fredag 29. juli 2011

I ettertankesmia

Me har sagt det, me har meint det og me har vist det: Me står saman!
Me står saman om sjokket, sorga, smerten, og vil støtta kvarandre gjennom ei heilt spesiell tid.
Men står me saman om verdiane som blei angripne?

Spørsmålet skal ikkje stillast for å dela eit samla folk i grupper igjen og øydeleggja det nye samhaldet som kjennest så sterkt akkurat no. Men det må likevel stillast. Og kanskje akkurat no?

I ettertankesmia gjeld ordet om at ein skal smi mens jernet er varmt. Då er jernet mjukt og kan la seg forma. Når jernet er kaldt, vil det ha den forma det fekk i elden.Varmen frå samhaldet gjer oss mjuke til forming. Derfor bør me våga å ta dei vanskelege spørsmåla også i denne tida. Først då kan dei skapa haldningar som kan bli avgjerande for korleis framtida vil bli.

Kronprinsen har sagt at den viktigaste oppgåva framover, den har me i kantina og ved kjøkkenbordet.

Det er i kvardagen me skal forma haldningar, hos oss sjølv og kvarandre. Og eg veit med meg sjølv: Eg har ved mange høve "gått utanom" som Bøygen oppfordra til. Eg har høyrt det sagt: at folk og kulturar må haldast vekke, at land og regionar må få vera disponible for eigne folkegrupper. Eg har ikkje vore samd, men eg har latt det passera: Eg har tenkt at dette var da svært til store bokstavar, men det nyttar vel ikkje å seia imot. Så har eg valt å seia kva eg sjølv har stått for i staden for å imøtegå andre sine meiningar. Hendingane siste veka har fått meg til å sjå det annleis: Eg kjem nok til å vera meir konfronterande i mine samtalar. For alle skal få gje uttrykk for sine synspunkt, men eg kjem ikkje til "å jatta med". Eg kjem til å spørja: Kva meiner du me det? Kva konsekvensar vil det ha dersom me skulle gjera som du no seier? Vil du kunne forsvara at me gjorde det slik, i ettertid? Korleis vil du sjå på det om dine meiningsmotstandarar ville gjera det same mot deg?

Det kan dreia seg om ulike politisk syn, det kan også vera ulik kultur og tru. Hendinga me har på nært hald, dreier seg om alt dette. Etter mitt syn er det ekstra ille om ein tar med seg autoriteten frå ein religion inn i sin eigen kamp. Dei fleste religiøse leiarar vil meina at religion ikkje kan nyttast slik. Verdsreligionane er i sitt vesen fredsskapande. Det går an å lesa dei heilage skriftene og motivera for vald, men dei fleste vil meina at det er misbruk av desse skriftene. Dei siste dagane har også religiøse leiarar over heile verda tatt til ordet og protestert mot at religion blir brukt til å legitimera vald og terror.

Likevel; om me veit at religion er for stort til å bli dradd ned i vondskap og mørke, ligg det så nær når frykta for det framande kjennest på kroppen og ein trur at eigen tru og kultur er truga. Verdien av det ein har sjølv kan bli så stor, at nærast alle middel er disponible for å nå målet. Så gløymer ein at den viktigaste verdien i alle desse religionane som ein vil verna, er å ta vare på menneskeverdet, det einskilde mennesket.

Eg sit i ettertankesmia og vil så nødig rette bakar for smed. Ingen skal få skuld, som ikkje har det. Men spørsmåla kan ikkje gøymast vekk: Me går saman i tog, nyttar flagget. Men ikkje fordi me er verdsmeistrar, no igjen. Ikkje fordi me har det einaste som er verdfullt i verda. Men fordi me står saman om dei verdiane som blei angripne: likeverd. Eit likeverd som utelukkar vald som middel. Fordi menneske aldri kan bli middel, alltid berre mål når me skal byggja det gode samfunnet og det gode livet.

Så kjem me aldri til eit punkt der me er samde om alt. Eg har sjølv ein trygg kristen ståstad som eg ikkje vil forlata for å skapa kunstig samhald. Eg vil møta det framande, det kjende, det motsette og det nesten-like med respekt utan å gje avkall på mitt eige.

Vil ikkje mitt spørmål om å avklara verdiane hissa til usemje, fremja ynskje om å angripa kvarandre, gje kvarandre skuld? Ikkje dersom me vel å vera tydelege , men romslege, - stolte men rause, - spørjande, men undrande, - konfronterande, men lyttande.


Andre bloggpostar relatert til terrorhandlingane:
I skuletova og ved stovebordet
Kjærleik og samhald- lettare å seia og realisera i ei interaktiv tid?
Sit stille, stille ...
Eg veit kor eg ikkje vil hen

onsdag 27. juli 2011

I skulestova og ved stovebordet

I skulestova
kunne eg setja raude strekar:
Feil!
Krusedull i margen:
Forvirrande tekst
Bølgjer under:
Uklar formulering
Spørjeteikn:
Meiner du verkeleg dette?
Piler:
Er dette argumentet i samsvar med det forrige?
Ropeteikn:
Kan du verkeleg forsvara dette om liv går tapt?
Parentes rundt ord:
Dette provoserer vel berre?
Og til slutt spørsmålet:
Kor er kjeldene dine?

Heime i stova
kan eg gjera nett det same
når familien er samla.

Men når stova er full av gjester
og eg har lyst å setja raude stekar,
kusedullar,
ropeteikn,
spørjeteikn,
parentesar,
og ikkje minst:
når eg ynskjer å spørja:
Kor er kjeldene dine?
- Då kan eg ikkje bruka retteblyanten.
Då må eg finna anna kommunikasjonveg.

Av og til kasta elevane heile greia i søppelkorga
- utan å bry seg om den raude skrifta..
Haldningar, menneskesyn, ord og handling
- Eg ville så gjerne at dei ikkje kastar orda i søppelkorga
når eg prøver å demma opp mot skjult menneskeforakt.


Andre innlegg relatert til terrorhandlingane:
Sit stille, stille
Kjærleik og samhald - lettare å seia og realisera i ei interaktiv tid?

tirsdag 26. juli 2011

Kjærleik og samhald - lettare å seia og realisera i ei interaktiv tid?

Me frykta at IKT-verda skulle isolera oss - skapa avstand mellom oss. I starten kalla me det IT, men så blei det IKT for at k'en skulle vera synleg og minna om at teknologi også handlar om kommunikasjon.

Hendingane dei siste dagane har vist at sosiale medier har skapt ein kontakt som eg trur me i øyeblikket undervurderer. Her kor eg bur blei det sendt ut ei oppmoding om å vera med på ei markering med lystenning og tog til kyrkja. På kort varsel var 1000 personar samla. Det bur 6000 i nærområdet her. På lokale Facebookgrupper ser eg folk bruka ord som kjærleik og samhald. Hadde desse hatt noko fora til å seia slikt utan denne Facebookgruppa?

Så møtest me til lystenning, og folk som ikkje kjenner kvarandre, berre med bilete frå Facebook, nikkar stille og kjenner på samhaldet. Ei kvinne kjem bort og seier: Eg kjenner ingen, men kjenner likevel alle.
Leiarane våre står fram med store ord. Og me trur på dei, godtar at dei tar hardt i og lar oss lyfta opp av dei store orda. "Vi er blitt det varme, rause samfunnet vi har drøymt om", seier Fabian Stang. Er det den grufulle handlinga som har fått fram desse reaksjonane hos oss?

Ja, me er nok rysta til reaksjon, rysta til å kjenna etter at dette vil me ikkje godta. Men me har også høve til å kommunisera med kvarandre som ingen før oss.

På Twitter kom første sjokket inn i stova. "Dei skyt på Utøya", kom det frå sofakroken. - Lenge før NRK melde noko, kan henda før politiet visste noko. "Dei legg på sym". "Me blir skotne her". "Ikkje ring, eg kan bli avslørt her eg ligg på gøymestaden min!" Bodskapen var klar, og eg kunne lesa han heime i stova på min eigen skjerm. "Dei treng blod i blodbanken. Retweet!"

Litt absurd det heile, men sidan det ikkje var nokon leik, men dei svarte realitetane, gir det ettertanke. Det skal meir enn nokre timar og ein festleg film til for å få avstand til det som hende. Det sit langt, langt inni meg ein stad. Og når andre då på 140 pkt deler frykt, sorg, ynskje om samhald, er det lett å trykka på "retweet", og eg kjenner at den rasjonelle, litt sindige meg, blir dradd med. Og det er heilt OK.

Kvar for oss sit me då spreidde og er saman. Ein kan taust la seg inkludera.

Så ser eg tusen på tusen gå i tog, og spør meg om dette hadde skjedd utan sosiale medier, utan at me på førehand hadde delt så mange kjensler, så mykje sekund-varm informasjon. Ein ting er om me hadde makta å spreia informasjon om samlingane på så kort varsel, men det spørst om me ville vera klare til å møtast, klaer til å møta blikk, dela opplevinga av det som hender og høyra dei store orda om ei framtid som ingen kan ta frå oss.

Kan henda tar eg heilt feil. Kan henda hadde me reagert likt også med TV og radio med dei store dosane dei har gitt oss, men den interaktive verda har kanskje likevel forsterka dette. Eg såg meg om på Torgplassen i dag, og såg generasjonen som lever med sosiale medier til kvardags. Så kunne den nye teknologien gjera ein god jobb for oss. Men den største jobben framover har kronsprins Håkon minna oss om i sin tale. "Den viktigaste jobben har me ved middagsbordet og i kantina!" Store ord skal gjerast om til kvardag, men utan dei store orda hadde me kanskje ikkje kome i gong med arbeidet vårt som hendingane dei siste dagane har vist er så viktige: Menneskeverdet er ubetinga, det er 100 % for absolutt alle, både for dei som blir drepne og for dei som ungdomane på Utøya var villige til å kjempa for menneskeverdet for.



Då ei av jentene frå Utøya skulle gravleggjast gav Gro Harlem Brundtland eit intevju. Det satte tankane mine i arbeid. Velkomen til å lesa kommentaren min om det her:
Det er Marianne, sa Gro Harlem Brundtland, ein tale om menneskeverd med tre ord.

Andre innlegg om 22/7:
Sit stille, stille
I ettertankesmia
Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred
I skulestova og ved stovebordet

søndag 24. juli 2011

Sit stille, stille…

Tar inn inntrykk
- har ingen uttrykk som presser seg på

Fylgjer twitterstraumen
ein av dykk set ord på kjenslene mine
ein gir ny informasjon
ein stadfester at me står saman
ein fortel at nokon som var nær og kjær er vekk for alltid
ein oppdagar at eit namn på Twitterstraumen lyser imot:

 - Twittervenen er sakna!
Nokon loggar av, andre kjem tilbake.
Tanken må ha pause.

Heile tida er det nokon som gir informasjon
nokon som gir trøyst
nokon som peikar framover.
Retweet-knappen blir mykje brukt;
Det kan vera at andre treng det som står der!

Tankar og kjensler er alltid blitt delte ved katastrofer.
Og alltid har nokon vore utafor,
vore åleine med tankane.
Nokre av desse er blitt inkluderte gjennom Twitter.


----

Andre tekstar om Utøya:
Dokumentar fra Utøya - ansikt til ansikt
Det er Marianne, sa Gro- ein tale med tre ord.
I ettertankesmia
Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred
I skulestova og ved stovebordet

Kampen om menneskeverdet kan ha sin pris

mandag 18. juli 2011

Ja, eg søkjer makt.



Eg er ordførarkandidat i Kvinnherad kommune for Kristeleg Folkeparti. Det inneber at eg søkjer makt.
Burde eg ikkje som kvinne, halvgammal, kristen, for tida ufør, vera litt meir audmjuk, og heller seia: Ja, eg vil gjerne vera med dersom folk vil ha meg med.

Å vera politikar er å tena folket, lærte eg av mine læremeistrar Jon Lilletun og Kjell Magne Bondevik.
For å tena folket gjennom politikk, er det ein fordel å ha makt, makt som skal brukast til å skapa og fordela godene mellom grupper og personar, ikkje makt som skal misbrukast.

Omgrepet makt får innhald gjennom å kjenna motsatsen: avmakt. Å ha opplevd avmakt gir perspektiv og motivasjon til å vera med i politikken, og eg trur det gjer ein audmjuk.

Eg har kjend på avmakt. Det gjer ein
- når ein steg for steg går i retning "ut av arbeidslivet"
 
  • når ein er avhengig av at sjukesenga står på plass i stova når ein kjem frå sjukehuset
  • når ein må presentera seg som ufør
  • når ein må liggja på møte
  • når ein har kontakt med Nav
  • når ein på spørsmål om å ta oppdrag, må svara: Nei, det kan eg dessverre ikkje
  • når ein ikkje kan ta imot barnebarnet som vil opp på fanget
  • når ein ikkje kan reisa som ein vil
Makt kan gå til hovudet. Det er vanskeleg å bli arrogant når ein ofte ligg på golvet. Frå det perspektivet blir andre lett større enn når ein går omkring med hovudet heva.

