fredag 30. desember 2011

Kva er det å vera raus?

Raus!
Lytt til det ordet!
Er det ikkje som om det opnar seg mot deg
gir rom for meir enn seg sjølv?
Til og med på bokmål har ordet det opne rommet i seg,
det snerpar seg ikkje inn til å bli "røs",
men spanderer på oss eit raust "raus".

2014, eit nytt år.
Gode forsett kjem og går saman med andre store ord.
Denne gongen vil eg fanga eitt,
setja det framfor meg i året som kjem:
Å vera rausare!
2012 var valår,
eit vanskeleg år å vera raus i, - kanskje,
eller kanskje det var eit særleg høve til å vera verkeleg raus?
Eg for min del nytta det ikkje godt nok.

Eg hadde ein gong ein læremeister: Jon Lilletun.
Han er offisielt kåra som den rause.
Kva gav han den æra?
Når me arbeidde som travlast og presset frå media var stort, sa han:
Ikkje forsvar meg i utide, det er ikkje viktig å alltid ha rett!
Det sa han også om han hadde rett, men då situasjonen var slik at det ikkje var viktig
å "retta på nokon" for å få rett.

Eit rausare samfunn
er ikkje eit samfunn som strør ut goder,
ikkje er så nøye med rett og galt
eller mitt og ditt.

Eit rausare samfunn
har fleire augo som ser
fleire minutt til å sjå kvarandre
større vilje til å forstå
meir tolmod til å gå ei ekstra mil
betre evne til å tilgi.

Å vera raus er vanskeleg i ord
vanskelegare i handling.
- Det er verd å strekkja seg i mot!


Også på Mariasmetode er det eit innlegg om det å vera raus. Der er det mange fine kommentarer. Du finn dei her

15 kommentarer:

  1. Raushet, et ord som rommer mye, men som ikke blir større, enn den som definerer det.
    Godt nytt år.
    Bibbi.

    SvarSlett
  2. Takk til Kari!

    Velkommen på bloggen, Bibbi! Så sant, så sant, det du skriv. Me har alle definisjonsmakt, men skal det bli truverdig, må det levast!

    SvarSlett
  3. Jeg blir gjerne med på forsøket på å bli rausere i 2012.
    Jeg forsøkte dette året, men kanskje ikke hardt nok :-)
    Vakkert og rikt nytt år til deg og dine :-)

    SvarSlett
  4. Raushet vil jeg etterstrebe, både i forhold til meg selv i min skrøpelighet og ovenfor andre.

    Og jeg kan ikke dy meg for å løfte det litt opp - jeg ser etter politikere som har raushet (menneskelig sett) som intensjon og i sine handlingsprogrammer. Finner jeg dem, er det mulig jeg gir dem min stemme ved neste korsvei. For jeg ønsker meg et rausere samfunn med plass for mer enn A4-mennesker....

    SvarSlett
  5. Ja takk, gamle ugle, me vil gjerne ha eit samfunn med plass for anna enn berre A4-menneske!

    Hugsar kor lett det var å snakka om ulik hudfarge på gymnaset, då det berre var kvite i Norge. Når menneska kjem nærare kvarandre, blir det både enklare og vanskelegare å vera rause utan å vera like.

    SvarSlett
  6. Eit veldigt veldigt fint innlegg.

    Skal ta desse ordene med meg inn i 2012.

    Ønskjer deg og dine eit godt nytt år. :)

    SvarSlett
  7. Ordet raus kjem vel frå generøs (eller sjeneraus, som eg ville ha sagt det). Gavmild.
    Vi tolkar gjerne raus som overberande, tolerant- det motsette av smalspora og fordømande.
    Milde gåver er godt å få, godt å gi.
    Takk for at du løfta fram dette ordet inn i det nye året, skal tenke meir og la meg inspirere. Den rausaste av alle, Jesus Kristus, han sa jo at vi skulle elske fiendane våre - går det an å bli rausare enn det..
    Godt nyttår, Marit, og takk for i år!

    SvarSlett
  8. Takk for gode rod, Randi Målen!

    Og velkommen "til bloggs" Fargeheimen. Fint at du tar orda med deg. Trur dei skal vera grei niste.

    Godt nyttår til dykk begge!

    SvarSlett
  9. Takk for at du ser innom, Marit! Det har vore fint å bli litt kjend med deg i året som gjekk.
    Ja, det rausaste av alt var Guds gåve til oss. No står me på farten og skal ha nyttårsgudsteneste.
    Ynskjer deg alt godt i det nye året!

    SvarSlett
  10. Enig!! Gode ord i starten av eit nytt år, og eit bra nyttårsforsett!

    SvarSlett
  11. Gode ord og viktig å etterstrebe!

    SvarSlett