lørdag 12. mai 2012

Takk til vinden

Hels til vinden frå meg
du som spring på fjellet i dag
og kjenner han så nær at tårene sprett.

Hels vinden og sei at eg hugsar han
då han bles vekk uro og sakn
greidde opp i politiske flokar og gordiske knutar
mot kvar fjelltopp.

Helsa vinden
motvind
medvind
krossvind
og virvelvind.

Helsa og sei:
Takk for fylgjet!
Du gjorde livet mitt mindre flyktig.

***
Og når me først snakkar om vinden, 
er det på sin plass å dela tankane  frå Anna Skeide:

Og eg spurte vinden:
Sei meg du flygande flyktning:
Kor lang er ennå vegen frå aust og til vest?
Og vinden han svara:
Så lang som
frå menneske til menneske.

3 kommentarer:

  1. Jeg takker sammen med deg, jeg.

    SvarSlett
  2. Svar
    1. Når livet endrar seg, endrar mykje seg saman med det. Heldigvis. Fint at du likte dei små linjene.

      Slett