Viser innlegg med etiketten strøtankar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strøtankar. Vis alle innlegg

søndag 10. mai 2015

Kampen om kvardagen

Eg gir meg ikkje 
seier ryggen. 
Eg gir meg ikkje eg heller 
seier tanken 
initiativet 
motet. 

Nei vel, 
seier ryggen. 
Då får me dela 
på 
tida og kreftene.

søndag 10. november 2013

Om skuggane finnest..


Fantastisk
å kunne gå nokre hundre meter langs gamle postvegen
å nyta haustfargane.
Eg tar dei med i hjartet
og legg ein flik av dei over på eit lerret, vel heimkomen.

"Ut av uføret" kalla eg denne bloggen
for lenge sidan
og håpte, trudde, tenkte
at det kanskje var ein veg ut.

Det var det,
men ikkje heilt slik eg tenkte i dei lysaste sekunda.

Eg kan oppleva hausten
utandørs
på eigne bein.

- Men må innrømma:
av og til er det skuggane eg ser,
der dei kryssar vegen.

Dei kan likevel ikkje hindra meg i
å sjå lenger fram:
til ei lysning i skogen.

Dessutan:
Om skuggane ikkje finnest der eg går,
er det enten gråvér
eller så er eg utan bakkekontakt.

***

Biletet er akryl på lerret, 40x40 cm med sveverame i sølv, kr 1500,-  Fleire bilete finn du her:
Galleri Nauthydlaren

lørdag 12. mai 2012

Takk til vinden

Hels til vinden frå meg
du som spring på fjellet i dag
og kjenner han så nær at tårene sprett.

Hels vinden og sei at eg hugsar han
då han bles vekk uro og sakn
greidde opp i politiske flokar og gordiske knutar
mot kvar fjelltopp.

Helsa vinden
motvind
medvind
krossvind
og virvelvind.

Helsa og sei:
Takk for fylgjet!
Du gjorde livet mitt mindre flyktig.

***
Og når me først snakkar om vinden, 
er det på sin plass å dela tankane  frå Anna Skeide:

Og eg spurte vinden:
Sei meg du flygande flyktning:
Kor lang er ennå vegen frå aust og til vest?
Og vinden han svara:
Så lang som
frå menneske til menneske.

mandag 9. januar 2012

Nedover bakke, med bind for augo

Det susar under meiane,
nedover går det med kjelken på holka.
Nedst i bakken står ein kar
som skal ropa
HØGT
dersom det kjem bilar.
Å renna med kjelke har si glede
og sin risiko!

Det går nedover bakke.
Det var ikkje nok å vera sta,
det var ikkje nok å tru,
det var ikkje nok å satsa alt.

Det som er skremmande er ikkje at det går nedover,
men at det susar avgårde - med bind for augo,
utan at det står ein kar og ropar om det er fåre på ferde,
utan at eg veit kor lang denne bakken er
eller om eg nokon gong kjem opp att.

Det har si glede å oppleva betre tider
og det har sin risiko:
å måtte oppleva at det snur.

Ein gong før då det gjekk nedover bakke, dukka dette spørsmålet opp:
Når ein ikkje meistrer meistringa - kva då?

fredag 30. desember 2011

Kva er det å vera raus?

Raus!
Lytt til det ordet!
Er det ikkje som om det opnar seg mot deg
gir rom for meir enn seg sjølv?
Til og med på bokmål har ordet det opne rommet i seg,
det snerpar seg ikkje inn til å bli "røs",
men spanderer på oss eit raust "raus".

2014, eit nytt år.
Gode forsett kjem og går saman med andre store ord.
Denne gongen vil eg fanga eitt,
setja det framfor meg i året som kjem:
Å vera rausare!
2012 var valår,
eit vanskeleg år å vera raus i, - kanskje,
eller kanskje det var eit særleg høve til å vera verkeleg raus?
Eg for min del nytta det ikkje godt nok.

Eg hadde ein gong ein læremeister: Jon Lilletun.
Han er offisielt kåra som den rause.
Kva gav han den æra?
Når me arbeidde som travlast og presset frå media var stort, sa han:
Ikkje forsvar meg i utide, det er ikkje viktig å alltid ha rett!
Det sa han også om han hadde rett, men då situasjonen var slik at det ikkje var viktig
å "retta på nokon" for å få rett.

