Etter alle dei treffa det har vore på innlegget Sawubona - å bli sett her på bloggen, er det grunn til å tru at den fine helsinga er begynt å breia om seg i landet vårt. Det er då på tide å læra kva ein svarer når ein blir møtt med:
Sawubona - Eg ser deg!
Då er svaret:
Ngikhona - Eg er her.
Dette lærte eg då eg kom over websida: africaknows
Å vera til stades.
Ordet Sawubona har rikdom og fylde i seg. Det har også Ngikhona.
Kor mange gonger snakkar me ikkje til folk, og opplever at dei ikkje høyrer etter. Og i den digitale tidsalderen, med augo festa på ein skjerm mens andre trur øyro er ledige, svarer me: ehe.., hm.., ja, nei.., så det høyrest ut som om me er med i samtalen. Og av og til er me jo det. Men ikkje alltid. Ein gong eg var barnevakt for ein stor barneflokk, maste den minste til alle tider. Eg gjekk lei, og til slutt sa minstejenta:
- Høyr på meg! Høyr på meg med augo dine!
- Ngikhona, burde eg svart då.
- Eg er her, - for deg. No høyrer eg på deg.
Meir frå africaknows:
The Zulu greeting, “Sawubona” means “I see you” and the response “Ngikhona” means “I am here”.
I love the depth of meaning that African languages carry. Inherent
in the Zulu greeting and in the grateful response, is the sense that
until you saw me, I didn’t exist. By recognizing me, you brought me into
existence. A Zulu folk saying clarifies this, “Umuntu ngumuntu nagabantu“, meaning “A person is a person because of other people”
We are liberated by our connections to our community and when they
truly see us, they offer a mirror to our inner selves that allows us to
freely connect.
In my language “Boki” from Cross Rivers State Nigeria, our greetings are always active, so if I see you sitting I will say “Aa Que?” meaning “You are sitting?” and you’re response would be “Me’en Que!“…”I’m sitting!”
Our language makes us a very definite people, we like to live in present time and define our state of being at each encounter.
Les meir om temaet Sawubona - å bli sett
Menneskeverdet er alltid 100%. Det kan ikkje målast i funksjon, kilo, meter, kroner eller desibel.
Viser innlegg med etiketten å bli sett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten å bli sett. Vis alle innlegg
fredag 15. februar 2013
søndag 30. september 2012
Krafta i eit smil og eit blikk
Ho ser folk - til tårer.
Sit heilt stille og ser folk inn i augo.
Den verdskjende; performance-kunstnaren Marina Abramovi,
gjorde dette,
og folk strøymde til
for å bli sett.
Ordlaust,
nært,
mektig.
Slikt hender berre i konstruert kunst,
tenkjer me.
"Du såg meg då eg kom ny i skulegarden for 40 år sidan,
og du smilte til meg.
Eg har alltid hugsa deg for det,"
sa ho som eg møtte i går.
Eg visste ikkje kven ho var for 40 år sidan,
eg visste det ikkje i går heller - før ho sa det.
Å sjå.
Å smila.
Raust kan me dela ut
signal frå hjarte til hjarte.
Det kostar ikkje anna
enn å orka reagera på at andre menneske er der du er.
Kva hadde skjedd om eg vågde sjå
dei eg jamleg møter,
slik at dei opplevde seg sett?
Kva hadde skjedd om eg vågde sjå
dei eg jamleg møter,
slik at dei opplevde seg sett?
Fleire tekstar om å bli sett, finn du: her /Sawubona.
lørdag 11. august 2012
Andre skal ha det litt kjekkare enn om eg ikkje var her
Det er Ove Tvedt, læraren, langdistanseløparen innanfor frivillig arbeid som lokalavisa Kvinnheringen kallar han, (10.08.2012), som har dette flotte målet for kvardagane sine. Ikkje i eitt år, ikkje i ti år, men i fleire tiår har han levd saman med ungdomane i bygda med målsetjinga om at dei skal ha det litt kjekkare enn om han ikkje hadde vore der. Han og kona starta heime i stova og har i mange år drive Ope hus i kyrkja, i tillegg til mykje anna arbeid i nærmiljøet. Mange unge har opplevd at målsetjinga hans er meir enn ord.
"Krampaktig ung" kalla me i vår tid ungdomsleiarar som gjekk i lusekofte og tøysko for å sjå ungdommelege ut. Skal ein fylgja dei unge i kle og motar i dag, kan det bli strevsamt å vera ungdomsleiar. Då er det frigjerande med det rådet Ove gir til andre som vil få kontakt med dei unge:
Ver meir interessert enn interessant!
Eit slikt råd kan me ta med oss nokon og ein kvar:
- han som ikkje veit kva han skal snakka om når han møter folk fordi han for det meste er heime åleine grunna sjukdom
- dei som er blitt plasserte ved sida av kvarandre ved eit festbord og ikkje er kjende frå før
- ho som har fått ein ny nabo med ein annan kulturell bakgrunn
Å bli møtt av nokon som er interessert i deg, gjer noko med deg. Born bruker store fakter for å fortelja oss kor viktig det er at me ser dei. Som vaksne seier me det ikkje rett ut, men me opplever det vel likevel godt å bli sett.
Sjå meg!
"Se meg" er tittel på Stortingsmeldinga om ein heilskapleg rusomsorg. Å sjå dei unge er den beste førebyggjande innsatsen mot rusmisbruk. Sjå dei i kvardagen, sjå og høyra dei i ordinære samlingar, sjå og spørja etter dei når dei gir teikn på at alt ikkje er som det skal. Og så til slutt det vanskelege: La dei vita at du ser dei også når alt har gått galt og vegen ut av eit liv i rus synest stengt.
Lokalavisa "Kvinnheringen" vil kåra den beste kvinnheringen. Eg er ikkje i tvil om kven som fortener å bli den beste i Kvinnherad i 2012. Å seia at nokon er best, er å bruka store bokstavar. Men når målet er å gjera livet kjekkare for dei andre enn om han ikkje var der, er ikkje bokstavane for store. Og kjenner eg han rett, har han ingenting i mot at nokon låner mottoet hans.
Meir om å bli sett, kan du lesa her

torsdag 9. august 2012
Bonus ved "Ordinært" frivillig arbeid - St.meld. "Se meg!"
Nokre tankar om
Se meg!- St.melding 30 2011–2012 - En helhetlig rusmiddelpolitikk
Del II Se meg!
Det er så vondt å bli oversett, sa selger 329 og da journalisten i BT selde Megafon, opplevde ho seg usynleg
Stortingsmeldinga om ein heilskapleg rusmiddelpolitikk, har fått namnet "Se meg!" Eit godt val av tittel som fortel at rusmisbruk også handlar om deg og meg og våre haldningar til kvarandre.
Dei som lever med rus, treng å bli sett. Dei treng mykje anna også, som meldinga peikar på, men utan å bli sett som einskildmenneske, vera ynskt av nokon, vera elska trass den livssituasjonen ein er komen i, kan vegen ut av uføret bli lang.
Eg spurte ein som arbeider med rusomsorg, om han kunne peika på kva eg som lokalpolitikar kunne gjera. Svaret var at me sjølvsagt kan auka midlane til rusomsorg, men uansett korleis ein vurderte det, eller kva ein meinte om rusomsorg, så ville den økonomiske innsatsen gi størst resultat om den var førebyggjande. Som politikar er det både lett og vanskeleg å forhalda seg til eit slikt svar. Det er lett fordi det då er freistande å kvila på laurbæra ein evt har fordi ein satsar på barn og unge. Det er vanskeleg fordi førebyggjande arbeid med tanke på rus kan synast å vera lite treffsikkert og det krevst stort tålmod.
Treffsikkert?
Korleis skal me vita om innsatsen er treffsikker? Kan me hjelpa ein ungdom som er begynt å rusa seg, tilbake til eit liv utan rus, vil innsatsen bli opplevd som treffsikker. Men fotball, speidar, ungdomsarbeid på bedehus og motorsykkelklubbar, som arbeider jamt og trutt, - er det innsats mot rus? Vil ikkje desse "kjekke" ungdomane ha klart seg utan rus, uansett?
Er det berre eg som har tenkt slik?
Dei viktige samtalene
Eg er komen til at det er feil å tenkja slik. Og Dag Endal, leiar for junior- og barneorganisasjonen Juba, stadfesta dette i Vårt land, 8.august-12. Han seier at nærleik kan forebyggja narkotikamisbruk:
" Politikk handler om virkelighetsforståelse. Noen tror at narkotikaproblemet i Norge befinner seg på jernbanetorget i Olso. Utformingen av den overordnede narkotikapolitikken må ta utgangspunkt i en helt annen virkelighetsforståelse, for de viktige slagene står alle andre steder.
Det handler om alle de små, men avgjørende samtalene mennesker imellom. På skolens foreldremøter. Ved gatekjøkken på småsteder i distriktene. Etter at fotballtreningen er slutt og tenåringene er på vei hjem. Rundt kjøpesentrene og i skolegårdene. Etter lørdagsfestene.
Det er i disse samtalene, både blant ungdom og i voksenmiljøet, at det avgjøres om narkotikabruk skal slippe til i tenåringmiljøene." (Dag Endal, Vårt Land ,8.8.2012)
Stortingsmeldingen og du og eg
Ei stortingsmelding kan peika på lovendringar, ny praksiss og økonomiske prioriteringar. Kvardagssamtalane, haldningane, er det du og eg som disponerer, - heilt gratis.
mandag 13. juni 2011
Sawubona - eg ser deg!
Sawubona! Det er noko anna enn eit "Hei på deg!", sjølv om dei høver kvar til si tid og i ulike samanhengar.
Eg kjende ein mann som var fødd 45 år før meg, presten Petter Hermansen. Han lærte meg denne helsinga. Kvar gong me møttest, tok han meg fast i handa, festa eit varmt blikk på meg og sa: Sawubona!
Dette var ei like stor oppleving for meg kvar gong, og det blei på eit vis ei eiga helsing, eit band oss i mellom fordi me hadde snakka om kva ei slik helsing innebar, og kor viktig det er å bli sett.
Desse tekstane på bloggen min handlar om å bli sett:
Det er så vondt å bli oversett
Usynleg for mi skuld
Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun - og far min
Borten Moe har sett "de som ikke synes"

onsdag 1. juni 2011
Å sjå skulda i kvitauga
Han vart dømd
skuldig
han var
skuldig
Alle vende ryggen til.
Utan eit blikk
å møta
ikkje eit liv
å leva
Skuldig?
skuldig
han var
skuldig
Alle vende ryggen til.
Utan eit blikk
å møta
ikkje eit liv
å leva
Skuldig?
tirsdag 31. mai 2011
Å møta blikk - ein risikosport?
Skal ut i vrimmelen.
Skal eg opna
senka skuldre
la folk sjå inn til meg
invitera til å seia noko
med å møta blikk
senka farten
helsa med eit smil?
Risikoen er stor
for at det blir
hyggjelege møte:
auge møter auge.
Skal eg tenkja:
alle har nok med sitt
eg har nok med mitt
halda gluggane att
opna berre så eg får gangsyn?
Risikoen er då stor
for at det ikkje
blir noko møte:
auge til auge.
Risikosport:
Risikera at det går gale
fordi utbyte er så stort.
Skal eg våga
møta blikk
dela dagar
dela liv?
Skal eg opna
senka skuldre
la folk sjå inn til meg
invitera til å seia noko
med å møta blikk
senka farten
helsa med eit smil?
Risikoen er stor
for at det blir
hyggjelege møte:
auge møter auge.
Skal eg tenkja:
alle har nok med sitt
eg har nok med mitt
halda gluggane att
opna berre så eg får gangsyn?
Risikoen er då stor
for at det ikkje
blir noko møte:
auge til auge.
Risikosport:
Risikera at det går gale
fordi utbyte er så stort.
Skal eg våga
møta blikk
dela dagar
dela liv?
lørdag 21. mai 2011
Er det ingen her?
Me høyrde han lenge før me såg han, naboen som kom rundt hjørna, gjekk kjøkenvegen, tok tak i dørkarmen før han tok trappetrinnet inn til stova. Han banka to gonger tungt på stovedøra, samstundes som han steig inn, såg seg rundt i stova og sa: - Å, er det ingen her?
I stova sat mor mi og eg. Men karane, farfar og far var ute. Derfor var det ingen der, meinte naboen.
Han tok skammeleg feil. Mor var den som gjorde stova til ein heim. Når ho var borte, og no er borte for alltid, kjenner me at det manglar noko.
