lørdag 29. september 2018

Rett tid for nyorientering for KrF!


Målet er det same: Å vinna fram med KrF’s politikk. Men det er i politikken som elles når ein skal finna fram. Har terrenget endra seg, må ein stoppa opp å sjekka både kart og terreng for å sjå korleis ein kan nå målet.

Eg har lenge hatt tru på sentrum som ei kraft i norsk politikk. Ein kan framleis snakka om at Senterpartiet, Venstre og KrF har mykje felles, men når Senterpartiet nyleg har vore i ei raudgrøn regjering og Venstre har gått saman med Høgre og FrP, er det ikkje noko tyngdepunkt igjen å bruka til praktisk politikk i sentrum, dessverre. Terrenget er altså slik at ein må velja ny rute.

Partileiaren peikar no mot AP og SP. Ikkje for at KrF skal overta deira politikk, men for at ein skal gå i samtaler med desse partia for å sjå om ein kan få gjennomslag for KrF’s politikk eller finna ein veg som er nærare KrF’s mål enn det andre regjeringskonstellasjonar vil kunne leia til. Mange meiner ein då skal gå til Høgre. Noko som ikkje er unaturleg utifrå KrF’s historie. Men ulikt tidlegare situasjonar, så kan ein ikkje i dag velja Høgre, men Høgre og Framstegspartiet. Det er ein heilt ny situasjon. For meg er ei slik løysing ganske fjern. Det skuldast avstand i politikk kombinert med at statsministeren, etter mitt syn, i alt for stor grad lar regjeringspartia styra kvart med sitt i staden for å ha ei samlande hand både om bodskap og statsrådar. Derfor gir eg lyd frå meg no. Som vestlending. Som ein del av grunnfjellet. Og eg er ikkje åleine her som meiner at partileiaren no har gjort ei rett vurdering for vår tid.

Når eit sentrumsparti vel å gå til Høgre eller AP gir ikkje det grunnlag for å ta fram dei store orda og kraftige karakteristikkane. Derfor er eg glad Eirik Lunde kan fortelja om godt klima på møtet på laurdag trass usemje om retningsval.

Mange har vore avventande til valet som blir gjort no. Nokon vil til og med bli medlem i partiet om Hareide får partiet med seg. Til det er det å seia: Meld deg inn straks. Nye medlemmer er målbart. Det kan gi hjelp til dei som skal ta avgjerd på landsmøtet i dette som for mange er eit vanskeleg val.

At det er ulike syn på kor langt partiet kan gå til høgre eller venstre, er ikkje nytt. Påstanden om at KrF er ein koalisjon meir enn eit parti, er vel meir sant enn på lenge. Kvifor ikkje då heller gå kvar til det partiet der ein kjenner seg heime i staden for å leva i ein koalisjon som «berre» er bunden saman av verdisaker og ta verdiane med seg der ein kjem? Mitt svar er det same i dag som det var for over 30 år sidan då eg melde meg inn i partiet. Det dukkar stadig opp nye saker som gjeld verdiar og menneskeverd. Aldri hadde eg kunne tenkt meg at spørsmålet om aktiv dødshjelp og surrogati for alvor skulle bli sett på dagsorden her i landet i mi tid då eg melde meg inn. Til no veit eg kva saker Stortinget har arbeidd med. Eg kjenner tapa og sigrane til KrF. Og eg veit sånn nokolunde kva ulike parti har meint i viktige verdispørsmål. Men eg veit ikkje kva spørsmål til dømes teknologien vil by på i framtida. Og eg veit heller ikkje korleis partia vil stilla seg til nye utfordringar i kjølvatnet av slike nyvinningar. Men eg stolar på KrF når det gjeld menneskeverdet, i vårt land og i verda elles. Eg kan ikkje vera trygg på at partiet vil vinna fram med vernet om menneskeverdet i alle saker, men eg er sikker på at dei vil ta kampen. Derfor vil KrF alltid vera partiet mitt!
Dette innlegget er også sendt til Verdidebatt.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar