Viser innlegg med etiketten kontroll. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kontroll. Vis alle innlegg

torsdag 11. februar 2016

Når livet snur


Når livet ikkje blir som planlagt. Når det snur – korleis taklar me det?
Det einaste som er sikkert her i livet, er at ingenting er sikkert. Og det gjeld alle. Opplevinga og det som møter oss, kan vera forskjellig, men endringar i planane blir det for alle.
Og av og til går det så mykje betre enn me frykta. «Det kan så lett gå godt», seier ein kjenning av meg. Og det er faktisk slik. Me tar ofte uro og sorger på førehand. Men så kjem dagen, og sorga vår blir gjort til skamme. Planen vår blei endra, heldigvis.
Draumen om det gode livet har ein hatt til alle tider. Då eg var lita ante eg at dei vaksne meir eller mindre på alvor håpte på at dei gode tidene skulle koma om dei fekk den store arven frå Amerika eller om dei vann i Pengelotteriet. I dag ser me på TV at Lotto skaper millionærar. Men så er det visst slik at ser ein på korleis det har gått med desse vinnarane, er det ikkje alle som har fått eit rikare liv om dei blei rikare. Livet snudde, men ikkje til det betre, for nokon av dei.
Det gode livet kan altså ikkje kjøpast. Og livet er ikkje svart/kvitt. Det som før syntest godt, er ikkje berre godt. Kan det då vera slik at det som før syntest vondt, ikkje er berre vondt?

Å søkja det gode
Som nyfødde kan me gi uttrykk for to kjensler eller to tilstandar: behag – ubehag, å vera tilfreds- ikkje tilfreds

tilfreds………………………………………………. ikkje tilfreds

Barnet vil gi signal til oss vaksne når det er på høgresida av denne aksen, om det er grunna svolt eller våte bleier. Så grip me inn og endrar tilstanden. Barnet blir tilfreds og roleg. Etter kvart får barnet språk og kan seia kva det treng.
Sjølv om sansar og språk endrar seg med alderen, trur eg likevel dette er heilt grunnleggjande. Me vil alltid søkja mot venstre: mot det som opplevest godt.
Det kan vera vanskeleg å vita kor vaksne ervpå denne aksen. For vaksne skrik ikkje når noko må endrast, slik barnet gjer når det treng mat. Nokon av oss gir lyd ganske fort, andre vil ikkje gi uttrykk for at dei er på høgresida i det heile. Å ikkje vera tilfreds høyrest lite alvorleg ut. Men om me bruker aksen som bilde på heile livet vårt, veit me at om sorg, alvorleg sjukdom ligg heilt til høgre, så er det dei store utfordringane i livet det gjeld. Men heller ikkje desse store utfordrinagene ber alle på utsida slik at andre kan trøysta, hjelpa til. Nokon ber det åleine, og det kan tenkjast at det gir seg utslag i kvardagen som me andre ikkje forstår, nettopp fordi me ikkje veit kva dei strir med. Den som har slite med psykiske problem, kan ha meir lyst til å skjula plagene enn den som kunne gå med armen i fatle slik at alle kan sjå kva som er problemet.

