lørdag 9. mars 2013

Toleranse i abortsaka ? Toleranse som får meg til å kviskra?

Abort og toleranse, eit ordpar som synest å gå godt i hop. Men stopp litt: Det gjeld berre om ein tolerer ei liberal abortlov. Elles er ein stokk konservativ og kvinnefientleg.

I toleransens namn skal ein forstå at mange unge jenter kjem i ein situasjon der dei ikkje har mot til å bera fram eit barn. Slik møtte eg abortkampen i min ungdom. Men etter kvart oppdaga eg at like mange søkte abort fordi dei fekk for mange born på rad eller at mødrene var i eldste laget. No er spørsmåla kor alvorleg sjukdom ein skal kunna påvisa seint i svangerskapet før ein kan avbryta det.

Det er ingen tvil om at teknologi og legevitskap har endra seg mykje sidan abortlova kom. Då var det snakk om kvinna sin råderett over eigen kropp. No er det snart eit spørsmål om samfunnet og foreldra sitt mot til å ta i mot eit barn som kanskje vil krevja noko meir enn det vanlege. Er det ikkje då på tide å vurdera gjeldande lov på nytt slik Høgre no vil gjera? For meg synest det å vera innlysande at det er ein relevant debatt dei vil ta. Men strekk toleransen så langt?

Dette er framlegget frå Høgre: 
Høyre vil forhindre at menneskelig liv sorteres ut fra egenskaper. Høyre vil endre abortloven slik at egenskaper ved fosteret ikke er et selvstendig abortkriterium etter grensen for selvbestemt abort. Tilstander som ikke er forenlige med liv, skal i seg selv gi grunnlag for abort.

Paradoks: Galt å velja vekk jenter, men ikkje barn generelt?
Ved den flotte feiringa av kvinnedagen i Kilden i Kristiansand blei mykje godt sagt om utviklinga og kvinna si rolle i samfunnet. Likevel: Det var eit paradoks at den eine talaren framheva vår eigen abortlov, mens den andre la vekt på kor viktig det er med kvinnesak i andre land: Der jentebarn blir aborterte fordi foreldra ynskjer ein gut. Då lurer er: Er det ikkje tankjevekkjande at abort skal forsvarast i alle situasjonar unntatt når det blir utvelging av kjønn? Kva med heilt friske barn, uavhengig av kjønn?

Å få råda over eigen kropp, var slagordet då abortlova blei slik ho er.  Med den utviklinga me har hatt på prevensjon og seksualundervisning (heldigvis), må me vel heller snakk om råda over eige liv. Dei fleste kan styra når dei blir gravide, om dei vil. Då ser eg heilt vekk frå misbruk av kvinna sin kropp. Det er eit anna spørsmål, for ikkje å seia ein tragedie. No er det  meir eit spørsmål om å styra over eige liv. Den debatten kan me ta, og eg synest den er meir relevant.

Skuldkjensle?
Ny abortdebatt ynskjer me ikkje fordi det gir så mange skuldkjensle som dei bør sleppa, blir det sagt. Eg ynskjer ikkje å gi nokon skuldkjensle. Eg kjenner ikkje kvar livssituasjon. Eg trur ikkje abort er ei enkel løysing for mange. Men det undrar meg at kvinna sine kjensler berre skal nyttast for å avvisa viktig debatt. Kva me kjenslene som faktisk er der grunna abortinngrep? Spør i kvinnelag, spør legar, spør dei som møter kvinner i krise: Finnest det ikkje nok av dei som strevar i periodar seinare i livet grunna ein abort? Det er me som snakkar negativt om abortlova som påfører dei desse smertene, vil nokon hevda. Då vil i tilfelle desse stemmene ha stilna det siste året, då me mest ikkje har hatt noko abortdebatt. Det trur eg ikkje er tilfelle.

Mot?
De er lett å gå i skyttargravene i denne debatten. Kan henda har eg allereie sendt nokon i skyttargrava som eg helst ville ha dialog med. Men for ein gongs skuld vel eg å seia det eg tenkjer om denne saka. I for mange år har eg vore så tolerant at eg berre har kviskra. Men eg er komen til at ein også må våga krevja toleranse andre vegen. Når eg ser reaksjonen Høgre blir møtt med når dei vil ta ei høgst påkrevd vurdering, er det på tide å få debatten meir nyansert. Me lever i 2013. Kvinnene har nådd langt. Det er eit stykke igjen å gå for å vera likestilte i praksiss. Men la oss ikkje gå så taktfast framover at me ikkje våger å ta dei viktige samtalane. Då er kvinnesaka komen i eit uføre.

Diskriminerande?
Progamkomiteleiar i Høgre, Bent Høie, seier at dagens lov kan opplevast diskriminerande for dei som lever med eigenskaper som i dagens lov er framheva som eit sjølstendig grunnlag for abort. Les heile argumentasjon her

Hovudinnhaldet i dette innlegget ligg også på Vårt Lands debattforum: Verdidebatt
  

10 kommentarer:

  1. Jeg tror at det er mange grunner til motvilje mot å ta denne debatten, for mange.
    Jeg tror det har litt med at man ikke liker at andre tar valg for en også.
    Det kan lett bli pendelbevegelser.
    Men så til dette om å velge bort barn. Det er neppe noen løsning man tar med lett hjerte. Konformitetspresset merkes i forhold til ufødte barn også, de skal være lytefrie, som så mye annet.
    Ingen lett sak.
    Mormorklem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig, det er ikkje lett når ein opplever at andre vel for deg. Men skal me ikkje ta debattane etter kvart som teknologi gjer vala stadig vanskelegare, også for mor?

      Slett
    2. Da er det en ting som må forbedres. Vår evne til å vise og tenke likeverd. Og dit er det langt igjen.
      Teknologien gjør det vanskeligere, på sitt vis, å akseptere ulikhet, når samfunnet skriker etter perfeksjon og vi har kommet til "meg-generasjonen".
      Klem på en søndag.

      Slett
    3. Ja, derfor tenkjer eg at i denne omgangen er det vår evne til å visa og tenkja likeverd det handlar om.
      Nyt sundagen. Håper han er like fin hos deg som her i Kvinnherad.

      Slett
  2. Vi ser i samfunnet rundt oss, og vi ser i samfunnsdebatten de siste årene, at vi mer og mer utvikler et sorteringssamfunn. Tvangsintegrasjonen som Arbeiderpartiet står for, og har gjennomført nesten uten motstand i barnehage og skoleverk, og i helsevernet for funksjonshemmede, er jo nærmest som tatt ut av ideologier vi ikke liker å snakke om. Men det er godtatt siden en sosialdemokratisk regjering sier det er greit.
    Abortdebatten må derfor ses på det bakteppet, som også er preget av teknologisk utvikling.
    Det skal ikke være slik at samfunnet skal presse et vordende mor til abort på grunn av sånn og slik. Samfunnet skal støtte mor (og far) på at du gjør det rette valget. Denne støtten skal tilbys ikke bare nå, når valget er som verst, men også om en stund når kvalene blir for store slik atlivet blir tungt igjen.
    Velferdssamfunnet vårt har mange slike mekanismer innebygd, men de er avhengige av de menneskene som er ansvarlige for at mekanismene fungerer, og det er det ymse forståelse for eget ansvar for andre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for klok kommentar. Og eg kunne ikkje vore meir einig. Visst er det tenkinga i samfunnet som har ført oss hit me er no. Og det er det same samfunnet, altså me, som må syta for at det er råd å ta imot eit barn, også om barnet treng mykje ekstra. Det vil også foreldra trenga.

      Slett
  3. Nå føler jeg meg om ikke dum, så alvorlig uopplyst. :o Jeg aner ikke hva den abortloven går ut på. Men jeg kan ikke skjønne annet enn at ei jente må få lov til å bestemme selv. Uansett.
    Jeg vet at enkelte leger nekter å henvise til, eller utføre abort av etiske årsaker, og det har jeg også forståelse for. Men da får de finne seg en annen jobb etter min mening.

    Ønsker om en fin uke til deg Marit Elisebet. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det handler om abort pga om mistanke/påvist sjukdom hos fosteret etter 12. uke, altså etter den tid abortlova gjeld for elles. Og det handlar om mykje meir enn sjukdom som ikkje er foronleg med liv.

      Dette sier Erna Solberg: Årsaken til at partiets programkomité ønsker å endre abortloven er frykt for at dagens lov sammen med framtidas teknologi kan føre til at flere fostre velges bort.


      - Dette er et standpunkt partiet har hatt i tolv år, og som jeg har argumentert for, sier Erna Solberg (H) til Dagbladet.

      Solberg er enig med partiets programkomité om at alvorlig sykdom hos fosteret ikke skal være selvstendig abortgrunn etter uke tolv.

      Slett
  4. Som mann ville min posisjon vært tilskuer til en samboer/kjæreste som tok abort. Det ville i så fall være en ekstrem form for umyndiggjøring, mye mer dramatisk enn 5 år i fengsel.

    SvarSlett