søndag 30. september 2012

Krafta i eit smil og eit blikk

Ho ser folk - til tårer.
Sit heilt stille og ser folk inn i augo.

Den verdskjende; performance-kunstnaren Marina Abramovi,
gjorde dette,
og folk strøymde til
for å bli sett.

Ordlaust,
nært,
mektig.

Slikt hender berre i konstruert kunst,
tenkjer me.

"Du såg meg då eg kom ny i skulegarden for 40 år sidan,
og du smilte til meg.
Eg har alltid hugsa deg for det,"
sa ho som eg møtte i går.

Eg visste ikkje kven ho var for 40 år sidan,
eg visste det ikkje i går heller - før ho sa det.

Å sjå.
Å smila.

Raust kan me dela ut
signal frå hjarte til hjarte.
Det kostar ikkje anna
enn å orka reagera på at andre menneske er der du er.

Kva hadde skjedd om eg vågde sjå
dei eg jamleg møter,
slik at dei opplevde seg sett?



Fleire tekstar om å bli sett, finn du: her /Sawubona.

tirsdag 25. september 2012

Hadde du vore ein hest, hadde det gått rett på slakthuset!

- Hadde du vore ein hest, hadde det gått rett på slakthuset.
- No opererer me for livskvalitet, ikkje for arbeid.

Begge desse utsegna er frå legane mine. Og eg blunka ikkje då dei sa det. Eg visste at dei hadde rett. Det vil seia fornuften tok det inn, men ikkje resten av meg. 

Derfor tenkte eg framleis: Ein periode med sjukmelding no, så er eg tilbake i arbeid. Og livet går vidare som før. 

Før dette hendte vurderte eg det å bli frisk og det å vera i arbeid som to sider av same sak.
No veit eg at det finnest fleire nyansar, noko denne tvittermeldinga i dag også viser:


Hørt:Tenk om politikere&byråkrater kan begynne å snakke om å få de syke friske nok til å jobbe istedetfor å snakke om å få de uføre i arbeid

Den som er sitert her har rett i at det er viktig å setja personen i sentrum. Då er det helsetilbodet som er avgjerande. God behandling gir ofte pasientar som blir friskare. Det gir livskvalitet, mindre sjukmelding, lågare uføreutgifter og høgare deltaking i arbeidslivet. I den rekkefølgja.

Så er det like viktig å få uføre i arbeid. Men for mange treng ikkje det innebera at ein blir så mykje friskare først. Derimot krev det at det blir lagt til rette for arbeid med ulik tiltak. Det skriver presidenten i norsk psykologforening, Hofgaard, om her

Lite ambisiøst? Tja. For den som ikkje blir friskare, men som vil vera aktiv i samfunnet, er det slett ingen dum ide: Å få vera til nytte, å vera i eit arbeidsfellesskap. Kan henda det til og med på sikt gjer ein friskare også?

onsdag 12. september 2012

Å tvihalda på målet


Å festa blikket på målet
er ei grei sak.
Nyttig og inspirerande.
Men når målet forsvinn,
blir vekke frå synsranda
- kva då?

Kvar dag ser eg mot vest,
ser Siggjo kneisa mot sky
og minner meg om
at der ute er havet
sjølv om eg ikkje ser det.

Til og med Siggjo
som fortel at havet er der,
blir borte på gråversdagar.

Likefullt er Siggjo der
- og havet.

Så skin det opp
av og til blir det klårver
så ingen er i tvil om at Siggjo ligg der ute.

Andre gonger er det berre eg som ser det
- fordi eg veit.

Somme tider er det berre området der vest
som ligg bada i sol.
Då vil nokon seia at eg tar feil.
Det kan ikkje vera sol der vest 
når det er så grått her.

Men eg veit.
...




PS: Bilete viser utsikta frå stovevindauget mitt. Mot vest, sjølsagt.


tirsdag 11. september 2012

Twitter, kven er det? Journalisttvitrarar - twitterjournalistar?

Stadig oftare høyrer me programleiarar fortelja kva saker som er mest aktuelle på Twitter, som ei forkaring på kvifor dette også blir tema i andre fora.

Ein slik presentasjon av ei sak kan gi meining, men det er fleire atterhald ein må ta dersom ein skal la Twitter setja gadsorden.

- Kven er twitter for dei som har konkludert?  Er det dei personane som programleiarane/skaparane følgjer? Twitterstraumane våre er jo ikkje like. Eg vel sjølv kven eg vil følgja, og eg ser av og til når eg får vidaresendte meldingar/RT, at det finnest dei som er ute i andre tvitterstraumar som eg slett ikkje vil bli mata av med alskens ytringar og haldningar.

- Eller er det aktvititeten hos journalist-tvitrarane dei har sjekka.? Merk: Dei er journalist-tvitrarar, ikkje Twitterjournalistar!

Det hender oppsummeringa i media ikkje stemmer med det bildet Twitter gir på min skjerm. Temperaturen og mengda tvittermeldingar er nemleg like mykje avhengig av kva ein eller to tvitrarar provoserer fram av debatt eller kva som det er lettvint å spøka med.

Når det gjeld større saker, kan ein sjøvsagt sjekka emneknaggane (hashtag på utanlandsk). Men det er ofte tilfeldig korleis desse blir brukte, så heller ikkje det gir noko rett bilete.

Dessutan er det ikkje gitt at mengde er kvalitet. Det har me sett døme på dei siste dagane. Riise og fotballen, dvs Riise og alt anna enn fotballen var vel ikkje verd alle oppslaga?

Og tvitterdomstolen då ein nærma seg svar i Sigridsaka, var det heller ikkje så oppbyggeleg å vera vitne til.

@omstendigheter spurte her ein dag om me har tenkt over hvilke normer me følgjer på Twitter. Rett spørsmål i rett tid.

Er det slik at fordi me sit åleine med eit tastatur, så gjeld ikkje dei normene me hadde satt i funksjon om me sat ovafor eit anna menneske? Me tenkjer fortare enn me snakkar, og mange tastar fortare enn dei tenkjer.

Tastesamfunnet kan då bli ei ytringsfelle som fangar oss sjølv - og skadar andre.

Mi oppsummering blir:
Ytringar tasta ned utan å ha vore innom tanken, eigner seg ikkje for oppslag i nyhetene.

Twitter er ikkje plassen å tasta før ein tenkjer. Ein er ikkje så skjerma i si eiga verd som ein får inntrykk av når ein sit der og kommuniserer med ein eller to om gongen.


Til ettertanke:(frå Twitter sjølsagt)

En har sagt: "En kultur i oppløsning utmerkes ved at grensene mellom det intime og det offentlige rives ned." Noe å tenke på til neste tweet

Tidlegare bloggpost om Twitter:
Twitter, dialog, koseprat, debatt og informasjon. Frå Olav Kjørven til kaffeskåler.


søndag 9. september 2012

Jeg er mere meg, sa Brede Bø

NRK spurte korleis Brede Bø hadde det etter at han fortalte om dei strevsame sidene ved livet sitt, og han gav dette innhaldsmetta svaret: Jeg er mere meg.

Svaret gir meining fordi alle veit at å gøyma på noko som eigentleg har ein stor plass i kvardagen, gjer livet vanskeleg. Både fordi ein då må bera på det åleine, og fordi ein går rundt og er redd at nokon skal få vita noko dei ikkje burde vita.

Så sanninga kan gjera fri, på så mange vis.

Men sanninga kan også bryta ned.

For over 100 år sidan, såg Christoffer Bruun det som si oppgåve å få folk til å ta oppgjer med eigne tankar og liv. Brandes hadde lagt ansvaret innover dei unge studentane i Norden: Ikkje noko mindre enn sanninga måtte fram, om det så velta kyrkje, ekteskap, samfunnsinstitusjonar eller tankesett.

Bjørson og Ibsen var mellom dei som tok dette på alvor, og deira oppgjer med sanninga har gitt oss stor litteratur.

Christoffer Brunn møtte også mindre kjende folk enn Bjørnson og Ibsen. Mellom anna ein kar som eg skriv om for tida. Han opplevde kravet om sanning så sterkt at han utleverte så mykje av sitt eige og sin eigen familie sitt liv, at hans eigne etter kvart stod han etter livet. Bruun oppfordra nemleg til å koma me sanninga, utan tanke på kva konsekvensen ville bli.

Tilbake til Brede Bø som blei heilare ved å røpa sine svake sider. For min del er eg meir meg sjølv ved ikkje å utlevera alle sider ved livet. Eg vil ikkje gi folk innsyn i alt, og dessutan veit eg at dei ikkje vil ha det som eg held for meg sjølv. Derfor har eg tidlegare skrive: Smertene mine får du ikkje.

Det er ein god regel å seia sanninga. Det er også eit av dei 10 boda, boda som på så mange vis peikar mot det gode liv. Og som han sa, han som hadd levd ei stund:

              Hald deg til sanninga. 
Då kan du gjera greie for det du har sagt og gjort også når du ikkje hugsar så godt!

Aporopos skriveprosjektet mitt som eg nemnde. Eg les for tida aviser på mikrofilm frå 1890- talet for fylla ut biletet av han. Er det nokon andre som les aviser frå same tidsrom på leit etter oppslag, så ta kontakt. Me kan kanskje hjelpa kvarandre med å ha eit sideblikk på det som den andre leitar etter når me likevel sit med augo klistra til filmrullane.

fredag 7. september 2012

Riksrevisjonen i eit uføre?

Eller kanskje det ikkje er Riksrevisjonen som er komen i eit uføre, men rikspolitikarane og systemet når Aftenposten skriv at fleire politikarar vil vingeklyppe Riksrevisjonen.

Stortinget kan gjerne få eit råd frå meg, heilt gratis, som det heiter når ein trur rådet ikkje vil bli tatt imot. Det er eit råd som ikkje vingeklypper Riksrevisjonen, men som vil redusera talet på oppgåver dei skal løysa:

- Lag eit statsbudsjett der løyvingane ikkje blir delte opp i for mange underpostar eller har for mange detaljerte premiss
- Unngå øyremerking
- La vera å understreka at departementet skal rapportera delajert om pengebruken

Det er berre Stortinget som løyver pengar som kan letta kontrollbyråkratiet der pengane skal nyttast. Derfor bør dei gjera det.

Tillit? Misbrukt tillit?
Men dette inneber at me må stola på at pengane blir brukte til det dei skal? Ja, det er ein risiko ein må ta. Eg trur likevel ikkje dei kronene som evt. går til eit noko anna formål enn det Stortinget hadde i tankane, vil vera fleire enn dei som no går vekk til kontroll.(Hugs: kommunar, andre mottakarar av tilskot og overføringar har også revisjon).

Sjølvopplevd
Dette har eg sett på nært hald som statssekretær for lenge, lenge sidan. Tilstanden kan ha endra seg, men då var det slik: Eit år laga KUF ein skulepakke. Pakka inneheldt tilskot til å nytta alternativ kompetanse i undervisninga/skulekvardagen slik at pedagogen skulle kunne vera pedagog i større grad, la rådgjevarar og andre ungdomsskulelærarar hospitera i næringslivet, kursing av lærarar i pedagogisk bruk av IKT osv. Midlane skulle fordelast via Utdanningsdirektørane, og målet var ei flat fordeling. Dette skulle alle få del i.

Summane var ikkje før godtekne i finansdepartementet og lagde inn i budsjettet, før eit stort arbeid begynte. Til mi overrasking. No blei det laga system for korleis kommunane kunne søkja på dei ulike tilskota, og korleis bruken skulle rapporterast.

Resultatet var at mykje av desse midlane ikkje nådde fram. Det blei for spesielt og tidkrevjande å få kronene til å rulla.

La meg skunda meg å leggja til: Embetsverket gjorde berre jobben sin. Dei var glade for pengane me hadde fått på bordet, og gledde seg til å sjå resultat. Og dei gjorde jobben sin slik Storting og revisjon hadde bede om.

På eit møte ei stund seinare møttest ulike departement og Riksrevisjonen til gjensidig informasjon. Då spurte eg korleis dette kunne gjerast enklare. Svaret var at det ikkje var noko problem: Det var opp til Stortinget å leggja dei rette føringane, eller la vera å leggja så mange føringar.

Kaos?
Er skulenorge og andre mottakarar av statstilsot verd så stor tillit? Nei, blir det sagt. Pengane vil berre gå inn i det store sluket.
Og det kan det vera noko i. Svampen er turr i mange kommunar, og kjem det nokre dråpar, vil dei raskt bli sugde opp. Men pendelen er i dag så langt på andre sida, at det må vera råd å våga og la han svinga litt tilbake.
Slepp kontrolltaket på kvar krone, og sjå at det skaper utvikling og engasjement!

Forvaltningsrevisjon
Så ser eg at den aktuelle debatten handlar om forvaltningsrevisjon, og nokon meiner at den ikkje fungerer slik det var tenkt. Dersom Riksrevisjonen hadde brukt mindre tid på kroneforfølging, hadde det ikkje vore så dumt og fått vita om måla for vedtaka var nådde, også på innhald. Det er jo i grunnen det viktigaste med heile vedtaket. Men skal ein ekstern etat vurdera måla departemenet har sett, stiller det store krav til presise målformuleringar.

onsdag 5. september 2012

Tastesamfunnet

(oppdatert 4.10.2012)

Sosiale medier og ei digital verd gir stor fridom, men også stort ansvar.

Sekund etter at ordet "psykiatri" er nemnd saman med ein mistenkt i ei sak, går debatten frå tastatur til tastatur. Me liker å seia at det går frå skjerm til skjerm, men eit slikt uttrykk tar frå oss ansvaret. Det er nokon som tastar bodskapen, og det er der ansvaret ligg.

Som ung debattant kladda eg innlegga først. Så skreiv eg dei på maskin, bretta arket og putta det i ei raud postkasse. Ganske snart fann eg ut at eg burde "sova på det", før eg posta brevet. Ikkje sjeldan førte det til at eg endra litt på innhaldet neste dag. Uforgløymeleg er episoden då eg sende eit skarpt, ope brev til dåverande helseminister med overskrifta: "Kva verdiar, Mork?", og fekk ei skrikande overskrift mot meg i ei landsdekkande avis nokre dagar seinare: "Kva verdiar,Totland?" Han hadde god grunn til å stilla spørsmålet. Mi handling spegla ikkje gode verdiar i forsøket på å avsløra hans etter mitt syn ufullkomne verdisyn.

Tastesamfunnet kan få oss til å tru på hastesamfunnet.

Når ein hest "løper løpsk" eller "spring ut" som me kalla det, er det berre ein ting som kan stoppa han: At nokon stengjer vegen når han kjem springande. Det krevst mot for å stilla seg opp slik. Kanskje treng me i større grad bremsa kvarandre i tastaturverda også: Seia "Stopp! Har du tenkt over kva du no deler av mistanke, fordomar, haldningar?"

Fleire har opplevd at det ein tastar i all hast, skulle vore fjerna frå jorda si overfalte. No får me hjelp til å sletta nokre av spora våre her
(via @carlsbj)

Lesverdig i Aftenposten om same tema:
Den moderne gapestokken

Apropos ordet psykiatri: Eg bur trygt ti minutt frå eit psykiatrisk sjukehus

mandag 3. september 2012

Tydelege leiarar, takk!

Større handlingskompetanse og gjennomføringskraft. Tydelege leiarar, klare kommandolinjer. Oppdaterte rutinar for avvik og korrigering av system. Alt dette blir det ropt etter i kjølvatnet av 22.juli-rapporten. Og det er vel og bra. Men når ein leitar etter grunnar til at me ikkje er i mål på desse områda på mange felt i samfunnet vårt, bør me kikka oss over skuldra og spørja kva for eit samfunn me har oppmuntra til fram til no.

Spør du ein svensk leiar om kva som skil norsk og svensk arbeidsliv, svarer han at i Sverige gjer arbeidstakaren ofte det han får melding om, men i Norge vil han stilla spørsmål ved ordren.

Å ha oppegåande, tenkande arbeidstakarar og medarbeidarar er sjølvsagt eit pluss. Men har me strekt oss for langt den vegen?

Skapa kvalitet eller stela kvalitet?
Arbeidsplassar er prega av demokrati, særleg dei store. Der blir lovar og reglar fylgde, og arbeibstakarar hegnar om rettane sine. Dette er vel og bra. Men er det lov, eller går det an, eller vågar eg spørja: Kan det bli for mykje av det gode?

Næringslivet, kommunar, skule- og helsevesenet er i endring. Det er ikkje noko nytt. Dei har vore i endring sidan fyrste virkedag. Endringa skjer for å kunne utføra den tenesta ein er til for, på beste vis.

Alle som gjer vedtak, treng å få synleggjort kva konsekvens vedtaka får.
Og dei som blir direkte råka av endringar som tilsette, skal vera orienterte og skal kunne påvirka situasjonen, om det er råd. Dette må liggja fast. Likevel: Bruker me ressursar, tid, kompetanse, pengar som står i forhold til desse måla? Eller er me komne i eit uføre med stor mengde informasjon, tallause drøftingar, av og til aksjonar og til og med sjukmeldingar som resultat av "den gode vilje" til demokrati? 

Eg har ikkje svara, men etter å ha hatt leiar - og styreansvar i ulike samanhengar; organisasjonar, skule/høgskule, sjukehus, helseføretak og kommune, sit eg med ein del spørsmål:
- Kor mange møte trengst?
- Kor mange tilsette må vera med på møta?
- Kva område på arbeidsplassen er det viktig at dei ulike gruppene blir involverte i.

Omorganisering er tidkrevjande. Endringar som skjer er ofte av administrativ karakter og har for det meste med pengeflyt, personalansvar, og samarbeid å gjera. Dei fleste tilsette vil ha ein arbeidsdag der dei merker svært lite til denne organiseringa. Kor stor medverknad bør dei ulike gruppene då ha?

Eg har inntrykk av at me tolkar demokrati på arbeidsplassen slik at alle skal meina noko om alt. Det skaper ikkje kvalitet, korkje i prosess eller resultat. Det stel kvalitet.

lørdag 1. september 2012

Merkevaren OL/olympiske ringar - nærare for Paralympics?

Tankar 12.september: No er Paralympics over. Kanskje dei paralympiske leikene som har fått størst merksemd nokon gong. Mange meiner også at no er det på tide å likestilla olympiaden og paralympics. Skilnaden lar seg ikkje forsvara i lengda. "Folk flest" har oppdaga det, og gitt uttrykk for det dei siste vekene. Kanskje dei som har makt til å endra namn, titlar og symbolbruk også vil oppdaga det?

.........

Tankar1.september:

"Sette paralympiske idrettsutøvere i stand til å oppnå sportslig utmerkethet 
og inspirere og begeistre verden»

Dette er målet til 
Den internasjonale paralympiske komité (IPC) 

Sportsleg toppinnsats og inspirasjon og begeistring . Nett det er det me opplever at paralympics gir. Etter dagar med imponerande prestasjonar i første runde med OL, med utøvarar som hoppar høgare enn hus berre ved hjelp av fart og ei stang, turnarar som nesten slår krøll på kroppen, og handballjenter som held ut til slutt og tar gullet heim, er det likevel berre å innrømma det: Det me ser no overgår alt.

Same kva OL ein deltar i, gullmedaljar kostar blod. svette og tårer. Når eg lar meg imponera av dei som er med i paralympics, er det ikkje først og fremst fordi dei har trent så kolosalt mykje, men det aner meg at dei fleste har hatt ein annan kamp; kampen for å motivera seg for å ta fatt på ei reise som enda i idrettskonkurransar. Ei reise som for mange starta med ei personleg katastrofe, tap av helse og eit vanleg liv. Dei har kome seg  ut av uføret, dei har ikkje blitt verande i sorga og saknet, men har tatt fatt på livet slik det er.

Mange som tar same reisa, kjem ikkje på resultatlistene. Men dei slår eigne rekordar kvar einaste dag; fleire steg utan hjelp, fleire ord som kan tolkast av dei som høyrer på, fleire timar uta av senga, fleire timar samen med andre, fleire meter, kilometer vekk frå huset...
 
Me treng alle førebilete som kan inspirera  og begeistra, ikkje for å kvalifisera oss til OL, men for å ta i bruk den helsa me har.
 

Det paralympiske  symbolet
Symbolet er ein agito (lat. sette i bevegelse) - eit symbol på bevegelse, forma som en asymmetrisk halvmåne, i raudt, blått og grønt, fargane som er mest brukte i nasjonalflagg verda rundt, (i flg Wikipedia). Det første symbolet som blei tatt i bruk, hadde fem element sette samen som dei olympiske ringane. Dette måtte skiftast ut fordi det var for likt dei klassiske olympiske ringane. Og her strekk ikkje tanken min til: Kva er problemet med at symbola blei for like: Kva var i dei heile problemet med å nytta dei fem olympiske ringane for begge olympiadane?

Me høyrer kommentatorane er nøye med å seia at det blir delte ut paralympiske gullmedaljar. Kan det ikkje heita olympiske medaljar? Kan det forvekslast med konkurransar for funksjonsfriske? Sjølsagt kan det skje. Men kva gjer det? Me har mange typar verdsmeisterskap (VM), men alle som får gull blir verdsmeistrar.

Eg veit spørsmålet om namn på OL og bruk av ringane har si historie og grunngjeving. Men likevel: Er det rett å skilja så tydeleg?

Toppidrett?
I går kveld såg me Thorvald Steen på Dagsrevyen. Han ville eigentleg vera skihoppar, men har store problem med å reisa seg. Han sit lenge heilt stille. Så tar han sats, får kroppen opp av stolen og blir ståande. "Dette er toppidrett!" seier han. Les meir om han  her

Motto
"Raskere, høgare, sterkare" er mottoet for olympiaden. Eit flott motto både for idrettsfolk som skal prestera og inspirera både friske og ikkje-heilt-friske, spør du meg.