onsdag 5. november 2014

Vårt Land: Forskjell på folk?

Forskjell på folk?
Sjølvsagt; ulik stand og stilling, alder og oppgåve.
Men forskjell på folk?
Nei, det er det eigentleg ikkje!

Eg blir aldri ferdig med dette temaet.
I dag har eg skrive om det på verdidebatt. Du finn det her

mandag 20. oktober 2014

Omstreifar, fant, splint, tater - ulike ord, men 100 % menneskeverd

Frå eit intervju i avisa Sunnhordland, Fredagspraten 12.10.14
Det har vore utruleg lærerikt å skriva boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?". Men nokre lange pausar har eg tatt undervegs i arbeidet. Kva skulle eg kalla hovudpersonen min? Omstreifar, fant. tater?
Reisande ville dei gjerne bli kalla i si tid. Men i mi historiske framstilling ville ikkje det fungera. Omstreifar var det omgrepet som var og blir brukt i offentlege dokument, så eg valde det.

I samtalar som fylgjer med utgjevinga no, merkar eg at nesten alle omsett omgrepet så snart dei høyrer det.
- Omstreifar? Fant, altså?

Eg har ingen problem med å forstå at etterkommarar av Skou ikkje liker at familien blir kalla fant. Eg forstår også at foreninga som samlar reisande og etterkommarar av tidlegare omstreifarar sjølv vil definera seg og presentera seg. Men eg finn altså ikkje noko eintydig svar på korleis eg skal gjera alle til lags.
Men det er viktig for meg å seia at same kva omgrep eg nyttar, vil eg med boka visa at alle har likt menneskeverd. Det går ikkje an å gradera det. Alle menneske har likt menneskeverd i dag og dei hadde det då omstreifarsaka var eit aktuelt politisk arbeidsfelt. Me har ulike oppgåver i samfunnet, me oppfører oss ulikt, men menneskeverdet er 100 %. Historia har vist at me ikkje alltid har forstått dette. Nokre omstreifarar i landet vårt har merka det på kroppen.

Boka har sin eigen blogg der du kan følgja utgevinga: Garborg og Skou - forskjell på folk?

torsdag 9. oktober 2014

Mindre uføretrygd grunna ny skattlegging. Var det intensjonen?

Ny lov om uføretrygd er vedtatt for lenge sidan. Den trer i kraft neste år.
Og i samband med statsbudsjettet får me sjå ein del konsekvensar av den nye uføretrygda som skaper stor uro, mellom anna at uføre som har gjeld, no får lågare inntekt fordi trygda blir skattlagt på same måte som lønsinntekt.

Alle lovendringar har ei hensikt: Måla for den nye uførelova har eg lenge sagt mykje godt om. Og i si tid sette eg meg godt inn lovproposisjonen.
Det me no ser: At ein som til dømes har tatt opp lån for å få tilpassa bustaden sin, av same grunnar som vedkomande er blitt tilkjend uføretrygd, skal få meir skatt/mindre utbetalt, kan ikkje vera i tråd med intensjonen i den nye lova. Trur eg.
Men det hjelper lite kva eg trur, så eg spør dei som var med å vedta lova: Var dette ein ynskt konsekvens?

Om det ikkje var det, synest eg eit samla storting skal reversera den delen av lova, evt. laga ordningar for frådrag som ikkje lar uføre sitja med eit gjeldsproblem som dei ikkje kunne vita om ville koma då dei tok lån.


Då eg las lovframlegget, beit eg meg merke i dette sitatet: (som ikkje seier noko om lågare inntekt):

Ulike skatteregler for uføretrygd og arbeidsinntekt kan bidra til å tilsløre de økonomiske konsekvensene for den enkelte av overgang mellom arbeid og trygd. Departementet foreslår derfor at den nye uføretrygden skattlegges etter tilsvarende regler som for lønnsinntekt. Departementet understreker at når uføretrygden samtidig settes til 66 prosent av bortfalt inntekt, blir den gjennomsnittlige uføreytelsen etter skatt noe høyere enn i dag for nye uføre. Se nærmere omtale i avsnitt 7.2.

torsdag 7. august 2014

Ny blogg Garborg og Skou - forskjell på folk?

Jeg har startet en ny blogg: Garborg og Skou - forskjell på folk?

Den nye bloggen vil følge utgivelsen av boka med samme tittel. Manuset har jeg arbeidet med i åtte år. Den kommer snart i bokhandelen.

Garborg trenger ingen presentasjon. Skou var kjent for Skudenesfolk ca 1910-1919. Snart kan du bli kjent med han.

Du finner den nye bloggen her.


fredag 9. mai 2014

Ny BPA - kostnadsdrivande eller rettighetshemmande?

Regjeringa legg no fram lov om

Endringer i pasient- og brukerrettighetsloven 

(rett til brukerstyrt personlig assistanse)

Heile dokumentet kan lesast her: Prop-86-L-2013-2014

Det har lenge vore arbeidd for å få rett til brukarstyrt assistent (BPA). No har regjeringa sendt eit lovframlegg til Stortinget der retten er slått fast. Det er bra!

Men slik retten er formulert, og slik departementet gjer greie for korleis denne skal nyttast og finansierast, må ein likevel spørja kva denne retten får å seia for den einskilde?

Retten blir gjeldande for fleire grupper enn før. Det er eit klart framsteg.

Men finasieringa skal så langt eg les proposisjonen, vera kostnadsnøytral når det gjeld kommunen sine utgifter. Tenester ein i dag har krav på, skal ein kunne ta ut på ein annan måte, om ynskjeleg organisert som assistent.

Stat eller kommune? Eit spørsmål om reell konsekvens av lova for mange. 
Ei finansiering av såpass store utgifter bør etter mitt syn vera lagt til staten via Rikstrygdeverket/NAV. Det er einaste måten å gjera retten lik for alle på. Kommunane våre er svært ulike, og dei minste vil streva med å gi retten i form av BPA i visse høve. Slik bør det ikkje vera.

Departementet viser til at det på sikt blir 500 mill dyrare å drifta ei utvida BPA-ordning etter den framlagde lova. Dette skal, etter det eg kan lesa, dekka staten sine utgifter til tilskot til kommunar fordi fleire vil kunne koma over grensa som gjeld refusjon for ressurskrevjande brukarar. Dermed sikrar departementet seg ein auke på 500 mill i statsbudsjettet til dekning av eigne utgifter, mens dei som også sit med aukte utgifter i kommuane, vel å merke av heilt annan storleik - men store nok sett i med eige budsjett, skal klara seg med det dei har.


Kostnadsdrivande og rettighetsfremjande eller rettighetshemmande?
Å ha eit delt ansvar, slik Sverige har, det, meiner depastementet vil kunne vera kostnadsdrivande.
Ja, det er kostnadsdrivande når ein sikrar at dei som har ein rett skal få del i retten.
Og ein må kunne spørja om ei ny lov som ikkje skal kosta kommunane noko, faktisk kan bli rettighetshemmande fordi Helsedepartementet er redd den skal bli kostnadsdrivande!

Skulle det eg her skriv byggja på mistyding av lovutkastet, skal eg så gjerne moderera synspunkta mine.


Litt fakta og politisk historikk om BPA finnest her

torsdag 8. mai 2014

Ta kontroll over kva Google fortel om deg.

Me er blitt fortalde at me ikkje kan styra det som er på nettet om oss sjølve. Med eit raskt googlesøk veit alle som vil leita meg opp mykje om meg, - meir enn eg kanskje ynskjer at dei skal vita.

I går lærte eg at eg kan styra kva treff som kjem opp på Google. I programmet "Du er googla" på NRK 1 fekk me vita korleis me sjølve kan påvirka kva treff som kjem først på sidene. Dermed kan me syta for at treffsider som me ikkje synest om, kjem lenger bak i rekka.

Eg sjekka mine opplysningar og den aktiviteten eg ellers har på nettet, og fann ut at det eg høyrte i går, faktisk stemmer.

Dette påvirkar kva som er mest synleg på Google:

Twitter, Facebook: Er du aktiv her, vil treff herfrå koma tidleg på google-sidene.

Blogg: Har du ein eller fleire bloggar som blir jamleg nytta, vil dei siste oppslaga derfrå liggja langt framme.

Lenker: Lager du lenker mellom bloggar og blir lenka til frå andre nettstader, aukar det sjansen for å koma langt fram med "eige innhald".

Klikk: Kor ofte bloggpostar og andre sider har mange klikk, endrar ikkje noko.

Usynleg, synleg?

Når me er aktive i politikk og samfunnsdebatt, er det vel ikkje til å unngå at me blir siterte på noko som ikkje er heilt bra, eller at nokon skriv noko om oss som me ikkje set pris på. Til no har den gode latinen vore at det hjelper å vera usynleg. Om me skal vurdera dette ut frå  bruk av Google, er altså det motsette tilfelle. Det gjeld om å gjera seg sjølv synleg. Nyansen er viktig her. Du må sjølv gjera deg synleg for å gjera uynskte oppslag meir usynlege.

Eg sjekka kva Google hadde mest lyst til å fortelja om meg.

Eg finn 36 000 treff på mitt namn. Dei 10 første er:

1. Wikipediaoppslag
2. Facebookprofilen
3. Bilder
4. Bloggen min nr 1
5. Bloggen min nr 2
6. Innlegg eg har hatt på annan blogg
7. Gule sider
8. Bloggerinformasjonen min
9. Mine roller i ulike styrer ol.
10. Postopplysningar

Eg må heilt til nr 16 før eg finn noko som andre har skrive om meg, og svært langt ut før eg finn noko eg skulle ynskt ikkje stod der.

Vanskelege namn - eit problem.
Men går eg til namnet mitt med skrivefeil, den mest vanlege: Elisebet med a, altså Elisabet, blir resultatet annleis. Google gir 125 000 treff. (Slik er det når ein har same fornamn som kronprinsessa og same etternamn som hoffreportaren) Mellom dei 10 første oppslaga, er det heile to oppslag av den typen som eg ikkje er så glad for.
Her har eg eit problem. Kanskje eg må laga meg ein blogg som eg registrerer på Elisabet for å få kontroll på Googlesøka der også?


I alle fall: Eg har no avlært gamal kunnskap og tatt til meg ny: Eg kan styra kva andre les om meg på Google, i alle fall dei som ikkje les hundrevis av oppslag. Det synest eg var greitt å læra.

Kanskje det også finnest andre gode tips til å at kontrollen over eigne Google-oppslag.
Ytterlegare læring er det råd med for min del.

Altså: Eg tar med ein illustrasjon som eg har laga som viser Facebook anno 1814 og 2014. Og når eg set inn ei lenke til bloggen der alle bileta mine er samla, aukar eg sjansen til å finna mine oppslag via Google. Biletet med meir info finn du på: Bildebloggen til Marit Elisebet: Galleri Nauthydlaren



fredag 18. april 2014

Høgare mål for 100 år sidan enn i dag, FrP?

Eit lokallag i Frp vil ha folkerøysting om kor vidt me skal gå over til å ha berre ei målform i landet, nemleg bokmål. Samisk og nynorsk skal vera valfag.

Høgare mål for over 100 år sidan?
Jamstellingsvedtaket blei gjort i Stortinget den 12. mai 1885. Vedtaket var slik.: "Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog."

Intensjonen i vedtaket ligg i nammet; det var jamstilling. Det målet kan me ikkje seia at me har nådd, sjølv om det formelle for så vidt har vore på plass. Når me no får framlegg som skal gjera det lettare for dei som strever med nynorsk som sidemål, er det vanskeleg å sjå at dette vil fremja jamstellinga slik det gjekk fram av vedtaket frå 1885. Hadde politikarene høgare mål for 120 år sidan?

Framlegget til FrP skal hjelpa dei som har nynorsk som sidemål. Dei vil løysa problemet med å la alle berre ha bokmål. For å seia det mildt; det er eit framlegg som ikkje ein gong gjer eit forsøk på å forstå kva nynorsk er. For mange er det nemleg bokmål som er sidemål. 

Denne bloggen fekk i si tid namnet "Ut av uføret". Etter kvart har det vist seg at det er stadig nye emne som høyrer inn under denne overskrifta. Framlegget frå FrP-laget måtte berre vera med her.

tirsdag 8. april 2014

Dugnad for å skifta ut "uføretrygda" med "arbeidsufør"

Eg får uføretrygd fordi eg er arbeidsufør.
Eg er ikkje arbeidsufør for å få uføretrygd.

Eg har ingenting imot å bli kalla arbeidsufør. For det er det eg er. Men når ingen andre blir presenterte eller definerte utifrå den måten dei får inntekta si på, vil ikkje eg bli det heller. 
Ingen presenterer seg som lønsmottakar eller arbeidsgivar.

Ved sjukdom seier ein vanlegvis ikkje
at ein mottar sjukepengar, men at ein er sjukmeld,
og ein mottar ikkje arbeidsledighetstrygd, men er arbeidsledig.
Mange eldre vil heller seia at dei er pensjonistar enn trygda.


Etter å ha krope ut av arbeidslivet grunna sviktande helse, er eg glad for at me har ei ordning med uføretrygd. Og kva ein opplever av biverknader ved haldningar og mistanke, skulle vore underordna. Men desse biverknadene kan bli noko mindre berre ved hjelp av språket. Derfor har eg utfordra til ein dugnad for å bruka ordet "arbeidsufør" oftare og "uføretrygda" sjeldnare.

Så vil mange seia at dette er flisespikkeri. Realitetane er dei same, og om ei stund vil den same opplevinga av mistanke vera knytt til ordet "arbeidsufør", slik me har sett det på andre område, til dømes når det gjeld jakta på det beste ordet for funksjonshemma.

Eg vil likevel utfordra til dugnad for endring av ordbruk, av to grunnar:
Den som har skoen på, veit best... Om andre seier at eit problem ikkje er eit problem, løyser ikkje det problemet for den som har det. Ein subjektiv realitet, er tilstrekkeleg realitet til å gi konsekvens.
Dessutan er ordet "arbeidsufør" betre språkleg. Arbeidsufør er eit meir korrekt ord for det ein person "er", mens "uføretrygda" viser til ei ordning.


Når ein slit med sjølvbiletet, skal ein tenkja at andre tenkjer mindre på ein enn ein sjølv trur. Dette gjeld også oss som er uføre. Men i tider med mange sterke ord om "dei uføretrygda"; får de andre bera over med oss når me så lett får mistanke om at folk har mistanke.

tirsdag 25. mars 2014

NRK mistenkeleggjer uføre - Det bør dei retta opp!

NRK fortel at "folk flest" trur arbeidsuføre driv med trygdesvindel ved å arbeida svart i tillegg til å få trygd.
NAV har gjennonført ei undersøking der over 30 % av dei spurte trur at uføre er svindlarar.
Og ein Nav-direktør seier at det nok er store mørketal.

Dette får me høyra på Dagsrevyen og Kveldsnytt 25.3:
- utan at det blir presisert at desse tala berre fortel kva folk trur og tenkjer. Det er ikkje objektive tal.
- utan at det blir sagt at ein som er 100 % ufør kan tena inntil 1 G, vel 80 000,- per år, utan at det er "ulovleg".

Naboen som ser ein arbeidsufør utføra eit par timars arbeid, vil kunne tru at han er blitt trygdesvindlar, sjølv om han er langt innafor den lovlege grensa. Og om han blir spurt, vil han fort bli rekna med i gruppa som seier: "Ja, eg veit om mange som er trygdesvindlarar."

Som arbeidsufør passer eg meg vel for ikkje å bli sårfota berre av å tru at nokon trør meg på tærne. Men denne gongen klarte NRK det, ettertrykkeleg. Snakk om å bli mistenkeleggjort!

Må eg ta fram kartong og tusj, og skriva med store bokstavar på lappar eg henger over rygg og mage når eg går på butikken i morgon og fortelja heile bygda: "Ja, eg driv med noko småtteri som eg tener pengar på. Og det er lov!"?  Eller skal eg satsa på at NRK snur sin kartongbit og fortel den andre sida av historia dei presenterte også?

..
I dag, 26.mars, dagen derpå, blir eg gjort merksam på at same oppslaget var "nyhet" for fire år sidan. @Doremus gjorde meg kjend med dette via Twitter:
  9m
Applaus til som slaktet gårsdagens trygdemisbruks-undersøkelse fra NAV/NRK _for fire år siden_: cc

Å gjera ein feil i NRK kan så vera. Å gjenta feilen, er verre! 

 Trøyst:


tirsdag 4. mars 2014

Eg har mistanke om at folk har mistanke

Eit av dei siste bileta: Kongepingvinlivet.
 
Christian Torseth skriv godt om å vera ufør i Radikal Rapport, 1.mars, sjølv om overskrifta kanskje peikar mest på dei som ikkje er uføre: Hvorfor vi misunner de uføre.

Eg las raskt gjennom artikkelen i går, og undra meg over at den store innsikta i livet til ein ufør. I dag gjekk eg tilbake og las ein gong til, og då fekk eg med meg at Torseth sjøl er ufør. Det forklarer det meste. Det er nemleg så mykje ved den "uføre dagen" det ikkje er så lett å forklara. For min del gjer eg nokre forsøk når det trengst mest. Men eigentleg er den største utfordringa å la vera å forklara så mykje.

Dei eg møter treng oftast å vita
AT eg er ufør: då unngår me mykje misforståing
KVA som er dei praktiske probema: då skjøner dei kvifor eg ligg på møta, ikkje kan køyra bil, reisa o.l

Men: Smertene mine får dei ikkje.

Dette er ein fin balansegang: Å forstå at folk treng å forstå - utan å utlevera seg totalt. Trøysta er at folk vil eigentleg ikkje ha smertene mine heller. Dei høyrer nok om sjukdom og plager utan at dei skal høyra noko frå meg også.

Men Torseth har eit poeng: Å vera ufør, men oppegåande, skaper mistanke. Eller i alle fall; Eg får mistanke om at folk har mistanke. Når eg gjer kjent at eg har utstilling med ei rekke bilete eg har måla dei siste vekene, lurer folk: Korleis kan ho ha helse til å gjera "alt det"?
Svaret er for min del ganske enkelt: Eg har ikkje helse til ikkje å gjera det. Det er ikkje berre den fysiske ryggraden som skal makta å halda seg oppreist. Det maktar den om eg gir kroppen passe med pausar. Men den indre ryggraden, mitt eige sjølbilete, skal halda seg oppreist også. Då treng eg noko å bryna tanke og sinn på, og gjerne noko å gjera som viser att når kvelden kjem.

Så eg held fram med å mala, driva politikk og skriva.

For tida heng det ei heile pingvinvandring i mitt vesle galleri med temaet: Livet under sørlyset - ingen dans på isroser. 
Dagens konklusjon må bli at å vera ufør er heller ingen dans på roser, om nokon skulle tru det. Men kanskje ikkje så mange trur det heller?
Når det meste av de eg gjorde før, er bak stengde dører, trøystar eg meg til Kirkegaard:


Skulle jeg ønske meg noe
da ville jeg ikke ønske meg rikdom eller makt
men mulighetenes lidenskap;
det øye som overalt, 
evig ungt,
evig brennende
ser muligheten!

mandag 20. januar 2014

Meistring skjer ikkje i vakum

Bengt Høie skriv mykje klokt om helse og meistring  i dag
Og om både han sjølv og me andre fylgjer hans råd, er me på rett veg. Men det er eit element som er avgjerande: Det må vera rom for meistring. Det må vera rom for at god helse kan få vera meistring og ikkje fullkomne liv.

Meistring skjer ikkje i vakum. Det er alltid nokon ved sida. Ja, det bør i alle f all vera nokon ved sida av deg om du skal meistra. Og den som er der, må gje aksept for at dette er "vårt gode liv" og "til å leva med". Fordi det andre gode livet som me les om på glansa papir ikkje er innan rekkevidde Og når ein har eitt einaste liv, som er det alle har, må ein leva det livet ein har.

Meistring skjer ikkje utan feiling. Viss ein ikkje av og til ikkje når målet, har ein ingen mål. Og når ein ikkje kjem heilt fram, blir ein skuffa, lei seg, trist eller i dårleg humør. Og dette skjer heller ikkje i vakum, dessverre, men i det rommet der "nokon må leva ved sida".
Det handlar altså også om å meistra å ikkje-meistra.

Meistring til langt over 70
Ja, det ynskjer dei gamle og friske. Dei vil ha stillingsvern også etter dei er 70 år. Elles kjenner dei seg ikkje viktige. Då seier samfunnet at det ikkje er bruk for dei.
Det er bruk for dei, og det er plenty plass i Det frivillige Norge, og det er plenty plass hjå arbeidsgjevarar som ser at dei treng dei, utan at dei stiller opp med ein rett i handa.

Meistring i arbeidslivet, kan vera meistring nokre timar i veka. Mange uføre vil gjerne arbeida dei timane dei maktar det. Og mange uføre må læra at dei kan det, før dei går inn i den laaange passive tilstanden, der "det er slik det er". Innsasten må setjast inn her. Fleksibilitet må nyttast her heller enn for dei over 70. Arbeidsliv og samfunn må stilla opp, skapa rom der meistring er muleg. For heller ikkje storfellesskapet kan venta at meistring skjer i eit vakum.

PS
Dette blei eit impulsinnlegg på bloggen om meistring, ikkje særleg poengtert eller godt formulert. Eg skal lova å skriva meir positivt og oppmuntrande, ein annan dag, ein dag eg meistrar å meistra.