Menneskeverdet er alltid 100%. Det kan ikkje målast i funksjon, kilo, meter, kroner eller desibel.
tirsdag 29. mai 2012
Slepp prestane laus, det er vår!
Med hov sprong komikarane rundt i enga og fanga alt det som fauk rundt då våren var komen. "Slepp prestane fri, det er vår!" var parolen deira.
I dag fekk me her i huset den glade meldinga om at bispedømerådet har gitt mannen i huset fritak frå buplikta. Ja, for mannen i huset bur eigentleg ikkje i dette huset, i huset vårt, men i prestebustaden 7 km herifrå. Og i følgje folkeregisteret bur også eg der og ikkje her. Historia om kvifor det er slik, står å lesa her
No har altså bispedømerådet slått fast at grensa for når ein prest kan få fritak frå buplikta, er 55 år. Då er det på tide for prestar å finna seg eit hus som dei kan bu i også i pensjonsalderen. Og det er det!
Det kjennest godt for oss å ha kome ut av det uføret me kom i då me selde vårt eige hus fordi me ikkje kom til å flytta tilbake til det nokon gong, utan å få flytta inn i det huset me hadde sett oss ut som vår nye heim. Med det vedtaket bispedømerådet no har gjort, er framtida noko ryddigare også for andre prestefamiliar som skal planleggja for seg og sine.
Og så får me tru at det ordskiftet som var på presteforeninga si generalforsamling i vår og i Stortinget like over jul då buplikta var drøfta i samband med eit Dok 8-framlegg, ber bod om at heile ordninga, som ein gong var god for prest og kyrkjelyd, no kan tilpassast vårt århundre, til beste for alle partar.
mandag 28. mai 2012
Sistemann ned, takk!
- Kan eg få vera sistemann i denne køen?
Ikkje det mest vanlege spørsmålet, nei ? Så er det heller ikkje så vanleg å stå i kø for å bli flytta ned att frå fjellet med helikopter.
Ventetida ved startpunktet blei korta ned med godt humør og full konsentrasjon ved kvart påfyll i hektoliterkoppen. På parkeringsplassen blei stavar, krykker, rullestolar arbeidslause. Synlege og meir usynlege skader og lyte hindrar oss i å koma utanføre vanlege vegar til dagleg, men i dag skulle alle slike naturlege hindringar kryssast.
Spenninga i flokken var stor, men det var for dei fleste ikkje helikopterturen som skapte spenninga, (som så mange av dei sjølgåande turgåarane trudde). Det var forventninga om frisk vind på toppen, utsyn over fjord, fjell og hav, og opplevinga av enda ein gong å vera på fjellet.
Og fjellet svikta ikkje. Lufta, klarvêret, utsikta, opplevinga av å vera nær sildrande bekkevatn og rester av snøen, held alltid det som det lovar.
"At eg skulle få koma hit opp ein gong til i livet mitt", kviskrar ein mann, - med ei tåre på kinnet, elles ordlaus av dei sterke inntrykka. Berre hans oppleving gjer det verd å ha eit slikt tilbod.
Eg er 25 år yngre og har større svingradius i kvardagen enn han. Men eg skriv under på det han sa. Å koma ut av uføre(t), kan vera eit arbeidsmål. Å ikkje sitja fast i uføret, er kunsten å leva sjøl om det går feil veg med houvdmålet. Denne dagen blei me bokstavleg tala lyfta ut av uføret.
Og å nytta seg av helikopter, er ikkje juks!
10 år med opne dører på Varhaugselet blei markert med friluftsgudsteneste og folkefest. 700 meter over havet ligg denne hytta som ikkje skal låsast, fordi alle er velkomne inn. I dag fekk dette eit nytt innhald: Me var alle velkomne, gåande som fykande.
fredag 25. mai 2012
Som om det står om livet
Eg ser henne.
Ho kjem springande oppover bakkane.
Ser seg ikkje tilbake,
hiv seg framover steg for steg,
som om det står om
livet.
