lørdag 25. februar 2012

Kvardagen til ein statssekretær: Korleis leva med eit ansvar som andre kan måtte ta?

Ja eller nei?
Høgskule eller universitet?
Lobbyistar eller fagfolk?
Innafor eller utafor rammene/retningslinjene?
Rom for skjønn eller ikkje?
Bør dette gå til Stortinget?
Bør det drøftast med statsråden?
Trengst det betre gjennomgang av fakta?
Skal det visast handlekraft eller tolmod?

Kvardagen som statssekretær var full av spørsmål som eg måte ta stilling til. Ofte var svaret gitt. Andre gonger vreid eg meg på stolen fordi eg visste avgjerda ville bli upopulær. Andre gonger var eg i tvil, og måtte drøfta saka med dei andre i den politiske leiinga og med embetsverket.

Men av og til måtte det gå fort. Og av og til blei det tatt avgjerder som var større enn dei såg ut for der og då, og konsekvensane meir vidt-rekkjande enn eg innsåg.

Dette var ein del av kvardagen. Mange spurte korleis ein kunne leva med slikt dag ut og dag inn. For alle veit kor gale det blir, når ting går skeis, opposisjonen på Stortinget treng noko å retta pilene mot  og pressekorpset går i takt.

Eg hadde gleda av å vera statssekretær for Jon Lilletun i Bondevik 1-regjeringa (Kyrkje - utdannings og forskningsdepartementet) frå 1997-2000. Politisk leiing var då eit samansveisa team, med ein politisk rådgjevar; Knut Arild Hareide, to statssekretærar; Svein Helgesen og meg, forutan statsråden sjølv. Det var ei god oppleving å vera på eit lag som arbeidde mot same mål og som stod saman. Me visste nemleg kor ansvaret låg; hjå statsråden. Og fordi me visste det, var me alle svært opptatt av å gjera jobben vår slik at han kunne forsvara det. For det visste me at han ville gjera.

For at det skulle fungera måtte me:
-    Vita korleis statsråden tenkte.
-    Drøfta arbeidsmåte og prinsipp slik at me var trygge på oppgåvene våre
-    Drøfta vanskelege konkrete spørsmål så sant det var råd

Kvardagen var likevel slik at me måtte gjera vedtak utan å få snakka med statsråden. Jon Lilletun gav denne tydelege meldinga då han bad meg vera den i den politiske leiinga som «styrte departementet» i hans fråver: Dersom det er ei fillesak som du er i tvil om kva du skal gjera med, så la den liggja til eg er tilbake. Dersom du har ei stor og viktig sak som du er trygg på, så ta avgjer og få saka vidare.
Med ein slik marsjordre, var det ikkje vanskeleg å gå dagsetappane. Lilletun viste også at han stod for det han hadde sagt. Han forsvarte avgjerder eg hadde tatt, i media og på Stortingets talarstol, sjøl om han kanskje ville gjort det litt annleis om han skulle vurdert alle sakene sjølv. Men arbeidsinnstruksen var klar: Når du tar avgjerder som du ikkje er trygg på at me har heilt samanfallande syn på, må du forklara meg korleis du tenkte, slik at eg kan forsvara det. Dermed fekk eg ein ekstra runde å gå: Kunne eg ikkje forklara på ein god måte kva eg hadde gjort, var det feil å ta den avgjerda på eiga hand.

Å ta ansvar er alvorleg, men å ta eit ansvar som seinare andre må overta, er i tillegg svært vanskeleg.

Også politikar
.
Som statssekretær måtte eg ofte fungera som stand-in for statsråden. Det var alltid like lite kjekt å melda frå at det kom ein statssekretær i staden for statsråden. Ein gong blei eg presentert med at Lilletun dessverre ikkje kunne koma, men hadde sendt sekretæren sin, og «ho er visst også politikar».

Når de gjeld det formelle kan det synast som om det i den aktuelle debatten om Lysbakken sitt ansvar, er et stort spenn i kor stor kunnskap ein har om kva ein statssekretær er.  Kort fortalt:
Ein statssekretær
-    Er utnemnd av kongen i statsråd
-    Gjer vedtak i departementet på linje med statsråden, (ei underskrift er nok)
-    Har alle fullmakter - med desse avgrensingar:
      -       Møter ikkje på slottet eller går på Stortingets talarstol
      -       Kan ikkje underteikna brev frå statsråden til Stortinget

Ein politisk rådgjevar har ikkje desse fullmaktene. Han er ein rådgjevar og kan nok ta avgjerder i departementet og arbeida med stortingsmeldingar, men for at tredjepartssaker og saker til regjeringskonferansen eller Stortinget skal passera, må dei underskrivast av statsråd eller statssekretær.

Tidlegare skrive: Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun

torsdag 23. februar 2012

Om å koma til kort, kort og godt

Det var ikkje langt, 
sa taxisjåføren
og minna meg om 
at eg kjem til 
kort

Kort eller kontant
spurte taxisjåføren.
Kontant, 
svarte eg kontant
- ville ikkje ha meir snakk om å koma til 
kort

 

Desse korte linjene er eit apropos til blogginnlegget til SerendipityCat Mitt beste 

Fleire tankar om meistring og tap, finn du her: her

onsdag 22. februar 2012

Berre Presteforeninga kan no få buplikta ut av uføret


I dag, 21 mars,  har presteforeninga si generalforsamling handsama saka om buplikt. Og dei går no inn for ei fleksibel ordning som vil gi færre prestar buplikt i framtida. Det er eit steg i rett retning

Tidlegare innlegg:

 Nei, det står ikkje noko om buplikt i evangeliet, slik karikaturteiknaren Lars Slettebø spurde om i Kvinnheringen i desember. Men det står noko om det i kyrkjelova og i tenesteordninga for prestar.

Vår søknad om å få fritak for buplikta, blei avslått før jul. Tysdag 21.februar skulle anken handsamast, men blei utsett til møtet i mai fordi bispedømmerådet ville sjå på dei prinsippielle sidene ved saka. I mars har Presteforeninga generalforsamling, og prinsippa skal drøftast der.

Stortinget har nettopp drøfta eit Dok 8-framlegg om det same. Også der blei det peika på at ein ventar på klare svar frå Presteforeninga.

No ligg altså ansvaret hos Presteforeninga. Og det er å håpa at denne gruppa av tillitsvalde for prestar anno 2012 vil gå for ei ordning som er tilpassa den tida me lever i. Det er tida for å finna gode løysingar, ikkje for å vera taktiske for å få mest mogeleg ut av ein forhandlingsposisjon. Dei har lenge prøvd å ri to hestar: Å sjå på buplikta både som fordel og ulempe, ein fordel som skal kompenserast når ordninga fell vekk, og ei ulempe som skal gje fritak for skattlegging av subsidiert bustad. Buplikta har gått ut på dato mens dette rittet med to deltakande hestar har gått føre seg. Siste avgjerande endring kom då prestane fekk regulert beredsskapsordning, og ikkje lenger er bunden til å vera tilgjengeleg til ei kvar tid, korkje på telefon eller i bustaden.

Etter mitt syn kunne Stortinget fulgt Høgre og vedteke å koma tilbake til saka med alle impliserte problemstillingar som rekruttering, ærverdige prestegårdar, eksisterande avtalar mm. "Presteforeninga" var grunngjevinga for ikkje å gjera det.

Bispedømmerådet kunne ha handsama søknaden vår no, då det er ei "seniorprestsak". Generalforsamlinga til Presteforeninga kjem før saka skal opp att. Bispedømmerådet er nok redd for å skapa presidens, og indirekte seier dei at dei ventar på signal frå generalforsamlinga.

Derfor: No ligg det eit stort ansvar på Presteforeninga: Mange partar i saka ventar på avklaring, ikkje minst familiar som på grunn av den ordninga som er praktisert ulikt rundt om i landet, opplever kluss i vekslinga mellom prestebustad og pensjonistbustad.

Referat frå debatten i Stortinget gir god innsikt i kva saka dreier seg om. Den kan lesast her:
Stortingets behandling av presters boplikt
Tidlegare blogginnlegg om saka:
Svaret var nei på fritak for buplikta
Humor hjelper mot det meste

Om du vil lesa om den ulydige presten på Ølve for lenge, lenge sidan, kan du les ei 100 år gamal utruleg historie her

mandag 20. februar 2012

Ord kan byggja bru - eller laga omvegar

Kor langt står de frå kvarandre?
Den politiske kvardagen går ut på å finna saman for å få realisert mål. Av og til er det lett å finna fleirtal, andre gonger er vegen kronglete.

Personar og grupper kjem også med sine innspel. Ofte kan dei synast å dra i kvar si retning. Då gjeld det å trø varleg. Å bæra ved til bål som helst skulle vore slokte, er ikkje lurt, men fort gjort. Å oversjå usemje er heller ikkje lurt. Det er ofte godt meint, men dårleg gjort.

I møte med lobbyistar og andre politikarar er det viktig at ein ikkje trur at ein er ei passiv brikke. Det ein seier og ikkje seier driv prosessar. Orda og handlingane kan gjera avstanden mellom grupper større. Men dei kan også byggja bru.

