Viser innlegg med etiketten buplikt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten buplikt. Vis alle innlegg

onsdag 5. juni 2013

Endeleg kan prestar bu seg på å bu! Om buplikt for prestar.

Nei, det stod ikkje noko om buplikt i evangeliet. Snart står det kanskje ikkje noko om det i lova heller.  
 (Teikna av L. Slettebø).

Statsråd Aasrud tar til orde for ei generell avvikling av buplikta for prestar og biskopar.
I høyringsbrevet blir det peika på at prestane sin historiske burett og buplikt i tenestebustader, er «en del av kirkens tusenårige historie». Men no har denne ordninga gått ut på dato, meiner ho.

At ordninga har gått ut på dato, var argumtentet vårt då me søkte fritak frå buplikta her i Husnes og Holmedal sokn, og til slutt fekk det. No bur me trygt i eigen bustad og kan bu oss på neste periode i livet; ein periode utan flytting.

Me gler oss over at andre også kan få planleggja framtida si utan så mange hindringar som det var før. Etter alt å døma ser me no slutten på buplikta for prestar. Det kan koma ulike innspel i høyringa, men når først departementet har skore gjennom dei kryssande signala frå presteforeining og bustadombod, og sendt ut eit framlegg som berre opnar døra i særleg kultur- og kyrkjehistoriske bustader for prestefamiliar, går dette rette vegen. Breid politiske støtte synest det også å vera på Stortinget.

Med dette høyringsbrevet går buplikta over i ein ny fase. Statsråd Aasrud skal derfor ha honnør for handlekraft.

Aktuelle spørsmål i framtidig ordning:
Kva med dei flotte, gamle prestegardane?
Det blir opna for at desse kan nyttast til prestegardar.
Kva med bustad der det er ein vanskeleg bustadmarknad , vanskeleg med kjøp og sal?
Bustad kan nyttast som rekrutteringsmiddel der det trengst.
Kva med høge husleiger på den vanlege bustadmarknaden i byar/Olso?
Det vil ikkje skada at søknaden til presteteneste rundt om i landet blir styrka grunna høge husleiger i byar. Nøktern bustadstandard er ok for prestefamiliar som andre no når det ikkje blir krevd at bustaden skal nyttast i tenesta. Løn kan dessutan nyttast til rekrutteringsmiddel om det er ynskjeleg.


Utviklinga i vår søknad og ein del argument i saka, kan lesast i tidlegare blogginlegg:
Svaret var nei på fritak for buplikta
Slepp prestane laus - det er vår!

Ei rekke kyrkjelege instansar og Riksantikvaren skal uttala seg i høyring. Les meir om sjølve framlegget i Vårt Land der det også er god informasjon om saka.

tirsdag 29. mai 2012

Slepp prestane laus, det er vår!


Med hov sprong komikarane rundt i enga og fanga alt det som fauk rundt då våren var komen. "Slepp prestane fri, det er vår!" var parolen deira.

I dag fekk me her i huset den glade meldinga om at bispedømerådet har gitt mannen i huset fritak frå buplikta. Ja, for mannen i huset bur eigentleg ikkje i dette huset, i  huset vårt, men i prestebustaden 7 km herifrå. Og i følgje folkeregisteret bur også eg der og ikkje her. Historia om kvifor det er slik, står å lesa her

No har altså bispedømerådet slått fast at grensa for når ein prest kan få fritak frå buplikta, er 55 år. Då er det på tide for prestar å finna seg eit hus som dei kan bu i også i pensjonsalderen. Og det er det!

Det kjennest godt for oss å ha kome ut av det uføret me kom i då me selde vårt eige hus fordi me ikkje kom til å flytta tilbake til det nokon gong, utan å få flytta inn i det huset me hadde sett oss ut som vår nye heim. Med det vedtaket bispedømerådet no har gjort, er framtida noko ryddigare også for andre prestefamiliar som skal planleggja for seg og sine.

