Ja, for så vidt er alt vel. Eg sit og ser utover landskapet her ein nydeleg haustdag, med fargespel i trea og ein blikk stille fjord på Valen. Samstundes kjenner eg på ei uro.
Eg skal heim til Skudeneshavn denne veka for å vera med på SILK, Skudenes Internasjonale Litteratur- og Kulturfestival. Der skal eg presentera den nye bok mi, "Alt vel", ein historisk roman bygd opp om ein orkanaktig storm som herja i Øyafjord på Island 11.september 1884. Eg gler meg til det.
Samstundes kjenner eg på denne uroa.
No har eg halde ein låg profil i lengre tid. Er gått ut av politikken og er blitt eit "sivilt" menneske. Held ikkje innlegg eller skriv i avisene. Kosar meg berre med kulturuttrykka: maler og skriv. Alt i den grad helsa tillet meg det. Men det har eg lært å finna ut, og så lenge begge deler kan gjerast her heime, kan eg fint regulera både skrivinga og malinga.
Men no skal eg ut av bobla mi. Ein ting er det at eg må tåla kritikk av boka, positiv og negativ. Det er greitt. Men det er det å i det heile koma ut av bobla som uroar meg: Å vera samtaleemne rundt omkring. Og på den andre sida: Er det ikkje det alle som skriv ønskjer seg?
Eg brukte lang tid etter at eg blei arbeidsufør, på å finna meg sjølv på ny. Og no er eg glad for at den nye uføreordninga gjer at eg kan kalla meg meir eller mindre delvis ufør. Men lenge spurte eg meg sjølv kven eg er no som eg ikkje kan bidra i samfunnet lenger? Eller er det slik at eg verkeleg ikkje kan det? Det var derfor denne bloggen "Ut av uføret" blei til. I periodar skreiv eg mykje, både for å rydda i mine eigne tankar og i håp om at det skulle vera til hjelp for nokon. I det siste har eg skrive lite, og svært lite om eigne tankar og kjensler.
Det er som om eg har fått ein motvilje mot å dela for mykje. (Paradoksalt nok skriv eg om det no.)
Eg førebur innlegg til fem ulike arrangement denne veka. Konsentrerer meg om innhaldet, og kjenner inni mellom eit stikk bak skuldra når eg tenkjer på at eg skal ut av bobla.
Eg veit eg kjem til å møta trygge blikk, gode handtrykk, varme ord. Ikkje fordi eg har skrive "Alt vel", men fordi så mange kjente besteforeldrene mine på Øygarden og han Jakob i bakken. Mange snakkar også om mor og far med eit smil, og eg kjenner kor godt det er å ha gode røter.
Alt er altså vel. Og eg burde berre gle meg. Ja, eg gler meg til å møta folk. Og eg gler meg til søndag når alt er over.
--
PS: No er presentasjonen over eg eg er tilbake i Kvinnherad, overvelda over den varmen eg møter når eg kjem heim til Skudeneshavn.
Og bok kan du lesa meir om her.
Menneskeverdet er alltid 100%. Det kan ikkje målast i funksjon, kilo, meter, kroner eller desibel.
Viser innlegg med etiketten nesten-meistring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nesten-meistring. Vis alle innlegg
tirsdag 1. november 2016
torsdag 11. februar 2016
Når livet snur
Når livet ikkje blir som planlagt. Når det snur – korleis taklar me det?
Det einaste som er sikkert her i livet, er at
ingenting er sikkert. Og det gjeld alle. Opplevinga og det som møter oss, kan vera
forskjellig, men endringar i planane blir det for alle.
Og av og til går det så mykje betre enn me frykta.
«Det kan så lett gå godt», seier ein kjenning av meg. Og det er faktisk slik.
Me tar ofte uro og sorger på førehand. Men så kjem dagen, og sorga vår blir
gjort til skamme. Planen vår blei endra, heldigvis.
Draumen om det gode livet har ein hatt til alle
tider. Då eg var lita ante eg at dei vaksne meir eller mindre på alvor håpte på
at dei gode tidene skulle koma om dei fekk den store arven frå Amerika eller om
dei vann i Pengelotteriet. I dag ser me på TV at Lotto skaper millionærar. Men
så er det visst slik at ser ein på korleis det har gått med desse vinnarane, er
det ikkje alle som har fått eit rikare liv om dei blei rikare. Livet snudde,
men ikkje til det betre, for nokon av dei.
