tirsdag 31. mai 2011

Å møta blikk - ein risikosport?

Skal ut i vrimmelen.
Skal eg opna
senka skuldre
la folk sjå inn til meg
invitera til å seia noko
med å møta blikk
senka farten
helsa med eit smil?

Risikoen er stor
for at det blir
hyggjelege møte:
auge møter auge.

Skal eg tenkja:
alle har nok med sitt
eg har nok med mitt
halda gluggane att
opna berre så eg får gangsyn?
Risikoen er då stor
for at det ikkje
blir noko møte:
auge til auge.

Risikosport:
Risikera at det går gale
fordi utbyte er så stort.

Skal eg våga
møta blikk
dela dagar
dela liv?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar