torsdag 27. desember 2012

God bok: "Syngja" - songen me berre kan forstå at me ikkje forstår

Eg må seia noko om siste romanen til Lars Amund Vaage: "Syngja". Eg las boka i går, og tenkte eg skulle ta med nokre sitat her. Men eine sonen opna boka like før han skulle reisa. Og han kunne ikkje dra utan å få låna boka med seg. Betre med ein ny lesar enn sitat, tenkte eg, og let han fara med boka.

No har Vaage fått Nynorsk litteraturpris 2012.
 Gratulerer til Vaage!

Lars Amund Vaage er den minst fjerne forfattaren eg veit om. Fordi eg stadig møter han på kjøpesenteret, i forbifarta.
Han er likevel fjern fordi han har eit liv eg aldri kan forstå, som far til eit autistisk barn. Eg trudde lenge me kunne lesa oss til korleis det må vera. Og no gir han oss eit glimt inn i den vesle gleda og den store sorga.

Eg les, men forstår ikkje. Eg kjem berre til å forstå at eg eigentleg ikkje forstår. Det er ei krevjande øving, og ikkje mange bøker lar oss sitja att med innsikta denne øvinga gir.

Vaage skriv om jenta som ikkje tar del i kvardagane slik dei fleste andre. Han skriv om kvardagen rundt jenta, då ho var lita og då ho blei stor og flytta på institujson.

Mange sterke linjer går til i hjartet, men ingen så direkte og hudlaust som då Vaage skriv om ein gamal ven som dukkar opp. Han kallar han F. Og når han seier kven F er, eller rettare, kven han ikkje er, er det som om noko brest - i meg.

Les og møt F. For du møter han ikkje elles...

Mykje kan seiast om "Syngja". Eg sit att med ei stadfesting av at menneskeverdet er utan vilkår. Eg har alltid meint at det er slik. Medan sidene tar meg med inn i livet til den ordlause jenta, høyrer eg songen, - så vidt. Songen som fortel at ei slikt ord "menneskeverd" får større tyngd når det skubbar seg mot dei vonde dagane, dei kaotiske kjenslene, - hjå dei som har prøvd ut menneskeverdet i praksis.

Og dei litterærare kvalitetane? Dei er mange. Poesi og prosa i eitt. Eg vil ikkje knusa dei med utlegging.

Les,
kjenn
og tenk!


Syngja
Lars Amund Vaage
Oktober forlag 2012

Til Aftenbladet fortel Vaage om menneskeverdet, 12.mai 2013: Jeg frykter et samfunn der alle er lytefrie

fredag 14. desember 2012

Eg er ufør og skulle ynskt eg var tjukkhuda og latare

Oppdatert 7.10.2014
Uføre er late.
Nei, ikkje alle,
ikkje du!

Folk greier alle over same kam.
Nei, ikkje alle,
ikkje du.

Likevel, når det kjem ein ny runde med debatt om uføre, slik som no når ny lov skal innførast og skatteauke skal kompenserast i budsjetet, vil mange av oss gå i forsvar.
Forskarar seier no at det vil vera lurt at uføre er på ein arbeidsplass heile dagen, og at alle bør nytta restarbeidsevna. Dei legg til at det ikkje gjeld dei som har sjukdom/skader som hindrar dei i det. Likevel får eg lyst til å ropa: Dette går ikkje, ikkje for alle! Derfor er det godt det ikkje er eg som skal kommentera utspel som seriøs problemløysar. Statsråden seier dette er interessant. Og det er bra. For me veit at for svært mange uføre vil det å nytta den arbeidsevna dei har, om den er aldri så ustabil, vera eit pluss. Dessutan vil mange oppleva det godt å ha eit arbeids- og kvardagsfellesskap.

Kvifor kan eg ikkje då berre la debatten gå? Vera samd i at me må unngå å få så mange unge uføre?

Jo, fordi ordskiftet om system ofte blir blanda saman med ynskjet om å vita om kvar enkelt eigentleg er verdig den uførestønaden han får. Og eg har så lett for å tru at folk vil forvissa seg om at også eg er på rette plass, når eg er på feil plass: Heime i staden for på jobb.

Så tenkjer eg etter, og sorterer i tenketanken:
- Det er bra at ein ser etter ordningar som kan halda folk i arbeidslivet lengst muleg, mest muleg. Det er bra både for arbeidslivet og arbeidstakaren.
- Men: Smertene mine får du ikkje. Og tru meg: Dei vil heller ikkje ha dei, heller ikkje vil dei synast det er underhaldande å få plager og skader utdjupa.
- Samfunnsreknskapen er best når eg er ufør. "Skattebetalarene sine pengar", eller fellesskapet som eg heller kallar det, er betre tent med at eg får uførstønad og er heime i fred og ro, enn at eg blir ein kostbar pasient, akutt og på sikt.
 - Folk får berre tru kva dei vil om at eg ser frisk ut i periodar og er aktiv politikar. Dei må gjerne byta med meg: Prøva å liggja på golvet på offentlege møte for å kunne delta. Og så sender eg ein varm tanke til dei med usynlege plager som slit med si psykiske helse, og som berre vil få større problem om helseplagene blir synlege.