Eit rausare samfunn
er ikkje eit samfunn som strør ut goder,
ikkje er så nøye med rett og galt
eller mitt og ditt.

Eit rausare samfunn
har fleire augo som ser
fleire minutt til å sjå kvarandre
større vilje til å forstå
meir tolmod til å gå ei ekstra mil
betre evne til å tilgi.

Å vera raus er vanskeleg i ord
vanskelegare i handling.
- Det er verd å strekkja seg i mot!


Også på Mariasmetode er det eit innlegg om det å vera raus. Der er det mange fine kommentarer. Du finn dei her

fredag 21. oktober 2011

NAV - KRAV

Mange krev for mykje av Nav,
tenkjer nokon.
Nav krev for mykje av mange,
tenkjer andre.

Ikkje hjelp han, han er lat,
tenkjer nokon.
Smertene mine får du ikkje,
tenkjer andre.

Min båt er så liten
og havet så stort.
Min konto er så liten,
og kravet så stort
Ordningane er mange
og navet så stort,
- for stort?


Om same tema: Kven er dei uføre?

søndag 2. oktober 2011

Større enn NM, EM og VM.

NM, EM, og VM
er for dei som blir meistrar,
dei som når toppen.
Meistring er for dei
som når eit lite steg lenger
- ikkje kvar dag
men av og til.
Somme tider går det bakover,
men like etter:
framover på ny,
eit lite steg eller to.
 
Ein meister tapar oftast,
vinn av og til.

Ein som meistrar livet sitt
har ofte tapt mykje
og har myje å vinna.

tirsdag 9. august 2011

Kort sagt om alt dette grumset

Alt dette snakket om grums,
gjer det vatnet noko reinare?

Skulle me heller
leita etter det som gjer vatnet grumsete
og krevja svar frå dei som vil ha det der?



Innlegg om å konfrontera synspunkt som kan skapa grums:
I ettertankesmia

Andre innlegg om 22/7:

Dokumentar frå Utøya -ansikt til ansikt
I skuletova og ved stovebordet
Kjærleik og samhald- lettare å seia og realisera i ei interaktiv tid?
Sit stille, stille ...
Eg veit kor eg ikkje vil hen

torsdag 14. juli 2011

Ein sjukdom kjem brasande som ein elefant, men forlet staden med mauren sin fart.

Eg kom over dette indiske ordtaket, og tenkte at den inderen som kom på denne tanken, må ha opplevd det same som meg, å få akutt dårleg helse som gjekk over i kronisk helsesvikt, for så å klatra som ein liten maur ut av uføret att.

Om det går smått med mauren, er han på mange vis eit førebilete.  Han gir ikkje opp. Du kan sopa til ei maurtue, og sekundar etterpå er innbyggjarane der i ferd med å byggja tua opp att. Dei treng byggjemateriale, og du kan sjå maur som drar på barnåler, lengre enn seg sjølv.

Så høyrte eg ein dag at mauren er så effektiv fordi han er lite sosial. Han styrer faktisk unna å møta andre. Det høyrest rart ut, for det kryr jo av maur i tuene. Men dei ungår å støyta borti kvarandre. Dei slår ikkje av ein prat i svingen når dei møtest. Derfor er dei effektive.

Akkurat på det området ynskjer eg ikkje å ha mauren som førebilete. Av og til kan det vera enklast å unngå å koma for nær andre. Ein kan bli sårbar for andre sine smerter, - eller eigne. Men likevel, kva skal ein med ei heil maurtue om ein ikkje kan møtast, som maur til maur?

onsdag 15. juni 2011

Makt og avmakt i møte med narkotika-kvardagen

Tankar etter eit møte om narkotika i nærmiljøet.
 
Bris på fjorden med storm i kasta
- mektig!
Kald vind mellom folka i fjorden
med motvind i stormen og harde augekast
- avmakt!
 
Eg sit ved bordet, har stemmerett
- makt!
Du ligg nede, er nærast utan stemme
- avmakt!


Kan eg sjå deg?
Kan eg gje deg ei hand?
Kan eg nytta mi makt til å redusera di avmakt?