Og så får me tru at det ordskiftet som var på presteforeninga si generalforsamling i vår og i Stortinget like over jul då buplikta var drøfta i samband med eit Dok 8-framlegg, ber bod om at heile ordninga, som ein gong var god for prest og kyrkjelyd, no kan tilpassast vårt århundre, til beste for alle partar.

onsdag 22. februar 2012

Berre Presteforeninga kan no få buplikta ut av uføret


I dag, 21 mars,  har presteforeninga si generalforsamling handsama saka om buplikt. Og dei går no inn for ei fleksibel ordning som vil gi færre prestar buplikt i framtida. Det er eit steg i rett retning

Tidlegare innlegg:

 Nei, det står ikkje noko om buplikt i evangeliet, slik karikaturteiknaren Lars Slettebø spurde om i Kvinnheringen i desember. Men det står noko om det i kyrkjelova og i tenesteordninga for prestar.

Vår søknad om å få fritak for buplikta, blei avslått før jul. Tysdag 21.februar skulle anken handsamast, men blei utsett til møtet i mai fordi bispedømmerådet ville sjå på dei prinsippielle sidene ved saka. I mars har Presteforeninga generalforsamling, og prinsippa skal drøftast der.

Stortinget har nettopp drøfta eit Dok 8-framlegg om det same. Også der blei det peika på at ein ventar på klare svar frå Presteforeninga.

No ligg altså ansvaret hos Presteforeninga. Og det er å håpa at denne gruppa av tillitsvalde for prestar anno 2012 vil gå for ei ordning som er tilpassa den tida me lever i. Det er tida for å finna gode løysingar, ikkje for å vera taktiske for å få mest mogeleg ut av ein forhandlingsposisjon. Dei har lenge prøvd å ri to hestar: Å sjå på buplikta både som fordel og ulempe, ein fordel som skal kompenserast når ordninga fell vekk, og ei ulempe som skal gje fritak for skattlegging av subsidiert bustad. Buplikta har gått ut på dato mens dette rittet med to deltakande hestar har gått føre seg. Siste avgjerande endring kom då prestane fekk regulert beredsskapsordning, og ikkje lenger er bunden til å vera tilgjengeleg til ei kvar tid, korkje på telefon eller i bustaden.

Etter mitt syn kunne Stortinget fulgt Høgre og vedteke å koma tilbake til saka med alle impliserte problemstillingar som rekruttering, ærverdige prestegårdar, eksisterande avtalar mm. "Presteforeninga" var grunngjevinga for ikkje å gjera det.

Bispedømmerådet kunne ha handsama søknaden vår no, då det er ei "seniorprestsak". Generalforsamlinga til Presteforeninga kjem før saka skal opp att. Bispedømmerådet er nok redd for å skapa presidens, og indirekte seier dei at dei ventar på signal frå generalforsamlinga.

Derfor: No ligg det eit stort ansvar på Presteforeninga: Mange partar i saka ventar på avklaring, ikkje minst familiar som på grunn av den ordninga som er praktisert ulikt rundt om i landet, opplever kluss i vekslinga mellom prestebustad og pensjonistbustad.

Referat frå debatten i Stortinget gir god innsikt i kva saka dreier seg om. Den kan lesast her:
Stortingets behandling av presters boplikt
Tidlegare blogginnlegg om saka:
Svaret var nei på fritak for buplikta
Humor hjelper mot det meste

Om du vil lesa om den ulydige presten på Ølve for lenge, lenge sidan, kan du les ei 100 år gamal utruleg historie her

fredag 16. desember 2011

Humor hjelper mot det meste

Mannen har skrive i anken til bispedømmerådet: "Etter å ha summa seg litt, har kona mi bestemt seg for at ho vil bu på Valen. Ho orkar ikkje bu litt her og litt der. Ho målar, og vil ha sitt eige galleri i sokkeletasjen der publikum kan koma innom... Eg legg ikkje skjul på at eg foretrekk å sove i same hus som kona mi, noko eg reknar med biskopen og resten av bispedømmerådet ikkje vil ha innvendingar mot."
 

Kven kan vel stura over eit avslag på søknaden om å sleppa å bu i prestebustaden for å flytta inn i eige hus, når bygdefolket gir massiv støtte til at dette må då kunne ordnast. Teiknaren Lars Slettebø har kvessa blyanten og seier det på sin måte: - Jan Ove, staar det naake om buplikt i evangeliet? under overskrifta "Det hende i dei dagar" (Lokalavisa Kvinnheringen, 16.des). Slettebø har velvillig gitt løyve til å visa fram teikninga her. 

Det kom også overraskande støtte frå Frp lokalt, då Ole Torbjørn Holmedal med eit glimt i auget tok saka opp i spørsmål til ordføraren i kommunestyret i går. Han spurte om det ikkje var lurt av kommunen å selja bustader som ikkje var meint til primæroppgåvene våre, til dømes prestebustaden på Husnes. Så kunne kommunen heller leiga eit hus til presten, og då ville det kunne vera aktuelt å leiga på Valen i staden, (altså vårt hus).  :)

Humor hjelper mot det meste. Det hjelper i kvardagen. Om det hjelper for å få saka løyst, vil visa seg. 

I Kvinnheringen, 23.desember, skreiv Tor Bringedal om ein tidlegare prest i Kvinnherad, Strømme, som for 100 år sidan strevde med buplikta. Her kan du lesa den utrulege og underhaldande historia.

På blogginnlegget Svaret var nei på fritak for buplikta  har eg gjort greie for det som har skjedd og kva eg tenkjer om saka. Han som har denne omtala buplikta, mannen min Jan Ove, har også tatt til ordet offentleg, og også han gir meg vellvillig løyve til å ta med innlegget hans her:

Buplikt for prestar, irrelevant og uakseptabel ordning 
For snart 11 år sidan var eg så heldig å bli prest i Husnes og Holmedal sokn. Her trivest vi så godt at vi ynskjer å bu her som pensjonistar. Tidleg i haust var det av ulike grunnar naturleg å kjøpe vår framtidige bustad. Bustaden er plassert sentralt i soknet, og sokneråd, prost og presteforeininga sitt bustadombod stilte seg positive til søknaden om fritak frå buplikta. Men Bjørgvin bispedøme sa nei, sjølv om eg denne månaden fyller 55 år og som prest i  Bjørgvin er omfatta av bispedømet sin seniorpolitikk. Med ei så streng handheving av buplikta, finn eg tida inne til å stille spørsmål ved om dette er ei ordning som kan forsvarast i 2011.

Det er ingenting i prestetenesta eller presterolla i dag som tilseier at presten skal bu i ein spesiell bustad. Den siste tenestemessige tilknytninga til prestebustaden fall bort då prestane for nokre år sidan fekk beredskapsordning og bustadtelefonen vart bytta bort med mobiltelefon. Når presten ikkje har beredskap, treng han/ho ikkje vere tilgjengeleg mellom kl.17 og kl.08 eller i helgene. Og har presten beredskap, så er ikkje kravet at han/ho skal opphalde seg i prestebustaden, men i beredskapsområdet. Å ha eit punkt i tenesteordning for prestar der arbeidsgjevar kan pålegge presten plikt til å bu i ein spesiell bustad er difor irrelevant og heilt uakseptabelt.

Eg kan ikkje forstå at det kan vere i tråd med vanleg arbeidsrett at ein arbeidsgjevar kan bestemme over ein arbeidstakar sitt privatliv når det ikkje har noko som helst relevans i høve til arbeidet ein er sett til å utføre. Om lag fjerdeparten av prestane i Den norske kyrkja  har ikkje lenger buplikt. Det er eit tydeleg signal om at plikt til å bu i ein spesiell bustad ikkje lenger har noko med prestetenesta å gjere.

Eg ber dei som har ansvar for å gje rettferdige lover om å fjerne denne plikta som kan opplevast som ei stor og unødig ulempe,  både for presten og familien. Dette må ikkje forseinkast av ein debatt om rekruttering av prestar til område der det å stille bustad til disposisjon kan vere eit godt tiltak. Å bu i prestebustad frivillig med høve til å flytte ut når ein sjølv vil, er noko heilt anna enn å vere klistra til prestebustaden av plikt.
Dersom det i nokre område er ynskjeleg at presten skal bu i ein ærværdig prestebustad av kulturhistorisk verdi, ja, då får ein gjere det så attraktivt å bu der at presten gjer det frivillig.

