mandag 9. mai 2011

Kunsten å gje rett oppmuntring: Rett ord til rett tid.

- Kom igjen, du maktar litt til!
Oppmodinga kan vera nett det du treng for å komma deg opp siste motbakken. Men kjem orda når du absolutt ikkje maktar meir, når du har gitt alt og litt til, har du mest lyst til svara med eit hardt spark i staden for eit smil.

Det kjennest svært godt å vera i ein positiv "flyt", og å kunne seia "nå går alt så mykje betre". Samtidig må eg erkjenna at det er lettare å snakka om å vera ufør, no når eg kan henda er på veg ut av uføre(t). Men paradoksalt nok; det kjennest som om det ikkje er stovereint. Det er som om eg ikkje bør gjera noko som ikkje alle uføre kan gjera etter meg. Sjølvsagt er dette berre små røyster inni meg, for alle og alt omkring meg heiar meg fram. Tilbake i arbeidslivet, det er det store målet.

Kvifor kan eg ikkje då vera berre nøgd og glad? Fordi eg veit at det er svært mange som ikkje kan fylgja meg, og er livredd for å leggja stein til børa deira. Eg veit at mange store menn gret . I en periode øvde eg meg i å seia at eg er ufør utan å be om orsaking for det. Eg opplevde at det var meiningsfullt fordi eg gav ei røyst til mange som sjølv ikkje makta ta ordet. Viss eg no tar eit steg vidare, er eg ikkje lenger ein av dei, og eg er redd for at bodskapen eg sender dei er: Kom igjen, du maktar sikkert litt til, du og. Du kan viss du vil!
Og ei slik helsing vil eg senda til alle som kjenner at dei har ein plass i arbeidslivet dersom tilhøva blir lagt til rette. Til dei er det berre ein ting å seia: Stå på! Det er rom for deg!

Men til dei som har blodsmak i munnen, og allereie har nytta både kreftene og reservane, vil eg seia: bruk dagen til å ha eit godt liv, så godt som råd er med dine avgrensingar! La tryggleiksnettet som uførestønad er, fanga deg opp! Kjenn at fellesskapen tar ansvar - utan å få dårleg samvit.

6 kommentarer:

  1. Flott innlegg! Du skriver fantastisk reflektert. Jeg heier på deg selvom jeg selv er ufør og ikke kan gjøre det samme, synes det er godt å se på folk som makter. Stå på!

    SvarSlett
  2. Flott tilbakenmelding å få frå deg Anette_K.

    Eg veit jo ikkje enda om helaa held heilt fram, eller rettare sagt tilbake - til arbeidslivet. Dette er også å risikera å ikkje lukkast. Litt skummelt!

    SvarSlett
  3. Ja, dette er fine ord,men om du i mange,mange år ikkje har fått hjelp for store søvvansker,der du ikkje sover på dagevis og når du eldelig er så utslitt at du detter sammen av utmatting,men alikevel av Nav blir pressa av brev og liknande om å prøva ut kor mykkje arbeids kapasitet du set inne med,då meiner eg det er noko i vegen med systemet.
    Når eg så for sove nokre timer av og til fleire gonger i veka,må eg sova når søvnen er der.
    Å forlange at eg då skal stå opp til arbeid som starter om til faste tider og bli nedverga av ikkje komma tidsnok på arbeid, er så deprimerendes at det påvirker kvart ånedrag eg tek.Sjølvsakt har legane så å seie sprunge etter meg med piller av alle slag, bodde for syken og søvnen som har forverra bodde helsa og hjernen,men det blir liksom tia i hel for legane har alltid rett i dette systemet,dei veit best.No vil dei atter ha meg inn til å måle rest arbeidskapasiteten. Eg kan berre seie til det at eg er lykkeleg om eg orker å gå frå senga ut på altanen om eg ikkje ligger på sofaen eller senga,men når eg har sove nokre timer kan eg gå ein liten tur med hunden vi har og laga middag til den flotte dama eg er så heldig å ha oss meg.
    Litt om kva eg strever med i kvardagen og som NAV vil pressa meir arbeidskapasitet ut av.
    Mitt aller høgaste ønske er å vera i arbeid,tjene penger å klara meg sjølve. Men førbels er det ein drøm eg byrjer å tvile på nokon gang vil gå i oppfylling.Trur eg har prøvd det meste utan noko hjelp frå andre en legane som holdt på å ta livet av meg med alle pillane som var eit rent helvete å komma seg fri frå.

    SvarSlett
  4. Til Anonym: Det er vondt å lesa at dagane (og nettene) dine er så vanskelege. Det er den som har skoen på, som veit kor den trykker, derfor det så vanskeleg å setja seg inn i andre sin kvardag. Og derfor skreiv eg også denne avslutninga på blogginnlegget mitt:

    "Men til dei som har blodsmak i munnen, og allereie har nytta både kreftene og reservane, vil eg seia: bruk dagen til å ha eit godt liv, så godt som råd er med dine avgrensingar! La tryggleiksnettet som uførestønad er, fanga deg opp! Kjenn at fellesskapen tar ansvar - utan å få dårleg samvit."

    SvarSlett
  5. Jeg heier på deg, og på meg sjøl, er jo også på vei tilbake... Og jeg heier på alle dem som faktisk har nok med å komme gjennom en og en dag, for det er tungt... Så jeg håper da alle kan heie litt på hverandre?

    SvarSlett
  6. Takk for visitten, Randi Målen. Og for retweet på Twitter. Ja, me treng sanneleg å heia på kvarandre, og ikkje minst: fortå at me er forskjellige og går i ulikt tempo. Alt godt til deg!

    SvarSlett