Velkomen også til å lesa: Kven er dei narkomane

Og blir det altfor mykje alvor i lesinga, er det avveksling i å lesa historiebloggen "Det var ein gong": Alkoholdebatt 1843 - med en noe uvanlig vri

søndag 29. mai 2011

Kva er du eller kven er du? Tankar etter ein gild fest.

Eg var så heldig å få vera i ein 50-årsdag der 12 kvinner feira ei venninne.
Høyrest det ikkje særleg festleg ut, seier du?
Då tar du feil.


Det var ei samling med mykje varme, mykje humor og mykje godt for ganen. I tillegg var det ein kveld der me fekk oppleva at det viktigaste er kven du er, ikkje kva du er.

Til velkomst blei me bedne til bords. Me skulle gå etter bordkorta for å finna plassane våre. Men bordkorta hadde ingen namn. Kvart kort hadde i staden to positive karakteristikkar av den som skulle sitja på plassen.
Det blei litt lått og løye får alle endeleg hadde funne eit kort dei meinte kunne passa på seg sjølv, Eg leitte jo etter kortet med orda "stille og forsiktig", men fann det ikkje…

Det var berre to damer som hadde byta om plassane sine, men så var også deira "gode karakteristikkar" ganske like. Vertinna ynskte så velkomen og tok ein runde rundt bordet og fortalde kvifor me ho hadde valt ut dei ulike orda til den einskilde.

Så kom mannen i huset fram og helste kona si, før han forsvann ut att til grytene.

Ein flott start på ein festkveld. Og kva hende vidare? Jo, samtalane blei prega av den runden me hadde hatt. Personar som ikkje kjende kvarandre, fekk møta ei varm helsing frå vertinna som sa kven gjestene var, før me sjølv fortalde kva me var; kva me var av utdanning, yrke, stilling med meir. Og kvelden vidare blei prega av det. Eg høyrde ingen som snakka med kvarandre om jobb eller sjukdom så lenge måltidet varte. Berre sporadisk kom me inn på slike tema utover kvelden også.

Kva skulle me då snakka om? Heldigvis finnest det hyggelegare samtaleemne enn omorganisering på jobben, Nav, politikk og sjukdom. Praten gjekk uanstrengt, og me hadde mykje meiningslaus humor og meiningsfulle tankeutvekslingar.

Gjestene var mellom 45 og 60 år, og svært så mange har såpass tunge bører i sekkane sine for tida, at det fort kunne blitt eit trøyste-og-bære-treff. Men alle gjekk heim og syntest dei hadde hatt ein gild kveld, nett slik som i skulestilane, mykje takka vera vertinna sine velkomstord!
 
 

Liknande opplegg finn du på bloggposten: 100 % menneskeverd og 100 % ufør

lørdag 21. mai 2011

Gi sagogryn og økseskaft ein siste sjanse!

Det må vera lov å ta ein liten avstikkar frå hovudsporet i bloggen min, som elles handlar mest om menneskeverd og sjølvbilete.

Eg hoppar rett over til sidesporet: sagogryn og økseskaft. Dei står begge i fåre for å forsvinna frå butikkhyllene, rett og slett fordi nesten ingen kjøper slikt (iflg ein journalist i Finnmark: http://www.finnmarken.no/kulturliv/article3778147.ece ).

Kva skal me med sagogryn? Laga sagopudding sjølvsagt. Er det sunt? Nei, dessert er ikkje direkte sunt, men sagopudding er mykje sunnare enn alle dessertane me kjøper ferdige eller havlferdige som inneheld ei røys med e-stoff. Kok sagopudding etter oppskrifta på posen. Server med luna bjørnebær!

Så var det økseskaftet, som snart berre er kjend gjennom uttrykket: God dag, mann, økseskaft! (Viss det er kjend framleis,då?)

Kvifor forsvinn økseskafta frå butikken? Jo, fordi ingen gidd reparera ei øks. Dei kjøper heller ei ny, sjølv om det berre er skaftet som er øydelagt.

Så, folkens, spring og kjøp sagogryn og økseskaft! Sjå på det som ein del av formidlinga av tradisjon. Og nyt sagopuddingen!
..

PS
Og no, i 2016, får sagogryna ein  ny sjanse. Det kan du lesa om her: Sagogryn får ein sjanse

tirsdag 17. mai 2011

Fri, fro, from, frisk - Kor er det blitt av den eg likte at eg var?

