torsdag 26. mai 2011

Uførarkandidat og ufør i valkamptider.

Oppdatert bloggpost frå februar grunna nye medieoppslag, no sist i VG, om uføre ordførarkandidatar.

Det går mot valkamp, og inga tid er verre for ein ufør enn valkamptider. Det er då ein helst vil skalka lukene og melda seg ut av samfunnet til bråket er over. Men sidan det ikkje er noko god løysing, får ein heller førebu seg godt, med hard hud og eit ope sinn.

Når i tillegg ei reform av uføreordninga står på den politiske dagsorden, blir det ikkje mindre fokus på det å vera ufør. I den samanheng har eg vald å gå inn i nokre av problemstillingane og gi innspel til prosessen utifrå teorien om at den veit best kor skoen trykker som har han på.

(Sjå Økonomiske og praktiske ordningar - politikk)

Som om det ikkje er nok: Eg har stilt som ordførarkandidat - som ufør. Og då har eg jo bede om merksemd , - og evt protestar eller støtte-erklæringar.

I heimen har dei funne opp omgrepet uførarkandidaten. Ikkje så dumt kanskje, med tanke på at eg er ufør ordførarkandidat som også ynskjer å fylgja rammevilkåra for uføre, både poltikken som  gir økonomiske og praktiske rammetilhøve, men også det som har med sjølvrespekt og menneskeverd å gjera.

Til no har eg møtt mest støtte og klapp på skuldera. Kva dei som ikkje våger seia det dei meiner, helst ville ha sagt, veit eg ikkje, men eg finn det naturleg at nokon stiller spørsmål ved korleis det heng saman at eg som har vore 100 % arbeidsufør i 6 år, no er ordførarkandidat for KrF. Ei detaljert utgreiing om helsetilstanden høyrer heime hjå legen, men nokre opplysningar kan det likevel vera rett å gi.

I dei seks åra eg har vore arbeidsufør har helsetilstanden variert noko, med gode tider og optimisme og tøffare dagar. Etter fleire ryggoperasjonar hadde eg mange fysiske begrensingar som eg måtte ta omsyn til i kvardagen. I tillegg fekk eg nedsett konsentrasjonsevne.

Siste periode har eg sete i kommunestyret og andre styre, det vil seia; eg har ligge der - på ei sportsmatte golvet deler av møtetida. Det har fungert godt.

Det siste året har ryggen vore meir stabil i tillegg til at eg har funne fleire tilpassingar som gjer at eg kan vera aktiv. Dessutan har konsentrasjonsevna vore så å seia tilbake "til normalen" den siste tida. "No går alt så mykje betre", og berre tanken på å kanskje koma ut i arbeidslivet att, ha ein "normal" kvardag, vera i ein sosial samanheng og løysa oppgåver saman med andre, er som å kikka gjennom nøkkelholet i dører som har vore stengde i lang tid i håp om kanskje å få sleppa inn i rom eg så gjerne skulle vore i. Slike tankar har vore fjerne i desse åra. Når dei no dukkar opp, er det i seg sjølv eit prov på at helsa er monaleg betre.

Slik situasjoen er, kunne eg ha prøvd å få meg arbeid no. Etter avtale med Nav nyttar eg våren og somaren til å prøva ut kva kroppen toler, med gradvis høgare aktivitet og mindre kvile.

Med ei slik betring kombinert med den kjennskapen eg har frå tidlegare periodar som heiltidspolitika, meiner eg å kunne kunne makta oppgåva som ordførar med fylgjande tilpassingar:

- ei samordning av oppgåver og deling av frikjøpt tid mellom varaordførar og ordførar
- eit tett samarbeid og deling av representasjonsoppgåver med varaordførar og hovudutvalsleiarar
- sekretærfunskjon på kontoret som trår til ved behov utifrå dagsformen. Dei gode dagane vil eg makta skrivinga sjølv, i dårlege dagar, kan eg knapt ta i tastaturet og må ha ein aktiv sekretær.
- bruk av drosje på lengre distansar enn 3-4 km der det elles ville vore aktuelt å køyra sjølv
- mindre reising på konferansar o.l., men deltaking ved utvalde viktige tema der eg må koma fram til arrangements-staden kvelden i førevegen for ikkje å både reisa langt og sitja på møtet same dagen.
- tilrettelegging for liggjeplass der eg nyttar mykje tid
- arbeidsrytmen med møte og avtalar må leggjast til tider som gir nok kvile mellom øktene.

Det er sjølvsagt at:

Samarbeid med andre politikarar og deling av oppgåver må avklarast i det politiske miljøet om dette skulle bli aktuelt.
Dersom eg til hausten ikkje har vervet som ordførar, vil eg som sagt, gjerne tilbake i arbeidslivet dersom det finnest arbeid som kan tilpassast nokolunde slik det er skissert her.

Desse tankane er førelagt Nav med spørsmål om det er i tråd med lovverket. Nav har gitt sin støtte.

Det er langt fram til ordførarkontoret. Først og fremt skal KrF be om folket sin tillit til å få eit mandat som minst gir same representasjon som i dag og ein sikker plass i formannskapet. Får me stor støtte og det skulle liggja til rette for det, tar me utfordringa og stiller med ordførar.

2 kommentarer:

  1. Du går tøffe tider i møte, men jeg håper for din skyld at du har både kropp, hode og helse til å stå løpet ut.
    Det er et demokratisk underskudd i vår politiske verden.
    Og i din kommune kan du minske dette underskuddet. Det heter seg jo at landets styre skal representere folket. Og da må jo kommunens styre også reflektere dette.
    Lykke til.
    Vennlig hilsen Mormor

    SvarSlett