Bjørn Hansen
Påsken er lumsk. Første delen er som en lett snue, mens den lukkede delen er som en tung influensa. Mange blir veldig ensomme.
Høgtid
har tradisjonelt vore familietid. Kven hugsar ikkje då me ikkje fekk gå
ut før 2.juledag - om kvelden (om ein er så gamal at ein opplevde det).
Påska
har likevel vore meir open, trudde eg. I og med at mange då er ute, om
det er på tur i låglandet, i fjæra eller på høgfjellet. Eller om det er
ein rusletur i gater med innlagde stopp på kaffear.
Men
kanskje er påska blitt ei statushelg? Då det gjeld om å ha flest klypp i
klyppekortet: store hendingar, lang reise? På Facebook har
statusoppdatering fått ei ny meining for meg i helga. Har du ikkje noko å
skilta med, er statusen fråverande. I fylgje den er "heile verda" no på
tur, men i fylgje Bente Myhre Haast, @skribente, gjeld dette berre 35 %
av oss:
65 % av oss er igjen heime. Då
blir utfordringa å inkludera naboar, kjende og mindre kjende i praten
over gjerdet eller å dela stunda med nista inne ved næraste vatn.
Helg
og høgtid skal vera fri og feiring og alt det som godt er for sjel og
sinn. Å sjå dei omkring oss burde høyra med. Om me ikkje er blitt så
altfor egoistiske?
Kommentar frå Twitter:
Berit E. Dale @evedal
Kommentar frå Twitter:
Berit E. Dale
Viktig det du set fokus på her @Marittotland . Einsemda blir ofte sterkare i andre sitt store handlingsrom.
Det handler om det vanskelege, men samstudnes så enkle: å bli sett.
Og rommene blir eksklusive i tillegg.
SvarSlettKlem på en onsdag :)
Et lite tips
SvarSletthttp://www.nhm.uio.no/fakta/botanikk/karplanter/anti-raadyr/
Dette blir min første påske uten familie på 4... i kveld sitter mine to barn, sammen med pappaen, hans nye kjæreste og deres (og våre) venner for å spise påskemiddag. Sårt og ensomt...
SvarSlettHuff, det høyrtest trust ut.
SvarSlettHåper du også har del i nokre av dei felles venene.
Den nest siste setningen fant beinveien inn i hjerterota mi Marit.
SvarSlettMeget godt sagt.
Ønsker deg gode dager fremover i våren. :)
Fint at noko finn vegen til hjartet! Alt godt til deg!
SlettBare innom med en liten mormorklem :)
SvarSlett