Så var han her, dagen då eg må sletta telefonnummer frå kontaktlista på telefonen. Alltid like trist. Og telefonen er med i sorgprosessen. For no fattar eg at det er for seint å ringa.
Det kjem ikkje epost, så adressa kan slettast der og. Statusoppdatering på Facebook blir det heller ikkje.
Sosiale medier drar merksemda mot skjermar, men dei kan også dra merksemda mot medmennesket.
Når nokon opplever dødsfall i familien, hender det at folk dei møter på gata dei første dagane, skuggar unna. Dei er redde for å møta blikket, seia dei første orda, velja feil ord.
Ein far som mista barnet sitt i krybbedød sa:
Noko av det vanskelegaste er at folk blir så brydde.
Mange sørgjande ynskjer å kjenna at det er nokon der saman med ein, samtidig som ein får vera i fred. Presten Asbjørn Salthe hevda at sosiale medier har gjort det enklare å visa omsorg (NRK, 29.2.13). Ein mann som var i sorg og ein annan som ville visa si støtte, meinte det same:
"Det er enkelt å klikka "like" eller skriva "trist". Det skal mykje meir til å ta ein telefon."
Tenk om dei synest eg ikkje kjenner dei godt nok til å vera så påtrengande at eg tar kontakt, tenkjer nokon. På sosiale medier blir du ikkje påtrengande, ikkje om du er vanleg høfleg.
Far min døydde for ikkje lenge sidan. Han blei 87 år og levde 42 år etter at alle trudde han skulle tapa for ein farleg sjukdon. Det var ingen brå død, men ein heilt naturleg avskil med ein me var glade i. Ikkje mange timane etter at me hadde varsla alle dei næraste, var barn og barnebarn på sosiale medier, særleg Facebook. "
Helten min er vekke", skreiv ei. "
Kongen i bygda er vekke", skreiv ein annan. Andre la ut bilete av seg sjølv saman med bestefaren då dei var små. Me som høyrte til mellomgenerasjonen brukte litt andre ord og uttrykk. Men alle opplevde me det same: Ei bylgje av varme helsingar.
Og me visste: Det var fleire enn oss som hadde sett pris på far vår, som familiemann, ven, nabo, kulturarbeidar - ja, som
den originalen han var, og ikkje hadde noko i mot å vera.
Og ikkje minst, me opplevde vilje, ynskje om å trøysta, vera der for oss. Dei fleste gav korte, varme ord på Facebok. Andre sende lengre meldingar eller SMS direkte til oss. Ikkje alt skulle lesast av alle.
Sosiale medier er ofte betre enn sitt rykte. Det er med det som med alt anna som berre er verktøy; Så lenge det er eit middel og ikkje eit mål i seg sjølv, kan det brukast positivt, også til å hjelpa kvarandre i sorga.
..
Det er gått ein manad sidan gravferda, og det dukkar opp nye trådar på Facebook der ein minnast far, no når det ikkje er naturleg for dei eg møter å snakka om at far er borte. Det gjer ufatteleg godt, sjølv om, eller kanskje fordi så mange hugsar han med eit smil: Her som visevert i eit brullaup:
Facebooksida: Du vett du e frå Skuddnes når ...
PS
Så er det kanskje i tastesamfunnet som i kvardagen elles; dei du møter responderer på korleis du er, det er ikkje berre deira eigen veremåte som avgjer korleis eit møte blir. I boka "Sosial kommunikasjon", som eg fann i postkassa i går) skriv
Cecilie Staude og Svein Tore Marthinsen:
Åpne mennesker opplever også å få støtte på Facebook til hjelp i vanskelige livssituasjoner og sorgprosesser. Det å kontakte et menneske i sorg er vanskelig, det vet alle som har prøvd. Det er noen mekanismer som gjør at vi vegrer oss for å ta kontakt. Å være støttende på Facebook er enklere fordi disse mekanismene er borte her. Støtte betyr mye uansett om støtten kommer på Facebook eller ansikt til ansikt. - Bokmelding finn du her: Dei skriv om oss.