Det gode livet kan altså ikkje kjøpast. Og livet er
ikkje svart/kvitt. Det som før syntest godt, er ikkje berre godt. Kan det då
vera slik at det som før syntest vondt, ikkje er berre vondt?
Å
søkja det gode
Som nyfødde kan me gi uttrykk for to kjensler eller
to tilstandar: behag – ubehag, å vera tilfreds- ikkje tilfreds
tilfreds………………………………………………. ikkje tilfreds
Barnet vil gi signal til oss vaksne når det er på høgresida av denne aksen,
om det er grunna svolt eller våte bleier. Så grip me inn og endrar tilstanden.
Barnet blir tilfreds og roleg. Etter kvart får barnet språk og kan seia kva det
treng.
Sjølv om sansar og språk endrar seg med alderen, trur
eg likevel dette er heilt grunnleggjande. Me vil alltid søkja mot venstre: mot
det som opplevest godt.
Det kan vera vanskeleg å vita kor vaksne ervpå denne aksen. For vaksne skrik ikkje når noko må endrast, slik barnet gjer når
det treng mat. Nokon av oss gir lyd ganske fort, andre vil ikkje gi uttrykk for
at dei er på høgresida i det heile. Å ikkje vera tilfreds høyrest lite alvorleg ut. Men om
me bruker aksen som bilde på heile livet vårt, veit me at om sorg, alvorleg
sjukdom ligg heilt til høgre, så er det dei store utfordringane i livet det
gjeld. Men heller ikkje desse store utfordrinagene ber alle på utsida slik
at andre kan trøysta, hjelpa til. Nokon ber det åleine, og det kan tenkjast at
det gir seg utslag i kvardagen som me andre ikkje forstår, nettopp fordi me
ikkje veit kva dei strir med. Den som har slite med psykiske problem, kan ha
meir lyst til å skjula plagene enn den som kunne gå med armen i fatle slik at
alle kan sjå kva som er problemet.
Endring bringer oss mot ubehag.
Kan eg våga å seia noko om korleis me kan flytta oss
frå høgre til venstre på aksen behag/ubehag? Det finnest jo ingen fasit på korleis
ein gjer det. Men når ein ser korleis einskilde kjem seg vidare etter at livet
har gjort heilomvending og me har snakka lågmælt saman om desse endringane, er det
råd å peika på nokre mekanismar som pleier å slå inn. Og psykologien seier også
noko om kva som kjenneteiknar lukkelege menneske.
Det er ikkje snakk om å leva i den sjuande himmel og
ha gode kjensler heile tida. Eg trur det handlar meir om å vera
tilfreds, å ha kvardagslukke. Berre med ei slik definisjon av lukke gir dei fylgjande
kjenneteikna på lukkelege menneske meining:
1. Lukkelege
menneske har gode relasjonar
Det er menneska ein lever saman
med, dei gode stundene, den gode samtalen, å møta blikk, å få vera seg sjølv
saman med andre, å vera trygg, å bli møtt med tillit, som kan skapa
kvardagslukke. Ikkje pengar, posisjonar e l.
2. Lukkelege
menneske har meir fokus på godt enn best
Kanskje ein før i tida var flinkare
til å setja meir pris på det ein hadde enn det ein helst ville ha. Ein var glad
for mat på bordet, eige hus, trygg inntekt osv, mens me i vår tid har ein
tendens til å setja oss så høge mål, både for helse og eigedom, at det alltid
er noko som manglar?
For ei stund sidan, opplevde eg at det vekte interessante reaksjonar då eg nytta
orda «godt liv» sjølv om helsa set tydelege grenser for livet. Eg skulle presentera
meg for eit styret som eg var blitt med i. Eg kjende ikkje dei andre i styrerommet.
Sidan eg ikkje er i arbeid, hadde eg eigentleg ikkje stort anna enn namnet mitt
å presentera meg med. Men eg måtte fortelja at eg kom til å leggja med på
golvet med jamne mellomrom for at ryggen skulle la meg vera til stades på
timelange møte. For å sleppa å gå inn på detaljar, gjorde eg prestasjonen kort
og brutal: Eg har eit godt liv, men ein dårleg rygg, og ville ikkje byta med dei
som har det motsett.
Ut på kvelden kom ein frå styret
bort til meg og sa at han hadde tenkt over det eg sa heile dagen. Tanken på å
ha det godt utan å ha det best, var ny for han. Og eg må innrømma at om nokon
hadde fortalt meg for 20 år sidan at eg skulle kunne dra til møte i Oslo og presentera
meg slik, og faktisk meina at eg har det godt, ville eg ikkje ha trudd det. For
på den tida var perspektivet eit heilt anna. No er perspektivet frå golvet og
opp, biletleg og konkret.
Perspektivet endra seg stegvis, men
to hendingar, to uttalar frå legar, er som ekko i tankane mine og hjelper meg å
halda fast på at livet er godt, også no.
-
Då eg første gong blei utskriven frå
sjukehuset etter akutt inngrep i ryggen, blei det ikkje sagt så mykje om kor
vidt det som hadde skjedd var alvorleg eller ikkje. Men då eg venta på drosjen
for å dra heim, sa legen: Ja, no kan du gå ut til bilen som ventar deg, Du er
heldig. Andre som har kome inn med ein rygg som din, er blitt trilla ut i
rollestol.»
- Ved ein større operasjon nokre år
seinare, måtte eg skriva under på at eg var klar over at det var risiko
forbunde med operasjonen. Dersom dei skada blodårene i ryggen, kunne det vera at
eig ikkje vakna att. Eg tenkte at dette nok var utanlandsk forsikringsordning. Sjukehuset
ville syta for at eg tok ansvaret sjølv. Så eg skeiv under, utan den store
ettertanken.
Då
eg vakna frå narkosen, sat legen ved senga mi. Han fortalte med korte setningar
at det hadde gått bra. «Me kutta i ei blodåre, men fekk sydd igjen i tide. Eg
er på vakt i natt. Meld frå om det er noko.» Så gjekk han, og i ettertid har eg
skjønt kva som ligg i orda «I'll say this only once». Ingen nemnde dette med
blodåra etterpå. Først i etterkant har det gått opp for meg at dei stinga dei
sydde, gav meg livet. Det er ikkje råd å forstå det fullt ut, men det gjer noko
med perspektivet. Ein kan nærma seg tanken på at livet er godt om det ikkje er
best.
3.
Lukkelege
menneske opplever meining og kontroll i eigne liv og gjer gode val.
Det er her det brenn. For det synest
umuleg å finna meining, ha kontroll og ta frie val når livet snur alt på hodet.
Men:
-
Meining
Å
oppleva meining kan vera vanskeleg når ein ikkje forstår det som skjer og kvifor
det skjer. Men det er skilnad på å oppleva meining og å ha meining. For meg gir
det meining å ha ei kristen tru, ei overbygning og eit fundament for livet som
ikkje byggjer på mine kjensler eller opplevingar, men som eg ser på som noko
reelt, noko som er der. Noko som er større enn meg, og som dermed lar meg leva
i tillit til at eg ikkje har heile bildet av tilveret eller livet mitt. Men om
eg ikkje mister trua på ei støre meining, kan eg likevel miste livsmotet.
- Kontroll
Me
vil gjerne ha kontroll. Men i all endring vil me til tider oppleva at me mister
denne kontrollen, i samband med jobb, alder, sjukdom, død, økonomiske forhold,
familie, relasjonar m m. For ikkje å snakka om ved krig og katastrofe der heile
livsgrunnlaget skjelv.
-
Gode val
Likevel:
Om ein strever med meining og kontroll, kan ein gjera gode val. For me kan alltid gjera val, sjølv om me
ikkje har alle valalternativa me hadde før eller kunne ynskt oss.- Det gjeld
å nytta dei alternativa ein har. Det er det som på fint blir kalla
meistringsstrategi.
Eg
møtte ein gong ein som studerte meistring som helsefag. Eg var fasinert av alt som
blei sagt om meistringssenter og evna vår til å takla helseplager. Men så
spurte eg han kva faget Meistring hadde å seia om det å ikkje meistra
meistringa. Det hadde han ikkje noko svar på. Men det er nettopp då mange mister fotfeste.
Ein vil så gjerne vera flink sjuk, tøff sørgjande, tolmodig bekymra mor og far.
Men så brest evna til å vera flink, tøff og tolmodig og ein opplever å ikkje meistra
meistringa. Det er då ein går i kjellaren, ikkje for å henta dei siste
kreftene, som dei seier i idretten, men for å innsjå at det ikkje er fleire krefter,
der og då. Då seier eg til meg sjølv: Sånn er det berre! Eg innrømmer for meg
sjølv at dette er ille. Eg liker ikkje situasjonen. Eg er skuffa over at det blei
slik. Er litt lei av å streva. Slik tillet eg meg å tenkja. I små dosar. Til eg
finn kjellartrappa og går opp i lyset att. Men alt er ikkje straks heilt i
vater. Av og til må ein då leita seg fram til noko å gjera, fylla tanken med,
som tar plass i kvardagen. Og her er me så ulike at det å flytta tanken kan gjerast
ved å hogga ved, gå tur, snakka om veret med naboen, sjå krim, skriva eller
lesa. Ikkje for å flykta frå realitetane, men for å få pusterom. Nokon vil kanskje
oppleva at også det krev for mykje. Ein kan ikkje anna enn berre vera til, ta
ein dag om gongen. Ei mor som brått mista guten sin, fortalte at då meldinga
kom, stansa verda opp. Målet blei å makta å leva ein halv time vidare, så ein
time til, så over til neste dag. Til ho til slutt tok del i sitt eige liv på
nytt.
Men
kan slikt gi meining, kan slike val gjera oss lukkelege att, eller for å vera meir
nøkterne: Kan det gjera oss meir tilfreds, mindre ulukkelege? Ein blir ikkje mindre
ulukkeleg av og hogga ved eller sjå krim. Sjølvsagt ikkje. Men om ein flyttar
tanken slik at timane og dagane går sin gang, kan kvardagsluka dukka opp som ein
bieffekt. Ikkje med full styrke over natta, men i små dosar, og etter kvart
slik at livet er til takla. Ein kan ikkje gå nokon stad å henta lukka. Noko må
skje inne i oss som gjer at me kan sjå at den framleis finnest.
Det
blei som det blei, i mange sine liv. Oftast hadde me ikkje skuld i det. Oftast
hadde me ikkje objektiv skuld; Det var ikkje noko me gjorde med vilje som førte
til at alt blei mørkt. Det er heller ikkje ein slik årsak-fylgje-samanheng i den kristne trua:
Gud straffar ingen med sjukdom og sorger. Det vonde finnest i verda, og me
merker alle konsekvensen av det. Men eg
trur ikkje på ein Gud som deler ut sjukdom og plager etter «som me fortener
det». Då er det heller slik at det vonde rundt meg fortel meg at Bibelen snakkar
sant om livet og verda: Mørke og lys finnest.
Men
om me ikkje har skuld i at livet blei slik det er, har me eit ansvar for det
som kjem etterpå, i den forstand at me har ansvar for dei val me gjer, blant
dei val-alternativa me faktisk har.
For
nokon kjem endringar i livet som ein bråstopp. Ved ein bråstopp mister ein ballansen,
blir ståande å virra om ein ikkje dette over ende. Så må ein reisa seg, finna
att balansen, sjå om føtene ber vidare på vegen for så å staka ut kursen
vidare.
For
nokon kjem endringar over tid, men mekanismane blir dei same når ein møter dei:
Ein må summa seg, ta ut kursen vidare. Det blir kanskje ikkje ein kurs som ligg
fast, men ein som må justerast etter som dagane går.
Don't worry! Be happy!
Det
finnest mykje lettvint trøyst. Trøyst som ikkje trøystar, som i songen «Don’t
worry, be happy!» Det siste eg har funne frå den engelskspråklege verda er
rådet: Get better! Not bitter!» Først synest eg dette var svært så lettvint. Men
så tenkte eg litt over det, og kom til at det er noko i det. Det er ikkje
alltid snakk om å bli betre i den forstand at ein blir frisk eller flinkare. Men
ein blir kanskje klokare, mildare som mennesket; i stand til å forstå andre, gå
nokre mil saman med andre som slit. For motgang gjer noko med oss. Då kan valet
vera å bli bitter eller better. Å bli bitter kan vera som å lukka seg inne i
det vonde, byggja veggar rundt seg og bli innafor desse veggene, gjerne
samstundes som ein legg skulda på andre. (Og andre kan ha skuld, noko som er
eit anna tema, som denne vesle teksten ikkje gir seg ut for å greia ut om). Av og til kan det til og med bli slik at det som
finnest innafor desse veggene er heile verda, heile livet, i den forstand at
ein ser på seg sjølv eller definerer seg som «den som opplevde at…» eller «blei….»
Og det utan at det var eit bevisst ynskje. Men kva vil me at andre skal seia om
oss? Korleis vil me at dei skal omtala oss, presentera oss? Neppe som eit sjukdomstilfelle,
ein vanskeleg lagnad.
Når alt snur, kan ein bli sint og fortvila og gi uttrykk for det. Det er lov, og det kan vera lurt å tillata seg å bli det. Det er noko anna enn å bli bitter.
Når alt snur, kan ein bli sint og fortvila og gi uttrykk for det. Det er lov, og det kan vera lurt å tillata seg å bli det. Det er noko anna enn å bli bitter.
I
TV-programmet «Datoen» fortalte Fredrik Hauge om då han blei overfalt i sin eigen
bakgård av sykkeltjuvar og fekk store skader. Då han blei spurt om det
var
bittert å få slike skader på heimebane når han hadde oppsøkt risikofylte situasjonar
i miljøkampen som han hadde kome lettare frå. Då svarte han at sanneleg hadde
tjuvane gjort nok skade om dei ikkje skulle få gjera han bitter i tillegg.
Kven er eg når livet har
snudd?
Om
ei endring i livet fører til at ein ikkje kan gjere det ein før gjorde, prestera
det ein før presterte, dukkar spørsmålet opp: Kven er eg no? For oss som ikkje
kan delta i arbeidslivet lenger, blir dette eit påtrengjande spørsmål. Mange
definerer seg sjølv utifrå stilling, oppgåver, tittel, arbeids – og fagmiljø.
Kva når alt det forsvinn frå kvardagen og ein ikkje lenger kan presentera seg med
anna en namn og adresse?
Det
er då ein må minna seg sjølv på, og gjerne få hjelp av andre til å innsjå: Vår
verdi er ikkje avhengig av prestasjonar av noko slag. Me har så lett for å
forveksla posisjon og oppgåver med verdi. Rollene og oppgåvene i samfunnet får
oss til å tenkja at nokon er viktigare enn andre. Og det er dei i nokre samanhengar.
Men ingen har større verdi enn andre. Det er ei sanning ein må tvihalda på når
livet snur. Og har ein lært det mens alt går på skinner, blir det lettare å
kjenna på styrken i den sanning når alt det ytre raknar.
Endringa som er større enn
at livet snur
Bli
med på ein spasertur i hagen. På eit grønt blad finn me to larvar, grøne,
lodne, mjuke, friske, mette og tilfredse. På bladet får dei alt dei treng for å
ha eit godt liv. Men ein dag seier den eine:
-
Eg har høyrt eit rykte. Dei seier at det
ventar oss mørke dagar. Me kom frå mørket inni eit skal og me skal venda tilbake
til mørket innafor eit nytt skal.
Den
andre trur ikkje noko på dette.
-
Nei, sjå deg om. Alt er grønt så langt
auget kan sjå. Et! Nyt dagen! La deg ikkje skremma!
Så
kjem dagen. Dei tar til å spinna eit nett rundt seg, som etter kvart blir
hardt. Dei tenkjer ikkje over det, snakkar ikkje om det. Det er naturen som går
sin gong, til dei er inne i mørket med eit tett skal rundt seg.
Der
ligg dei, tilsynelatande livlause, og blir brotne ned. Men det er ikkje
slutten. Noko nytt oppstår av det nedbrotne. Og når tida er der, sprekk skalet.
Lyset fløymer inn.
Dette
nye som møter dagen er annleis enn det som blei nedbrote. Det har eit større hjarte.
Og det har venger.
Først
fester det seg til ei kvist. Blir hengande nokre timar, så livskrafta
strøymer
ut i dei tynne vengene. Så slepp det seg ut i lause lufta – og flyg.
Hagen
har fått ein ny sommarfugl.
Sommarfuglen
finn blomar med nektar, som han før ikkje visste fantest.
Han
ser fargar så sterke som han før ikkje visste dei kunne vera.
Med
venger han aldri hadde drøymt om å få
flyg han over hekken og ser
og opplever alt det han før ikkje visste var til …
………………………
Fakta
om sommarfuglen er henta frå leksikon. Eg les det i lys av det Bibelen seier i Fil 3.10 og 21 om «krafta
av hans oppstode»
Dette innlegget er på oppmoding skrive ned på grunnlag av eit foredrag eg hadde på Husnes bedehus, 4.2.2016
C: Marit Elisebet Totland 11.02.2016
Innlegg som eg tidlegare har skrive om temaet meistring finn du her: Meistring
Eg fann fram penselen då livet snudde. Her finn du ein del av bildene eg har laga: Galleri Nauthydlaren
Bildene har endra seg etter kvart: Når bildene røper deg
Her er eit av dei:

fredag 4. september 2015
Eg har eit godt liv, men ein dårleg rygg.
Tid for å presentera seg. Kva seier ein då når ein er arbeidsufør og er i ein samanheng der alle dei ein møter vurderer kva dei kan forventa av deg framover, slik det til dømes er når du møter i eit nytt styre?
Alle andre seier kva dei heiter og kva stilling dei har. Eg er frista til å seia kva mi stilling er; ganske ofte "liggjande". Men det blir for flåsete. Så eg seier at eg har eit godt liv, men ein dårleg rygg. Derfor kjem eg til å liggja deler av tida når me har møte. Og då må ingen bli forskrekka. For eg ligg for å kunne gjennomføra møta, ikkje fordi eg er spesielt dårleg den dagen.
Av og til seier eg ingenting. Særleg ikkje dersom eg er i større forsamlingar. Sist eg var på konferanse la eg meg berre ned. Etter eit par pausar kviskra eg til han som sat ved sida av meg og forklarte kvifor eg la meg ned. Han såg på meg og sa: Tusen takk! Då skjønte eg at det ikkje er for min del eg skal seia i frå, men faktisk for dei andre si skuld: så dei ikkje blir usikre og lurer på om dei skal tilby hjelp.
Eg har eit godt liv og ein dårleg rygg, og vil ikkje byta med dei som har ein god rygg og eit dårleg liv. Nesten alle dagar meiner eg det av eit heilt hjarte. Men av og til saknar eg den gode ryggen...

mandag 9. februar 2015
Eg lyg rett som det er. Er det ok?
Ja, eg veit at eg ikkje skal lyga.
Men eg eg gjer det likevel, rett som det er.
Når nokon spør: Er du ikkje bra i dag?
Joda, seier eg.
Blir det for mykje for deg no?
Neida, seier eg.
Av og til.
Av og til, seier eg det som det er.
Det kjem an på kven som spør og kva situasjon me er i.
Fordi det svarer seg.
Litt om same tema:Me vel sjølv vår eiga historie
tirsdag 4. mars 2014
Eg har mistanke om at folk har mistanke
| Eit av dei siste bileta: Kongepingvinlivet. |
Christian Torseth skriv godt om å vera ufør i Radikal Rapport, 1.mars, sjølv om overskrifta kanskje peikar mest på dei som ikkje er uføre: Hvorfor vi misunner de uføre.
Eg las raskt gjennom artikkelen i går, og undra meg over at den store innsikta i livet til ein ufør. I dag gjekk eg tilbake og las ein gong til, og då fekk eg med meg at Torseth sjøl er ufør. Det forklarer det meste. Det er nemleg så mykje ved den "uføre dagen" det ikkje er så lett å forklara. For min del gjer eg nokre forsøk når det trengst mest. Men eigentleg er den største utfordringa å la vera å forklara så mykje.
Dei eg møter treng oftast å vita
AT eg er ufør: då unngår me mykje misforståing
KVA som er dei praktiske probema: då skjøner dei kvifor eg ligg på møta, ikkje kan køyra bil, reisa o.l
Men: Smertene mine får dei ikkje.
