Oppdatert 7.10.2014
Uføre er late.
Nei, ikkje alle,
ikkje du!
Folk greier alle over same kam.
Nei, ikkje alle,
ikkje du.
Likevel, når det kjem ein ny runde med debatt om uføre, slik som no når ny lov skal innførast og skatteauke skal kompenserast i budsjetet, vil mange av oss gå i forsvar.
Forskarar seier no at det vil vera lurt at uføre er på ein arbeidsplass heile dagen, og at alle bør nytta restarbeidsevna. Dei legg til at det ikkje gjeld dei som har sjukdom/skader som hindrar dei i det. Likevel får eg lyst til å ropa:
Dette går ikkje, ikkje for alle! Derfor er det godt det ikkje er eg som skal kommentera utspel som seriøs problemløysar. Statsråden seier dette er interessant. Og det er bra. For me veit at for svært mange uføre vil det å nytta den arbeidsevna dei har, om den er aldri så ustabil, vera eit pluss. Dessutan vil mange oppleva det godt å ha eit arbeids- og kvardagsfellesskap.
Kvifor kan eg ikkje då berre la debatten gå? Vera samd i at me må unngå å få så mange unge uføre?
Jo, fordi ordskiftet om system ofte blir blanda saman med ynskjet om å vita om kvar enkelt eigentleg er verdig den uførestønaden han får. Og eg har så lett for å tru at folk vil forvissa seg om at også eg er på rette plass, når eg er på feil plass: Heime i staden for på jobb.
Så tenkjer eg etter, og sorterer i tenketanken:
- Det er bra at ein ser etter ordningar som kan halda folk i arbeidslivet lengst muleg, mest muleg. Det er bra både for arbeidslivet og arbeidstakaren.
-
Men: Smertene mine får du ikkje. Og tru meg: Dei vil heller ikkje ha dei, heller ikkje vil dei synast det er underhaldande å få plager og skader utdjupa.
- Samfunnsreknskapen er best når eg er ufør. "Skattebetalarene sine pengar", eller fellesskapet som eg heller kallar det, er betre tent med at eg får uførstønad og er heime i fred og ro, enn at eg blir ein kostbar pasient, akutt og på sikt.
- Folk får berre tru kva dei vil om at eg ser frisk ut i periodar og er aktiv politikar. Dei må gjerne byta med meg: Prøva å liggja på golvet på offentlege møte for å kunne delta. Og så sender eg ein varm tanke til dei med usynlege plager som slit med si psykiske helse, og som berre vil få større problem om helseplagene blir synlege.
Så får folk (nokon av dei) berre tru eg er lat. Av og til lurer eg på om eg skulle vore litt latare tidlegare i livet, så hadde eg kan henda ikkje vore der eg er no. Men det er mi historie, og den treng du ikkje, den vil du eigentleg ikkje ha.
Konklusjon:
Måtte me få ei god uføreordning som eit sikkerhetsnett for dei som treng det, også i framtida, med opne dører til meiningfullt arbeid så langt helsa rekk. Den nye "uførelova" vil vera ein god reiskap til meir fleksible kvardagar, fordi arbeidsmengda då lettare kan tilpassast helsa.
Og mens dagane går, store ord kjem og går, får me som er uføre seia frå når nok er nok, samstundes som me ikkje må redusera utfordringa for framtidig arbeidsliv og arbeidstakarari debatten.
Når du slit med sjølvbiletet. skal du tenkja at andre tenkjer mindre på deg enn du sjølv trur. Dette gjeld også oss som er uføre. Men i tider med mange sterke ord om "dei uføre"; får de andre bera over med oss når me trur det er oss det gjeld.
Til alle langtidssjuke sender eg i dag
denne sommarfuglen i vinterland som eg har prøvd å festa blikket på: