Over lengre tid har me på Twitter og Facebook fulgt barndom og oppvekst til #bokavår "Sosial kommunikasjon". Forfattarane, Cecilie Staude og Svein Tore Marthinsen, har invitert oss inn i prosessen der dei ulike kapitla har fått sitt innhald. Det var derfor med forventning eg henta boka då ho dumpa ned i postkassa mi.
Når eg no legg boka til side og noterer hovudinntrykka utan å røpa innhaldet, er det fylgjande moment eg vil hada fram:
"Innsida ut"
Det slår meg fort at boka handlar om meg, om oss, som er på Twitter, Facebook og har blogg og heimeside. Dei skriv om oss så me kjenner igjen det me har vore stolte av å ha gjort, og det me veit ikkje var så heilt bra.
Boka er skriven med synsvinkel frå innsida. Den blir likevel ikkje ei bok for "dei der inne". Det er heller ei innsida-ut-bok. Omgrep og prosessar er ikkje rekna som kjente for lesaren. Du får det meste forklart, så enkelt og instrumentelt, med praktiske døme, at det må kunne vera råd for ein på utsida å få eit glimt inn. For oss som har vore der ei stund, kan det bli ein del sjølsagte moment, men saman med teori og gode døme, får me likevel eit heilare bilete enn me til vanleg har.
SoMe tar ikkje kontrollen
Det er blitt åtvara mot sosiale medier. Dei er tidstjuvar, dei forskyv verdsoppfatninga di og kan føra inn i isolasjon. I boka kan me lesa at det ikkje treng å vera slik, sjøv om det er bra at ein er på vakt overfor overdriven bruk.
I staden for at sosiale medier tar kontrollen, peikar forfattarane på at den nye forma for kommunikasjon og informasjonsdeling faktisk kan føra til maktdeling der det før kunne vera maktkonsentrasjon. Slik er det både når det gjeld å setja dagsorden, gi premiss for diskusjonar og å ha bredde i synspunkt.
Menneske som grunnlinje, verdiavsløring
Staude og Marthinsen slår fast at mennesket er grunnlinja. Sosiale medier er altså berre middel, aldri målet. Her avslører forfattarane eit verdisyn, eit verdisyn som eg trur gir ein trygg ståstad i møte med dei digitale plattformane me har i dag og dei som måtte koma i framtida. Det gir også perspektiv på kontroll og maktdeling, som tidlegare nemd.
Partier og bedrifter har noko å læra
I den grad forfattarane har analysert heimesider og bruken av sosiale medier generelt i dei politiske partia, er konklusjonen at politikarane har mykje å læra. Det hjelper lite å vera registrert her og der, ha ei heimeside eller blogg, dersom det berre ligg der. Er det noko me veit om sosiale medier, så er det at dei på ingen måte er staden for statisk informasjon. Oppdatering, aktualitet, og ikkje minst kommunikasjon er suksesskriteria.
Det me som er ute i felten, kan ha lyst å seia, er at desse analysane stort sett berre omfattar politikarane på nasjonalt nivå, slik at me ikkje kjenner oss heilt att i vurderinga som blir gitt.
Betre kan me bli, alle saman. Forfattarane skriv også om oss, me som er vanlege fotfolk på alle vis. Tema som privat kontra personleg, utlevering- levering av meldingar kontra samtale. Her er mykje å læra. Å peika utover oss sjølv, vil vera meir interessant for andre i lengda. Ja, eg legg til for eiga rekning: Det vil til og med vera mest interessant for oss sjølv på sikt.
Meir vil eg ikkje seia om innhaldet. Du skal jo lesa boka sjølv. Cecili Staude og han eg først oppfatta som ST. Marthinsen, har skrive ei bok vel verd å lesa.(No fekk eg fort melding frå han eg kalla St., at han ikkje var nokon helgen, men kva skal ein tru når ein på twitter kallar seg @stmarthinsen?)
Cecilie Staude er høgskulelektor på BI og Svein Tore Marthinsen er statsvitar og analytikar. I boka har dei direkte, på-lik-linje-kommunikasjon. Her møter du ikkje besserwissarar som kikar ned på deg. Det er frigjerande. Like frigjerande som siste orda på baksida: Ikkje noko frieri til å lesa dersom me allereie er informerte, kunnskapsrike og interessante. Berre rett og slett: Vil du lesa boka vår?
Mi tilråding er: Gjer det!
Sosial kommunikasjon, personlig - samtale - verdi,
Cecilie Staude, Svein Tore Marthinsen,
Kommuneforlaget 2012
Mens eg venta på bok, skreiv eg ein bloggpost om sorg og sosiale medier. Det viste seg at eg var heilt på linje med Staude og Marthinsen: Sosiale medier kan sørgja for sorg
Og for tida går det ein debatt om bruken av blogg om sjukdom. Meistring - bloggar med sjukdom som bakteppe
Alt du skriver er tanker jeg har gjort meg når jeg leser boka. Jeg slutter meg til din anbefaling. Bpka bør leses av de sentrale politikerne du nevner.
SvarSlettSå fint at du kjenner deg att i det eg skriv. Då er det kanskje truverdig for andre også
SlettGleder meg til å lese boken!
SvarSlettDet kan du
SlettOk, Syn nesten restituert, bok må kjøpes.
SvarSlettKlem :)
I følge boka så gjer du mykje rett på bloggen din
SlettOj da. Det var uventet.
SlettKlem :)