Når konfliktar og ulike synspunkt tårnar seg opp i lokalpolitikken, tyr eg til dei kloke orda frå
Anna Skeide:

Og eg spurde vinden:
Sei meg du flygande flyktning:
Kor lang er ennå vegen frå aust og til vest?
Og vinden den svara:
Så lang som frå menneske til menneske.



mandag 6. februar 2012

Fordomsfullt

Oddbjørn Evenshaug er februargjest på "Ut av uføre(t)". Her peker han på at den saklige jornalistikk også kan havne i et uføre. Jeg gir ordet til Oddbjørn Evenshaug:

Det er blitt stuerent å snakke om religiøs tro i offentligheten. Det ser vi blant annet i medienes kjendisintervjuer. Artister, skuespillere, idrettsfolk osv forteller om sin Gudstro og sin aftenbønn. Det er gledelig. Alle har en tro, og mange har en Gudstro. Godt er det at man også kan vedkjenne seg det siste – også i det offentlige rom.

De fleste i vårt land relaterer sin Gudstro til den kristne tro. Men noe undrer meg i mange av disse bekjennelsene. Det er tendensen til å distansere seg fra kirkens tro, eller i hvert fall fra kirken. Det må respekteres, selv om begrunnelsene for dette ofte kan synes svært så overflatiske. 

Men denne distanseringen må kunne gjøres uten grove utfall mot dem som gjerne blir kalt ”de kristne”. For en tid siden leste jeg et intervju i et ukeblad med en populær artist. Hun forteller at hun har beholdt ”barnetroen”. Men det ser ut til at artisten må ha glemt viktige deler av sin barnetro. Se bare hva hun får seg til å si: ”Veldig mange kristne besudler det å være kristen”. Intet mindre! ”Besudler” – unektelig et sterkt ord. Og det er heller ikke få det gjelder: ”veldig mange”, får vi vite. Påstanden framsettes uten det minste forsøk på dokumentasjon og presisering av hvilke personer hun snakker om. Ingen nevnt, ingen glemt, og dermed har hun karakterisert alle.

Dette er grovt fordomsfullt. Når man på denne måten karakteriser andre menneskers tro, dvs bekjennende kristnes tro, ser det ut til at alle krav til saklighet og dokumentasjon er suspendert. Fremdeles venter jeg på å oppleve at en journalist stiller et kritisk spørsmål tilbake: "Hva mener du med det?" "Hva bygger du denne påstanden på?" "Undersøkelser?" "Hvor mange av "de kristne" kjenner du personlig?"

Oddbjørn Evenshaugs har sin egen blogg her
og du kan følge han på Twitter: @oevenshaug 

fredag 3. februar 2012

Medråderett - skaper eller stel det kvalitet?

Arbeidsplassar er prega av demokrati, særleg dei store. Der blir lovar og reglar fylgde, og arbeibstakarar hegnar om rettane sine. Dette er vel og bra. Men er det lov, eller går det an, eller vågar eg spørja: Kan det bli for mykje av det gode?

Næringslivet, kommunar, skule- og helsevesenet er i endring. Det er ikkje noko nytt. Dei har vore i endring sidan fyrste virkedag. Endringa skjer for å kunne utføra den tenesta ein er til for, på beste vis.

Alle som gjer vedtak, treng å få synleggjort kva konsekvens vedtaka får.
Og dei som blir direkte råka av endringar som tilsette, skal vera orienterte og skal kunne påvirka situasjonen, om det er råd. Dette må liggja fast. Likevel: Bruker me ressursar, tid, kompetanse, pengar som står i forhold til desse måla? Eller er me komne i eit uføre med stor mengde informasjon, tallause drøftingar, av og til aksjonar og til og med sjukmeldingar som resultat av "den gode vilje" til demokrati? 

Eg har ikkje svara, men etter å ha hatt leiar - og styreansvar i ulike samanhengar; organisasjonar, skule/høgskule, sjukehus, helseføretak og kommune, sit eg med ein del spørsmål:
- Kor mange møte trengst?
- Kor mange tilsette må vera med på møta?
- Kva område på arbeidsplassen er det viktig at dei ulike gruppene blir involverte i.

Omorganisering er tidkrevjande. Endringar som skjer er ofte av administrativ karakter og har for det meste med pengeflyt, personalansvar, og samarbeid å gjera. Dei fleste tilsette vil ha ein arbeidsdag der dei merker svært lite til denne organiseringa. Kor stor medverknad bør dei ulike gruppene då ha?

Eg har inntrykk av at me tolkar demokrati på arbeidsplassen slik at alle skal meina noko om alt. Det skaper ikkje kvalitet, korkje i prosess eller resultat. Det stel kvalitet.

Uro ved endring sprer seg som eld i tørt gras. Ein gong opplevde eg uroa såpass ut av proposjonar at eg sa til ei gruppe tilsette at dei faktisk kunne driva det daglege arbeidet sitt vidare. Prosessane som gjekk, var det nokon som hadde hand om, og det daglege arbeidet deira ville heller ikkje i framtida bli endra. Ein del av medarbeidarane tok det inn over seg og senka skuldrene. Eg trur fleire kunne ha senka skuldrene rundt omkring for tida.