Bustadordninga for prestar som plikt er utgått på dato for lenge sidan. Den er både irrelevant og uakseptabel.  Her inviterer eg alle gode krefter til å gå saman om å gje prestane fridom i høve til bustad.

Jan Ove Totland
Sokneprest i Husnes og Holmedal sokn



onsdag 30. november 2011

Svaret var nei på fritak for buplikta. Ordninga med buplikt for prestar er utdatert.

Oppdatering blogginnlegg 16.desember
Etter at det er blitt kjend i lokalmiljøet at me som familie ikkje får fritak for buplikta i prestebustaden, har det strøymd på med støtte og trøyst.
 
Denne flotte karikaturteikninga i lokalavisa, Kvinnheringen, av Lars Slettebø, er mellom dei eg har sett aller mest pris på:  http://yfrog.com/nznxoibj
Tekst: - Jan Ove, staar det naake i evangeliet om buplikt?


Støtta frå Frp lokalt kom også overraskande då Ole Torbjørn Holmedal tok saka opp i spørsmål til ordføraren i kommunestyret i går. Han spurte om det ikkje var lurt av kommunen å selja bustader som ikkje var meint til primæroppgåvene våre, til dømes prestebustaden på Husnes. Så kunne kommunen heller leiga eit hus til presten, og då ville det kunne vera aktuelt å leiga på Valen i staden, (altså vårt hus).  :)

Kva saka eigentleg handlar om, står i det opprinnelege innlegget:
Så fall dommen: Me har fått avslag på søknad om fritak for buplikt i prestebustaden, trass positive tilrådingar frå alle kantar.

Eg er priviligert. Eg bur i ein av dei best isolerte prestebustadane i landet, med praktisk romløysing og godt nabolag. Og eg er i eit uføre. Me har kjøpt hus, 7 km herifrå, som me så gjerne vil bu i. Men me kan ikkje flytta, for prestemannen har buplikt i dette huset kommunen har stilt til disposisjon som prestebustad.

Då me flytta inn i prestebustaden, visste me om buplikta. Ordninga kom ikkje som noko overrasking. Men me bygde hus før mannen min blei prest, og har leigd det ut i seinare år for å sjå om nokon av borna ville overta det. No har dei gjort sine val, og det var naturleg å selja huset sidan det ligg i ein annan kommune, og det blei tungvint med vedlikehaldet. Derfor selde me huset og kjøpte eit nytt hus her i Kvinnherad kor me ynskjer å bu i pensjoniståra.

Vår personlege frustrasjon og private utfordringar skal ikkje bloggførast. Men avslaget aktualiserer ei rekke prinsippielle spørsmål.

Prestar har i ei årrekke stått overfor same utfordring som oss. Men det har skjedd ei vesentleg endring: Prestar har i dag ei beredskapsordning som gjer at dei ikkje lenger skal vera tilgjengelege heile døgnet. Dei skal faktisk berre vera tilgjengelege mellom kl 8 og 17 på kvardagar når dei  ikkje har fri. Utover den tida er det ein prest i kvart tenesteområde som har ansvaret, og beredskapstelefonar går til denne presten. Desutan ligg pestekontoret ikkje lenger i prestebustaden. Ei så lita, men avgjerande sak, som mobiltelefonen revolusjonerte sjølvsagt også situasjonen for dei som skal ha tak i prest. Med desse praktiske endringane fell logikken vekk når det gjeld å ha eit bestemt hus som presten skal bu i og møtast i.

Ei utdatert ordning.
Mange meiner at ordninga berre kan fjernast. Så enkelt er det ikkje. Nokre stader i landet der det ikkje er lett å omsetja hus, kan det vera eit tilleggsproblem å skaffa prest dersom ein ikkje stiller med prestebustad. Kven vil investera i eige hus dersom det ikkje er marknad for sal seinare? Likevel: Det må kunne lagast ei fleksible ordning der hus blir nytta til rekruttering der det er trong for det.