Det er på TV. Siste kommentaren før eg finn meg til rette i sofakroken er: Mange gjorde alt
dei kunne for å berga ungane sine.
Eg tenkjer: Det må vera ei kvinne som spring
i motbakke for og redda barnet sitt.
Kvinna spring mot stupet. Ho slakkar ikkje
på farten. Snur seg framleis ikkje for å sjå seg tilbake. Vender blikket framover,
utover stupet, og utan å nøla, hoppar ho.
Eg ser henne hoppa.
Det er ikkje spelefilm.
Det
er livet.
Det var livet,
som tok slutt.
Kvinna skulle ikkje redda bornet sitt. Den
kommentaren gjaldt forrige scene i filmen. Denne kvinna heiv seg utfor klippa fordi
ho hadde høyrt at fienden som inntok landet, ville valdta og drepa. Då var det betre
å ta sitt eige liv.
Fleire hundre tok livet sitt ved dette høgdedraget.
Det var i første verdskrigen.
I vår nære fortid.
Det var i Japan.
«Dette er den styggaste sida av ein krig,»
seier reportaren.
Før sending blei det åtvara mot svært sterke
scener. Eg trudde ikkje sterke scener gjorde inntrykk på meg lenger. Dagane
etter kjem bileta av livlause kroppar på avstand. Men synet av kvinna som sprang, med
full fart utan å snu seg tilbake, før ho kasta seg utføre, det brenn seg fast.
Den skundsame kroppen, nærast ivrig etter å gjera det ho trudde var best: Å ta
sitt eige liv.
Eg er blitt vaksen for lengst. Eg veit det
er naivt og spørja, men eg spør likevel, som eg gjorde då eg var barn: Korleis
kan det bli krig i verda når krig tar livet av dei som ikkje ynskte krigen? Kva er viktig nok til å føra einskildmenneske ut i slike uføre?
torsdag 17. mai 2012
Ikkje galskap, men forakt for solidaritet, sa 17.maitalaren
På Valen går 17.maitoget frå kyrkja til Valen sjukehus og tilbake til skulen.
I parken ved sjukehuset foregår den høgtidelege feiringa, med tale og song, på plenen mellom det vel 10 år gamle velferdsbygget og dei 100 år gamle murbygningane, det gamle asylet.
Her feirar bygdefolk og pasientar nasjonaldagen i lag.
Og eg tar ein pause frå den store fellesskapen for å blogga (og kvila føtene), fordi talaren, Gaute Lund, var som alltid direkte og tydeleg:
Spesielt når me er samla her, er det viktig å understreka at det som skjedde i sommar, og det som går føre seg på tinghuset i Oslo, ikkje handlar om galskap, men om forakt for verdiar som solidaritet og fred, sa Gaute.
På Valen har folk i generasjonar hatt sitt daglege arbeid på sjukehuset. Foreldre arbeider på sikkerhetsposten med strenge tiltak på føremiddagen, for så å henta dei små i barnehagen og gå tur på stiane nedanfor sjukehuset om ettermiddagen.
Her er det ok å snakka om galskap i ein 17.maitale. Ingen hever brynene, misforstår eller tillegger talaren dårlege motiv. Han nytta ordet,midt inne på det psykiatriske sjukehusområdet for å ta merksemda vekk frå det som kan vera av psykiatriske forklaringar eller diagnosar i terrorsaka, og sette søkelyset på det som kan gjera stor skade: forakt for verdiane me byggjer på som vil gi rom for sterke og svake.
17.maitalar er ofte betre enn sitt rykte.
Andre innlegg om å ha Valen sjukehus som nabo:
Å gøyma menneske
Eg bur trygt ti minutt frå eit psykiatrisk sjukehus
Bilete: Ekely, avdeling ved sjukehuset nede ved fjorden (ikkje i bruk for tda)

søndag 13. mai 2012
Hvordan møter vi ubehaget?
