Viser innlegg med etiketten skule. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skule. Vis alle innlegg

fredag 7. september 2012

Riksrevisjonen i eit uføre?

Eller kanskje det ikkje er Riksrevisjonen som er komen i eit uføre, men rikspolitikarane og systemet når Aftenposten skriv at fleire politikarar vil vingeklyppe Riksrevisjonen.

Stortinget kan gjerne få eit råd frå meg, heilt gratis, som det heiter når ein trur rådet ikkje vil bli tatt imot. Det er eit råd som ikkje vingeklypper Riksrevisjonen, men som vil redusera talet på oppgåver dei skal løysa:

- Lag eit statsbudsjett der løyvingane ikkje blir delte opp i for mange underpostar eller har for mange detaljerte premiss
- Unngå øyremerking
- La vera å understreka at departementet skal rapportera delajert om pengebruken

Det er berre Stortinget som løyver pengar som kan letta kontrollbyråkratiet der pengane skal nyttast. Derfor bør dei gjera det.

Tillit? Misbrukt tillit?
Men dette inneber at me må stola på at pengane blir brukte til det dei skal? Ja, det er ein risiko ein må ta. Eg trur likevel ikkje dei kronene som evt. går til eit noko anna formål enn det Stortinget hadde i tankane, vil vera fleire enn dei som no går vekk til kontroll.(Hugs: kommunar, andre mottakarar av tilskot og overføringar har også revisjon).

Sjølvopplevd
Dette har eg sett på nært hald som statssekretær for lenge, lenge sidan. Tilstanden kan ha endra seg, men då var det slik: Eit år laga KUF ein skulepakke. Pakka inneheldt tilskot til å nytta alternativ kompetanse i undervisninga/skulekvardagen slik at pedagogen skulle kunne vera pedagog i større grad, la rådgjevarar og andre ungdomsskulelærarar hospitera i næringslivet, kursing av lærarar i pedagogisk bruk av IKT osv. Midlane skulle fordelast via Utdanningsdirektørane, og målet var ei flat fordeling. Dette skulle alle få del i.

Summane var ikkje før godtekne i finansdepartementet og lagde inn i budsjettet, før eit stort arbeid begynte. Til mi overrasking. No blei det laga system for korleis kommunane kunne søkja på dei ulike tilskota, og korleis bruken skulle rapporterast.

Resultatet var at mykje av desse midlane ikkje nådde fram. Det blei for spesielt og tidkrevjande å få kronene til å rulla.

La meg skunda meg å leggja til: Embetsverket gjorde berre jobben sin. Dei var glade for pengane me hadde fått på bordet, og gledde seg til å sjå resultat. Og dei gjorde jobben sin slik Storting og revisjon hadde bede om.

På eit møte ei stund seinare møttest ulike departement og Riksrevisjonen til gjensidig informasjon. Då spurte eg korleis dette kunne gjerast enklare. Svaret var at det ikkje var noko problem: Det var opp til Stortinget å leggja dei rette føringane, eller la vera å leggja så mange føringar.

Kaos?
Er skulenorge og andre mottakarar av statstilsot verd så stor tillit? Nei, blir det sagt. Pengane vil berre gå inn i det store sluket.
Og det kan det vera noko i. Svampen er turr i mange kommunar, og kjem det nokre dråpar, vil dei raskt bli sugde opp. Men pendelen er i dag så langt på andre sida, at det må vera råd å våga og la han svinga litt tilbake.
Slepp kontrolltaket på kvar krone, og sjå at det skaper utvikling og engasjement!

Forvaltningsrevisjon
Så ser eg at den aktuelle debatten handlar om forvaltningsrevisjon, og nokon meiner at den ikkje fungerer slik det var tenkt. Dersom Riksrevisjonen hadde brukt mindre tid på kroneforfølging, hadde det ikkje vore så dumt og fått vita om måla for vedtaka var nådde, også på innhald. Det er jo i grunnen det viktigaste med heile vedtaket. Men skal ein ekstern etat vurdera måla departemenet har sett, stiller det store krav til presise målformuleringar.

tirsdag 21. august 2012

"Du e' ein store original!"

Skulestart,
forventningsfulle barn skal finna sin plass i klasserom,
finna sine kameratar, si rolle i store og små grupper.

Dei stiller med ulike føresetnader,
nokon ivrige, utadvendte
nokon tilbakehaldne, forsiktige,
nokon verdsmeistrar i alt,
nokon med bremsar på,
nokon med synleg bremsar,
andre med bremsar på innsida.

Likevel synest det som om me alle skal passa inn i same forma,
den forma som dei andre til ei kvar tid forma?

Me er skapte som originalar, men oppfører oss som om me skulle vera kopiar, er det blitt sagt.

Far dreiv i mange år og køyrte folk med hest og trille heime i Skudenshavn. Til og med dronninga, som då var kronprinsesse, fekk fin hesteskyss.
Ein dag var det lite prominente gjester å køyra, og far fann ut at han kunne gi ungane fin skyss når han likevel var i farta. Han fyllte derfor opp trilla med dei ungane som var på plass i havn akkurat då.
På veg innover Søragadå kom det ein kommentar frå ein av ungane:
- Du, Rolf, veit du ka?
- Mor mi seie' at du e, ein store original

Far tok dette som eit kompliment.

Måtte barn som møter opp på skulen og som er litt annleis, på eine eller andre viset, få læra at det er OK at ikkje alle er heilt like. Måtte dei få læra at ein skal ta omsyn til det i leik og alvor, men at det er rom for alle.

Det aktuelle spørsmålet blir: 
Her: Kan det å vera annleis føra til mobbing? og
Her: Alle kan bli mobbere
Her: Tør foreldre og lærarar melda frå om mobbing?
Her: Kva gjer du når born mobbar?
Kan det hjelpa mot mobbing at me
 ser kvarandre?

lørdag 11. august 2012

Andre skal ha det litt kjekkare enn om eg ikkje var her

Det er Ove Tvedt, læraren, langdistanseløparen innanfor frivillig arbeid som lokalavisa Kvinnheringen  kallar han, (10.08.2012), som har dette flotte målet for kvardagane sine. Ikkje i eitt år, ikkje i ti år, men i fleire tiår har han levd saman med ungdomane i bygda med målsetjinga om at dei skal ha det litt kjekkare enn om han ikkje hadde vore der. Han og kona starta heime i stova og har i mange år drive Ope hus i kyrkja, i tillegg til mykje anna arbeid i nærmiljøet. Mange unge har opplevd at målsetjinga hans er meir enn ord.

"Krampaktig ung" kalla me i vår tid ungdomsleiarar som gjekk i lusekofte og tøysko for å sjå ungdommelege ut. Skal ein fylgja dei unge i kle og motar i dag, kan det bli strevsamt å vera ungdomsleiar. Då er det frigjerande med det rådet Ove gir til andre som vil få kontakt med dei unge:
Ver meir  interessert enn interessant!

Eit slikt råd kan me ta med oss nokon og ein kvar:
- han som ikkje veit kva han skal snakka om når han møter folk fordi han for det meste er heime åleine grunna sjukdom
- dei som er blitt plasserte ved sida av kvarandre ved eit festbord og ikkje er kjende frå før
- ho som har fått ein ny nabo med ein annan kulturell bakgrunn

Å bli møtt av nokon som er interessert i deg, gjer noko med deg. Born bruker store fakter for å fortelja oss kor viktig det er at me ser dei. Som vaksne seier me det ikkje rett ut, men me opplever det vel likevel godt å bli sett.

Sjå meg!
"Se meg" er tittel på Stortingsmeldinga om ein heilskapleg rusomsorg. Å sjå dei unge er den beste førebyggjande innsatsen mot rusmisbruk. Sjå dei i kvardagen, sjå og høyra dei i ordinære samlingar, sjå og spørja etter dei når dei gir teikn på at alt ikkje er som det skal. Og så til slutt det vanskelege: La dei vita at du ser dei også når alt har gått galt og vegen ut av eit liv i rus synest stengt.

Lokalavisa "Kvinnheringen" vil kåra den beste kvinnheringen. Eg er ikkje i tvil om kven som fortener å bli den beste i Kvinnherad i 2012. Å seia at nokon er best, er å bruka store bokstavar. Men når målet er å gjera livet kjekkare for dei andre enn om han ikkje var der, er ikkje bokstavane for store. Og kjenner eg han rett, har han ingenting i mot at nokon låner mottoet hans.

Meir om å bli sett, kan du lesa her


onsdag 8. august 2012

Vil me fostra ein generasjon egoistar?

Oppdatert 14.10.2012

Eg, meg og mitt.
Den yngre garde veit å kreva sin rett.
Og med rette har me lurt på korleis det vil gå når dei som er unge i dag
og dusjar to gonger til dagen skal bli gamle og kjem på sjukeheim.
Eller er me allereie komne så langt at me må stilla dette spørsmålet om foreldregenerasjonen, ikkje borna? Kadra Yusuf peikar på dette i Dagbladet (14.10): LÆREREN SOM HOVMESTER: «God økonomi og stor tro på individualisme har skapt en foreldregenerasjon som tror livet er en buffé, og hvor lærerne bare er enda en hovmester som skal servere dem».
Det trengst sikkert mykje visdom både frå lærar og foreldre for å læra kvarandre og elevane og leva saman. Det viktigaste er slik eg ser det å læra:
Du er verdifull, unik!
Og eg legg til: Uavhengig av kva du presterer.

Om dette når inn,
vil me då fostra ein generasjon egoistar?

Faren er der.
Men:
Naboen din, kollegaen din, innvandraren, den eine innbyggaren i storbyen
er også verdifull og unik.

Den eine er verdifull - det sikrar menneskeverdet
den andre er også like verdifull; 
har likeverd
 - det krev solidaritet

Derfor må neste generasjon få høyra det gong etter gong etter gong:
Du er verdifull og det er alle dei du møter også.




fredag 3. februar 2012

Medråderett - skaper eller stel det kvalitet?

Arbeidsplassar er prega av demokrati, særleg dei store. Der blir lovar og reglar fylgde, og arbeibstakarar hegnar om rettane sine. Dette er vel og bra. Men er det lov, eller går det an, eller vågar eg spørja: Kan det bli for mykje av det gode?

Næringslivet, kommunar, skule- og helsevesenet er i endring. Det er ikkje noko nytt. Dei har vore i endring sidan fyrste virkedag. Endringa skjer for å kunne utføra den tenesta ein er til for, på beste vis.

Alle som gjer vedtak, treng å få synleggjort kva konsekvens vedtaka får.
Og dei som blir direkte råka av endringar som tilsette, skal vera orienterte og skal kunne påvirka situasjonen, om det er råd. Dette må liggja fast. Likevel: Bruker me ressursar, tid, kompetanse, pengar som står i forhold til desse måla? Eller er me komne i eit uføre med stor mengde informasjon, tallause drøftingar, av og til aksjonar og til og med sjukmeldingar som resultat av "den gode vilje" til demokrati? 

Eg har ikkje svara, men etter å ha hatt leiar - og styreansvar i ulike samanhengar; organisasjonar, skule/høgskule, sjukehus, helseføretak og kommune, sit eg med ein del spørsmål:
- Kor mange møte trengst?
- Kor mange tilsette må vera med på møta?
- Kva område på arbeidsplassen er det viktig at dei ulike gruppene blir involverte i.

Omorganisering er tidkrevjande. Endringar som skjer er ofte av administrativ karakter og har for det meste med pengeflyt, personalansvar, og samarbeid å gjera. Dei fleste tilsette vil ha ein arbeidsdag der dei merker svært lite til denne organiseringa. Kor stor medverknad bør dei ulike gruppene då ha?

Eg har inntrykk av at me tolkar demokrati på arbeidsplassen slik at alle skal meina noko om alt. Det skaper ikkje kvalitet, korkje i prosess eller resultat. Det stel kvalitet.

Uro ved endring sprer seg som eld i tørt gras. Ein gong opplevde eg uroa såpass ut av proposjonar at eg sa til ei gruppe tilsette at dei faktisk kunne driva det daglege arbeidet sitt vidare. Prosessane som gjekk, var det nokon som hadde hand om, og det daglege arbeidet deira ville heller ikkje i framtida bli endra. Ein del av medarbeidarane tok det inn over seg og senka skuldrene. Eg trur fleire kunne ha senka skuldrene rundt omkring for tida.

tirsdag 24. januar 2012

Bokmål er også sidemål!

Oppdatert 4.ma 2013

Høgre går no inn for valfritt sidemål.
Er det lov å spørja: Veit dei kva dei gjer?
Sidan Høgre vil vera kjend som eit parti med danning og utdanning, vil dei sikkert meina at dei veit kva dei gjer.
Likevel spør eg: Meiner Høgre at nynorskelevar ikkje skal læra bokmål.
Ja, for det må visst repeterast: Bokmål er også sidemål.



Språkdebatt i Norge handlar ofte om å vera for eller i mot at nynorsk og bokmål skal ha same stilling i skulen og det offentlege rommet. Ingen vil ha vekk nynorsk som litterært språk eller valfritt alternativ. Det er sidemålet i skulen og periodevis nynorsk i aviser og radio/TV som blir debattert.

Spørsmålet er på ny blitt aktuelt.

Det er alltid interessant å sjå kor taust det blir når ein seier at utan sidemål vil heller ikkje nynorskelevar læra bokmål. For dei fleste handlar sidemål om nynorsk: Skal dei sleppa å skriva stil på nynorsk?