Så får folk (nokon av dei) berre tru eg er lat. Av og til lurer eg på om eg skulle vore litt latare tidlegare i livet, så hadde eg kan henda ikkje vore der eg er no. Men det er mi historie, og den treng du ikkje, den vil du eigentleg ikkje ha.

Konklusjon:
Måtte me få ei god uføreordning som eit sikkerhetsnett for dei som treng det, også i framtida, med opne dører til meiningfullt arbeid så langt helsa rekk. Den nye "uførelova"  vil vera ein god reiskap til meir fleksible kvardagar, fordi arbeidsmengda då lettare kan tilpassast helsa.

Og mens dagane går, store ord kjem og går, får me som er uføre seia frå når nok er nok, samstundes som me ikkje må redusera utfordringa for framtidig arbeidsliv og arbeidstakarari debatten.

Når du slit med sjølvbiletet. skal du tenkja at andre tenkjer mindre på deg enn du sjølv trur. Dette gjeld også oss som er uføre. Men i tider med mange sterke ord om "dei uføre"; får de andre bera over med oss når me trur det er oss det gjeld.

Til alle langtidssjuke sender eg i dag denne sommarfuglen i vinterland som eg har prøvd å festa blikket på:






onsdag 12. desember 2012

Motet slår ikkje alltid på stortromma

Eg tok ein tur innom Twitter, og fann dette gullkornet:


Motet slår ikke alltid på stortromma. Noen ganger er motet den lille stemmen som hvisker ved dagens slutt: "Jeg prøver igjen i morgen".

Meistring heiter det på fint;
å komma seg gjennom dagen,
å finna løysingar,
å leva med situasjonen slik han er,
å nærma seg grensa for det ein tåler.

Nokon slår på stortromma:  
Eg klarer det.

Andre kjenner seg makteslause:
Det gjekk ikkje så bra i dag, - likevel.
Men å kviskra: Eg prøver igjen i morgon,
er kan henda ei meir krevjande form for meistring.

Lukke til med dagen!

fredag 7. desember 2012

Skal ordet "nave" gå inn i språket vårt?

Oppdatert 1.12

Magne Lerø skriv om "Uføre i full jobb" i Vårt land i dag, 17,12. Mykje av det han skriv fortener ein kommentar. Lerø sin kommentar er vanskeleg å få tak på. Dei gruppene han nemner, kjenner me att. Men har han noko løysing?  
Mine tankar om temaet skreiv eg for nokre dagar sidan: Eg er ufør og skulle ynskt eg var tjukkhuda og latare

Elles merker eg meg at Lerø tar i bruk omgrepet å nave. Han skriv det heldigvis i hermeteikn, men han vel å bruka det. Tener det saka å ta det omgrepet i bruk? 

Naving er eit nyord. Eit nyord er eit nyord fordi det er nytt. Sjølvsagt. Når Språkrådet er med å setja det på ei liste over nyorda siste åra, kan det lett bli oppfatta som ei godkjenning av at det er eit ord det er rett og greitt å bruka. Eller er det ikkje slik? Er det berre slik at Språkrådet registrerer kva ord som blir brukte og tar dei med som nyord dersom dei overlever ei viss tid?

Påstand 1:
 Språk er levande, og den som prøver å kvela det, tar på seg ei oppgåve som ikkje er løyseleg.

Påstand 2: 
Språk er også makt. Ved ordval er ein med å styra folk sine tankar om ei sak.

Bør ein ikkje spørja: Får ikkje språk enda meir makt når det blir "godtatt" slik ein gjer når ein set det på ei liste over nyord. Eller kolliderer då påstand 1 og 2?

Eg berre spør.

Fordi:
nave oppstod som ord, var det ikkje tvil om at det handla om nokon som la ansvar over på andre, underforstått: utan å ha bruk for å dela eige ansvar med andre. Eller enda verre: Med overlegg for å ha det fint ei tid for å senda rekninga til storsamfunnet.

Ger det noko?
Ja, det gjer noko. Fordi dei negative assosiasjonane som ordet nave vekkjer, fort legg seg oppå alle dei andre som allereie dukkar opp når ein høyrer om NAV eller grupper som treng hjelp frå NAV. Og mellom dei som får hjelp frå NAV er det mange som slett ikkje treng fleire kilo på sine skuldre.
Men skal det levande språket bry seg om det?


Forbrukarmakt
Forbrukarmakt er eit fint ord, når me først er inne på språktemaet. Kvela ord kan ingen gjera, men velja og bruka det eller ikkje, kan alle. Er ikkje det også forbrukarmakt?

.
Tankar om andre ord : Arbeidsufør - ikkje uføretrygda
                                    Å sjukmelda seg