Dette er ein fin balansegang: Å forstå at folk treng å forstå - utan å utlevera seg totalt. Trøysta er at folk vil eigentleg ikkje ha smertene mine heller. Dei høyrer nok om sjukdom og plager utan at dei skal høyra noko frå meg også.
Men Torseth har eit poeng: Å vera ufør, men oppegåande, skaper mistanke. Eller i alle fall; Eg får mistanke om at folk har mistanke. Når eg gjer kjent at eg har utstilling med ei rekke bilete eg har måla dei siste vekene, lurer folk: Korleis kan ho ha helse til å gjera "alt det"?
Svaret er for min del ganske enkelt: Eg har ikkje helse til ikkje å gjera det. Det er ikkje berre den fysiske ryggraden som skal makta å halda seg oppreist. Det maktar den om eg gir kroppen passe med pausar. Men den indre ryggraden, mitt eige sjølbilete, skal halda seg oppreist også. Då treng eg noko å bryna tanke og sinn på, og gjerne noko å gjera som viser att når kvelden kjem.
Så eg held fram med å mala, driva politikk og skriva.
For tida heng det ei heile pingvinvandring i mitt vesle galleri med temaet: Livet under sørlyset - ingen dans på isroser.
Dagens konklusjon må bli at å vera ufør er heller ingen dans på roser, om nokon skulle tru det. Men kanskje ikkje så mange trur det heller?
Når det meste av de eg gjorde før, er bak stengde dører, trøystar eg meg til Kirkegaard:
Skulle jeg ønske meg noe
da ville jeg ikke ønske meg rikdom eller makt
men mulighetenes lidenskap;
det øye som overalt,
evig ungt,
evig brennende
ser muligheten!
mandag 20. januar 2014
Meistring skjer ikkje i vakum
Bengt Høie skriv mykje klokt om helse og meistring i dag
Og om både han sjølv og me andre fylgjer hans råd, er me på rett veg. Men det er eit element som er avgjerande: Det må vera rom for meistring. Det må vera rom for at god helse kan få vera meistring og ikkje fullkomne liv.
Meistring skjer ikkje i vakum. Det er alltid nokon ved sida. Ja, det bør i alle f all vera nokon ved sida av deg om du skal meistra. Og den som er der, må gje aksept for at dette er "vårt gode liv" og "til å leva med". Fordi det andre gode livet som me les om på glansa papir ikkje er innan rekkevidde Og når ein har eitt einaste liv, som er det alle har, må ein leva det livet ein har.
Meistring skjer ikkje utan feiling. Viss ein ikkje av og til ikkje når målet, har ein ingen mål. Og når ein ikkje kjem heilt fram, blir ein skuffa, lei seg, trist eller i dårleg humør. Og dette skjer heller ikkje i vakum, dessverre, men i det rommet der "nokon må leva ved sida".
Det handlar altså også om å meistra å ikkje-meistra.
Meistring til langt over 70
Ja, det ynskjer dei gamle og friske. Dei vil ha stillingsvern også etter dei er 70 år. Elles kjenner dei seg ikkje viktige. Då seier samfunnet at det ikkje er bruk for dei.
Det er bruk for dei, og det er plenty plass i Det frivillige Norge, og det er plenty plass hjå arbeidsgjevarar som ser at dei treng dei, utan at dei stiller opp med ein rett i handa.
Meistring i arbeidslivet, kan vera meistring nokre timar i veka. Mange uføre vil gjerne arbeida dei timane dei maktar det. Og mange uføre må læra at dei kan det, før dei går inn i den laaange passive tilstanden, der "det er slik det er". Innsasten må setjast inn her. Fleksibilitet må nyttast her heller enn for dei over 70. Arbeidsliv og samfunn må stilla opp, skapa rom der meistring er muleg. For heller ikkje storfellesskapet kan venta at meistring skjer i eit vakum.
PS
Dette blei eit impulsinnlegg på bloggen om meistring, ikkje særleg poengtert eller godt formulert. Eg skal lova å skriva meir positivt og oppmuntrande, ein annan dag, ein dag eg meistrar å meistra.

søndag 15. desember 2013
Me vel sjølv vår eiga historie
Nei, me vel ikkje alltid korleis livet vårt er. Mykje av det me har
opplevd, har prega oss. Me kan ikkje berre ta det vekk. Det er ein
del av livshistoria vår.
