: Om det ikkje er mindre angst for trollet som eigentleg slår ut.

Meir troll
Troll sprekk i lyset, heiter det. Men kven av oss tør seia at me har møtt trollet med to hovud? Me vil jo helst vera rasjonelle og berre argumtera med fakta, ikkje opplevingar og angst for konsekvensar.

I det heile er det mykje me helst ikkje snakkar om, i alle fall ikkje eg. Helst vil eg unngå å seia at eg er arbeidsufør. For det er så mange uføre, så altfor mange, seiest det. Det kan nesten ikkje vera rett at det skal vera så mange, kviskrar eit anna troll.

Det trollet vil eg kappeta med. Eg tar større ord i munnen og ropar tilbake: Du må hugsa på at me har svært så høg yrkesdeltaking, låg arbeidsløyse og høg pensjonsalder samanlikna med andre land. Kom ikkje her og legg skuld(kjensl)a på meg!

Tidlegare bloggpostar om same tema:
Fribeløp i uføretrygden og kompensasjongraden, dei fleste vil tena sine eigne pengar
Hva innebærer forliket om uføremeldinga?

torsdag 5. april 2012

Takk, eg har det bra!

Korleis står det til?
spør du.
Takk, eg har det bra,
svarer eg.
Og det er sant.

Eg seier ikkje:
Takk, eg har det berre bra,
for det hadde ikkje vore sant.

Kan sosiale nettverk kombinerast med kroniske smerter?
Eg les det i ein artikkel
og forstår spørsmålet.

Det svarer seg ikkje,
seier me stadig vekk om alt og ingenting.

Kvifor svarer eg ikkje heller:
I dag har eg det fælt
viss det er sant?

Fordi det svarer seg ikkje.

Lyg eg for deg?
Nei.
Eg tar fram den delen av meg som har det godt
i møte med deg
dei aller fleste dagane.
Og så er det nokre dagar innimellom
då eg lyg om eg seier det,
men då slepp eg å seia noko
for vener ser..

Korleis det gjekk med målet om å koma ut av uføre(t)
då eg spurte:
Kan nokon bruka mi arbeidskraft?

Det gjekk ikkje så greitt som eg trudde.
Men:
Takk, eg har det bra!

Dessutan:Men smertene mine får du ikkje


Vil du sjå nærare inn i denne delen av livet, skal du lesa novella "Husker du meg?" av Sigurd Hoel. Det var der eg lærte at det er lurt å finna ut kva som "svarer seg".