Prestebustadane er enten eigd av Opplysningsvesenet fond (OVF) eller kommunen. OVF har ansvar for dei bustadane på dei "ærverdige" prestegardane.

Kommunen har plikt til å stilla med hus, og presten har plikt til å bu i det. Slik er det i dag. Begge partar har ei plikt. Her ligg problemet. Det mange ynskjer er nemleg at presten skal ha rett til å få tilbod om eit hus, mens kommunen skal ha plikt til å stilla med hus dersom presten ynskjer det. Ei slik ordning er det ikkje enkelt for kommuenn å forhalda seg til. Så ser me også at Frp no har levert eit Dok 8- forslag i Stortinget, eit framlegg om lovendring, der dei ynskjer å ta vekk kommunen si plikt.

Kommunane opplever at stadig fleire prestar søkjer fritak for buplikta, og vel derfor å selja bustadane sine.

Både kommunesektoren og OVF har interesse i bupliktordninga, og fleksible ordningar vil krevja ein del av dei. Eg trur likevel ikkje dette er grunnen til at me ikkje kjem oss ut av buplikt-uføret. Ein gong i tida hadde eg denne saka på bordet som politisk leiing i kyrkjedepartemenet (1997-2000)*. Då såg eg ei anna side av saka. Prestane sin organsasjon ville gjerne ta vekk bupliktordninga, men dei ville ha kompensert for å mista eit gode dersom ordninga fell vekk. Samstundes kjempar mange prestar rundt om i landet for å bli kvitt ei ulempe. Ulempa og godet er same sak. Det seier seg sjølv at dette ikkje kommuniserer.


Buplikt for prestar kan ikkje vera eit gode og ei ulempe samstundes  - presteforeninga sitt ansvar.
Ein kan ta fatt på buplikta frå mange vinklar: Ulik bruk av prestebustadar med kontor o l  før og no, den einskilde sin rett til å velja bustad, det praktisk-økonomiske ved ikkje å ha eige hus eller kommunen og staten sine oppgåver og utgifter. Men så lenge prestane sin organsasjon hevdar at ordninga både er eit gode og ei ulempe samstundes, er det ingen grunn til å tru at saka finn si løysing med det første. Mens tida går, seier nokre bispedømme oftare ja til fritak frå kommunal bustader, mens prestane i kommunar andre stader sit att med probemet i fanget. Det er ikkje ein god veg ut av uføre.

Tid for debatt.
Sidan saka har så mange sider, og sidan vilkåra for folk flest til å skaffa sin egen bustad er annleis enn då buplikta kom til, er det på tide med ein offentleg debatt om saka. Er ikkje buplikta i tråd med krava og vilkåra for prestetenenste i 2011, bør den avviklast, slik det har skjedd med buplikt for andre grupper, mellom anna for fylkesmenn.

Det er altså innlevert et lovendringsframlegg på Stortinget som gjeld nettopp denne saka. Det er å håpa at saka blir så godt opplyst og engasjerer så breitt, at me kan få ei ordning som både kommune, kyrkje og prest er tent med anno 2011. Dok 8:16 L (2011-2012)

- Avisa Kvinnheringen skriv om saka 2.12.2011: Får ikkje fritak for buplikta
 - Det er no ordskifte om saka på Verdidebatt.no
- Kari Sørheim har ein kommentar til same spørsmålet: Karitankar
- Jan Ove, mannen med buplikt, har også skrive eit avisinnlegg, det finn du nedst i dettee blogginnlegget her

* Apropos sal av prestegardar
I departementstida snakka eg ofte om at Opplysningsvesenets fond og sal av prestegardar. Det kunne bli mange foredrag på ein stakkars statssekretær, og det hende eg stokka litt om på orda og påstod at me dreiv og selde kyrkjegardar. Det blei latter i salen kvar gong, og det tok tid før eg forstod kvifor. Eg blei litt klokare då folk kom og spurte korleis prisen var på kyrkjegardar for tida.