Endring bringer oss mot ubehag.
Kan eg våga å seia noko om korleis me kan flytta oss frå høgre til venstre på aksen behag/ubehag? Det finnest jo ingen fasit på korleis ein gjer det. Men når ein ser korleis einskilde kjem seg vidare etter at livet har gjort heilomvending og me har snakka lågmælt saman om desse endringane, er det råd å peika på nokre mekanismar som pleier å slå inn. Og psykologien seier også noko om kva som kjenneteiknar lukkelege menneske.
Det er ikkje snakk om å leva i den sjuande himmel og ha gode  kjensler heile  tida. Eg trur det handlar meir om å vera tilfreds, å ha kvardagslukke. Berre med ei slik definisjon av lukke gir dei fylgjande kjenneteikna på lukkelege menneske meining:
1.      Lukkelege menneske har gode relasjonar
Det er menneska ein lever saman med, dei gode stundene, den gode samtalen, å møta blikk, å få vera seg sjølv saman med andre, å vera trygg, å bli møtt med tillit, som kan skapa kvardagslukke. Ikkje pengar, posisjonar e l.
2.      Lukkelege menneske har meir fokus på godt enn best
Kanskje ein før i tida var flinkare til å setja meir pris på det ein hadde enn det ein helst ville ha. Ein var glad for mat på bordet, eige hus, trygg inntekt osv, mens me i vår tid har ein tendens til å setja oss så høge mål, både for helse og eigedom, at det alltid er noko som manglar?
For ei stund sidan, opplevde  eg at det vekte interessante reaksjonar då eg nytta orda «godt liv» sjølv om helsa set tydelege grenser for livet. Eg skulle presentera meg for eit styret som eg var blitt med i. Eg kjende ikkje dei andre i styrerommet. Sidan eg ikkje er i arbeid, hadde eg eigentleg ikkje stort anna enn namnet mitt å presentera meg med. Men eg måtte fortelja at eg kom til å leggja med på golvet med jamne mellomrom for at ryggen skulle la meg vera til stades på timelange møte. For å sleppa å gå inn på detaljar, gjorde eg prestasjonen kort og brutal: Eg har eit godt liv, men ein dårleg rygg, og ville ikkje byta med dei som har det motsett.
Ut på kvelden kom ein frå styret bort til meg og sa at han hadde tenkt over det eg sa heile dagen. Tanken på å ha det godt utan å ha det best, var ny for han. Og eg må innrømma at om nokon hadde fortalt meg for 20 år sidan at eg skulle kunne dra til møte i Oslo og presentera meg slik, og faktisk meina at eg har det godt, ville eg ikkje ha trudd det. For på den tida var perspektivet eit heilt anna. No er perspektivet frå golvet og opp, biletleg og konkret.
Perspektivet endra seg stegvis, men to hendingar, to uttalar frå legar, er som ekko i tankane mine og hjelper meg å halda fast på at livet er godt, også no.
-          Då eg første gong blei utskriven frå sjukehuset etter akutt inngrep i ryggen, blei det ikkje sagt så mykje om kor vidt det som hadde skjedd var alvorleg eller ikkje. Men då eg venta på drosjen for å dra heim, sa legen: Ja, no kan du gå ut til bilen som ventar deg, Du er heldig. Andre som har kome inn med ein rygg som din, er blitt trilla ut i rollestol.»
-        Ved ein større operasjon nokre år seinare, måtte eg skriva under på at eg var klar over at det var risiko forbunde med operasjonen. Dersom dei skada blodårene i ryggen, kunne det vera at eig ikkje vakna att. Eg tenkte at dette nok var utanlandsk forsikringsordning. Sjukehuset ville syta for at eg tok ansvaret sjølv. Så eg skeiv under, utan den store ettertanken.
Då eg vakna frå narkosen, sat legen ved senga mi. Han fortalte med korte setningar at det hadde gått bra. «Me kutta i ei blodåre, men fekk sydd igjen i tide. Eg er på vakt i natt. Meld frå om det er noko.» Så gjekk han, og i ettertid har eg skjønt kva som ligg i orda «I'll say this only once». Ingen nemnde dette med blodåra etterpå. Først i etterkant har det gått opp for meg at dei stinga dei sydde, gav meg livet. Det er ikkje råd å forstå det fullt ut, men det gjer noko med perspektivet. Ein kan nærma seg tanken på at livet er godt om det ikkje er best.

3.      Lukkelege menneske opplever meining og kontroll i eigne liv og gjer gode val.
Det er her det brenn. For det synest umuleg å finna meining, ha kontroll og ta frie val når livet snur alt på hodet.
Men:
-          Meining
Å oppleva meining kan vera vanskeleg når ein ikkje forstår det som skjer og kvifor det skjer. Men det er skilnad på å oppleva meining og å ha meining. For meg gir det meining å ha ei kristen tru, ei overbygning og eit fundament for livet som ikkje byggjer på mine kjensler eller opplevingar, men som eg ser på som noko reelt, noko som er der. Noko som er større enn meg, og som dermed lar meg leva i tillit til at eg ikkje har heile bildet av tilveret eller livet mitt. Men om eg ikkje mister trua på ei støre meining, kan eg likevel miste livsmotet.
-         Kontroll
Me vil gjerne ha kontroll. Men i all endring vil me til tider oppleva at me mister denne kontrollen, i samband med jobb, alder, sjukdom, død, økonomiske forhold, familie, relasjonar m m. For ikkje å snakka om ved krig og katastrofe der heile livsgrunnlaget skjelv.
-         Gode val
Likevel: Om ein strever med meining og kontroll, kan ein gjera gode val. For me kan alltid gjera val, sjølv om me ikkje har alle valalternativa me hadde før eller kunne ynskt oss.- Det gjeld å nytta dei alternativa ein har. Det er det som på fint blir kalla meistringsstrategi.
Eg møtte ein gong ein som studerte meistring som helsefag. Eg var fasinert av alt som blei sagt om meistringssenter og evna vår til å takla helseplager. Men så spurte eg han kva faget Meistring hadde å seia om det å ikkje meistra meistringa. Det hadde han ikkje noko svar på. Men det er nettopp då mange mister fotfeste. Ein vil så gjerne vera flink sjuk, tøff sørgjande, tolmodig bekymra mor og far. Men så brest evna til å vera flink, tøff og tolmodig og ein opplever å ikkje meistra meistringa. Det er då ein går i kjellaren, ikkje for å henta dei siste kreftene, som dei seier i idretten, men for å innsjå at det ikkje er fleire krefter, der og då. Då seier eg til meg sjølv: Sånn er det berre! Eg innrømmer for meg sjølv at dette er ille. Eg liker ikkje situasjonen. Eg er skuffa over at det blei slik. Er litt lei av å streva. Slik tillet eg meg å tenkja. I små dosar. Til eg finn kjellartrappa og går opp i lyset att. Men alt er ikkje straks heilt i vater. Av og til må ein då leita seg fram til noko å gjera, fylla tanken med, som tar plass i kvardagen. Og her er me så ulike at det å flytta tanken kan gjerast ved å hogga ved, gå tur, snakka om veret med naboen, sjå krim, skriva eller lesa. Ikkje for å flykta frå realitetane, men for å få pusterom. Nokon vil kanskje oppleva at også det krev for mykje. Ein kan ikkje anna enn berre vera til, ta ein dag om gongen. Ei mor som brått mista guten sin, fortalte at då meldinga kom, stansa verda opp. Målet blei å makta å leva ein halv time vidare, så ein time til, så over til neste dag. Til ho til slutt tok del i sitt eige liv på nytt.

Men kan slikt gi meining, kan slike val gjera oss lukkelege att, eller for å vera meir nøkterne: Kan det gjera oss meir tilfreds, mindre ulukkelege? Ein blir ikkje mindre ulukkeleg av og hogga ved eller sjå krim. Sjølvsagt ikkje. Men om ein flyttar tanken slik at timane og dagane går sin gang, kan kvardagsluka dukka opp som ein bieffekt. Ikkje med full styrke over natta, men i små dosar, og etter kvart slik at livet er til takla. Ein kan ikkje gå nokon stad å henta lukka. Noko må skje inne i oss som gjer at me kan sjå at den framleis finnest.

Det blei som det blei, i mange sine liv. Oftast hadde me ikkje skuld i det. Oftast hadde me ikkje objektiv skuld; Det var ikkje noko me gjorde med vilje som førte til at alt blei mørkt. Det er heller ikkje ein slik  årsak-fylgje-samanheng i den kristne trua: Gud straffar ingen med sjukdom og sorger. Det vonde finnest i verda, og me merker alle konsekvensen  av det. Men eg trur ikkje på ein Gud som deler ut sjukdom og plager etter «som me fortener det». Då er det heller slik at det vonde rundt meg fortel meg at Bibelen snakkar sant om livet og verda: Mørke og lys finnest.
Men om me ikkje har skuld i at livet blei slik det er, har me eit ansvar for det som kjem etterpå, i den forstand at me har ansvar for dei val me gjer, blant dei val-alternativa me faktisk har.
For nokon kjem endringar i livet som ein bråstopp. Ved ein bråstopp mister ein ballansen, blir ståande å virra om ein ikkje dette over ende. Så må ein reisa seg, finna att balansen, sjå om føtene ber vidare på vegen for så å staka ut kursen vidare.
For nokon kjem endringar over tid, men mekanismane blir dei same når ein møter dei: Ein må summa seg, ta ut kursen vidare. Det blir kanskje ikkje ein kurs som ligg fast, men ein som må justerast etter som dagane går.