Men kva blir konsekvensen av at elevane ikkje har sidemål? Då kjem elevane ut av skulen med ei målform som dei skal meistra. Og det kunne vore vel og bra til privat bruk. Men kva skal dei gjera i ein arbeidssituasjon? Då vil vel alle med nynorsk som hovudmål ha rett til berre å nytta nynorsk om dei seinare blir tilsette i offentleg sektor? Og kva då med den einskilde sin rett til å få svar på den målforma han sjølv nyttar?

Høgare mål for over 100 år sidan?
Jamstellingsvedtaket blei gjort i Stortinget den 12. mai 1885. Vedtaket var slik.: "Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog."

Intensjonen i vedtaket ligg i nammet; det var jamstilling. Det målet kan me ikkje seia at me har nådd, sjølv om det formelle for så vidt har vore på plass. Når me no får framlegg som skal gjera det lettare for dei som strever med nynorsk som sidemål, er det vanskeleg å sjå at dette vil fremja jamstellinga slik det gjekk fram av vedtaket frå 1885. Hadde politikarene høgare mål for 120 år sidan?

Interessant forskningsartikkel med ny vri om nynorsk og bokmål og levekår. 

PS/25.januar: I Kvinnherad er medlemstalet i Mållaget dobla etter utspelet til Kristin Halvorsen i si tid. Sjølv melde eg meg inn fordi spørsmålet om nynorsk fekk eit nytt perspektiv i lys av ordskiftet som utspelet hennar vekte til liv.

onsdag 18. januar 2012

Språk er mer enn ord: Mennesket kan oppføre seg som dyr, men er aldri dyr.

Bloggposten er oppdatert 19.januar med takk til Abid Raja som nå sier at han ikke ville brukt ordet "skadedyr"om han ikke var spontant sinne som fikk han til å bruke det!

......

Hatvideoer er skremmende. Hva mennesker som har laget hatvideoene har av tanker, er enda mer skremmende. Abid Raja (Venstre) går så langt som å kalle slike mennesker "skadedyr".

Det er forståelig at en kan bli så provosert og engasjert at en bruker slike uttrykk i kampens hete, og det er derfor bra at han nå, i debatten, 19.januar,  har fått såpass avstand i tid at han begrunner det med sinne og vil legge bruken av uttrykket "dødt" Det er bra!

Torbjørn Røe Isaksen (Høyre) skriver på sin blogg at en slik språkbruk er farlig. Det har han helt rett i. 

Da norske skolebarn skulle formes til gode nasister og skulle lære å tenke at noen mennesker var mindre verd, var det nettopp begrepet "mennesket som dyr" som ble brukt. Her er noe av det de skulle lære:

"Slik som natten er motsatt dagen, som lys og skygge evig er fiender - slik er den største fiende for mennesket, som hersker over jorden, mennesket selv.
Umennesket - denne biologisk tilsynelatende fullstendig likedannede skapning med hender og føtter og med en slags hjerne, med øyne og munn, er likevel en helt annen, et fryktelig kreatur, der bare en antydning til menneske, med menneskelignende ansiktstrekk - åndelig, sjelelig likevel laverestående enn ethvert dyr. I det indre av dette vesen er det et grusomt kaos av ville, uhemmede lidenskaper: navnløs ødeleggelseslyst, primitivt begjær, den mest utilhyllede simpelhet.
Umennesket - Ingenting annet!
For alt det som har menneskeansikt er ikke likt. - Ve den som glemmer det!"


Dette budskapet skulle innprentes norsk skoleungdom under krigen. I heftet "Umennesket" beskrives motstanderen, jøden og bolsjeviken, på denne måten. Budskapet er at noen mennesker ikke bare er umennesker; dyr, men laverestående enn ethvert dyr. Det er nesten så vi ikke tror våre egne øyne når vi leser det. Men jeg har heftet foran meg på bordet i skrivende stund, og vet at det var slik. På den bakgrunnen er det svært vanskelig å forstå at noen i dag kan kalle andre mennesker "skadedyr" og forsvare det.


Heftet til bruk i skolen ble funnet på loftet på en gammel skole lenge etter krigen. De fleste eksemplarene ble brent. Lærerne nektet å bruke dem. Hurra for lærerne! Men noen kostet det dyrt. Mer om det her.

fredag 2. september 2011

Nasjonale prøvar, eit verktøy - ikkje eit nytt skulefag

Det blir fortalt om elevar som strevar med for stort prøvepress. Vekeprøvar, les me om. Vekeprøvar, kva er det? Er testinga gått av sporet?

Dette har eg skrive før om temaet som synest å vera like aktuelt no, somaren 2013:

Lærarane er urolege, for å seia det mildt. Dei meiner både dei og elevane nyttar for mykje tid til prøvar, mellom anna til nasjonale prøvane. Er skulen komen i eit uføre?

Nasjonale prøvar skal fortelja kva elevane i landet kan, og dei skal visa kva nivå elevane i kvar kommune og kvar skule ligg på samanlikna med andre.

Prøvane blei innførte fordi me skilde oss ut internasjonalt: Norge brukte meir pengar enn dei fleste land på skule, men visste svært lite om kva elevane fekk med seg i løpet av skuletida.

Då prøvane blei innførte, var det mange av oss som var urolege for at slike prøvar skulle ta merksemda frå den vanlege undervisning og frå tida læraren har til den einskilde eleven. Eg sat i det regjeringsoppnemnde utvalet som sa at me måtte vita meir om kvaliteten i skulen, men me hadde også klart for oss at det alltid er det du måler, som lett får mest tid og merksemd. Det blei derfor sagt frå om at dette ikkje måtte skje. Prøvane skulle ikkje styra undervisninga, dei skulle vera eit måleinstrument for å finna status og for å finna dei felta skulane burde forbetra. Viss til dømes resultatet fleire år på rad er dårleg i engelsk, burde ein sjå på lokale forhold som mellom anna kompetansen hjå læraren og samansetjing av elevar, for å finna ei forklaring og for å styrkja innsatsen om ein finn svake punkt.

Når lærarane fortel at klassane må trena på dei nasjonale prøvane fordi dei er så ulike det elevane elles får av oppgåver, at dei må trena på å løysa oppgåvene, har opplegget gått av sporet. Det var aldri intensjonen med desse prøvane. Dei skulle visa nivået, ikkje bli eit skulefag i seg sjølv.

Kvinnherad kommune har som mål å koma midt på treet i nasjonal samanheng, noko som inneber at me må koma høgare enn i dag Dette må stå ved lag, - for elevane si skuld! Men dersom lærarane som fortel om tidsbruken i samband med dei nye prøvane har rett, må me gå nærare inn i saka. Dersom prøvane bommar, dersom dei måler det dei er laga for å måla, og ikkje resultatet av vanleg undervisning utifrå læreplanmåla, skal dei ikkje få stressa skulekvardagen. Det viktige er at skulen har fokus på at den einskilde eleven får nytta sine evner og får strekkja seg stadig lenger.

