torsdag 4. august 2011

"Det er Marianne!" sa Gro Harlem Brundtland, - ein tale om menneskeverd på tre ord.

Marianne, 16 år, blei gravlagt frå Domkyrkja i Stavanger.

Den tidlegare statsministeren vår, Gro Harlem Brundtland, var til stades og blei intervjua etterpå. Ho sa kloke ord om ungdomen på Utøya som ho hadde møtt like før dei blei drepne. Ho kom inn på at ho visste litt om kva det var å mista eit barn, men ho let seg ikkje freista til å fokusera på seg sjølv.
- Det er Marianne," sa ho. "Det er Marianne me tar farvel med."

Ho kunne lagt ut i det lange og det breide om menneskeverdet, om kor viktig den einskilde er og at livet  er ukrenkeleg. I staden seier ho det med tre ord: "Det er Marianne." Det gjeld ei jente på 16 år og ho har eit namn. Menneskeverdet kan nemleg ikkje målast i mendger. Det dreier seg om den einskilde. Ho var ikkje nummer 40 eller 60 på lista over drepne. Det var Marianne, den Marianne familie og vener kjende, og som no er borte, med sin latter, sin omsorg for kattar, si hjelpsame haldning, sin vilje, ja, heile livet hennar er vekke. - Og det fantest berre ei av henne.

Gro møtte ikkje opp i gravferda til eit av offera frå Utøya. Ho møtte opp i gravferda til Marianne, og lærte oss med det ei lekse om menneskeverd ved hjelp av tre ord.

Takk, Gro Harlem Brundtland!

Andre innlegg om 22/7:
Sit stille, stille
I ettertankesmia
Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred
I skulestova og ved stovebordet

7 kommentarer:

  1. Godt at Gro kan fokusere på det som teller

    SvarSlett
  2. Mormor sier:
    Alle er vi bare en og alle er vi en del.
    Når en del mangler, blir det hull.
    Akkurat det hullet kan ikke tettes av noe eller noen.

    Ha en god dag :-)

    SvarSlett
  3. Takk til Helene, Kamelryttersken og mormor!

    Ja, mormor, tenk om vi hadde forstått hvor stort det hullet er, før det er der, - mens personen er sammen med oss!

    God helg til dere alle tre!

    SvarSlett
  4. Dette var godt skrevet!
    Mvh. Simen Kjærsdalen, Bergen

    SvarSlett
  5. Takk for gode ord, Simen Kjærdalen og Dilli.

    SvarSlett