Don't worry! Be happy!
Det finnest mykje lettvint trøyst. Trøyst som ikkje trøystar, som i songen «Don’t worry, be happy!» Det siste eg har funne frå den engelskspråklege verda er rådet: Get better! Not bitter!» Først synest eg dette var svært så lettvint. Men så tenkte eg litt over det, og kom til at det er noko i det. Det er ikkje alltid snakk om å bli betre i den forstand at ein blir frisk eller flinkare. Men ein blir kanskje klokare, mildare som mennesket; i stand til å forstå andre, gå nokre mil saman med andre som slit. For motgang gjer noko med oss. Då kan valet vera å bli bitter eller better. Å bli bitter kan vera som å lukka seg inne i det vonde, byggja veggar rundt seg og bli innafor desse veggene, gjerne samstundes som ein legg skulda på andre. (Og andre kan ha skuld, noko som er eit anna tema, som denne vesle teksten ikkje gir seg ut for å greia ut om).  Av og til kan det til og med bli slik at det som finnest innafor desse veggene er heile verda, heile livet, i den forstand at ein ser på seg sjølv eller definerer seg som «den som opplevde at…» eller «blei….» Og det utan at det var eit bevisst ynskje. Men kva vil me at andre skal seia om oss? Korleis vil me at dei skal omtala oss, presentera oss? Neppe som eit sjukdomstilfelle, ein vanskeleg lagnad.
Når alt snur, kan ein bli sint og fortvila og gi uttrykk for det. Det er lov, og det kan vera lurt å tillata seg å bli det. Det er noko anna enn å bli bitter.
 
I TV-programmet «Datoen» fortalte Fredrik Hauge om då han blei overfalt i sin eigen bakgård av sykkeltjuvar og fekk store skader. Då han blei spurt om det
var bittert å få slike skader på heimebane når han hadde oppsøkt risikofylte situasjonar i miljøkampen som han hadde kome lettare frå. Då svarte han at sanneleg hadde tjuvane gjort nok skade om dei ikkje skulle få gjera han bitter i tillegg.

Kven er eg når livet har snudd?
Om ei endring i livet fører til at ein ikkje kan gjere det ein før gjorde, prestera det ein før presterte, dukkar spørsmålet opp: Kven er eg no? For oss som ikkje kan delta i arbeidslivet lenger, blir dette eit påtrengjande spørsmål. Mange definerer seg sjølv utifrå stilling, oppgåver, tittel, arbeids – og fagmiljø. Kva når alt det forsvinn frå kvardagen og ein ikkje lenger kan presentera seg med anna en namn og adresse?
Det er då ein må minna seg sjølv på, og gjerne få hjelp av andre til å innsjå: Vår verdi er ikkje avhengig av prestasjonar av noko slag. Me har så lett for å forveksla posisjon og oppgåver med verdi. Rollene og oppgåvene i samfunnet får oss til å tenkja at nokon er viktigare enn andre. Og det er dei i nokre samanhengar. Men ingen har større verdi enn andre. Det er ei sanning ein må tvihalda på når livet snur. Og har ein lært det mens alt går på skinner, blir det lettare å kjenna på styrken i den sanning når alt det ytre raknar.

Endringa som er større enn at livet snur
Bli med på ein spasertur i hagen. På eit grønt blad finn me to larvar, grøne, lodne, mjuke, friske, mette og tilfredse. På bladet får dei alt dei treng for å ha eit godt liv. Men ein dag seier den eine:
-          Eg har høyrt eit rykte. Dei seier at det ventar oss mørke dagar. Me kom frå mørket inni eit skal og me skal venda tilbake til mørket innafor eit nytt skal.
Den andre trur ikkje noko på dette.
-          Nei, sjå deg om. Alt er grønt så langt auget kan sjå. Et! Nyt dagen! La deg ikkje skremma!

Så kjem dagen. Dei tar til å spinna eit nett rundt seg, som etter kvart blir hardt. Dei tenkjer ikkje over det, snakkar ikkje om det. Det er naturen som går sin gong, til dei er inne i mørket med eit tett skal rundt seg.

Der ligg dei, tilsynelatande livlause, og blir brotne ned. Men det er ikkje slutten. Noko nytt oppstår av det nedbrotne. Og når tida er der, sprekk skalet. Lyset fløymer inn.
Dette nye som møter dagen er annleis enn det som blei nedbrote. Det har eit større hjarte. Og det har venger.
Først fester det seg til ei kvist. Blir hengande nokre timar, så livskrafta
strøymer ut i dei tynne vengene. Så slepp det seg ut i lause lufta – og flyg.
Hagen har fått ein ny sommarfugl.
Sommarfuglen finn blomar med nektar, som han før ikkje visste fantest.
Han ser fargar så sterke som han før ikkje visste dei kunne vera.
Med venger han aldri hadde drøymt om å få
flyg han over hekken og ser og opplever alt det han før ikkje visste var til …

………………………
Fakta om sommarfuglen er henta frå leksikon. Eg les det i lys av  det Bibelen seier i Fil 3.10 og 21 om «krafta av hans oppstode»

Dette innlegget er på oppmoding skrive ned på grunnlag av eit foredrag eg hadde på Husnes bedehus, 4.2.2016
C: Marit Elisebet Totland 11.02.2016


Innlegg som eg tidlegare har skrive om temaet meistring finn du her:  Meistring
Eg fann fram penselen då livet snudde. Her finn du ein del av bildene eg har laga: Galleri Nauthydlaren
Bildene har endra seg etter kvart: Når bildene røper deg
Her er eit av dei:

 

søndag 10. mai 2015

Kampen om kvardagen

Eg gir meg ikkje 
seier ryggen. 
Eg gir meg ikkje eg heller 
seier tanken 
initiativet 
motet. 

Nei vel, 
seier ryggen. 
Då får me dela 
på 
tida og kreftene.

tirsdag 7. april 2015

Ein "ryggesløs" kvardag

Påska er over. Kvardagen er her. I tal har helga vore 11 dagar med til samen 16 store og små inn og ut av dørene. Husbonden er prest og har vore på jobb ein del av tida. Og eg er ryggesløs. Kanskje nokon ville sagt: Korleis kan det fungera når du er ufør "og alt"?

Det er tid for sjølmelding, og i dag skal eg melda min eigen kvardag, - fordi eg sit her, tar fatt på kvardagen, og ikkje er verre i ryggen enn at eg meistrar denne dagen.
Og meistringa har ei forklaring, og mange av dei går på to bein:
- dagen begynte med at "dei andre" stod opp, mens eg stod opp sakte, sengeliggjande, men likevel slik at eg kunne snakka med dei andre.
- dei andre laga frukost og kokte kaffe.
- eg passa barnebarn, utan å løfta, mens eine familien pakka i bilen
- gjestene sette skittentøykorger like ved vaskemaskina, berre for meg å trykka på knappane.
- ein son drog, ein annan kom, med eit barnebarn, for å bruka mammas printer (ein kopp kaffi og ein god prat og avtale om henting av store lerret til maling, så har eg både sjåfør og stor nok bil).

- kika over kva som var i kjøleskap og matskap. Påska var velproporsjonert. Det meste er vekk.
- handlinga før påske gjekk føre seg ved at andre bar varer, putta i handlevogn og i matskap. Det gjekk bra med unntak av kaffien. Eg peika på store kaffiposar og sa: "To av dei!" To kom i handlekorga. Men eg kjende jo ikkje at det var heile kaffibønner i posane.
- middagar og "godmat" blei laga av gjesten på skift, med litt innblanding av meg inni mellom. Fint med kokk og andre kjøkenvenlege familiemedlemmer. Oppvasken gjekk også unna.

- Opnar PC'en. Veit at noko ventar:
Skal:
- skriva andakt til lokalavisene
- skriva motsvar/dialog til bokmelding til bladet Heimen på boka Garborg og Skou - forskjell på folk?"
- skriva ein kort presentasjon av meg sjølv til ein artikkel som er levert til bok
- ta utskrift av eit referat, signera og putta i konvolutt
- redigera nokre punkt til partiprogrammet og senda til dei andre i programkomiteen

Epostar kan svarast på:
- melder forfall til representantskapet i SIM fordi køyreturen til møtestaden er for lang når eg skal på reise dagen etter også. Valkomitearbeidet tar me på epost.
- svarer ja til å møta andre i formannsskapet ein kveld sidan møtet ikkje er langt herifrå. Og eg kan skaffa sjåfør
-  svarer på spørsmål om eg har lese ei spesiell sak til formannskapsmøtet. Det har eg ikkje. Skal lese sakene i kveld om ryggen er bra nok. Lover å ta kontakt om eg har spørsmål.
- Svarer at det er fint at ein annan enn meg tar leiaroppgåva i kontrollkomitene i eit nasjonalt styret, då eg ikkje kan lova å møta på generalforsamlinga. Gjennomlesing av protollar her heime og tilbakemelding per epost går bra.

Eg vel meg ut oppgåva med å skriva andakteni dag. Alt anna får venta.Eg har lese søndagens tekst som eg skal skriva om for ei tid sidan, så den har vore på modning i tankane. Då trengst det færre minutt ved tastaturet.
Mens eg skriv, set eg på CD med viser av Rudolf Nilsen som eg fekk av eine sonen/svigerdottera her ein dag. Sterke tekstar. Chattar litt med svigerdottera om det. Så kjem eit utkast til praktikantstilling rundt om i verda frå dottera. Til gjennomlesing, og tilbakemelding.

Gjort!

Og no har eg skrive om det eg har gjort, og dermed klimpra litt vel mykje på tastaturet. No kjenner eg at er "ryggesløs". Burde ikkje brukt krefter til å lesa korrektur, men tar ein runde likevel (tar det meste).

Så avsluttar eg sjølmeldinga og er rimeleg nøgd:
Svart på kvitt står det no: Dagen har hatt mykje innhald allereie. Eg er ikkje før som før. Eg er ufør, men ikkje i uføret: Det er til å bli glad av. No skal gleda forsterkast med ein kopp kaffi og ein sjokoladebit :) Og hadde du vore her, skulle du fått smaka!

mandag 11. mars 2013

Kva skal tilsynet sjå til? Om skoen er korrekt, eller om han trykkjer?

Regjeringa vil flytta tilsynet med barnehagane til Fylkesmannen i følgje Vårt land: Annenhver barnehage har brutt loven.

Å flytta tilsynet frå eigaren v/kommunen til staten v/Fylkesmannen er vel og bra, men poenget er vel å få betre barnehagar. Og då er spørsmålet om tilsyn fører til forbetring?

Det er bra at systema for kvalitet er i orden. 
Det hjelper likevel lite dersom dei ikkje blir fulgte. 
Men kvardagen kan vera trygg for store og små 
sjølv om det ikkje kan lesast ut av kvalitetsikringsdokumenta.

Ved eit tilsyn er det lettast å sjå etter systema, reglane, dokumenta:
Korleis skal ein gå fram ved uhell ved leikeapparat ?
Kor ofte blir leikapparata sjekka teknisk?
Kor godt skal hendene vaskast?
Når skal born sendast heim grunna sjukdom, smittefare?
osv

Både skular og sjukehus har allereie eit statleg tilsyn. Går me til rapportar etter slike tilsyn og ser kva type avvik og merknader som blir gitt, vil dei som kjenner verksemdene truleg undra seg noko. Det kan vera svake sider ved det daglege arbeidet som slett ikkje blir avdekka ved tilsynet. Tilsynet ser nemleg i hovudsak til systemet - ikkje den praktiske kvardagen. I verste fall kan ein få ei rekkje avvik utan at nokon har lidt overlast i det heile, mens tilhøve som gjer kvardagan vanskeleg for nokon, ikkje blir oppdaga.

Alt kostar: Skal ein kosta på seg meir tilsyn eller fleire vaksne?
 "Det kan godt hende det finnes en prislapp på det, men det må jeg i så fall sjekke opp", seier Kristin Halvorsen til vg.
At det har ein prislapp er heilt sikkert. Og at talet på den lappen vil stiga etter som systemet rullar og går og byråkratiet veks, er det ingen tvil om. Nokre feil vil systemet kunne retta opp?
Men er det verd innsatsen?

Systemtilsyn må me også ha, men fordi me så lett trur at jobben er gjort når tilsynet er på plass, er det ei avsporing av debatten.

Fleire vaksne i barnehagen gir betre tilsyn med borna.  
For meg er det det viktigaste tilsynet.

Når det gjeld forbetring av tilhøva i barnehagen, er foreldra som ser kvardagen der, dei beste til å sjå kva som er bra og ikkje fullt så bra Foreldra må oppmuntrast til å seia ifrå når noko bør forbetrast, til dei ansvarlege i barnehagen og til oss som lokalpolitikarar. Om dette fungerer, er det ikkje avgjerande om det er systemkontroll kvart år eller kvart tredje år.

Elles er det interessant å lesa i ei Kartlegging av skader og ulykker i barnehager at:
Det er få barn som skader seg i norske barnehager, 
og de aller fleste skadene er så små at de ikke krever videre oppfølging.
 (Kartlegging av skader og ulykker i barnehager 
gjort av Dronning Mauds Minne Høgskolen for Utdanningsdirektoratet.)