NAV har gjennonført ei undersøking der over 30 % av dei spurte trur at uføre er svindlarar.
Og ein Nav-direktør seier at det nok er store mørketal.
Dette får me høyra på Dagsrevyen og Kveldsnytt 25.3:
- utan at det blir presisert at desse tala berre fortel kva folk trur og tenkjer. Det er ikkje objektive tal.
- utan at det blir sagt at ein som er 100 % ufør kan tena inntil 1 G, vel 80 000,- per år, utan at det er "ulovleg".
Naboen som ser ein arbeidsufør utføra eit par timars arbeid, vil kunne tru at han er blitt trygdesvindlar, sjølv om han er langt innafor den lovlege grensa. Og om han blir spurt, vil han fort bli rekna med i gruppa som seier: "Ja, eg veit om mange som er trygdesvindlarar."
Som arbeidsufør passer eg meg vel for ikkje å bli sårfota berre av å tru at nokon trør meg på tærne. Men denne gongen klarte NRK det, ettertrykkeleg. Snakk om å bli mistenkeleggjort!
Må eg ta fram kartong og tusj, og skriva med store bokstavar på lappar eg henger over rygg og mage når eg går på butikken i morgon og fortelja heile bygda: "Ja, eg driv med noko småtteri som eg tener pengar på. Og det er lov!"? Eller skal eg satsa på at NRK snur sin kartongbit og fortel den andre sida av historia dei presenterte også?
..
I dag, 26.mars, dagen derpå, blir eg gjort merksam på at same oppslaget var "nyhet" for fire år sidan. @Doremus gjorde meg kjend med dette via Twitter:
Doremus
Applaus til @sigvei som slaktet gårsdagens trygdemisbruks-undersøkelse fra NAV/NRK _for fire år siden_: http://www.indregard.no/2010/01/02/en-av-ti-kjenner-en-tallkyndig-journalist/ … cc @AAPradet