Opplysninger om korleis eg kan stilla som ordførarkandidat når eg for tida er ufør, finn du her: Ordførarkandidat og ufør i valkamptider

Og makta vil eg nytta til å realisera mellom anna  dette
Om det same: Frå ein liggjande ståstad

torsdag 14. juli 2011

Ein sjukdom kjem brasande som ein elefant, men forlet staden med mauren sin fart.

Eg kom over dette indiske ordtaket, og tenkte at den inderen som kom på denne tanken, må ha opplevd det same som meg, å få akutt dårleg helse som gjekk over i kronisk helsesvikt, for så å klatra som ein liten maur ut av uføret att.

Om det går smått med mauren, er han på mange vis eit førebilete.  Han gir ikkje opp. Du kan sopa til ei maurtue, og sekundar etterpå er innbyggjarane der i ferd med å byggja tua opp att. Dei treng byggjemateriale, og du kan sjå maur som drar på barnåler, lengre enn seg sjølv.

Så høyrte eg ein dag at mauren er så effektiv fordi han er lite sosial. Han styrer faktisk unna å møta andre. Det høyrest rart ut, for det kryr jo av maur i tuene. Men dei ungår å støyta borti kvarandre. Dei slår ikkje av ein prat i svingen når dei møtest. Derfor er dei effektive.

Akkurat på det området ynskjer eg ikkje å ha mauren som førebilete. Av og til kan det vera enklast å unngå å koma for nær andre. Ein kan bli sårbar for andre sine smerter, - eller eigne. Men likevel, kva skal ein med ei heil maurtue om ein ikkje kan møtast, som maur til maur?

onsdag 6. juli 2011

Vintertankar ein somarkveld

Korleis er føret?
   Blå voks, sylvswix eller stearinlys?

      Viss eg hadde valet,
          ville eg valt smørjefri.
 
Korleis er uføre(t)
   Stønad, tilrettelegging eller omskulering?
      Viss eg hadde valet,
         ville eg valt arbeid.


Les også:
Kva kostar det ikkje samfunnet ha alle desse uføre gåande?

fredag 1. juli 2011

Me har ein god eldreomsorg! - Kan eg seia slikt?

For lenge lenge sidan, då valkampen skulle planleggjast, drøfta me kva som skulle skrivast om skulen. Statsministeren, Kjell Magne Bondevik valde ei positiv vinkling, og overskrifta blei: "Me har ein god skule". Vekta blei lagt på å gje honnør til læraren, samstundes som utfordringane blei konkretiserte.

Det blei ei positiv overskrift, men ingen positiv reaksjon. Folk ville ikkje høyra snakk om ein god skule, - midt i valkampen.

Eg er ordførarkandidat igjen, 16 år sidan sist, og eg førebur meg til valkamp. I kva saker ynskjer eg at veljarane skal vita kor eg står? Alle rundt meg seier at eldreomsorg er viktig. Ja, eldreomsorga er viktig. I vår kommune, Kvinnherad, nyttar me 26 % over snittet i landet på eldreomsorg. Av desse prosenta skuldast det meste den kronglete (og storslåtte) naturen og strukturen vår. Likevel er det 6 % over snittet. Det høyrest lite ut med 6 % ekstra, men når også skulesektoren får meir enn snittet, seier det seg sjølv at det er grenser for kor mykje ekstra ein kan nytta, sjølv med ekstraordinære inntekter frå vasskraft.

Så spør eg meg: Skal eg lova meir pengar til eldreomsorga i valkampen? Eg representerer jo KrF, eit omsorgsparti. Eller skal eg seia at eldreomsorga er god?

Eg veit at det manglar sengeplassar på sjukeheimane inni mellom. No byggjer me ut for 200 millionar. Er det nok? Om me har ytterlegare 50 senger, vil ikkje desse bli gitt til 50 eldre slik at nr 51 som blei akutt dårleg, framleis måtte liggja i ei ekstraseng ei stund, sik at det vil synast som om me har for liten kapasitet??

Kvinnherad kan bruka meir på eldreomsorg, på skule, på kultur, dersom me vil, - ei stund til. Men lånegjelda aukar, og bruker me alle ekstrainntektene til daglege gjeremål, kjem me i uføret, eit uføre utan økonomisk handlingsrom.


Eg våger det: Eg seier at Kvinnherad er ein god kommune å bu i, med ein god eldreomsorg, vel vitande om at alt ikkje er perfekt.