Då eg var ung og sprek, var eg mangeårig medlem av turnforeninga. Med kvit T-skjorte og svart silkebukse stillte me opp på store fotballbanar rundt i Rogaland og gjorde synkrone rørsler til musikk. Inn i mellom lærte me å slå hjul og andre kroppslege utskeiingar som nok kan kallast turn.
17. mai gjekk me i folketoget og ropte: Fri, fro, from, frisk! Det var mottoet til turnforeninga, og dei fire F'ane var sett saman mot kvarandre så dei såg ut som ein svart kross på dei kvite T-skjortene. Iskaldt var det sjølvsagt å gå i tog så lettkledd med den kalde vinden som alltid var i barndommen sin 17. maifeiring. For som han sa, dansken som flytta til heimbygda mi: Det er så mykje vind i brisen her.

Det er Bjørn Eidsvåg som seier det: Kor er det blitt av den eg likte at eg var? Eg tenkjer meg om ein sein 17. maikveld: Ho som ropte fri, fro, from, f risk, kor er det blitt av henne?

Frisk er ho ikkje. Men i fylgje dei som har greie på det, har alle ein eller annan diagnose dersom dei berre blir undersøkte godt nok.

Fro? - Tja, det vil vel kunne seiast at eg har eit visst frimod, men det ungdommelege frimodet til å stå på, fordi eg visste at ingen kunne ta meg på noko, er nok borte. Nokon kunst å ikkje ha noko å bli avslørt på, var derimot ikkje så vanskeleg då du var 12 år.

From? Det har eg vel aldri vore. Det ligg likså ikkje heilt til mitt vesen, trur eg. Eg hadde nok tapt om eg var med i ordvekslinga mellom dei to bibelskulelærarne:
- Eg er nok meir audmjuk enn deg, sa den eine.
- Ja, det er du nok, sa den andre.

Fri!?

Ja, fri er eg - så avgjort. På så mange vis. Og fridomen til eg hegna om!

fredag 6. mai 2011

Skilpadde eller solsikke?

"Det verste er at eg ikkje ein gong maktar gå å handla. Eg trur folk ser skjeivt på meg fordi eg er ufør. Eg kan jo gå sjølv, dei ser ikkje kva som hindrar meg i å arbeida."

Det var ein sterk, ung mann som sa dette til meg. Og eg tenkjer:
 
Skilpadde vil eg vera
Trekkja meg inn under det lune skalet

Solsikke vil eg eigentleg vera

Må eg velja?
Eller har alt si tid?

søndag 1. mai 2011

Frå ein liggjande ståstad

Under landsmøtet til KrF i helga fekk eg brått ein stor dose merksemd frå Knut Arild Hareide. I etterkant fekk eg også mange varme helsingar!

Knut Arild brukte store ord. Gjer det meg hovmodig?

Etter eit døgn i fred og ro på båttur har eg kjend etter. Eg kjenner på takksemd og tillet meg å ta imot den varmen eg har møtt. Det seier meg også at me tåler ein god dose gode ord. Så del ut ein bukett ved neste høve!

Dei fleste dagane er eg no oppegåande, med mindre pausar på golvet. Perspektivet frå golvet trur eg likevel vil fylgja meg vidare i livet, også om det kjem tider då eg ikkje treng ta liggjande "time-out" i løpet av dagen:


Posisjonen du har
gjer noko med deg.

Eg skal ikkje vera så hovmodig
at eg seier
at eg ikkje er hovmodig

men om du legg deg flat
er det ikkje så mange du kan sjå ned på!

søndag 3. april 2011

Den omvendte myrsnipefilosofien

Ei myrsnipe møtte ein jeger. Han lova å ikkje skyta ungane hennar; dei vakraste fuglungane i skogen skulle det vera. Det kunne ikkje vera råd å ta feil.

Jegeren skaut. Han trefte dei fugane han sikta på, men bomma på kven som var dei finaste fuglane i skogen.

"Det kunne vore ein av våre", var kommentaren me fekk høyra heime då det blei fortald om andre ungdomar som det ikkje hadde gått så bra for, - også om dei var komne retteleg i uføret.


Same tema:
Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun - og far min

torsdag 24. februar 2011

100 % menneskeverd og 100% ufør

Klar for presentasjonsrunde: alle har rekkja klar; med namn, bustad, arbeidsplass og tittel. Så er det min tur. Rekkja mi er kort: namn og bustad.

Så blir det vanlegvis heilt stilt. Og eg må leggja til for å ta vekk den pinlege stemninga: eg er arbeidsufør, og så legg eg til som ei slags orsaking, den kortaste eg får til: Ja, ryggen er øydelagt.

Den andre varianten oppstår ved direkte spørsmål ved småprat med høflege frasar:
- Ja, kva driv du på med, sånn til vanleg?
- Ingenting
- Men …? Kven representerer du, sidan du er her (fast spørsmål på ein del møte eg deltek på)
- Ingen.
Pause. Så må det ei forklaring til, alt utifrå kven eg er saman med. Eg legg til:
- Livet er annleis enn før, men eg har eit godt liv.
Så får me ofte ein god samtale om det gode livet.
- Eg kjem til å leggja meg på golvet, seier eg, - for at de ikkje skal tru det er krise når eg faktisk gjer det.
- Ikkje syns synd på meg når eg gjer det. Det er for ikkje å bli dårleg.
Så får me ei god samtale til; om tilpassing, deltaking og liknande. Og neste gong det er møte, har arrangørane av møtet ofte lagt til rette for ein god liggjeplass. (Takk til gode NRK-medarabeidarar som ordna god madrass på møtet i Kringkastingsrådet utan å vera bedne om det.)

Eg kunne ha gått utanom. Eg kunne ha presentert meg med titlar eg tidlegare har hatt. Eg gjorde det den første tida då oppgåvene eg hadde hatt låg nærare i tid, men det er for dumt å ramsa opp kva ein dreiv med for snart ti år sidan. Dessutan kjennest det usolidarisk med dei som ikkje kan gjera det. Men av og til grip den eg møter tak i fortida mi og spør: Var det ikkje du som var direktør, ordførar og statssekretær?
- Å stakkars deg, no kjem du ingen veg, du som var så aktiv. Korleis har du det , eigentleg?
Og eg prøver å seia korleis eg har det, eigentleg. Helsa er til meir eller mindre bry, men møter eg rette mennesket, nyttar eg sjansen og legg til: Det som er utfordringa er faktisk å halda oppe sjølvtilliten. Og sjå seg sjølv i spegelen kvar morgon og seia at ingenting av det som verkeleg betyr noko, har endra seg. Eg har framleis 100 % menneskeverd.

Dette har eg halde foredrag om i over 20 år. Eg har vist plansjar med bilete av folk i senger, gamle og unge, mørke og kvite, den døyande og det ufødde barnet i mors liv. Livet har mange ytterpunkt, og å ha ein dårleg rygg er langt frå mellom desse. Likevel: Uroa er der. Kven er eg nå når eg ikkje kan prestera noko?

I slike stunder er det godt å halda seg til det objektive: Alle, har 100 % menneskeverd. Ingenting kan rokke ved det!

Ein kveld eg hadde eit flott knippe gjester samla rundt eit festbord, gjorde eg noko som skulle visa seg å endra kvelden. Det var fleire rundt bordet som ikkje kjente kvarandre. Det var derfor nødvending med ein presentasjonsrunde. Gjestene ble bedne om å presentera seg med namn. Men dei fekk ikkje seia korkje kva utdanning, stilling eller posisjon dei hadde. Dei blei utfordra til å seia kven dei var: Korleis ville dei bli oppfatta som mennesket? Kva var viktig for dei? Runden rundt bordet blei annleis enn vanleg. Og det merkelege var: Heile kvelden blei prega av den uvanlege starten. Samtalane blei annleis.

NB! Desse opplevingane vil eg dela med fleire, ikkje fordi det er synd på oss som er arbeidsuføre eller for at de skal kjenna dykk dumme når de ikkje veit korleis de skal oppføra dykk i situasjonen som kan oppstå. Problemet ligg helst hos den som ikkje kjenner seg fortruleg med å vera i kategorien ufør. Men at andre veit at det kan vera ei utfordring, er i seg sjølv ei lita hjelp. Og formidlinga av at menneskeverdet er utan vilkår kan aldri gjerast konkret nok!