onsdag 21. mars 2018

Tenk først. Tast etterpå.

Som ung debattant kladda eg innlegga først. Så skreiv eg dei på maskin, bretta arket og putta det i ei raud postkasse. Ganske snart fann eg ut at eg burde "sova på det" før eg posta brevet. Ikkje sjeldan førte det til at eg endra litt på innhaldet neste dag. Uforgløymeleg er episoden då eg sende eit skarpt, ope brev til dåverande helseminister med overskrifta: "Kva verdiar, Mork?", og fekk ei skrikande overskrift mot meg i ei landsdekkande avis nokre dagar seinare: "Kva verdiar,Totland?" Han hadde god grunn til å stilla spørsmålet. Mi handling spegla ikkje gode verdiar i forsøket på å avsløra hans etter mitt syn ufullkomne verdisyn.

Tastesamfunnet kan få oss til å tru på hastesamfunnet.

Når ein hest "løper løpsk" eller "spring ut" som me kalla det, er det berre ein ting som kan stoppa han: At nokon stengjer vegen når han kjem springande. Det krevst mot for å stilla seg opp slik. Kanskje treng me i større grad bremsa kvarandre i tastaturverda også: Seia "Stopp! Har du tenkt over kva du no deler av mistanke, fordomar, haldningar?"

lørdag 17. mars 2018

Arbeid til arbeidsufør


Eg er godt nøgd med veka som gjekk. Fordi den gav arbeid til meg som er arbeidsufør. Ikkje vanleg arbeid då. For det var ikkje råd å finna noko som ryggen tålte då den melde pass for over 10 år sidan. Målet mitt var å vera tilbake i arbeid etter 10 år. Det meinte legen kunne vera realitisk, om eg var heldig.
Det einaste ryggen klarte var at eg heldt i ein pensel. Så då starta maling, - som eg aldri har lært eller drive med før. Og no, over ti år etter, ser eg resultat. Det kjem stadig nye bilde på veggane. Og folk kjøper bilda mine, - faktisk i så stor grad, at eg kan kalla meg delvis ufør. Takka vera den "nye uførelova" kan eg no mala og selja dei vekene helsa tillet det. Eg tener meg rik på meistring, og staten tener på at eg skal ha mindre trygd. Og om det kjem vonde dagar som hindrar malinga, er utgifta frå staten som den var i utgangpunktet. Hurra!

Desse bilda har eg laga denne veka. Du finn fleire på maleribloggen her om du vil sjå: Galleri Nauthydlaren