Maigjest på bloggen:
"Mormor" er gjest denne månaden. Ho skriv flittig på sin eigen blogg; ein blogg eg ofte er innom "for å lufta vitet". Her skriv ho om noko som eg synest er svært viktig. Dersom ingen lar seg uroa av det som skjer, det som blir sagt: Vil historia kunne gjenta seg då?
Eg gir ordet til mormor:
Hvordan møter vi ubehaget?
Jeg skriver ikke om det hverdagslige ubehaget som er forårsaket av trange sko, dårlig råd eller at man har brukt opp tabbekvoten sin. Det ubehaget møter vi, kanskje oftere enn vi liker. Men som skrevet, det er ikke dette ubehaget jeg mener nå.

Jeg tenker på det ubehaget man føler (de fleste i alle fall) om
man besøker Holocaustsenteret som holder til i Villa Grande, Huk aveny, i Oslo. Den
storslåtte villaen som Sam Eyde bygget, men aldri bodde i. Der Vidkun Quisling
holdt til etter at han hadde døpt eiendommen om til Gimle. For det er
ubehagelig å "bli kjent med" Majorstuepiken som ikke var helt klar
over at hun var jøde, før hun ble hentet av norsk politi og kjørt i drosje til
kaien. Hun møtte ingen tyskere på denne ferden, før hun kom til skipet
"Donau". Hun var en av de 771 personene av jødisk ætt som ble ført ut
av Norge. Av dem overlevde 34, som kunne vende tilbake etter fredsslutningen.
Nei, norsk politi, norske drosjesjåfører tok hånd om henne i Oslo. Jeg føler
ubehag ved tanken. Men det er lett å sitte i etterkant og være ille berørt.
Hva gjør jeg med dette ubehaget? Hva kan jeg gjøre med det? For
tiden har gått, intet ubehag kan redde Majorstuepiken. De norske politifolkene
og drosjesjåføren er enten døde eller veldig gamle. Mitt ubehag kan ikke nå
dem, heller. Jeg kan kanskje fortelle om mitt ubehag, som nå? Har det noen
misjon? Jeg kan velge å legge ubehaget bort, så langt det lar seg gjøre. Men er
det riktig?
Jeg tenker også på det ubehaget man kan kjenne ved å nikke
samtykkende til utsagn eller handlinger man egentlig ikke vil vedstå seg. Dette
ubehaget skjuler man både for seg selv og omverdenen, tror jeg. Jeg vet at jeg
forsøker det. Jeg kan glippe og si at"jammen det er jo slik det er",
om for eksempel en herostratisk berømt person har sagt noe. Jeg glatter fort
over ubehaget over å være enig med denne personen. Det skulle da bare mangle.
Men et lite agg sitter igjen. Hvorfor er jeg enig? For jeg føler meg
skyldbevisst over min enighet. Skamfull over å dele en mening med "dette
mennesket". Hva gjør jeg med ubehaget?
lørdag 12. mai 2012
Takk til vinden
Hels til vinden frå meg
du som spring på fjellet i dag
og kjenner han så nær at tårene sprett.
Hels vinden og sei at eg hugsar han
då han bles vekk uro og sakn
greidde opp i politiske flokar og gordiske knutar
mot kvar fjelltopp.
Helsa vinden
motvind
medvind
krossvind
og virvelvind.
Helsa og sei:
Takk for fylgjet!
Du gjorde livet mitt mindre flyktig.
***
Og når me først snakkar om vinden,
er det på sin plass å dela tankane frå Anna Skeide:
Og eg spurte vinden:
Sei meg du flygande flyktning:
Kor lang er ennå vegen frå aust og til vest?
Og vinden han svara:
Så lang som
frå menneske til menneske.
fredag 11. mai 2012
Takksam i uføre(t)
Dette er ein av dei dagane
då eg er glad for å vera ufør,
ikkje glad for å ha smerter
men glad for å kunne sleppa
å plaga arbeidskollegane med ein fråversdag
som vil bli fulgt av fleire fråversdagar
som vil bli fulgt av uvisse:
Kjem no denne dama tilbake til jobben sin
kan me gi henne oppgåver?
Vil dei bli fullførte?
Dette er ein av dei dagane
eg er glad for at Nav finnest
glad for at det finnest sakshandsamarar
som ein gong fekk saka vidare i systemet
Dette er ein av dei dagane eg skjønar
at legen hadde rett
som gav ordre om full stans
ved innkøyring til forkøyrsvegen
som er skilta med "helse".
Dette er ein av dei dagane
då eg tenkjer:
I verdas rikaste land
bør det vera ein viss orden på ting.
Og det er det.
Dette er ein av dei dagane
eg ikkje trur det går an å koma ut av uføre(t)
men då eg er glad det går an å leva med uføret.
Så eg seier: Takk, eg har det bra.

torsdag 3. mai 2012
Uføretrygda frå snippen og opp
Høyrte eg rett? Sa han verkeleg at ei gruppe politikarar var uføretrygda frå snippen og opp? Eg høyrte betre etter, og ja; utsegna kom i repetisjon: Uføretrygda frå snippen og opp.
At eg sjølv er ufør, er nok grunnen til at eg vakna så brått. Eg prøvde å ta spøken berre som spøk, men klarte det ikkje. I fylgje Kumbel er det jo også slik at "den som kun tar spøk for spøk og alvor kun alvorlig, har fattet begge deler dårlig".
Eg er arbeidsufør fordi kroppen gjer meg ueigna til arbeid i denne perioden av livet. Sjølv meiner eg at det er frå snippen og opp eg ikkje er ufør.
Men det er ikkje realitetane det handlar om. Det er ordvalet. Han sa faktisk ikkje at folk var uføre frå snippen og opp, men at dei var uføretrygda frå snippen og opp. Uføretrygda er faktisk eit meir negativt ord enn ufør, Slik er det blitt fordi ordninga er til "sosial vurdering" hjå kvar og ein. Alle har sine eigne kriterier, og tar seg rett til å konkludera når det gjeld kven som er verdige uføretrygda.
Så mannen tok hardt i og brukte det verste ordet. Men å vera ufør er verre enn å vera uføretrygda. Trygda får eg fordi eg er arbeidsufør, eg er ikkje arbeidsufør for å få trygd.
Eg flirer med meg sjølv og tenkjer at mannen tok feil. Han fann ikkje det såraste punktet. Berre det nestsåraste.

tirsdag 1. mai 2012
Å gøyma menneske..
Ja, det går an å gøyma menneske. I årevis prøvde familie og samfunn å stua vekk, gøyma dei det ikkje var plass til i samfunnet.
Eg har hatt arbeisplassen min på Valen psykiatriske sjukehus ei tid, og bur no trygt, ti minutt derifrå. I dag gjekk eg meg ein tur i området nede mot sjøen.
Eg var innom den gamle gravplassen som ligg så lunt til mellom over 100 år gamle lauvtre.
Det er stille innafor steinmuren. Nokre få gravstøtter helsar sitt siste farvel. Men dei fleste gravene er merkte med ein flat stein i marka, utan namn. I sjukehusarkivet ligg det kart som fortel kven som ligg kor. Men det kan du ikkje lesa på gravsteinane. Det skulle ingen vita.
På dei få gravsteinane som er der, er det ein inskripsjon som er nytta: "Gjemt men ikke glemt."
Av og til kan desse orda nyttast også på andre gravplassar. Dei fortel då at nokon har tatt avskild, og er ikkje lenger å sjå og møta,. Han er gøymd. Men når eg går nede på gravplassen her, får eg andre assosiasjonar med ordet "gøymd". Mange blei gøymde frå resten av samfunnet her. Men dei næraste, mors- og farshjarta, kunne nok likevel ikkje gløyma.
Me er komne fleire steg på veg ut av uføret når det gjeld haldninga til psykisk sjukdom. Men me har nok framleis eit stykke igjen å gå.
Abonner på:
Innlegg (Atom)