torsdag 23. april 2015

Endeleg berre delvis ufør



I år vil eg få forkorting i uføretrygda. Det har eg sett fram til.

Tilfeldigvis har mi eiga inntekt auka jamt fram mot innføring av ny uføretrygd. Det er ikkje snakk om store summar, men akkurat nok til eg får trekk i utbetalinga no etter at fribeløpet er sett ned (det eg kan tena utanom trygda).
Hadde ikkje den nye ordninga kome, ville eg ha møtt trollet med to hovud. Med noko godtgjersle for styreverv, maling og skriving ville eg ha passert grensa. Med gamal ordning ville eg då blitt vurdert på ny av lege og NAV for å finna ut om eg eigentleg er 100 % ufør. Det ville vera rimeleg og rett, sidan det er logisk at ein ikkje kan tena så mykje om ein er heilt arbeidsufør. Men det lar seg likevel gjera fordi me menneske er svært forskjellige. Og helsa er heldigvis ikkje statisk.

For å forklara kvifor eg kan tena ein del, vil eg visa kva eg tener pengar på. Det blir ei sosial sjølmelding, men eg skriv dette likevel, fordi det kan vera ei hjelp til å sjå at me ikkje er A4-menneske nokon av oss.

Etter eit svært aktivt liv med leiarstillingar som fylte tanken både kvardag og helg, blei eg nullstilt grunna helsa. Dette held meg no aktiv:
- Kommunepolitikk/styreverv. Eg ligg på ei matte på golvet under møta og har sjåfør til og frå møta.
- Maling. Eg begynte å mala då eg ikkje kunne halda noko tyngre enn ein pensel i handa. No har det blitt til eit galleri her i min eigen heim, og folk kjem og kjøper bilder av meg. (Noko eg aldri hadde drøymt om). Du kan ta ein tur på ei digital utstilling her: Galleri Nauthydlaren
- Skriving. Eg har alltid vore glad i å skriva. Dei ti åra sidan eg blei ufør, har tanken jobba med ein biografi. Når dagane har vore god nok til det, har eg søkt i kjelder og skrive eit manus. Med hjelp av familie blei dette til slutt til boka: Garborg og Skou - forskjell på folk? som kom ut på Commentum forlag i fjor haust.
Neste bok er under arbeid.

Ved sal av bilde og bøker og godtgjersle frå styrearbeid, har eg altså ei eiga inntekt. Denne inntekta ville eg ikkje kunne få i vanleg arbeid. Kven vil ha tilsette som arbeider heimefrå, no og då, og som må hentast og bringast når noko skal skje?

Det gode med den nye uføretrygda er at eg kan tena så mykje eg vil, så mykje kroppen tillet. Når eg tener meir enn fribeløpet, begynner eg å "tena mine eigne pengar" i staden for trygda. Eg er altså delvis ufør i staden for heilt ufør, utan å måtte regulera det formelle. No har eg meldt inn kva eg trur eg tener i 2015, og får noko mindre utbetalt kvar månad resten av året. Når året er omme, blir dette sjekka, og eg får tilbake "noko av trygda" om eg har tent mindre enn planlagt, og betaler inn meir dersom eg har tent over det eg melde inn.

Ei utruleg dynamisk ordning, til beste for alle partar, slik eg opplever det som har ein ryggesløs kvardag.

Samtidig er det viktig å få sagt at det ikkje er greitt at dei som ikkje har eiga inntekt har fått redusert sine utbetalingar. Håper regjeringa ryddar opp i dette, så denne gruppa slepp å stri med uførereformen og kvardagane sine. Det bør dei gjera for dei uføre si skuld sjølvsagt, men også for uføretrygda si skuld. Ei reform med mange forbetringar kjem i dårleg lys grunna denne feilen.

Pingvinane er kloke fulgar. Siste veka har eg malt fleire bilde av dei. Dei har funne ut at ved å stå saman og skifta på å stå ytterst og verna mot stormen, kan dei alle overleva uveret. Slik bør samfunnet vårt også vera. Ein gong var det min tur å stå ytterst. No er eg glad eg får stå noko lenger inn i flokken ei stund.




tirsdag 7. april 2015

Ein "ryggesløs" kvardag

Påska er over. Kvardagen er her. I tal har helga vore 11 dagar med til samen 16 store og små inn og ut av dørene. Husbonden er prest og har vore på jobb ein del av tida. Og eg er ryggesløs. Kanskje nokon ville sagt: Korleis kan det fungera når du er ufør "og alt"?

Det er tid for sjølmelding, og i dag skal eg melda min eigen kvardag, - fordi eg sit her, tar fatt på kvardagen, og ikkje er verre i ryggen enn at eg meistrar denne dagen.
Og meistringa har ei forklaring, og mange av dei går på to bein:
- dagen begynte med at "dei andre" stod opp, mens eg stod opp sakte, sengeliggjande, men likevel slik at eg kunne snakka med dei andre.
- dei andre laga frukost og kokte kaffe.
- eg passa barnebarn, utan å løfta, mens eine familien pakka i bilen
- gjestene sette skittentøykorger like ved vaskemaskina, berre for meg å trykka på knappane.
- ein son drog, ein annan kom, med eit barnebarn, for å bruka mammas printer (ein kopp kaffi og ein god prat og avtale om henting av store lerret til maling, så har eg både sjåfør og stor nok bil).

- kika over kva som var i kjøleskap og matskap. Påska var velproporsjonert. Det meste er vekk.
- handlinga før påske gjekk føre seg ved at andre bar varer, putta i handlevogn og i matskap. Det gjekk bra med unntak av kaffien. Eg peika på store kaffiposar og sa: "To av dei!" To kom i handlekorga. Men eg kjende jo ikkje at det var heile kaffibønner i posane.
- middagar og "godmat" blei laga av gjesten på skift, med litt innblanding av meg inni mellom. Fint med kokk og andre kjøkenvenlege familiemedlemmer. Oppvasken gjekk også unna.

- Opnar PC'en. Veit at noko ventar:
Skal:
- skriva andakt til lokalavisene
- skriva motsvar/dialog til bokmelding til bladet Heimen på boka Garborg og Skou - forskjell på folk?"
- skriva ein kort presentasjon av meg sjølv til ein artikkel som er levert til bok
- ta utskrift av eit referat, signera og putta i konvolutt
- redigera nokre punkt til partiprogrammet og senda til dei andre i programkomiteen

Epostar kan svarast på:
- melder forfall til representantskapet i SIM fordi køyreturen til møtestaden er for lang når eg skal på reise dagen etter også. Valkomitearbeidet tar me på epost.
- svarer ja til å møta andre i formannsskapet ein kveld sidan møtet ikkje er langt herifrå. Og eg kan skaffa sjåfør
-  svarer på spørsmål om eg har lese ei spesiell sak til formannskapsmøtet. Det har eg ikkje. Skal lese sakene i kveld om ryggen er bra nok. Lover å ta kontakt om eg har spørsmål.
- Svarer at det er fint at ein annan enn meg tar leiaroppgåva i kontrollkomitene i eit nasjonalt styret, då eg ikkje kan lova å møta på generalforsamlinga. Gjennomlesing av protollar her heime og tilbakemelding per epost går bra.

Eg vel meg ut oppgåva med å skriva andakteni dag. Alt anna får venta.Eg har lese søndagens tekst som eg skal skriva om for ei tid sidan, så den har vore på modning i tankane. Då trengst det færre minutt ved tastaturet.
Mens eg skriv, set eg på CD med viser av Rudolf Nilsen som eg fekk av eine sonen/svigerdottera her ein dag. Sterke tekstar. Chattar litt med svigerdottera om det. Så kjem eit utkast til praktikantstilling rundt om i verda frå dottera. Til gjennomlesing, og tilbakemelding.

Gjort!

Og no har eg skrive om det eg har gjort, og dermed klimpra litt vel mykje på tastaturet. No kjenner eg at er "ryggesløs". Burde ikkje brukt krefter til å lesa korrektur, men tar ein runde likevel (tar det meste).

Så avsluttar eg sjølmeldinga og er rimeleg nøgd:
Svart på kvitt står det no: Dagen har hatt mykje innhald allereie. Eg er ikkje før som før. Eg er ufør, men ikkje i uføret: Det er til å bli glad av. No skal gleda forsterkast med ein kopp kaffi og ein sjokoladebit :) Og hadde du vore her, skulle du fått smaka!