Men når eg fortel om meg sjølv og livet mitt til andre, må eg alltid gjera eit utval. Ingen kan og ingen vil ha "heile stasen".
Eg har høyrt folk eg kjenner ganske godt fortelja om seg sjølv når dei møter nye menneske. Av og til har eg tenkt:"Oj, var det den delen av livet han ynskte å fortelja om. Var det eit slikt bilete han ville den andre skulle ha?" Nokon gonger er sjølvpresentasjonen meir positiv enn eg hadde venta. Andre gonger er han meir negativ.
Fordi eg er blitt arbeidsufør, er eg nok blitt svært medviten kven eg vil at folk skal tru at eg er. Tidlegare var det nok å presentera tittel, stilling og arbeidsstad. Når eg ikkje har noko slikt å visa til, er det som om eg er forplikta til å gå nærare meg sjølv når eg hentar fram opplysningar som kan gi andre sjanse til å bli kjende med meg. Av og til gjer eg det, av og til ikkje. Når eg gjer det, har eg ei uro i magen etterpå dersom eg fortel historia om henne som meistra det meste til ryggen melde pass. Ei god kjensle har eg dersom eg trur den eg har møtt har fått med seg at livet kan vera godt sjølv om det ikkje er friskt og "normalt".
Ærleg og sann skal historia vera. Men eg vel likevel historia. Ikkje fordi eg vil glatta over det vanskelege, men fordi eg veit at historia eg fortel i stor grad vil vera avgjerande for kven andre oppfattar at eg er. Og eg vil ikkje vera "forhenverande ditt og datt". Eg vil ikkje vera ein som strever med "ditt eller datt". Eg vil vera den som lever det livet eg har, fordi eg berre har eitt. Og det er det som eg kan vera for andre og andre kan vera i mitt liv, som skal bli historia mi framover. Og historia som kjem, er nett no viktigare enn den som har vore.
Er dette å fortrengja sanninga, å skapa si eiga sanning?
Eller er det meistring?

Biletet er laga ein flott haustdag, då eg for fulle såg kor levande skuggane gjer kvardagane våre. Fleire bilete finnest her: Galleri Nauthydlaren
søndag 10. november 2013
Om skuggane finnest..
Fantastisk
å kunne gå nokre hundre meter langs gamle postvegen
å nyta haustfargane.
Eg tar dei med i hjartet
og legg ein flik av dei over på eit lerret, vel heimkomen.
"Ut av uføret" kalla eg denne bloggen
for lenge sidan
og håpte, trudde, tenkte
at det kanskje var ein veg ut.
Det var det,
men ikkje heilt slik eg tenkte i dei lysaste sekunda.
Eg kan oppleva hausten
utandørs
på eigne bein.
- Men må innrømma:
av og til er det skuggane eg ser,
der dei kryssar vegen.
Dei kan likevel ikkje hindra meg i
å sjå lenger fram:
til ei lysning i skogen.
Dessutan:
Om skuggane ikkje finnest der eg går,
er det enten gråvér
eller så er eg utan bakkekontakt.
***
Biletet er akryl på lerret, 40x40 cm med sveverame i sølv, kr 1500,- Fleire bilete finn du her:
Galleri Nauthydlaren

mandag 12. august 2013
Nesten-meistring på Haukeliseter
Tilbake
blant sure strømper
prat om gnagsår
tilbod om niste
støle bein
tilbakelagde kilometer
vermelding
ryggsekkar
Haukeliseter
Tilbake i peisestova
finn eg ei lun krå
frå rommet ser eg vatnet
og dagen takkar for seg.
Rommet,
ja,
for eg har fjellrom, hotellstandard
og det var ikkje mine strømper som var sure,
ikkje mine helar som hadde gnagsår
min etappe for dagen var 300 meter
og det var godt å koma tilbake etter tilbakelagd tur langs vatnet.
Livet er tilpassa livet
No var tida komen for Haukeliiseter
som tilskuar
men likevel tilstades:
nyta fjellufta
sjå landskapet
det var flott
men det var også ein klump i magen
...
Eg tenkjer eg merkar dette innlegget "nesten-meistring"
Abonner på:
Innlegg (Atom)