"Dei narkomane har øydelagt liva sine".
Kven har ikkje svært så klare oppfatningar av kven som er blitt
narkomane og ikkje minst kvifor dei er blitt det? Men om me ser nokre år
fram i tid og ser kven som er avhengige av narkotiske stoff, vil me
truleg få nokre overraskingar.Livet har lært meg at eg kunne ha blitt ein av dei, og fordi eg har oppdaga det, vonar eg at eg kan unngå å bli det.
I går handla Debatten på NRK om røyking av heroin på sprøyterom. Som vanleg når (mis)brukarar kjem til orde, gjorde det sterkt inntrykk. Sterkast inntrykk gjorde det likevel på meg då ein av dei måtte spørjast direkte om kva type misbruk han hadde strevd med, og svaret var at han var kome skikkeleg ut i uføret etter å ha starta med piller i ein vanskeleg livssituajon.
I ein episode av Puls for noko tid sidan møtte med to menn og ei kvinne som gjekk på metadon. Den eine kvinna var vel etablert. Ho tok ein operasjon og starta med smertelindring med tablettar etterpå. Den eine mannen hadde vore på landslaget i turn. Etter ein kneskade var han også over på smertestillande medisin.
Så langt er det svært så mange av oss som har gått same vegen. Så fortalde desse to korleis smertene og situasjonen gjorde at dei trengte medisin i lang tid, og korleis dei ikkje makta å trappa ned. Dei enda dei med å bli avhengige først av medisinen legen hadde skrive ut, seinare sterkare stoff.
Kunne det vore meg?
Etter tre operasjonar var eg på føtene att og sat i eit styremøte. Ein mann eg har stor respekt for, bøygde seg over bordet til meg og kviskra:
- Går du på smertestillande?
- Ja, av og til, svara eg som sant var.
- Det gjorde eg også, sa han. Eg måtte på avvenning. No går det bra.
På plass på jobb att i administrasjonen på eit sjukehus, med mange legar rundt meg i kvardagen, fekk eg eit forsiktig spørsmål:
- Må du ta smertestillande for å klara arbeidsdagen her?
Svaret var det same:
- Ja, av og til.
Blikket eg då fekk og den alvorlege kommentaren gjorde inntrykk:
- Det er ikkje meininga å ta slike tablettar som du har for å gå på jobb. Det er for å få betre livskvalitet.
Eg er ute av faresona, trur eg. Men eg har fått meg ein støkk i livet. Derfor har eg eit ynskje om å signalisera til andre at dette er leik med elden. Samstundes vil eg ikkje klandra dei som gav meg reseptane. Eg fekk ingen dårlege råd. Eg ynskjer heller ikkje at nokon skal la vera å ta smertestillande som treng det. Kva er då bodskapen min? Kanskje berre det å minna om at det er kort veg frå bruk til misbruk. Kan henda det faktisk ikkje er noko markert skilje på den vegen. Det berre går over frå å vera det eine til å bli det andre.
Dessutan er det nyttig for meg - og kanskje for andre - å nyansera synet på kva som kan øydeleggja livet og gjera kvardagen svært så vanskeleg.
Og frå barndomen er eg opplært i den omvendte myrsnipefilosofien, så eg veit at det kan henda meg. Det er ingen av oss som i utgangspunktet kan seia at det ikkje er så farleg, det gjeld ikkje meg. Eg skal klara meg.
Rusmeldinga ligg no i Stortinget: Mi oppmoding er: Snakk høgt om faren ved medisinbruk! (kommentar til stortingsmelding 30, 2011-2012).
Godt sagt:
Kommentar på Twitter:
oddmund harsvik
rusavhengighet er demokrat, spør aldri etter kjønn, rase, rang, om du starta med sprøyte, pliller fra legen, eller dram av far
..
Kammelryttersken skriv godt om same tema: Smerter og umulige valg
..
Kommentarane som kjem inn; (sjå nedanfor), minner om at dette for mange handlar om meistring. Mine tidlegare innlegg om dette finn du på samlesida Meistring
..
Kammelryttersken skriv godt om same tema: Smerter og umulige valg
..
Kommentarane som kjem inn; (sjå nedanfor), minner om at dette for mange handlar om meistring. Mine tidlegare innlegg om dette finn du på samlesida Meistring
Faren for tilvenning er stor ved de fleste medikamenter. Og derav følger gjerne misbruk. For noen, la meg for all del føye til det. Ofte er overgangen så glidende fra bruk av det nødvendige slaget til misbruk som ofte fører mennesket selv (og omgivelsene inn i uføre) at misbruket er et faktum før man er klar over det.
SvarSlettMen det er der som ellers, man danner seg stereotyper og glemmer at det alltid er en spesifikk historie bak.
Ja, jeg kunne ha vært en av misbrukerne, på den tunge siden. Men flaks og flinke leger hjalp til. Det hadde også rot i en operasjon, med tilhørende smertehelvete. Morfin gjorde tilværelsen rosa, jeg nevnte det for visiterende lege og spurte om det ikke var dumt, for dumt. Han spurte om jeg heller villa ha "litt vondt" i stedet og tok meg på alvor, da jeg sa ja.
