lørdag 5. november 2011

Krev hjelp på sjukehus, men kjem om det passer oss!

Store summar renn dagleg ut i sanden fordi me ikkje møter til avtalt time på poliklinikkane på sjukehusa våre. I tillegg kjem all tida som går med til å ordna med ny time fordi den oppsette timen ikkje passer pasienten. Også innlegging på sjukehus er det vanskeleg å finna rom for i dei hektiske liva våre. Me får melding om innlegging, men ber om å få flytta tidspunktet. Nokon av oss har gode grunnar, andre skal på ferie.

Dette er kjende problemstillingar i sjukehuskvardagen. I verste fall står både utstyr, undersøkingsrom og høgt kvalifisert og godt løna folk ledige i store deler av dagen fordi nokon av oss har slurva med planlegginga. Dei tre medisinarstudentane, Christian Kjellmo, Jørgen Schei og Marius Edvardsen har sett nærare på kor omfattande dette problemet er  (2009/2010).

Me stiller store krav til helsevesenet: Me vil ha hjelp med sjudommane og dei små og store plagene våre. Og for alle del, dei som treng det mest, er sikkert ikkje seine med å koma når dei får time.

Meir helse for kvar krone. Det er eit mål det synest vera vanskeleg å nå. Men meir helse for same administrative arbeid, ville me i alle fall fått, om kvar og ein av oss tilpassa oss dei timeavtalane me fekk, og faktisk møtte opp når me skulle. Er det for mykje forlangt?

SMS-påminning har redusert talet på ubrukte timar hjå tannlegar. Det vil nok hjelpa mot gløyming, men ikkje mot ynskjet om å styra tidsplanen sjølv og forventninga om at sjukehusa kan innretta seg etter meg.

Ein skulle kanskje tru at det var dei gamle og øre som gløymte timeavtalane sine, dei som får post som dei kanskje ikkje ein gong opnar. Men nei, det er unge menn i byane som gløymer mest.

Me har høge forventningar til helsetenester i landet vårt. "Me bur jo trass alt i eit av dei rikaste landa i verda". Men kva med forventningane til oss sjølv? Er det for mykje forlangt at me rydder plass til time hjå lege, på poliklinikk eller til ein operasjon som me er prioritert for å få?

''''

  • Min kommentar tar utgangspunkt i Nordlys

9 kommentarer:

  1. På den annen side, om man kommer til avtalt tid, kan man bli sittende uforskammet lenge å vente. Uten at man får informasjon. Om man spør, ser de rart på deg og sier som så: H*n er vel opptatt da.
    ER det ikke livstruende og jeg har sittet og ventet i over en time,bortimot to, sier jeg fra at jeg går og går. Så det er flere sider ved den saken.

    Ha en god kveld

    SvarSlett
  2. Nei, selvsagt ikke
    For det er først meg selv
    og så meg selv
    og så meg selv igjen
    og så min neste
    men bare
    når det er til mitt
    Eget beste

    SvarSlett
  3. Ja, mormor, det er snakk om respekt for andre si tid, og av og til ofte pengar, i begge vegar.

    Hugsar då me skulle til doktoren før. Det var førstemann til mølla, så me venta i timevis.

    Informasjon ved forsinkingar burde vera sjølvsagt. Det kan jo koma på noko akutt som krev spesialistane på eit sjukehus sjølv om dei er sett på poliklinisk arbeid den dagen.

    SvarSlett
  4. Takk til Kamelryttersken! Mykje klokskap å finna i karavanseraiet, skjønar eg.

    SvarSlett
  5. Jeg er notorisk nysgjerrig og det har hendt to ganger tidligere at samme legen har vært forsinket i over en time. Nå er han ortoped og skal holde styr på en ankel uten brusk i seg.
    Siste gangen (da jeg gikk) spurte jeg en venn av meg om det hadde skjedd noe som krevde hans inngripen. Men han er ikke tilkallslege unntatt i katastrofetilfeller, fordi han kommer hit bare en gang eller to i uken, for timeavtaler.
    Jeg synes det blir for svakt av resepsjonister å bare svare "H*n er vel opptatt da". Uten å sjekke hva forsinkelsen skyldes. Så jeg har vært en av dem som ikke har benyttet meg av tjenesten jeg har vært tilbudt.
    Men da kom kanskje en annen inn ett kvarter tidligere. Så ventetiden hennes ble kortere.

    Ha en god kveld.

    SvarSlett
  6. For all del mormor, eg meiner også at det ikkje går an å behandla pasientar slik. Nokre legar lever framleis i den tida dei gjekk med "ventelistene i lomma" og styrte det meste sjølv. No er det strengare krav til utnyttinga av rom, utstyr, assistentar. Det er bra, men det synleggjer at det er kostbart å ikkje nytta tida når alt står klart.

    God kveld til deg også, og takk for at du ser innom, både med sterke meiningar og hyggjelege helsingar!

    SvarSlett
  7. Bare innom for å ønske deg en god dag.

    SvarSlett
  8. et lite psst i all vennskapelighet http://www.starbear.no/mormor/solskinnsmennesker/

    Ha en flott dag

    SvarSlett