Hendinga er frå 60-talet. Kan henda menn uttrykkjer seg annleis no? Men det som alvorlegare er: Kan det vera at me alle oppfører oss slik at nokon opplever at dei ikkje er der?
Det er så vondt bli oversett, sa mannen som selde =Oslo
Fleire innlegg om kor viktig det er å bli sett, finn du her.l

torsdag 14. april 2011
Selger 329: Det er så vondt å bli oversett.
Selger 329 - selger av bladet = Oslo, er hovedperson i filmen med navnet "Selger 329" som hadde premiere på Filmens Hus i Oslo i dag 13.april. "Selger 329" har et navn: Knut Olav Brurud-Johannessen.
Kongen takket ja til å være på premieren, og dronninga ba seg selv med. Honnør for det! Som takk fikk hun klem på begge kinn av hovedpersonen.
Slik oppmerksomhet er ikke hverdagskost for Brurud - Johannessen. Til Vårt Land sier han: Det er så vondt å bli oversett. Tenk om flere kunne si hei tilbake når jeg hilser.
Hvorfor er det så vanskelig å si hei når han hilser, tenker jeg, vel tilbake i stua etter en dagstur til Oslo der jeg så selgerne. Er selgerne en trussel? Unngår vi blikket for å slippe å kjøpe bladet? Eller er det en slags forlegenhet som får mange til å snu seg bort - et ønske om ikke å se hverdagen til selgeren? Eller er det det fremmede som skremmer oss, det som er annerledes?
På hjemturen leste jeg "Saras nøkel" av Tatiana de Rosnay. Fransk politi var med på å deportere tusenvis av jøder i Frankrike under krigen. I ettertid legges all skyld på nazistene. Når de ble spurt hvordan de kunne laste barn og mødre inn i kuvogner og sende dem vekk, bare fordi de var jøder, svarte de at det var på ordre fra tyskerne. Men hvordan kunne det franske politiet og naboene la det skje? Jo, de mente at jødene var annerledes. Det endte fryktelig galt.
Er de så annerledes de som selger = Oslo? Les: Kven er dei narkomane?
Flere innlegg om å bli sett: Se under siden: Sawubona

torsdag 7. april 2011
Selde Megafon - opplevde seg gjennomsiktig
Kjersti Mjør, journalist i Bergens Tidende, var truleg van med å møte blikket til folk, og blei møtt med helsingar og venlege ord. Så stilte ho seg opp for å selja Megafon, og opplevde brått å bli gjennomsiktig.
Ein nyttig lærepenge.
Det finnest mange gjennomsiktige menneske rundt oss.
Andre innlegg om same tema:
Usynleg for mi skuld
Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun - og far min
Borten Moe har sett "de som ikke synes"
Ein nyttig lærepenge.
Det finnest mange gjennomsiktige menneske rundt oss.
Andre innlegg om same tema:
Usynleg for mi skuld
Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun - og far min
Borten Moe har sett "de som ikke synes"
fredag 1. april 2011
Usynleg - for mi skuld
Eg lærte heime at eg skulle helsa fint på alle dei eg møtte som eg kjende. Eg lærte til og med å neia for læraren, også om eg sykla. Å neia, ståande på ein sykkel, går altså an. Eg har prøvd.
Ikkje alle eg helste på, helste tilbake. Det melde eg tilbake til mor mi, som hadde det gode svaret eg har hatt i bakhovudet seinare i livet: Held fram med å helsa du. Helser dei ikkje tilbake, er det dei som er dumme.
Dette gjekk fint. Eg helste på gamal og ung, og det var etterkvart få som fekk stempelet "dumme".
Så gjekk det nokre år. Eg blei tenåring. Og heldt fram med å helsa. Men ein kveld opplevde eg noko som var nytt for meg. Eg helste, men mannen helste ikkje tilbake. Og noko fortalde meg at det ikkje var for at denne mannen var dum. Det var som om han vende seg bort i eit ynskje om å vera usynleg.
Eg kjende mannen godt, svært godt faktisk. Men når eg tenker meg om, no mange tiår etterpå, hadde me nok berre vore saman i trygge samanhengar, der berre familiane våre hadde vore i lag. Eg hadde nok ikkje møtt han på gata før.
Det var nok sårt over dette møtet. Eg grunna over kvifor han oppførte slik han gjorde, og kom til at han let vera å helsa, for at eg skulle sleppa å visa at eg kjende han.
Han hadde eit så lågt sjølvbilete at han gjorde seg usynleg, for mi skuld.
Eg fekk aldri høve til å bli så godt kjend med han som vaksen at eg kunne vera med å visa med min måte å møta han på, at han var verd å møta, verd å kjenna. Han valde å ikkje gå på gatene så mykje lenger. Han valde faktisk å bli heilt usynleg. Han valde å ikkje leva.
Me kan studera og drøfta kommunikasjon, sosiale medier, naboforhold og byplanlegging stolpe opp og stolpe ned. Gløymer me å sjå kvarandre, er det viktigaste gløymt.

lørdag 12. mars 2011
Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun - og far min
Den dagen regjeringa Bondevik 1 skulle gå av, kom eg tidleg til kontoret. Halvvegs opp til femte etasje i KUF-bygget, møtte eg reinhaldaren. Eg sa: "God morgon", og skulle til å skunda meg vidare, då eg såg at ho stod med bøygd hovud og tårer på kinnet. Eg stanste derfor og spurte forsiktig om det var noko som var gale. "Ja, det er mykje gale", sa ho. "Lilletun skal slutta i dag".
Jon helsa alltid på henne, akkurat som han helsa på alle andre han møtte. Han såg dei, ikkje for å vera tilgjort høfleg, men fordi han faktisk såg dei.
Far og eg gjekk ofte på tur i kveldinga då eg var 13-14 år. Ein dag gjekk kursen mot eit hus som var ukjent for meg. Far sa ingenting, men opna bakdøra i huset og peika at eg skulle gå inn. Vel inne var det ingen å sjå, korkje i stove eller kjøken. Men far gjekk gjennom stova og opna døra til eit soverom. Der låg havseglaren. Det var det eg kjende han som. No var han ein liten kropp under ei kvit dyne.
Han og far veksla nokre få ord. Så tok far potta og tømte den, fann eit glas vatn og sette på nattbordet. Så var besøket over.
Jon og far lærte meg noko som det er vanskeleg å setja ord på. Men eg veit at når eg har vore ufør ein lang periode, har det dei lærte meg, hjelpt meg å ikkje hamna heilt i uføret når det gjeld å vita kven eg framleis er, fordi det viktigaste er vilkårlaust.

mandag 7. mars 2011
Borten Moe har sett "de som ikke synes"
"Jeg traff mange av de skjebnene som du ikke møter på Karl Johan og på flytoget, men som likevel er en viktig del av Norge. Jeg har latt meg imponerer over styrken de klarer å mobilisere i møte med store utfordringer," sier Ola Borten Moe til Vårt land (VL 5.520119) Denne erfaringen fikk Borten Moe tidlig i barndommen da han fulgte sin egen far gjenom mange sykehusopphold og dermed kom i kontakt "med mange som til vanlig ikke synes i samfunnet, de som sliter med skader og kroniske sykdommer".
Som heltidspolitikere er det lett å tro at hverdagsmenneskene er de du møter på flytoget, på konferansene, i vandrehallen, de som stresser att og fram mellom Stortinget og regjeringskvartalet eller de som krysser denne strømmen og nyter en fridag eller to med å promenere på hovedstadens solside. Som korrektiv til et slikt bilde kan det være nyttig å vite at noen faktisk aldri kommer seg til en flyplass, langt mindre tusler de avslappet langs Karl Johan. For dem er den største utfordringen å makte hverdagens utfordringer med mat, klær og helt nødvendige gjøremål. On en i tillegg kan smile til verden og oppleve at den smiler tilbake, har en fått bonus den dagen.
Borten Moe skal til daglig håndtere olje og energi. Han vil måtte ta stilling til påstander om kroner og øre, framtidige ressurser, natur og internasjonal oljehandel, og han vil kjenne maktkamp på nær hold. Med et slikt ansvar kan det være nyttig å ha møtt livets harde realiteter. Og det er betryggende å vite at han er kommet fra et slikt møte med evne til å se det store i det svake, slik han gav uttrykk for i intervjuet i Vårt Land.
Jeg tror regjeringen er tjent med ha fått en mann inn i kollegiet som så tydelig kan sette ord på slike forhold.

Abonner på:
Innlegg (Atom)