Godt at det finnes slike også.
Jeg tror at en hver kan bli misbruker, i en gitt situasjon. Da er det fint å ha støttespillere som hjelper et menneske ut av, enda bedre er det om man ikke kommer "på det kjøret".
Klem :)
Godt at det finnest slike legar, det er eg samd med deg i. Men ofte viser det seg at pasienten først må stilla spørsmålet om dette er heilt bra. Sjølv får eg påfyll når eg vil av legen (til no), men då eg sa at eg brukte minimalt og prøvde å meistra livet utan, sa han: Det er klokt, svært klokt, - med stort alvor. Så eg forstod alvoret.
SlettOg så har du heilt rett i at det er viktig med gode støttespelarar som held motet oppe. Og så hender det at det er den andre som må ha støtte ein annan gong. ..
Helt på sidelinjen:
SvarSlettKan du ta stafettpinnen herfra?
http://www.starbear.no/mormor/barnetimeboka-for-bloggere/
Klem
Er lagt til modning i bakhovudet
SlettHm..fint og viktig innlegg.
SvarSlettJeg tenker at dette er mer komplisert enn vi tror,dette med misbruk.
Jeg tenker at noen mennesker er mye mer utsatt. Vi vet ikke hvem og hvorfor. Vi har noen parametre,men ikke alle,langt ifra alle.
Medisiner er en port inn til misbruk for mange. Alkohol en annen.
..
Takk for fint innlegg!
:-)
Takk for kommentaren din som minner om at me ikkje veit på førehand kven som vil få størst problemer. Nokon kan gå over lang tid med sterke medisiner, nokon blir "hekta" etter kort tid. Komplisert er det.
SlettSynes du setter fingeren på noe veldig viktig (hadde nær sagt: som vanlig). Det er så lett å tenke at avhengighet er noe som skjer alle andre og ikke en selv.
SvarSlettHusker for noen år siden at en bekjent gikk og knaska smertestillende pga en betennelse. Jeg undra meg hvorfor ikke legen heller kunne sykemelde vedkommende, istedenfor å skrive ut resept så h*n kunne gå på jobb. Dette er en person som i sin ungdom var en avhengig.
Selv har jeg forsøkt å klare meg uten smertestillende og andre piller, til tross for endel vondter. Det bekymrer meg at de medikamentene som foreskrives slike som meg har en lang liste med bivirkninger og kan være vanedannende. Men det må sies at jeg ikke er avholdsmenneske, - noen laster skal man ha... ;-) Jeg er klar over at alkohol i høyeste grad kan føre til avhengighet, og jeg forsøker derfor å ha et bevisst forhold til mitt eget forbruk.
Takk for fine ord om det eg skriv.
SlettEg tru ikkje ein treng vera avhaldsmenneske for å vera forsiktig med bruka av medisin. Nokon vil kan henda rask få tilvenning til alkohol, men snarvegen er meir aktuell med medisin når semertene ropar høgt for dei fleste av oss. Vel kan ein drukna sorgene. Då veit ein kanskje kva ein gjer. Men å ta uskuldige tablettar fordi ein skal, bør og må, og legen har srkive dei ut, opplevest nok ufarleg for mange i starten.
Viktig innlegg!
SvarSlettKjenner personlig og har delvis hatt kontakt med rusavhengige gjennom arbeidet. Og vet at det er mange veier inn i avhengigheten. Milde gaver av smertestillende preparater er en den, genetikk en annen. En tredje er avvisning, en fjerde er lysten til å prøve.
SvarSlettSelv fikk jeg etter en ulykke ganske sterke smertestillende, som etter en tid ble seponert. Av legen. Faren for tilvenning var for stor, han ville ikke skrive ut flere C-preparater til meg. At det da ble smertemestring i hverdagen i stedet for smertelindring, må vel sies å være dagens understatement. Mer om det her: http://karavanseraiet.no/2013/01/smerter-og-umulige-valg/
De opplevelsene har gitt meg et mer nyansert syn på det med smertelindring, og tror nok som Annemor over her, at "litt vondt" må man kanskje tåle, helst i samhandling med et Smerte- og Mestringssenter hvor man kan få oppfølging på det å mestre smertene. Er ikke mye som skal til, fokusendring fra fanden og hans oldemor, til at dette klarer jeg. Kanskje ikke i dag, men jeg skal klare det.
Takk for tipset om blogginnlegget ditt. Når du nemner det, hugsar eg at eg las det. No ligg det ei lenke til deg på innlegget her. Reknar med at det er ok?
SlettMeistringssenter var ukjende uføre. Litt fint at smerte så ofte blir nemd saman med meistring no. Ikkje fordi meistring er noko lett sak, men fordi det viser veg ut av uføret utan mange av biverknadene ein elles får. Og det utfordrar vilje og eigen evne. For meg har det gjort godt. Skadene forsvinn ikkje. Vil aldri forsvinna. Men det er min kropp, og det er eg som må bli kjend med kva den toler og kva sinn og tanke toler av smerte som av og til vil ta kontrollen, andre gonger berre ligg som forstyrrande summing og dundring inn i der ein plass.