Dersom fokuset på prøvar blir så sterkt at det blir mindre tid til å sjå den einskilde eleven, set skulen krossfot på seg sjølv. Dette er i tilfelle ein alvorleg situasjon som eg meiner at komiteen som har ansvar for skulen i kommunen må sjå nærare på. Me ynskjer ein god skule i Kvinnherad. Me kan ikkje la vera å nytta nasjonale prøvar, men dersom dei styrer undervisninga og likevel ikkje testar ut utbyte elevane har av undervisninga, bør me politisk gje skulane melding om å styra unna "trening av prøving". I tillegg bør me melda frå til sentrale styresmakter slik at sjølve prøvane blir endra så dei gjer den jobben dei skal.


Dersom dei som kjenner skulekvardagen meiner at prøvane er eit godt verktøy, skal me halda fram med å nytta tid på dei, men det må alltid vera slik at prøvar og metodar skal vera verktøy, aldri mål i seg sjølv. Måla er innhaldet i faga, livskunnskap med verdival, realisering av den einskilde sine evner, praktisk, teoretisk og menneskeleg og trening i å leve saman i eit samfunn.


Dette er eit innlegg som eg skreiv for lenge sidan. Det digitale Lærarrådet fann det i si tid interessant og aktuelt, og la det på bloggen sin  her. 
VG fann det på Lærarråd og la det ut på Lesernes VG. Så da går debatten vidare. (aug.2012)

lørdag 20. august 2011

"Dere lærere ødela alt for meg!"


- Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred.- Det var Nordahl Grieg sine ord til ungdommen av hans tid. Så gjekk dei same orda frå by til by, frå bygd til bygd over landet i fjor, - fordi menneskeverdet på ny var truga. Og heldigvis: Me tar i bruk store ord, slike som Nordahl Grieg skreiv, fordi me ikkje godtar at menneskeverdet blir sett til side slik me såg det på Utøya og i regjeringskvartalet.

Det er ikkje første gong det har hatt sin pris her i landet å stå opp for menneskeverdet. Denne gongen blei liv tatt, utan at dei som døydde visste at det dei stod for og arbeidde for her i vårt trygge Noreg, skulle vera livsfarleg. I tidlegare tider, har mange kjent på kroppen at det hadde sin pris.

Historie om nokre av dei som blei hardt pressa, er nesten gløymt i vår tid. Då eg nyleg gjekk gjennom ei hylle med gamle bøker, kom eg over ei samling talar som Franciss Bull heldt på Grini. I føreordet skriv han om møtet med lærarane som var sende dit.

Lærarane hadde fått melding om å gå tyskarane sitt ærend. Dei skulle undervisa etter råd frå dei, mellom anna i raselære. Eit eige hefte blei utarbeidd, kalla "Umenneske" (Eit skremmande utdrag frå føreordet kan du lesa her ).

Men lærarane ville ikkje gjera som dei fekk påbod om. Då pressa det nye regimet Lærarforbundet til å pålegga sine medlem dette, og lærarane vart kollektiv innmelde i Lærarforbundet. Då viste lærarane kva dei stod for. Dei nekta. Biletet over viser eit døme på svarbrev. Konsekvensen var at mange av dei blei sende til Grini. 


Om opplevinga på Grini, overlet eg til Francisco Bull, som sjølv var der, å fortelja:


I mars 1942 arresterte tyskerne en svær mengde lærere fra folkeskolen og den høyere skole; en dag ble flere hundre lærere fra Oslo og nærmeste omegn sendt ut til Grini, og i ukene etter kom stadig nye kontingenter fra andre deler av landet. Det ble brukt strenge trusler for å skremme lærerne til å gå inn i lærersambandet, og "stormfyrsten" holdt en tale til dem om at slike "dreckige Lehrer" måtte ikke innbille seg at det kunne nytte for dem å sette seg opp imot et verdensrikes politiske vilje: de skulle nok få følgene å kjenne, dersom de ikke bøyde seg.

Sitt svar skulle de avgi, enkeltvis, i løpet av tre dager. Situasjonen var meget spennende. Ingen av destørre norske samfunnsgrupper hadde inntil da vært utsatt for slikt voldsomt press, og det var klart at lærernes holdning ville spille en overordentlig stor rolle for hele hjemmefronten og stillingen i Norge.
Blant de lærerne som var kommet til Grini, fantes det en del som var svake av helbred og engstelige av sinn, og vi skjønte at hele gruppen trengte til å stives opp. Rektor Seip og jeg kjente en mengde av disse lærerne…

Enda det var strengt forbudt, greide Seip og jeg alt den første kvelden å komme opp i fjerde etasje, hvor lærerne var anbrakt. Vi ble godt mottatt, og gjorde hva vi kunne for å styrke motet hos de vaklende. Jeg minnes et par replikker som vitner om hvordan stemningen iblant læreren var:
- "Tror du vi blir skutt, hvis vi nekter å gå inn i sambandet?" spurte en som var i angst og nød,
en annen sa noen ord som fylte meg med glede og beundring:
- "Jeg kan ikke kalle meg en noe synderlig modig mann," sa han; "men det er en ting jeg absolutt ikke har mot til; jeg tør ikke oppføre meg slik at min femtenårige datter skulle kunne komme og se på meg med et skuffet og bedrøvet blikk, og si;: "Men, far! Hva er det du har gjort!" - Det våger jeg ikke å utsette meg for"…

Resultatet ble til slutt så fint som man vel kunne ønske seg det, enda truslene om hard behandling ble fullt virkeliggjort overfor alle de lærerne som ble sendt til Jørstadmoen og siden nordover til Kirkenes. Så vidt jeg kan skjønne, fikk lærerstandens faste opptreden avgjørende betydning som føredømme for presteskapet, for juristene osv., ja, for hele den norske front.

Franciss Bull fekk rett i si vurdering. Etter krigen sa Quisling:  Dere lærere ødela alt for oss!

Menneskeverdet vil bli utfordra også i framtida. Det kan bli vår tur til "å øydelegja alt" for dei som vil krenka det! 
 
Kjelde: Francis Bull, Tretten taler på Grini, Olso 1945, Gyldendal norsk forlag

Same tema:
Skaper vi menneskeverd - skaper vi fred
 

onsdag 27. juli 2011

I skulestova og ved stovebordet

I skulestova
kunne eg setja raude strekar:
Feil!
Krusedull i margen:
Forvirrande tekst
Bølgjer under:
Uklar formulering
Spørjeteikn:
Meiner du verkeleg dette?
Piler:
Er dette argumentet i samsvar med det forrige?
Ropeteikn:
Kan du verkeleg forsvara dette om liv går tapt?
Parentes rundt ord:
Dette provoserer vel berre?
Og til slutt spørsmålet:
Kor er kjeldene dine?

Heime i stova
kan eg gjera nett det same
når familien er samla.

