fredag 29. juli 2011

I ettertankesmia

Me har sagt det, me har meint det og me har vist det: Me står saman!
Me står saman om sjokket, sorga, smerten, og vil støtta kvarandre gjennom ei heilt spesiell tid.
Men står me saman om verdiane som blei angripne?

Spørsmålet skal ikkje stillast for å dela eit samla folk i grupper igjen og øydeleggja det nye samhaldet som kjennest så sterkt akkurat no. Men det må likevel stillast. Og kanskje akkurat no?

I ettertankesmia gjeld ordet om at ein skal smi mens jernet er varmt. Då er jernet mjukt og kan la seg forma. Når jernet er kaldt, vil det ha den forma det fekk i elden.Varmen frå samhaldet gjer oss mjuke til forming. Derfor bør me våga å ta dei vanskelege spørsmåla også i denne tida. Først då kan dei skapa haldningar som kan bli avgjerande for korleis framtida vil bli.

Kronprinsen har sagt at den viktigaste oppgåva framover, den har me i kantina og ved kjøkkenbordet.

Det er i kvardagen me skal forma haldningar, hos oss sjølv og kvarandre. Og eg veit med meg sjølv: Eg har ved mange høve "gått utanom" som Bøygen oppfordra til. Eg har høyrt det sagt: at folk og kulturar må haldast vekke, at land og regionar må få vera disponible for eigne folkegrupper. Eg har ikkje vore samd, men eg har latt det passera: Eg har tenkt at dette var da svært til store bokstavar, men det nyttar vel ikkje å seia imot. Så har eg valt å seia kva eg sjølv har stått for i staden for å imøtegå andre sine meiningar. Hendingane siste veka har fått meg til å sjå det annleis: Eg kjem nok til å vera meir konfronterande i mine samtalar. For alle skal få gje uttrykk for sine synspunkt, men eg kjem ikkje til "å jatta med". Eg kjem til å spørja: Kva meiner du me det? Kva konsekvensar vil det ha dersom me skulle gjera som du no seier? Vil du kunne forsvara at me gjorde det slik, i ettertid? Korleis vil du sjå på det om dine meiningsmotstandarar ville gjera det same mot deg?

Det kan dreia seg om ulike politisk syn, det kan også vera ulik kultur og tru. Hendinga me har på nært hald, dreier seg om alt dette. Etter mitt syn er det ekstra ille om ein tar med seg autoriteten frå ein religion inn i sin eigen kamp. Dei fleste religiøse leiarar vil meina at religion ikkje kan nyttast slik. Verdsreligionane er i sitt vesen fredsskapande. Det går an å lesa dei heilage skriftene og motivera for vald, men dei fleste vil meina at det er misbruk av desse skriftene. Dei siste dagane har også religiøse leiarar over heile verda tatt til ordet og protestert mot at religion blir brukt til å legitimera vald og terror.

Likevel; om me veit at religion er for stort til å bli dradd ned i vondskap og mørke, ligg det så nær når frykta for det framande kjennest på kroppen og ein trur at eigen tru og kultur er truga. Verdien av det ein har sjølv kan bli så stor, at nærast alle middel er disponible for å nå målet. Så gløymer ein at den viktigaste verdien i alle desse religionane som ein vil verna, er å ta vare på menneskeverdet, det einskilde mennesket.

Eg sit i ettertankesmia og vil så nødig rette bakar for smed. Ingen skal få skuld, som ikkje har det. Men spørsmåla kan ikkje gøymast vekk: Me går saman i tog, nyttar flagget. Men ikkje fordi me er verdsmeistrar, no igjen. Ikkje fordi me har det einaste som er verdfullt i verda. Men fordi me står saman om dei verdiane som blei angripne: likeverd. Eit likeverd som utelukkar vald som middel. Fordi menneske aldri kan bli middel, alltid berre mål når me skal byggja det gode samfunnet og det gode livet.

Så kjem me aldri til eit punkt der me er samde om alt. Eg har sjølv ein trygg kristen ståstad som eg ikkje vil forlata for å skapa kunstig samhald. Eg vil møta det framande, det kjende, det motsette og det nesten-like med respekt utan å gje avkall på mitt eige.

Vil ikkje mitt spørmål om å avklara verdiane hissa til usemje, fremja ynskje om å angripa kvarandre, gje kvarandre skuld? Ikkje dersom me vel å vera tydelege , men romslege, - stolte men rause, - spørjande, men undrande, - konfronterande, men lyttande.


Andre bloggpostar relatert til terrorhandlingane:
I skuletova og ved stovebordet
Kjærleik og samhald- lettare å seia og realisera i ei interaktiv tid?
Sit stille, stille ...
Eg veit kor eg ikkje vil hen

6 kommentarer:

  1. Vil bare si ja og amen til dette innlegget, er så hjertens enig i de tankene du har gjort deg, som om jeg skulle sagt dette sjøl. :-)

    Har fulgt bloggen din et par mnd, husker ikke hvordan jeg fant den. Men jeg husker deg fra Bodø (bodde der for ca 30 år siden) og fra KrF-sammenheng. Er sjøl blitt 60% ufør pga FM, sliter med smerter og utmattelse.

    SvarSlett
  2. Velkommen innom bloggen, hannemagna! Kjekt å høyra at med deler desse tankane.

    Hadde du noko med boknandelen å gjera i Bodø?
    Vondt å høyra at du slit med helsa. Då gjeld det å leita etter dei gode stundene og leva med dei mørke så godt ein kan.

    SvarSlett
  3. Jeg jobba på nlm sitt kontor den gangen. Var på kaffe hos dere en gang, husker vi fikk servert nybakte kanelboller, de smakte himmelsk godt. :-D

    Har ei datter på 16 som har slitt mye med utmattelsede siste åra, skal til ME-spesialist nå i aug. Klarer godt å leve med egne plager, syns det er verre at hun sliter så mye.

    SvarSlett
  4. EG er stolt av kona mi som har teke med seg ein verdfull arv frå barndomsheimen: Menneskeverd og likeverd!

    SvarSlett
  5. Flott innlegg! Det er viktige tankar du kjem med her, og eg trur dei fleste kjem til (eller i alle fall bør) å gå ein runde med seg sjølv og korleis ein møter meiningsmotstandarar. Det er utruleg viktig at hat og unødvendig frykt ikkje får vekse fram.

    SvarSlett
  6. Velkomen innom bloggen "Sprettstein" og takk for kommentaren.
    Ja,det blir viktig korleis me kommuniserer framover, trur eg. Og det som ikkje blir sagt, kan bli vel så viktig som det som blir sagt.

    SvarSlett