Men når stova er full av gjester
og eg har lyst å setja raude stekar,
kusedullar,
ropeteikn,
spørjeteikn,
parentesar,
og ikkje minst:
når eg ynskjer å spørja:
Kor er kjeldene dine?
- Då kan eg ikkje bruka retteblyanten.
Då må eg finna anna kommunikasjonveg.

Av og til kasta elevane heile greia i søppelkorga
- utan å bry seg om den raude skrifta..
Haldningar, menneskesyn, ord og handling
- Eg ville så gjerne at dei ikkje kastar orda i søppelkorga
når eg prøver å demma opp mot skjult menneskeforakt.


Andre innlegg relatert til terrorhandlingane:
Sit stille, stille
Kjærleik og samhald - lettare å seia og realisera i ei interaktiv tid?

tirsdag 31. mai 2011

Samtaleopplegg utifrå åtte bloggpostar om menneskeverd

Tekst 1
Innleiinga til bloggen
Denne bloggen er blitt til fordi det finnest menneske som treng å høyra at dei kan lyfta hovudet og møta blikket frå andre.

Den beste medisinen for å halda oppe eit sunt sjølvbilete når ein ikkje kan prestera noko, er å festa blikket på denne sanninga:

Menneskeverdet blir ikkje målt i kroner, meter, alder, prestasjon eller desibel. Mennesket har verdi fordi det er eit menneske.





Samtale utifrå tekst 1:
Dette er innleiinga til bloggen min.
På kva område i livet, og kva spørsmål i samfunnet kan få oss til å måla våre medmenneske?
I kva saker er det viktig at me har klart for oss at menneskeverdet ikkje kan målast?
 

 


Tekst 2
Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun - og far min

Den dagen regjeringa Bondevik 1 skulle gå, av kom eg tidleg til kontoret. Halvvegs opp til femte etasje i KUF-bygget, møtte eg reinhaldaren. Eg sa: "God morgon", og skulle til å skunda meg vidare, då eg såg at ho stod med bøygd hovud og tårer på kinnet. Eg stanste derfor og spurte forsiktig om det var noko som var gale. "Ja, det er mykje gale", sa ho. "Lilletun skal slutta i dag".

Jon helsa alltid på henne, akkurat som han helsa på alle andre han møtte. Han såg dei, ikkje for å vera tilgjort høfleg, men fordi han faktisk såg dei.

Far og eg gjekk ofte på tur i kveldinga då eg var 13-14 år. Ein dag gjekk kursen mot eit hus som var ukjent for meg. Far sa ingenting, men opna bakdøra i huset og peika at eg skulle gå inn. Vel inne var det ingen å sjå, korkje i stove eller kjøken. Men far gjekk gjennom stova og opna døra til eit soverom. Der låg havseglaren. Det var det eg kjende han som. No var han ein liten kropp under ei kvit dyne.

Han og far veksla nokre få ord. Så tok far potta og tømte den, fann eit glas vatn og sette på nattbordet. Så var besøket over.

Jon og far lærte meg noko som det er vanskeleg å setja ord på. Men eg veit at når eg har vore ufør ein lang periode, har det dei lærte meg, hjelpt meg å ikkje hamna heilt i uføret når det gjeld å vita kven eg framleis er.
 


Tekst 3

Usynleg - for mi skuld

Eg lærte heime at eg skulle helsa fint på alle dei eg møtte som eg kjende. Eg lærte til og med å neia for læraren, også om eg sykla. Å neia, ståande på ein sykkel, går altså an. Eg har prøvd.

Ikkje alle eg helste på, helste tilbake. Det melde eg tilbake til mor mi, som hadde det gode svaret eg har hatt i bakhovudet seinare i livet: Held fram med å helsa du. Helser dei ikkje tilbake, er det dei som er dumme.
Dette gjekk fint. Eg helste på gamal og ung, og det var etterkvart få som fekk stempelet "dumme".

Så gjekk det nokre år. Eg blei tenåring. Og heldt fram med å helsa. Men ein kveld opplevde eg noko som var nytt for meg. Eg helste, men mannen helste ikkje tilbake. Og noko fortalde meg at det ikkje var for at denne mannen var dum. Det var som om han vende seg bort i eit ynskje om å vera usynleg.
Eg kjende mannen godt, svært godt faktisk. Men når eg tenker meg om, no mange tiår etterpå, hadde me nok berre vore saman i trygge samanhengar, der berre familiane våre hadde vore i lag. Eg hadde nok ikkje møtt han på gata før.

Det var nok sårt over dette møtet. Eg grunna over kvifor han oppførte slik han gjorde, og kom til at han let vera å helsa, for at eg skulle sleppa å visa at eg kjende han.
Han hadde eit så lågt sjølvbilete at han gjorde eg usynleg, for mi skuld.

Eg fekk aldri høve til å bli så godt kjend med han som vaksen at eg kunne vera med å visa med min måte å møta han på, at han var verd å møta, verd å kjenna. Han valde å ikkje gå på gatene så mykje lenger. Han valde faktisk å bli heilt usynleg. Han valde å ikkje leva.

Me kan studera og drøfta kommunikasjon, sosiale medier, naboforhold og byplanlegging stolpe opp og stolpe ned. Gløymer me å sjå kvarandre, er det viktigaste gløymt.
  


Tekst 4

Selger 329: Det er så vondt å bli oversett.

Selger 329 - selger av bladet = Oslo, er hovedperson i filmen med navnet "Selger 329" som hadde premiere på Filmens Hus i Oslo i dag 13.april. "Selger 329" har et navn: Knut Olav Brurud-Johannessen.

Kongen takket ja til å være på premieren, og dronninga ba seg selv med. Honnør for det! Som takk fikk hun klem på begge kinn av hovedpersonen.

Slik oppmerksomhet er ikke hverdagskost for Brurud - Johannessen. Til Vårt Land sier han: Det er så vondt å bli oversett. Tenk om flere kunne si hei tilbake når jeg hilser.

Hvorfor er det så vanskelig å si hei når han hilser, tenker jeg, vel tilbake i stua etter en dagstur til Oslo der jeg så selgerne. Er selgerne en trussel? Unngår vi blikket for å slippe å kjøpe bladet? Eller er det en slags forlegenhet som får mange til å snu seg bort - et ønske om ikke å se hverdagen til selgeren? Eller er det det fremmede som skremmer oss, det som er annerledes?

På hjemturen leste jeg "Saras nøkel" av Tatiana de Rosnay. Fransk politi var med på å deportere tusenvis av jøder i Frankrike under krigen. I ettertid legges all skyld på nazistene. Når de ble spurt hvordan de kunne laste barn og mødre inn i kuvogner og sende dem vekk, bare fordi de var jøder, svarte de at det var på ordre fra tyskerne. Men hvordan kunne det franske politiet og naboene la det skje? Jo, de mente at jødene var annerledes. Det endte fryktelig galt.


Samtale utifrå tekst 2-4:
Det som Jon Lilletun og fra min lærte meg. Trur det at det er råd å lær slikt berre utifrå teori, eller må me har gode førebilete som viser oss kva dette er i praksiss?

Har de hatt slike førebilete?
Kva i samfunnet lærer oss det motsette?
Har med nokre saker i KrF der me har så høge mål at formuleringane våre kan "slå folk i hovudet"
Korleis kan me halda fast på høge ideal uten å døma livsmotet frå nokon?

 

Tekst 5
"Umennesket" - raselære til bruk i norsk skole
Boka "Saras nøkkel" av Tatiana de Rosnay" har vært på New York Times bestselgerliste i over 100 uke, og nå inntar den Norge. Det er bra! For den har en lekse å lære oss. Menneskeverdet kan reduseres. Mennesker kan velges ut, tas bort. Og det kan gjøres av tilsynelatende vanlige medmennesker, som ikke en gang står på utrydderens side.

Hvordan kan det skje? Ved at vi lærer at
det som er annerledes er farlig, det er en trussel. Og setter vi navn på trusselen, er prosessen i gang.

Norske skolebarn skulle formes til å tenke slike tanker under krigen. Her er noe av det de skulle lese og lære:
"Slik som natten er motsatt dagen, som lys og skygge evig er fiender - slik er den største fiende for mennesket, som hersker over jorden, mennesket selv.
Umennesket - denne biologisk tilsynelatende fullstendig likedannede skapning men hender og føtter og med en slags hjerne, men øyne og munn, er likevel en helt annen, et fryktelig kreatur, der bare en antydning til menneske, med menneskelignende ansiktstrekk - åndelig, sjelelig likevel laverestående enn ethvert dyr. I det indre av dette vesen er det et grusomt kaos av ville, uhemmede lidenskaper: navnløs ødeleggelseslyst, primitivt begjær, den mest utilhyllede simpelhet.
Umennesket - Ingenting annet!
For alt det som har menneskeansikt er ikke likt. - Ve den som glemmer det!"

Dette budskapet skulle innprentes norsk skoleungdom under krigen. I heftet "Umennesket" beskrives motstanderen, jøden og bolsjeviken, på denne måten. Heinrich Himmler (1935) blir også sitert for å gi budskapet tyngde:

"Så lenge det fins mennesker på jorden, kommer kampen mellom mennesker og umennesker til å være en historisk regel. Så langt vi kan se tilbake er jødenes kamp mot folkene en del av livets naturlige gang på vår planet. Man kan rolig komme til den overbevisning, at denne striden på liv og død er likeså mye naturlov som pestbasillenes kamp mot det sunde legeme."


Heftet til bruk i skolen ble funnet på loftet på en gammel skole lenge etter krigen. De fleste eksemplarene ble brent. Lærerne nektet å bruke dem. Hurra for lærerne!

Heftet er litt større enn A 4 - format. Etter forordet følger oppslag etter oppslag med svarte, skitne, syke jøder og russere på den ene siden, satt opp mot friske, sunne representanter for den ariske rase på den andre siden. Den norske bondejenta med bunad er også med.

Bilde og tekst gjør jobben sin. Tanken bøyes mot å tenke de mest utenkelige tanker: noen av oss, selv om de ser ut som mennesker; de er likevel umennesker "laverestående enn ethvert dyr". Samtidig lokkes det fram andre tanker, som heldigvis det norske samfunn og skole har læret meg:
"Hva er da et menneske siden du kommer det i hu, et menneskebarn at du ser til det. Du gjorde han lite ringere enn Gud…" (Salme 8)

Det er med en viss skjelving i kne at disse linjer skrives. Kan noen bruke dem i dag? Mot menneskeheten? Ved å angripe grupper av mennesker i dag? Men på den andre siden: Tar vi ikke fram grunnlaget for det som førte til at tusenvis av mennesker var med på å gjennomføre massedrapene, vil vi kanskje glemme det som skjedde, glemme det fordi vi tror at vi selv aldri kunne ha vært med på det. Da undervurderer vi hvilken betydning det har at vi bygger våre tanker på et menneskesyn og at det ikke er likegyldig hvordan dette synet er.


Mer tekst fra heftet Umennesket:
"Hva denne jord har av store verker, tanker og kunster - mennesket har tenkt det ut, skapt det og fullendt det; det tenkte og oppfant, for det fantes det bare ett mål: å arbeide seg opp til en høyere tilværelse, å forme det uoppnåelige, å erstatte det utilstrekkelige med noe bedre.
Slik vokste kulturen.
Slik ble plogen, verktøyet og huset til.
Slik ble mennesket et samfunnsmenneske, slik ble familier, folk og stater til. Mennesket vokste seg stort og sterkt. Det steg langt opp over alle andre levende vesener.
Slik ble det den første, nest etter Gud!
Men umennesket levde også. Det hatet menneskets verk. Det raste imot det, hemmelig som en tyv, åpenlyst som baktaler - som morder. Det rotte seg ammen med sine likemenn.
Det ene bestet ropte til det andre.-
Aldri levde umennesket i fred, aldri slo det seg til ro. For det følte seg vel i halvmørket, kaoset. Det skydde lyset fra det kulturelle fremskritt. Til livsunderhold behøvde det sumpen, helvete, men ikke solen.
Og denne umenneskers underverden fant sin fører: den evige jøde!
Han forstod dem, visste hva de ville. Han oppegget deres mest nedrige lyster og begjær, han lot redslene komme over menneskeheten."
… Så følge en gjennomgang av historiske hendelser som skal underbygge påstandene, før teksten avsluttes med:
"I dag heter legemliggjørelsen av denne ødeleggelseslyst - bolsjevisme! Men denne bolsjevismen er ingen tilfeldig forbigående ide. Den er intet produkt av vårt id! Den er heller ingen nyhet innen rammen av menneskehetens historie. Den er så gammel som jøden selv. Dens forkjempere heter Lenin - Stalin."



Samtale utifrå tekst 5
Korleis ville samfunnet vårt vore om lærarane hadde undervist i slik raselære som dette under krigen?Kva oppseding hadde me fått som er born av dei som gjekk på skule på den tida?
Set me pris på at samfunnet er bygd på eit kristent menneskesyn?
Kvorleis kan me skapa fiendebilete i vårt samfunn som kan kan nøra opp om slike haldningar som dette?
 

Tekst 6

100 % menneskeverd og 100% ufør

Klar for presentasjonsrunde: alle har rekkja klar; med namn, bustad, arbeidsplass og tittel. Så er det min tur. Rekkja mi er kort: namn og bustad.

Så blir det vanlegvis heilt stilt. Og eg må leggja til for å ta vekk den pinlege stemninga: eg er arbeidsufør, og så legg eg til som ei slags orsaking, den kortaste eg får til: Ja, ryggen er øydelagt.

Den andre varianten oppstår ved direkte spørsmål ved småprat med høflege frasar:
- Ja, kva driv du på med, sånn til vanleg?
- Ingenting
- Men …? Kven representerer du, sidan du er her (fast spørsmål på ein del møte eg deltek på)
- Ingen.
Pause. Så må det ei forklaring til, alt utifrå kven eg er saman med. Eg legg til:
- Livet er annleis enn før, men eg har eit godt liv.
Så får me ofte ein god samtale om det gode livet.
- Eg kjem til å leggja meg på golvet, seier eg, - for at de ikkje skal tru det er krise når eg faktisk gjer det.
- Ikkje syns synd på meg når eg gjer det. Det er for ikkje å bli dårleg.
Så får me ei god samtale til; om tilpassing, deltaking og liknande. Og neste gong det er møte, har arrangørane av møtet ofte lagt til rette for ein god liggjeplass. (Takk til gode NRK-medarabeidarar som ordna god madrass på møtet i Kringkastingsrådet utan å vera bedne om det.)

Eg kunne ha gått utanom. Eg kunne ha presentert meg med titlar eg tidlegare har hatt. Eg gjorde det den første tida då oppgåvene eg hadde hatt låg nærare i tid, men det er for dumt å ramsa opp kva ein dreiv med for snart ti år sidan. Dessutan kjennest det usolidarisk med dei som ikkje kan gjera det. Men av og til grip den eg møter tak i fortida mi og spør: Var det ikkje du som var direktør, ordførar og statssekretær?
- Å stakkars deg, no kjem du ingen veg, du som var så aktiv. Korleis har du det , eigentleg?
Og eg prøver å seia korleis eg har det, eigentleg. Helsa er til meir eller mindre bry, men møter eg rette mennesket, nyttar eg sjansen og legg til: Det som er utfordringa er faktisk å halda oppe sjølvtilliten. Og sjå seg sjølv i spegelen kvar morgon og seia at ingenting av det som verkeleg betyr noko, har endra seg. Eg har framleis 100 % menneskeverd.

Dette har eg halde foredrag om i over 20 år. Eg har vist plansjar med bilete av folk i senger, gamle og unge, mørke og kvite, den døyande og det ufødde barnet i mors liv. Livet har mange ytterpunkt, og å ha ein dårleg rygg er langt frå mellom desse. Likevel: Uroa er der. Kven er eg nå når eg ikkje kan prestera noko?

I slike stunder er det godt å halda seg til det objektive: Alle, har 100 % menneskeverd. Ingenting kan rokke ved det!

Ein kveld eg hadde eit flott knippe gjester samla rundt eit festbord, gjorde eg noko som skulle visa seg å endra kvelden. Det var fleire rundt bordet som ikkje kjente kvarandre. Det var derfor nødvending med ein presentasjonsrunde. Gjestene ble bedne om å presentera seg med namn. Men dei fekk ikkje seia korkje kva utdanning, stilling eller posisjon dei hadde. Dei blei utfordra til å seia kven dei var: Korleis ville dei bli oppfatta som mennesket? Kva var viktig for dei? Runden rundt bordet blei annleis enn vanleg. Og det merkelege var: Heile kvelden blei prega av den uvanlege starten. Samtalane blei annleis.

NB! Desse opplevingane vil eg dela med fleire, ikkje fordi det er synd på oss som er arbeidsuføre eller for at de skal kjenna dykk dumme når de ikkje veit korleis de skal oppføra dykk i situasjonen som kan oppstå. Problemet ligg helst hos den som ikkje kjenner seg fortruleg med å vera i kategorien ufør. Men at andre veit at det kan vera ei utfordring, er i seg sjølv ei lita hjelp. Og formidlinga av at menneskeverdet er utan vilkår kan aldri gjerast konkret nok!


Samtale utifrå tekst 6
Dette er ein tekst som ikkje kan diskuterast med tanke på a t det finnest rette og ikkje rette svar. Kva tankar gjer du deg når du les det?
 
 
 
Tekst 7
Den omvendte myrsnipefilosofien

Ei myrsnipe møtte ein jeger. Han lova å ikkje skyta ungane hennar; dei vakraste fuglungane i skogen skulle det vera. Det kunne ikkje vera råd å ta feil.

Jegeren skaut. Han trefte dei fugane han sikta på, men bomma på kven som var dei finaste fuglane i skogen.

"Det kunne vore ein av våre", var kommentaren me fekk høyra heime då det blei fortald om andre ungdomar som det ikkje hadde gått så bra for, - også om dei var komne retteleg i uføret.

 
Tekst 8
Kven er dei narkomane?
Dette innlegget ligg også på verdidebatt.no

"Dei narkomane har øydelagt liva sine".
Kven har ikkje svært så klare oppfatningar av kven som er blitt narkomane og ikkje minst kvifor dei er blitt det. Men om me ser nokre år fram i tid og ser kven som er avhengige av narkotiske stoff, vil me truleg få nokre overraskingar.

Livet har lært meg at eg kunne ha blitt ein av dei, og fordi eg har oppdaga det, vonar eg at eg kan unngå å bli det.

I ein episode av Puls for noko tid sidan møtte med to menn og ei kvinne som gjekk på metadon. Bakgrunnen deira blei ein vekkar for meg. Den eine kvinna var vel etablert. Ho tok ein operasjon og starta med smertelindring med tablettar etterpå. Den eine mannen hadde vore på landslaget i turn. Etter ein kneskade var han også over på smertestillande medisin.

Så langt er det svært så mange av oss som har gått same vegen. Så fortalde desse to korleis smertene og situasjonen gjorde at dei trengte medisin i lang tid, og korleis dei ikkje makta å trappa ned. Så enda dei med å bli avhengige først av medisinen legen hadde skrive ut, seinare sterkare stoff.

Etter tre operasjonar var eg på føtene att og sat i eit styremøte. Ein mann eg har stor respekt for, bøygde seg over bordet til meg og kviskra: - Nyttar du smertestillande? - Ja, av og til, svara eg som sant var. - Det gjorde eg og, sa han. - Eg måtte på avvenning. No går det bra.

På plass på jobb att i administrasjonen på eit sjukehus, med mange legar rundt meg i kvardagen, fekk eg eit forsiktig spørsmål: - Må du ta smertestillande for å klara arbeidsdagen her? Svaret var det same: - Ja, av og til. Blikket eg då fekk og den litt alvorlege kommentaren gjorde inntrykk: - Det er ikkje meininga å ta slike tablettar som du har for å gå på jobb. Det er for å få betre livskvalitet.

Eg er ute av faresona, trur eg. Men eg har fått meg ein støkk i livet. Derfor har eg eit ynskje om å signalisera til andre at dette er leik med elden. Samstundes vil eg ikkje klandra dei som gav meg reseptane. Eg fekk ingen dårlege råd. Eg ynskjer heller ikkje at nokon skal la vera å ta smertestillande som treng det. Kva er då bodskapen min? Kanskje berre det å minna om at det er kort veg frå bruk til misbruk. Kan henda det faktisk ikkje er noko markert skilje på den vegen. Det berre går over frå å vera det eine til å bli det andre.
Dessutan er det nyttig for meg - og kanskje for andre - å nyansera synet på kva som kan øydeleggja livet og gjera kvardagen svært så vanskeleg.

Og frå barndomen er eg opplært i den omvendte myrsnipeteorien, så eg vit at det kan henda meg. Det er ingen av oss som i utgangspunktet kan seia at det ikkje er så farleg, det gjeld ikkje meg. Eg skal klara meg.


Samtale utifrå tekst 7-8
Endra teksten det synet du har på kven som er narkomane?
Korleis kan KrF -politikken både visa veg og driva førebyggjing samstundes som me tar vare på einskildmennesket?

Er det eit mål å gi rusmisbrukarar eit verdig liv?

Alle tekstane er henta frå: Ut av uføre(t) http://marittotland.blogspot.com/


Dette samtaleopplegget er laga til ei samling i KrF. Kven som vil er velkomne til å nytta det.

torsdag 14. april 2011

Umennesket - ein smakebit av raselære

Boka "Saras nøkkel" av Tatiana de Rosnay" var på New York Times bestselgerliste i over 100 uke, og inntok også Norge. Det er bra! For den har en lekse å lære oss. Menneskeverdet kan reduseres. Mennesker kan velges ut, tas bort. Og det kan gjøres av tilsynelatende vanlige medmennesker, som ikke en gang står på utrydderens side. Vi blir rystet over å se at det er fransk politi som kjører vekk jødene når "Saras nøkkel" kommer på filmlerretet. Og så prøver vi å glemme at det samme skjedde i Norge. Også i vårt land var det "gode nordmenn", norsk politi,som var med å deportere de første jødene.

Hvordan kan det skje? Ved at vi lærer at det som er annerledes er farlig, det er en trussel. Og setter vi navn på trusselen, er prosessen i gang. 


Norske skolebarn skulle formes til å tenke slike tanker under krigen. Her er noe av det de skulle lese og lære:

"Slik som natten er motsatt dagen, som lys og skygge evig er fiender - slik er den største fiende for mennesket, som hersker over jorden, mennesket selv.
Umennesket - denne biologisk tilsynelatende fullstendig likedannede skapning men hender og føtter og med en slags hjerne, men øyne og munn, er likevel en helt annen, et fryktelig kreatur, der bare en antydning til menneske, med menneskelignende ansiktstrekk - åndelig, sjelelig likevel laverestående enn ethvert dyr. I det indre av dette vesen er det et grusomt kaos av ville, uhemmede lidenskaper: navnløs ødeleggelseslyst, primitivt begjær, den mest utilhyllede simpelhet.
Umennesket - Ingenting annet!
For alt det som har menneskeansikt er ikke likt. - Ve den som glemmer det!"
Dette budskapet skulle innprentes norsk skoleungdom under krigen. I heftet "Umennesket" beskrives motstanderen, jøden og bolsjeviken, på denne måten. Heinrich Himmler (1935) blir også sitert for å gi budskapet tyngde:

"Så lenge det fins mennesker på jorden, kommer kampen mellom mennesker og umennesker til å være en historisk regel. Så langt vi kan se tilbake er jødenes kamp mot folkene en del av livets naturlige gang på vår planet. Man kan rolig komme til den overbevisning, at denne striden på liv og død er likeså mye naturlov som pestbasillenes kamp mot det sunde legeme."

Heftet til bruk i skolen ble funnet på loftet på en gammel skole lenge etter krigen. De fleste eksemplarene ble brent. Lærerne nektet å bruke dem. Hurra for lærerne!

Heftet er litt større enn A 4 - format. Etter forordet følger oppslag etter oppslag med svarte, skitne, syke jøder og russere på den ene siden, satt opp mot friske, sunne representanter for den ariske rase på den andre siden. Den norske bondejenta med bunad er også med.

Bilde og tekst gjør jobben sin. Tanken bøyes mot å tenke de mest utenkelige tanker: noen av oss, selv om de ser ut som mennesker; de er likevel umennesker "laverestående enn ethvert dyr". Samtidig lokkes det fram andre tanker, som heldigvis det norske samfunn og skole har læret meg:
"Hva er da et menneske siden du kommer det i hu, et menneskebarn at du ser til det. Du gjorde han lite ringere enn Gud…" (Salme 8)

Det er med en viss skjelving i kne at disse linjer skrives. Kan noen bruke dem i dag? Mot menneskeheten? Ved å angripe grupper av mennesker i dag? Men på den andre siden: Tar vi ikke fram grunnlaget for det som førte til at tusenvis av mennesker var med på å gjennomføre massedrapene, vil vi kanskje glemme det som skjedde, glemme det fordi vi tror at vi selv aldri kunne ha vært med på det. Da undervurderer vi hvilken betydning det har at vi bygger våre tanker på et menneskesyn og at det ikke er likegyldig hvordan dette synet er.


Mer tekst fra heftet Umennesket:
"Hva denne jord har av store verker, tanker og kunster - mennesket har tenkt det ut, skapt det og fullendt det; det tenkte og oppfant, for det fantes det bare ett mål: å arbeide seg opp til en høyere tilværelse, å forme det uoppnåelige, å erstatte det utilstrekkelige med noe bedre.
Slik vokste kulturen.
Slik ble plogen, verktøyet og huset til.
Slik ble mennesket et samfunnsmenneske, slik ble familier, folk og stater til. Mennesket vokste seg stort og sterkt. Det steg langt opp over alle andre levende vesener.
Slik ble det den første, nest etter Gud!
Men umennesket levde også. Det hatet menneskets verk. Det raste imot det, hemmelig som en tyv, åpenlyst som baktaler - som morder. Det rotte seg ammen med sine likemenn.
Det ene bestet ropte til det andre.-
Aldri levde umennesket i fred, aldri slo det seg til ro. For det følte seg vel i halvmørket, kaoset. Det skydde lyset fra det kulturelle fremskritt. Til livsunderhold behøvde det sumpen, helvete, men ikke solen.
Og denne umenneskers underverden fant sin fører: den evige jøde!
Han forstod dem, visste hva de ville. Han oppegget deres mest nedrige lyster og begjær, han lot redslene komme over menneskeheten."
… Så følge en gjennomgang av historiske hendelser som skal underbygge påstandene, før teksten avsluttes med:
"I dag heter legemliggjørelsen av denne ødeleggelseslyst - bolsjevisme! Men denne bolsjevismen er ingen tilfeldig forbigående ide. Den er intet produkt av vårt id! Den er heller ingen nyhet innen rammen av menneskehetens historie. Den er så gammel som jøden selv. Dens forkjempere heter Lenin - Stalin."